Verdidebatt

Nokre korte kommentarar til reservasjonsdebatten

Kvifor har kirurgen og sjukepleiaren samvitsrett i abortspørsmålet når fastlegen ikkje har det?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Denne er også posta på bloggen min.

Etter å ha lest ein del innlegg i reservasjonsdebatten vil eg hevde at argumenta mot reservasjon i stor grad kan kokast ned til dette: “Lækjarane bør ikkje kunna reservere seg mot lovleg praksis.” Men det interessante her er at kirurgar kan reservere seg mot å utføre sjølve inngrepet, og sjukepleiarar kan reservere seg mot å ta del i det. Spørsmålet då, ver dette: Kva er grunnen til at ingen kirurg kan tvingast til å utføre, og ingen sjukepleiar kan tvingast til å ta del i, abortinngrepet?

Dersom ein kirurg eller ein sjukepleiar kan reservere seg mot abort, fordi det er belastande, burde også ein fastlege kunne gjere det same. For kvifor er det belastande? Kan det vere fordi nokre kirurgar ikkje likar nakne kvinnekroppar? Ikkje toler blod? Ikkje tør å ta i ein skalpell? Synst operasjonar er 'ekle'? Eller er det kanskje fordi nokre ikkje har samvit til å ta del i inngrepet, og at det difor er opent for reservasjon? Det heile kokar ned til eit samvitsspørsmål. Kvifor har kirurgen og sjukepleiaren samvitsrett i dette spørsmålet når fastlegen ikkje har det?

Fastlegen er juridisk like delaktig i inngrepet som kirurgen og sjukepleiaren. Fastlegen som viser til abort kan ikkje berre 'vaske hendene sine' og hevde å ikkje vere ein del av prosessen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt