Egil Morland

9

Myten om to syn

Med tilvising til Kyrkjemøtet (KM) 2007 er det ofte blitt hevda at kyrkja allereie har to syn på likekjønna ekteskap. Ergo er det på tide å ta konsekvensen av dette og innføra ny lære (liturgi).

Publisert: 31. mar 2014

Argumentasjonen er tilslørande og stemmer ikkje med realitetane i saka.

Vedtaket i KM 2007 som opna for at menneske i registrert partnarskap kunne tilsetjast i vigsla stillingar, gjaldt berre dette­. Det var ikkje eit vedtak om kyrkja sin teologi om ekteskap, familie og born. Heile diskusjonen og vedtaket var basert på partnarskap. Og merk: Det same Kyrkjemøtet avviste faktisk med overveldande fleirtal (83% !) regjeringa sine planar om ein kjønnsnøytral ekteskapslov. Også Lærenemnda si delte innstilling frå 2006 – som KM 2007 bygde på – hadde partnarskap som grunnleggjande føresetnad.

Fordi ekteskap er vesensulikt partnarskap, særleg med tanke på borna sin situasjon, er det ein uhaldbar påstand å seia at kyrkja allereie har to syn på homofilt samliv i ramma av likekjønna ekteskap. Det har KM aldri opna for. Tvert om. Og når Samlivsutvalet på side 38 i fjorårets utgreiing skriv at tidlegare fråsegner og vedtak om partnarskap no må gjelda likekjønna ekteskap, er dette både ei logisk og teologisk kortslutting. Eg vil kalla det manipulering av fakta.

Då Stortinget vedtok den kjønnsnøytrale ekteskapsloven, blei partnarskapslova avskaffa. Debatten om homofilt samliv blei dermed flytta over på ein annan arena. Spelereglane er blitt radikalt endra. No handlar debatten om kyrkja sin teologi om ekteskap, familie og born, og ikkje isolert sett om homofilt samliv. Dei to grunnleggjande spørsmåla i dag er: 1) Kva er eit ekteskap? og 2) Har born ein gudgjeven rett til sine eigne foreldre?

Fordi dagens stridsspørsmål handlar om noko mykje meir enn KM-vedtaket frå 2007 om tilsetjing, bør KM 2014 eigentleg nullstilla seg i høve til tidlegare fråsegner og vedtak. Desse handlar nemleg om noko heilt anna enn det som no vert debattert. Å påstå at kyrkja allereie har to offisielle og likestilte syn om likekjønna samliv og ekteskap, er tilslørande og usant. Det må Kyrkjemøtet ta på alvor.

Egil Morland,

 

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Markus Westermoen

0 innlegg  357 kommentarer

Publisert over 6 år siden

Dette handler også om bibelsyn og om mandat. I politiske partier har man prinsipprogrammer, mens kirken skal forholde seg til lov og evangelium. Jeg får inntrykket av at kirkemøtet anser seg selv, som politiske partier, som fristilt til å vedta liturgi og teologi uavhengig av kirkelig tradisjon og klassisk bibelsyn. Personlig klarer jeg ikke å se for meg at kirken med rette kan lage en liturgi for å lyse Guds velsignelse over noe Bibelen fordømmer, men jeg forstår at andre, også biskoper, har et annet bibelsyn og tolker Bibelen mer i lys av folks ønsker og behov.

Å være helt prinsipiell, "nullstille seg" og se bort fra tidligere vedtak og tidligere tenking, høres for meg ut som en risikosport, men at premissene nå er annerledes enn tidligere er et faktum.

Mest leste siste måned

Sårbar og synlig
av
Ragnhild Mestad
27 dager siden / 2913 visninger
Kristnes omtale av president Trump.
av
Kjell Tveter
rundt 1 måned siden / 1424 visninger
Behov for et blikk i speilet?
av
Shoaib Sultan
15 dager siden / 1119 visninger
Drømmen om tempelet
av
Joav Melchior
29 dager siden / 629 visninger
Minner fra en sommerkirke
av
Anita Reitan
8 dager siden / 606 visninger
Full krise i Mali
av
Hilde Frafjord Johnson
14 dager siden / 585 visninger
Brokete Brasil
av
Hildegunn Marie Tønnessen Seip
6 dager siden / 469 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere