Verdidebatt

Den vonde presten

“Prestefaren” i Mammon står fram ikkje som ein verkelig prest i det heile tatt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Alf Kjetil Walgemo skreiv i kommentaren til første episode av NRKs omtalte dramaserie: “Mammon (gir) oss ein prest vi har sett så mange gonger på fjernsyn og film – ein iskald ambassadør for Herren, ein mørkemann utan menneskeleg empati.” (VL 06.01. 2014, s. 27)

Slike prestar har det nok vore ein del av i tidligare tider, harde og fanatiske, men kvifor må bildet hos Ibsen og Bjørnson (og andre nordiske forfattarar frå meir enn 100 år sidan) vere det som dagens film og teater formidlar?

Det er fæle preste-skikkelsar i dei mest populære nordiske filmane: Stig Berggren, hustyrann og etter kvart fyllik i Så som i himmelen (svensk, 2004), Johannes Tunheim i Søndagsengler (norsk 1996) for aldri å gløyme Bergmanns meisterverk frå 1982: Fanny og Alexander, der Jan Malmsjö får fram biskop Edvard Vergérus som inkarnasjonen av det vonde. Det einaste "normale" mennesket eg har sett som prest i norsk film er "Anna" i De USYNLIGE, frå 2008.

Det er éin moderne forfattar som gir oss truverdige prestar, og det er Karl Ove Knausgård i Min Kamp. Prestefigurane hans er langt frå perfekte, verken den kvinnelige “dåpspresten”, eller den mannlige “gravferdspresten”, men dei er sanne. Grunnen er vel at Knausgård veit kva det handlar om.

Eg har nå sett alle episodane, og “prestefaren” er gjennomført like fjernt frå eit realistisk bilde av dagens norske prestar som i starten.

“Tore Verås” framstår ikkje først og fremst som” ein iskald ambassadør for Herren”. Han framstår ikkje som ein verkelig prest i det heile tatt, men som ein dårlig og sjølvopptatt far som går med prestesnipp heile tida, for eksempel til frukost på ein kvardag. At han har 2 ½ million uforklart i safen, og at biskopen avsetter han i sakristiet rett før gudstenesta er då ikkje meir merkverdig enn mykje anna i serien.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt