Verdidebatt

Balansert forslag om reservasjon

Derfor meiner eg at regjeringa sitt høyringsforslag om reservasjonsmuligheit, ikkje reservasjonsrett, er eit balansert forslag i ei komplisert sak

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Saka om reservasjonsmuligheit er blitt ein debatt om moralistiske legar og omkampar om abortlova.  Det skjer, sjølv om abortlova står fast, og ingen hatt tatt til orde for at omkampar. Kvinner skal sjølvsagt få innfridd sine lovfesta rettigheiter.  Men vi må og tørre å diskutere korleis samfunnet skal regulere prinsippet om samvitsfridom for helsepersonell. Reservasjon for helsepersonell i saker som gjeld liv og død er ein viktig verdi i eit liberalt samfunn. Det er allereie eit akseptert prinsipp i Norge, i og med at legar i lang tid har hatt ein lovfesta rett til å reservere seg mot å utføre abort.

Det har aldri vore ein lovesta rett for legar å reservere seg mot å tilvise til abort. Ingen foreslår heller dette.  Men heilt sidan abortlova vart innført i 1975 har det vore ein akseptert praksis i Norge til liks med fleire andre land, om ikkje å nekte kommunar å la enkeltlegar få vurdert ein reservasjonsmuligheit, dersom det kan dokumenterast at kvinnene sine pasientrettar blir ivaretatt på ein god måte.

I FNs erklæring om menneskerettar artikkel 18, står det at «Enhver har rett til tanke-, samvittighets- og religionsfrihet». Europarådets resolusjon 1763 (2010) aktualiserer dette for fastlegar ved å seie at «Ingen person, sykehus eller institusjon skal bli presset, holdt ansvarlig eller diskrimineres på bakgrunn av at man nekter å utføre, tilrettelegge, assistere eller henvise til abort».

Merk at Europarådet ikkje skil mellom det å utføre - og det å tilvise til abort i ein samvitssamanheng, slik vi gjer i Norge.  Europarådet oppmodar også sine medlemsstatar til å utvikle klare og dekkande retningsliner som definerer og regulerer fridomen for helsepersonell til å reservere seg mot visse oppgåver av samvitsgrunnar. Norge har mangla slike klare retningsliner; Kor går skilje for samvit, kven skal definere det og når skal ein ta omsyn til det?

Senterpartiet si stortingsgruppe er fristilt i den aktuelle saka, og det er ulike syn i partiet.  Eg er mot reservasjonsrett for fastlegar. Er ein til dømes er lege i ein liten kommune, med få andre legar og/eller lang avstand til andre legar - skal ein ikkje som lege ha rett til å reservere segmotå tilvise for abort.

Derfor meiner eg at regjeringa sitt høyringsforslag om reservasjonsmuligheit, ikkje reservasjonsrett, er eit balansert forslag i ei komplisert sak. Legen har ikkje rett til reservasjon, og kommunen har ikkje plikt å tillate. Men det skal ikkje vere forbode for den lokale helsetenesta å vurdere reservasjonsmuligheit ut av samvitsgrunnar, dersom bestemte kriterier er innfridd og det er synleggjort at kvinnene er sikra sine lovbestemte pasientrettar, på ein god måte.

Høyringsrunden vil vise om det mogleg å balansere dei ulike omsyna i saka på ein god måte.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt