Egil Morland

9

Rett votering og gyldig tolking

Gunnar Winther skriv at «Egil Morland, medlem av Kirkemøtet, driver ønsketenkning rundt avstemningsresultatene knyttet til saken om ekteskapsforståelsen i Kirkemøtet 2014… tolkningene hans forblir ugyldige.»

Publisert: 12. apr 2014

Les ein gang til, Winther. VL spurde om korleis eg ville tolka det faktum at «mitt» forslag ikkje vart vedteke, sjølv etter at alle dei andre fall. Eg trur tolkinga mi var rett: Det var to grupper som kunna ha redda forslaget, men ikkje gjorde det: Dei som var enig i ekteskapssyn, men som likevel ville ha ein liturgi for forbøn, og nokre (få?) av dei som stod bak forslaget, men som ikkje meiner at det skal vera opp til prestens pastorale skjøn å utføra forbøn for borgarleg inngåtte ekteskap.

Dette er ikkje «ønsketenkning». Faktisk har eg ingen ønske til saka. Voteringsorden var slik fleirtalet i komité rådde til. Det var nemleg viktig for oss å få fram forslag der det var samsvar mellom premiss og konklusjon. Eg ville altså IKKJE ha ei votering som den eg skisserer: at dei prinsipielle ekteskapssyna vart sette opp mot kvarandre. Slik det no vart, slapp vi å enda opp med den såkalla Hegstad-modellen. Eg forstår intensjonen, men er glad for at vi slepp å kommunisera eit slikt mulig utfall til folket!

I komiteén var det også mange som meinte at det burde røystast over fellespunktet (om kyrkja sin einskap trass i usemje) til slutt. Vedtaket vi gjorde får ikkje fram at vi er mange som nok kan leva med at det er usemje i homofilidebatten, men ikkje med to ulike praksisar.

Det kan ikkje ha unngått Winther at mange etter KM har prøvt å selja inn den «sanning» at kyrkja ikkje har ein avklart praksis etter dei nedstemte forslaga. Det er dette som er ønsketenking. Han hugsar sikkert at eg sa i KM før den siste avstemminga, at i så fall er det dagens praksis som gjeld. Ingen sa noko imot det, og dette er også den einaste mulige tolkinga av kva som skjer – i alle organisasjonar – når framlegg til endring ikkje vert vedteke.

Det frisleppet som mange no heiar fram, kan berre føra til at KM sin autoritet, så vel som samhaldet i kyrkja, vert svekka. I tillegg til at kyrkja vert latterleggjort. Det er vanskeleg å forstå at prestar kan jubla over geskjeftige ordførarar sine opne dører inn til kommunale vigselsplassar. Det er demonstrative nullitetar. Men null pluss null er framleis null.

 

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere