Verdidebatt

Homofilisaka, kyrkjemøtet og tilsyn

Kva skal ein gjere reint praktisk i Dnk no, etter at ein ikkje gjorde noko vedtak?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Denne er også lagt ut på bloggen min.

No har altså kyrkjemøtet, KM, (ikkje) bestemt seg for kva som skal vere ekteskapssynet i Den norske kyrkja. (Sjå dekking i Vårt Land) I KM sak 14/14 Ekteskapsforståelsen i et evangelisk-luthersk perspektiv, hadde dei altså fire forslag: Det fyrste gjekk inn på å innføre vigselsliturgi for samkjønna par, dei to andre var to versjonar av velsigning for borgarleg inngåtte ekteskap, og det fjerde var å halde fast på det vi har.

Alle fire forslag vart nedstemt, noko som betyr at ein i praksis førebels held fast på det vi har, samstundes som ein utviser ein spesiell form for feigskap. Ved å ikkje endre noko – ved å stemme ned alle forslag på bordet, inkludert det å halde på den forståinga vi har no – så har ein berre flytta problemstillinga eitt år fram, til neste kyrkjemøte. Det er ikkje slik ein imøtegår ei utfordring. Ein tek utfordringa, og svarar på ho. Ein bør ikkje berre utsetje og utsetje i det uendelege.

Spørsmålet er no: Kva skal ein gjere praktisk? Kva gjer ein neste år, eller eventuelt eit anna år der ein tek opp denne saka? Vårt Land melder at ei gruppe på "mer enn 25 kirkemøtemedlemmer" (kva no det skal bety) oppfordrar biskopane til "å ta grep for å finne løsninger som muliggjør praktisering av to (homofili-)syn i kirken." Eg veit ikkje om desse er 'konservative,' 'liberale' eller 'midt imellom,' men eg er heilt samd i ordlyden her.

Eg er samd med at ein må spegla forskjellige syn i praksis. Men då er det viktig å påpeike at syn her ikkje kan bety ‘personleg meining.’ Det er ganske uinteressant kva ein prest eller biskop har av personlege meiningar. Dei er uansett ikkje der for å fremje sine personlege meiningar (jf. ordinasjonsløftet). Men dersom vi med ‘syn’ meiner kyrkjerettsleg legitim lærestandpunkt, så er det ikkje nok å innføre ny liturgi for å uttrykke to ulike syn i praksis. Å berre innføre ny liturgi vil bety at ein uttrykker det eine synet – det nye.

Eg er meir og meir overtydd om at den einaste måten dette kan gjerast på, som både respekterer begge syn (dvs. kyrkjerettsleg legitime lærestandpunkt) og som set hinder for splitting, er å innføre alternative tilsynsstrukturar, slik Carissimi har etterlyst sidan 2007, med utropet "For enhetens skyld" og basisdokumentet "Carissimi" (som begge vart offentleggjort 19. september 2007, nesten to månadar før kyrkjemøtet i 2007). Dersom ein skal kunna spegle begge syn innanfor Den norske kyrkja må dette gjennomførast på alle plan – ikkje berre liturgisk, men også i tilsynsordninga, slik ein gjorde i Church of England på 90-talet med såkalla 'flying bishops.' Dei har klart seg greit med det.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt