Leif Halvard Silli

69

Fjernsynsvinkel på Ukraina

Skal ukraina-russarane få hjelp, også av Carl Bildt, til å stagga den ukrainske nasjonalismen? Eller ynskjer EU (med Noreg) og USA å halda fram med å overlata kritikk av dei ukrainske høgrekreftene til Russland?

Publisert: 2. mar 2014

Fjernsynsvinkel på Ukraina.

Skal ukraina-russarane få hjelp, også av Carl Bildt, til å stagga den ukrainske nasjonalismen? Eller ynskjer EU (med Noreg) og USA å halda fram med å overlata kritikk av dei ukrainske høgrekreftene til Russland?

Her er eit ferskt blikk på Moskva sett frå Kiev, forfatta som eit brev til Putin frå journalist Olga Gordijenko i nyhendebyrået UNIAN den 1. mars — ho gjer eit poeng av at ho er oppvaksen i Russland. Utifrå det ho skriv, er det tydeleg at ukraina-russarar ikkje har lett tilgang til russisk fjernsyn:

«Og så ringde ei klasseveninne meg frå Russland. Til mi overrasking fekk eg høyra at ho budde seg til å redda meg. For ho sit trygg ved di side og trur kvart ditt ord om hjelp til Ukraina i kampen mot terroren. Ho veit ikkje eingong at det som ser ut som kamp mot «terror» for oss luktar krig. Krig mellom mine klassekameratar og meg. Det har dei ikkje lyst å tru.»

http://www.unian.net/politics/891680-pismo-putinu.html

I tri månader hadde me protestane på Jevromajdan — Euromajdan. Kva handla dei om?

Ifylgje sosialantropologen Alexander Tymczuk i ein kronikk i VG 26 februar, var opprøret ein reaksjon på korrupsjon.

Men dersom det er korrupsjon som er forklaringa, kva er då grunnen til at revolusjonen i stor grad var ein Vestukrainsk aksjon? Er det meir korrupsjon i Vestukraina?

Korrupsjon fenger kanhenda norske lesarar, men er ei alt for enkel forklaring.

I Wikipedia heiter det at undersøkjingar har vist at ukraina-russarar flest ikkje tykkjer språspørsmål er av deira viktigaste problem.

Likevel, straks Janukovitj var ute or biletet og Verhåvna Rada kunne sleppa seg laus, vedtok parlamentet at språklova om bruk av russisk og andre minoritetsspråk i det offentlege, skulle trekkjast attende. Lova vart vedteken i Janukovitsj sin presidentperiode.

I russisk TV vart nyhendet straks snappa opp. I norske media har det vore lite om dette nyhendet. Vedtaket var så drastisk at Europarlamentet raskt engasjerte seg i saka. Og den fungerande presidenten har sidan meldt at han kjem til å leggja ned veto mot vedtaket. (I staden ville han få hasteutarbeidd ei ny lov.)

Russiske nyhende slapp og til andre nyhende som norske massemedia i liten grad har dvela ved. Russiske TV-sjåarar har t.d. gong etter gong fått sjå opptak av mishandlinga av ein av dei guvernørane som mobben (også kjend som «fredlege demonstrantar») avsette.

Slikt gjer det inntrykk.

Kva hadde svenskane sagt om Noreg dersom mobben kasta fylkesmannen i Bergen, Sponheim, på gata? Hadde Carl Bildt late vera å snakka høgt om det?

Regionpartiet er framleis største partiet i Verhåvna Rada. Men ein del av deira folkevalde har gått ut or partiet. Janukovitsj hevda at mange partikontor var vandaliserte. Han kunne difor skjøna at folk trekte seg frå partiet. Påstandande om denne vandaliseringa har vore tilbørleg kringkasta i russiske media.

Også den dagen so mange vart drepne i Kiev, var russisk TV på plass. Ei av meldingane deira var at ein av medarbeidarane hadde vore i Syria og kjende att eit våpen derifrå. Det vart sagt at det var eit svenskprodusert våpen. Russisk TV var og nøye med å få fram at også motprotestantar vart råka i denne kampen. I dag er det ingen som vil ta på seg ansvar for skota rundt Sjølvstendeplassen i Kiev. Media spekulerer i kven det var som skaut, kven dei var.

Då Janukovitsj «forsvann» vart det frå Timosjenko sitt parti hevda at han hadde fått ly i eit kloster tilhøyrande Moskvapatriarkatet. Det heile var ein provokasjon. Men politikaren som kom med provokasjonen nytta like godt høvet til å seia at kyrkjene tilhøyrande Moskvapatriarkatet spela ei negativ rolle, og slo til lyd for å slå dei saman med ei anna «nasjonalortodoks» kyrkje.

Religionsfridom tykjest ikkje stå høgt i kurs hjå sigerkreftene.

1. mars var det ein stor mars i Donetsk. Slagordet frå guvernøren var at dei ville snakka russisk, dei ville gå i kyrkjer som tilhøyrde Moskvapatriarket, dei ville ta vare på dei stolte tradisjonane til folk i dette området. Men dei ville vera del av Ukraina. Protesten inneheldt også eit minutts tagnad for offera på Majdan. Demonstrasjonen vart ifylgje UNIAN skjemd av ei gruppe Russlands-elskararar som veiva med russiske flagg og tydeleg ynskte tettare band til Russland — for å seia det slik. (Eg skal ikkje sjå bort ifrå at flagga fekk meir - og positiv - merksemd i russisk TV enn i UNIAN.)

I dag melde russiske Vesti (russisk nyhendeprogram på TV) at dei, til ein skilnad var samde med BBC: Revolusjonen hadde mange studentar og professorar. Men det var høgrekreftene — det som både i Russland og Ukraina går under namnet «høgresektoren» — som var best organisert og synte krefter. Likeeins uttala nyleg ein tidlegare KGB-kollega av Putin til den USA-sponsa, ukrainskspråklege radiokanalen Svoboda (som jamnleg vert sitert i Ukraina) at ein til 80% kunne takka høgrekreftene for sigeren i revolusjonen.

Høgrekrefter i Russland fører jamnleg til kritikk mot Russland, t.d. når dei driv med vald mot homofile. Me kan og dra fram den sterke kritikken mo valdelege og ikkjevaldelege høgrekrefter i t.d. i Skandinavia.

Kva står att?
Kvifor reagerer Russland?
Kva reagerer dei på?
På kva måte er det lov å vinna konfliktar?

Eit av stridsepla under Janukovitsj var ei ny lov om landsfemnande folkerøystingar — kva status skulle slike røystingar ha og koss skulle reglane for dei vera. Lova vart vedteken in 2012 men pådrog seg raskt kritikk frå Europa. Lova gav t.d. inntrykk av at presidenten på eige initiativ kunne leggja fram saker for folket til avrøysting og dermed unngå og omgå parlamentet.

Kritikken mot lova kan tykkjast rimeleg.

Det som derimot ikkje stod i lova var at utdregne, valdelege protestar, der politiet legg ned arbeidet, mobben kastar guvernørane på gata og «høgresektoren» tek over, er ein måte å gjenomføra regimeskifte.

Kvifor protesterte/protestererer Vesten ikkje?

Tydelegvis fordi ein var - og er - nøgd med utviklinga.
Det er Russland som er problemet. Meiner Vesten.

Har krigstrugsmålet alt byrja å verka? Har det gjeve ukraina-russarane ryggdekning?

Den ovannemnde demonstrasjonen i Donetsk, der bodskapen var ein ville vera russisk-ukrainarar, kom no, etter at krigstrugsmålet vart ein realitet. Og den Krim-busette, russiske innflyttaren, parlamentarikaren og miliardæren Vadim Novinskij frå Regionpartiet oppmoda seinare same dag landet til å halda saman og til å leggja bort framlegg som splittar landet, slik som avlysinga av språklova. Og det andre, liknande episodar.

Ein del russiske krefter melder seg altså, i ly av krigstrugsmålet, og seier at dei ynskjer å vera lojale, men at dei vil ha med seg russiskheita si inn i det «nye» Ukraina.

Spørsmålet er kanskje i alle høve stor forsvarsviljen til sjuande og sist er når det at du er russar, kulturelt og språkleg, atter og atter vert gjort til eit problem?

Russlandsforskar Julie Wilhelmsen snakkar 2. mars om det ein del nemner — den «redsla» Putin visst nok har for at utviklinga i Ukraina skal spreia seg. Det repeterte fokuset på «Putin» er ein undergravande retorikk i seg sjølv: Det er ein mann som er problemet.

Men det er ikkje berre Putin som er redd. Som ein kamerat frå Russland sa det: Vesten trur visst på alvor at det er demokrati dei driv med i Ukraina.

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Kjell Aarsund

101 innlegg  5507 kommentarer

Herlig tanke

Publisert rundt 6 år siden
Leif Halvard Silli. Gå til den siterte teksten.
Kva hadde svenskane sagt om Noreg dersom mobben kasta fylkesmannen i Bergen, Sponheim, på gata?

Å for en herlig tanke :)

Kommentar #2

Hermod Herstad

0 innlegg  7381 kommentarer

Publisert rundt 6 år siden

Jeg mener Silli her peker på noen problemstillinger som absolutt er nødvendige å ha med seg før vi liberale i vesten blir altfor euforiske i våre analyser av den siste ukrainske "revolusjonen".

Det er ikke grunnlag for å uten videre betrakte alle ukraina-russerne som lydige redskap for Putins geopolitiske interesser.

Mest leste siste måned

Guds fravær
av
Geir Tryggve Hellemo
16 dager siden / 1202 visninger
Ja vel, gamlis
av
Heidi Terese Vangen
22 dager siden / 1201 visninger
Det vi ikke ser
av
Magne Nylenna
8 dager siden / 845 visninger
Hjemmesentrert kirke
av
Joanna Bjerga
4 dager siden / 805 visninger
Biskop Byfugliens merkelige avskjedsreplikk
av
Roald Iversen
rundt 2 måneder siden / 620 visninger
Humanismens hellige skrifter
av
Didrik Søderlind
nesten 2 år siden / 580 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere