Leif Halvard Silli

69

Gresk-ortodoks kristendom på ukrainsk

Avisa Dagen rspelar -umedvite - på antirussiske strenger når ho skriv at «de fleste troende i Ukraina er medlemmer av den ukrainsk-ortodokse kirke som i 1992 brøt ut av den russisk-ortodokse kirke.

Publisert: 28. feb 2014

Den 28. februar publiserer avisa Dagen ved journalist Birgit Opheim ein  artikkel om Tursjinov der det heiter: 


«De fleste troende i Ukraina er medlemmer av den ukrainsk-ortodokse 
kirke som i 1992 brøt ut av den russisk-ortodokse kirke.» 

http://www.dagen.no/2014/02/28/samfunn/kiev/viktor_janukovitsj/det_kristne_felleskap/215517 

Dette er sant, men heilt usant. 

For det fyrste heiter det «ukrainske ortodokse kirke» og ikkje 
«ukrainsk-ortodokse kirke» — to adjektiv i staden for eitt. For det 
er ikkje er tale om nokon serskild «ukrainsk-ortodoks» ortodoksi for 
Ukraina - det er berre snakk om den ortodokse kyrkja inne i Ukraina. 
Mange utanforståande elskar å påstå at Den gresk-ortodokse kyrkja er 
so brennande knytt til «nasjonalitet» — det er vel dette som er 
grunnen til at ein talar stemplar henne som «serbisk-ortodoks», 
«russisk-ortodoks» og no altso «ukrainsk-ortodoks». Men dette er alt 
så mistyddd «snillheit» og «forståsegpåisme». Det rette er å 
kutta ut bindestreken og å nytta to adjektiv i bunden form: «serbiske 
ortodokse», «russiske ortodokse», «ukrainske ortodokse». Det 
einaste tilfellet der det er rett med bindestrek er for uttrykket 
«gresk-ortodks». Dette fordi «gresk-ortodoks» eigenleg står for 
«rom-ortodoks». Her er det verkeleg tale om ein viss type ortodoksi, 
nemleg den greske - eller byzantiske - forma for ortodoksi. 

Kven vert fyrst med å gjera dette rett — Dagen eller Vårt Land? 

So er det sant at dei fleste truande i Ukraina tilhøyrer den Den 
ukrainske ortodokse kyrkja, dette er den største kyrkja i Ukraina. 
Estimat seier at ho utgjer frå 75 % — eller mindre – av 
folkesetnaden. 

http://en.wikipedia.org/wiki/Ukrainian_Orthodox_Church_%28Moscow_Patriarchate%29#History 

So er det usant at kyrkja «brøt» ut or Den russiske ortodokse kyrkja. 
Faktisk er Den ukrainske ortodokse kyrkja framleis tilslutta 
Moskvapatriarkatet. Sjøvstendet i 1992 var noko som kyrkjene som 
høyrer inn under patriarkatet i Moskva var samde om. Det kom difor 
ikkje til noko brot — Den ukrainske ortodokse kyrkja er framleis i 
famnen åt Moskvapatriarket. 

Det sanne er at Den ukrainske ortodokse kyrkja fram til 1992 ikkje var 
ei sjølvstendig kyrkje, men ein del Den russiske ortodokse kyrkja 
(Moskvapatriarkaet). Men så, i 1992, avgjorde styret for 
Moskvapatriarket (og metropolitten av Kiev var del dette styret) at 
Kiev-kyrkja skulle få status som autonom - dvs sjølvstendig - kyrkja. 

Som affiliert med Moskvapatriarkatet seier det seg sjølv at Den 
ukrainske ortodokse kyrkja ikkje er ei kyrkje som hyser sterke 
aversjonar i mot Moskva. Tvert i mort er det eit døme på dei heilt 
reelle sterke banda til ortodoksien i Russland. 

Ikkje dess mindre har Den ukrainske ortodokse kyrkja vorte utsett for 
politiske åtak no etter at det valdelege opprøreret i Kiev og i 
Vest-Ukraina enda med siger til protestantane. Fedrelandspartiet 
(Timosjenko sitt parti) er eit parti der ein del nærer mistankar til 
Den ukrainske ortodokse kyrkja. Eg har sjølv høyrde ein tilhengjar 
snakka om korleis han såg på prestane i denne kyrkja som spionar. Det 
var difor kan henda ikkje overraskande då ein politikar frå 
Fedrelandspartiet nettopp hevda nettopp at Janukovitsj gøymde seg i eit 
kloster tilhøyrande denne kyrkja. Hyrden for dette klosteret omtalar 
det heile som ein provokasjon. Men ikkje dess mindre nytta politikaren 
frå Fedrelandspartiet høvet til å hevda at den Moskva-tilknytta 
Ukrainske ortodokse kyrkja «framleis» spelar ei negativ rolle i 
Ukraina og han meinte difor — noko ein gong — at dei no burde syta 
for å få ei heilt ukrainsk kyrkje — kan henda den 
«ukrainsk-ortodokse» kyrkja som Dagen snakkar om ... ? 

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Muskuløs kristendom
av
Hilde Løvdal Stephens
rundt 1 måned siden / 1219 visninger
Ja vel, gamlis
av
Heidi Terese Vangen
18 dager siden / 1183 visninger
Guds fravær
av
Geir Tryggve Hellemo
12 dager siden / 1173 visninger
Det vi ikke ser
av
Magne Nylenna
4 dager siden / 792 visninger
Biskop Byfugliens merkelige avskjedsreplikk
av
Roald Iversen
rundt 1 måned siden / 714 visninger
Eit ansvarslaust Europa
av
Emil André Erstad
27 dager siden / 646 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere