Marita Bjørke Ådland

11

Ein prest, ein plage og ein folkefiende

Filmen om Børre Knudsen er ikkje ein film for tilhengarane hans. Filmen er for oss som lever i den tempererte, politisk korrekte mentaliteten.

Publisert: 3. apr 2014

For tida synes eg livet rommar så mange spanande tankar og tendensar. På kino rullar og går noko så sært som ein film om Børre Knudsen. Både filmen og han som person – og ikkje minst møtet med familien hans – vekker sterke kjensler i meg. Sjølv ville eg aldri teke i bruk dei same verkemidla som han gjorde. Det er heilt framand for meg. Eg tenker det var feil måte å møta menneske i ein sårbar situasjon. Men det betyr ikkje at eg er usamd med Børre Knudsen i sak. Eg er tilbøyeleg til å vera samd med han i at kyrkja burde ha gripe sjansen til å kjempa for menneskeverdet saman med Børre Knudsen. Kanskje ville metodane og aksjonane sett litt annleis ut då – og fått fleire støttespelarar.

Ein kan knapt vera i mot lova om sjølvbestemt abort, det tenker eg er eit slags nødvendig onde i samfunnet, det er må ein måte ikkje noko alternativ. Samstundes går det an å tenka at aborttala er svært høge. Ingen er vel eigentleg for abort? Det handlar litt om kva samfunn vi har blitt og kva enkeltindivid vi har blitt. Kva tenker vi om fridom, ansvar, forplikting og lykke? Kva forventningar har vi til livet? Skal egoismen styra oss? Skal den kompakte majoritet, den tause, kompakte, unnvikande og vinglete majoriteten som aldri vågar å ta stilling til noko, bestemma kva vi skal meina, korleis samfunnet skal utvikla seg og kva som skal få lov til å vera vondt og vanskeleg? Eg er redd for å seia at eg støttar Børre Knudsen i sak. Eg er redd for å legga ut linkar til intervju o.l. med han via Facebook. Eg er redd for at folk skal tru at eg er klin gærn.

Likevel gjer eg det. Og det handlar ikkje primært om abortsaka. Men det handlar om at eg ønsker eit samfunn der vi – også i andre situasjonar og saker – kan framsnakka dei kompromisslause, dei som vågar å vera upopulære, dei som vågar å stå last og brast med si eiga overbevisning, som ikkje snur seg etter vinden, som talar dei svakes sak, som seier dei upopulære tinga, som fortel sanningar vi helst ikkje vil høyra. Og så synes eg faktisk det er eit poeng at slike menneske blir sett på som noko meir enn skrullete, konservative (menn) som vi med våre fordommar kan skapa, med full rett, i vårt eige skrekkbilete. Og tru at vi kjenner sanninga fullt og heilt. Og ingen krev at vi skal prøva å forstå. Vi berre kastar rundt oss med fordommar og fine formuleringar, vel vitande at vi har dette vidunderlige i ryggen, slik Thomas Stockmann formulerer seg i Ibsens En folkefiende, som heiter “den kompakte majoritet”.

Dottera til Børre Knudsen seier at for henne er filmen først og fremst ein film om ytringsfridom. Det er eg einig i. Filmen er god fordi han viser oss ein kompromisslaus folkefiende som sette alt på spel – til og med sin eigen familie – akkurat som Thomas Stockmann. Så kan ein kanskje seia det samme om Børre Knudsen, som Stockmann seier om seg sjølv heilt mot slutten av dramaet; “Den sterkeste mann i verden, det er han som står mest alene”.

Så må ein vidare spørja seg; kampen for sanninga, for det ein trur på, for verdiar og for menneskeverd – er det ein viktigare kamp enn å ta vare på sin eigen familie og sitt eige liv og ekteskap? Kor går grensa mellom idealisme og idioti? Ansvar og ansvarsfråskriving? Sak og sanning? Kamp og kjærleik? Og kva hjelper det Børre Knudsen og kampen hans om han til slutt står igjen aleine? I dette spennet tenker eg at han har levd sitt liv. Silk eg ser det, bomma han på enkelte av prioriteringane.

På 1600-talet sa den britiske diktaren John Donne at “no man is an island”. Nei, ingen mann er ei øy. Ingen mann kan fråskriva seg ansvaret for familie og barn – sjølv om det var ei anna tid. Samstundes tenker eg at mange menn gjorde som Børre Knudsen og let jobb og kall gå framfor familien – det ser vi eksempel på innanfor både børs og katedral, for å seia det slik. Eg trur ikkje vi skal dømma han for hardt for det – eller det skal vi – men då skal vi dømma mange andre hardt også – menn som prioriterte “gamaldags” etter våre målestokkar. Heldigvis har verda gått framover! Så er vel Børre Knudsen eit døme på ein som let kallet og kompromissløsheten gå framfor alt – og det til ein pris som dei rundt han først og fremst måtte betala. Og det ser vi også ei erkjenning av i filmen; han seier noko slikt som “jeg har jo lurt på om det var jeg eller de (motstandarane hans) som var gale”. Men han seier altså, gong på gong, at han ville gjort det samme om igjen. Går det an å forstå det når vi veit kva det har kosta hans næraste? Knapt. Om nokon skulle få medalje for lang og tru teneste, må det vera kona til Børre Knudsen.

Eg trur vi med fordel kan bli litt mindre redde for å gjera oss upopulære. Børre Knudsen er ein av våre siste folkefiendar, eit “gnagsår”, som han kallar seg sjølv. Og det spørs om vi ikkje treng slike gnagsår på våre velstelte, litt vinglete bein? Vi ser det i abortdebatten som har vore den siste tida; frykta for å ta innover seg kva det er som skjer, snakka om dei vanskelege sidene ved det. Det kan virka som frykta for å tapa ansikt dersom ein innrømmer at det kan vera vanskeleg og komplisert, gjer at vi pakkar det heile inn i teknologiske termar og medisinsk svada. Vi må våga å snakka om det vanskelege også i vår tid, anten det er abort, klima, fattigdom, homofili eller kva det måtte vera… Vi må våga å kjenna litt på gnagsåra, høyra på dei stemmene som vågar å pirka borti alt vi har i oss som ligg i skjeringspunktet mellom eksistensielt og praktisk. Vi må gi rom for det kompliserte, for det som utfordrar oss og som tvingar oss til å tenka ein gong til. Det skuldar vi oss sjølve, opplyste som vi er.

Filmen om Børre Knudsen er ikkje ein film for tilhengarane hans der dei kan sitja og kosa seg og mimra om alle aksjonane hans på åttitalet. Filmen er for oss som lever i den tempererte, politisk korrekte mentaliteten. Som fryktar det ubehagelege når vi ser at det å ta stilling i ei sak kan få negative konsekvensar for oss sjølve. Det kan til og med bli ubehageleg, og det kan føra med seg visse omkostningar, slik det gjorde for innbyggarane i kystbyen til Thomas Stockmann. Om det gjer det, er det brått ikkje så interessant å meina noko lenger. Det er desse menneska, inkludert meg sjølv, som utgjer det fantastiske fenomenet “den kompakte majoritet” som Ibsen snakkar om i En folkefiende.

Eg foreslår at den kompakte majoritet tek seg ein tur på kino for å sjå vår eiga tids folkefiende – og for å oppdaga at han også er ein mangefasettert, manfoldig, mjuk og modig mann. Såpass må det vel gå an å seia – utan å skjena for langt ut i det fundamentalistiske?

Innlegget er først publisert på bloggen min "Om stort og smått",  på maritabjorkeadland.wordpress.com. 

Børre

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Tor Albertsen

63 innlegg  597 kommentarer

Publisert over 6 år siden
Marita Bjørke Ådland. Gå til den siterte teksten.
Vi må våga å snakka om det vanskelege også i vår tid, anten det er abort, klima, fattigdom, homofili eller kva det måtte vera… Vi må våga å kjenna litt på gnagsåra, høyra på dei stemmene som vågar å pirka borti alt vi har i oss som ligg i skjeringspunktet mellom eksistensielt og praktisk.

Hvorfor er det så lite som får konsekvenser? Det bevist at jorden er på vei til å bli ødelagt, men bare noen ytterst få tar det på alvor og gir det praktisk betydning. Ingen konsekvens av betydning i de styrende organs klimapolitikk. Hva med verdens urettferdighet, vold, fattigdom? Har noe annet betydning for oss søkkrike nordmenn enn økonomi og kjærlighet?

Få kjemper, få lar sin måte å leve på få synlige konsekvenser. Børre Knudsen lot det få konsekvenser i sitt liv. Jeg arbeidet på bispekontoret i Tromsø da rettssaken mot ham ble forberedt og han var innom for å ta opp mange ting med biskopen. Det var en ubeskrivelig opplevelse. For en personlighet! Varmen og roen lyste, interesse for "hvordan har du det Tor". Bare en slik kan være profet som aldri vil gå av glemmeboken i norsk historie. Han kjempet for livet. Du og jeg skal også kjempe for livet, den globale nød i alle sine spekter, klima og mer. Men det på en måte som har synlige konsekvenser for oss. 

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere