Verdidebatt

Utan Krim, inga kake.

Ukraina utan Krim får ikkje Sevastopol-sponsa russisk gass. Det er det enkle reknestykket bak det å innlema Krim i Russland. Difor er det alvorleg å mista Krim. Difor har EU lova Ukraina 15 milliardarar dollar – same sum som Russland lova Janokåvitj.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Målet/Måva

Noreg veit kva det vil seia å ignorera nasjonale kjensler: Målet — på ukrainsk: måva – er framleis omstride her til lands. Og når folk på Krim slest på minnedagen til landsmålfaderen Taras Sjevtjenkå, er det ein parallell til norske målslåsskampar – då Det norske teatret vart skipa, gjekk det jo faktisk blodig for seg! Stoda for måva i Ukraina i dag er litt som i for målet i Noreg: Bokmålet — russisk – råder i daglegtalen og i mange bruksomstende. Men til skilnad frå Noreg, er målet – ukrainsken – nær einerådande som «dokumentspråk» – dvs i offentleg og offisiell tale. Og tilliks med nynorsken, tykkjer lingvistar at det er så som så om folk meistrar måva … Dessutan meiner mange at russisk er like ukrainsk som måva — og dei har mange gode kort på handa, vil eg meina (men meir om det i eit anna høve).

For mange russarar er alt dette noko kunstig – målet er kunstig og nasjonen er kunstig. Og kanskje er det også litt vanskeleg for utanfoståande å skjøna, nett som med nynorsken, kva plass måva – og russisken – eigenleg har …

Desse kulturelle tinga blandar seg so saman med dei meir økonomiske sidene av saka.

Gassprisen, gassprisen, gassprisen

Timosjenko har sagt at det viktige er gassprisen. Med dei nye styresmaktene på plass, er Harkåvavtala om «gassrabatt mot marinebase i Sevastopol» på ny eit tema. Mange nemner avtala i same andedrag som språklova. Det å avlysa avtala kunne ha same splittande effekt som det å annulera språklova. Mange i Ukraina – ikkje berre på Krim – ynskjer i marinebasen velkomen, og ikkje berre p.g.a. koplinga til gassrabatt. Men det er noko irrasjonelt over det når Timosjenko snakkar om å oppheva Harkåvavtala – vil ho tvinga Russland til å selja rimeleg gass?

Stabilnost

I mange utsegner frå Moskva er vektlagd at Russland treng eit stabilt Ukraina. Stabilitet er alt anna enn det Russland fekk, i og med Maidan-protestane. Harkåvavtala hadde gjeve stabilitet og resulterte i lånegarantien i 2013. Så kom Maidan. Og på pressekonferansen for snart ei veke sidan, vart Putin spurd om lånegarantien frå 2013 stod ved lag. Svaret var at dei vestlege partnarane ynskte at Russland skal yta støtta si gjennom IMF. Det er kanskje ikkje heilt sant, men ikkje heilt usant heller. Støtte via IMF er noko Vesten har snakka med Putin om i det siste. Men men mest var det ein indirekte måte å seeia at, nei, no vert det ikkje nokon pengar.

Vil ha, vil ha

Problemet med Ukraina, slik Russland ser det, er at ukrainarane krev, utan å vilja gje noko – eller nok – attende. For Ukraina har eit litlebrorkompleks.  Det meiner iallfall mange russarar. Mentalt er Ukraina framleis i Sovjetsamveldet. Demokrati vil for ukrainarane seia at dei endeleg kan kritisera Moskva. Moskva, som alltid (ut)nytta regionane. Utan å betala nok(o) attende.

Eit lite triks …

Frå russisk side er det tidlegare sagt at ingen marinebase er so mykje verd som det Russland betaler. Men med eit Krim som er uavhengig av Ukraina, kan gassprisen fastsetjast utan omsyn til Sevastopol, tenkjer Russland.

Leiken …

Aftenposten melder i dag at Irina Kljojeva frå Regionpartiet seier at utan at ho var til stadar, vart hennar røyst vart tald med då Krim-parlamenet røysta for union med Russland. Og ho er ikkje den einaste deputaten som har opplevd det same.

… steika

Baksida av medaljen, for det Russland no gjer, er at dei russiske kreftene i Ukraina vert latne i stikken. Her har Russland øst seg opp og snakka om fascistane i Kiev som er kome til makta på illegitimt vis, men så viser det seg at dei nøgde med å få Krim, liksom. Dermed er Russland og med på å fjerna ein viktig russisk impuls frå Ukraina. Og dei som nettopp likar å ha Russland tilstadar på Krim — dvs i Ukraina, dei taper no denne tryggleiken dette gav dei.

Det er streken i rekninga. Som Russland jo må forstå.

Men Krim sin historiske sus – og irritasjonen på den tullete nasjonalisme in Ukraina – er for tida tydelegvis for sterk.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt