Marita Bjørke Ådland

12

Eg – ein draumelærar

Kva Høgre tenkjer om oss, er ikkje så farleg. Kva elevane tenker om oss, er livsviktig.

Publisert: 17. jan 2014

Eg har gått grundig til verks. Eg har vore innom Høgres heimesider og partiprogram. Eg har lese gjennom alle punkta. Og om nokon skulle vera i tvil: Eg er ein draumelærar! Eg har lang utdanning, kan faga mine godt, er engasjert i og brenn for faga mine og førebur meg godt til timane mine. Eg snur bunken på det som fungerer og kastar det andre.

Eg klarar til dømes å få elevane engasjert i essay av Voltaire frå 1780. Eg klarar å gjera det relevant for dei. I slike timar veit eg at eg er ein draumelærar. Erna Solberg kunne ha banka på når som helst. Kunnskapsministeren kunne stukke innom. Og kva hadde dei funne der, på rom 402 på Kristelig Gymnasium? Draumelæraren.

Finst. Draumelæraren finst altså allereie. I røynda. Ikkje berre i Høgres partiprogram. Og definitivt ikkje berre på rom 402 på KG. Draumelæraren finst i mange klasserom der eg jobbar, han og ho finst der barna mine går på skule, han og ho finst blant mine vener, han og ho finst på vestkanten, på austkanten, på store skular og på små skular.

Det er utruleg mange draumelærarar her i landet. Nesten alle lærarar er draumelærarar. Draumelæraren knyter skoa til førsteklassingen, draumelæraren legg armen rundt femteklassingen, draumelæraren trøystar tiandeklassingen som har det vanskeleg heime, draumelæraren tar ein ekstra samtale med syttenåringen når det røyner på. Draumelæraren er ein kombinasjon av fagperson og omsorgsperson, anten han er på barneskule eller på vidaregåande. Det er det som er det morosame og givande med å vera lærar. Ein betyr noko for andre menneske. Tenk tilbake på eigen skulegang. Draumelæraren fanst sjølvsagt allereie då, lenge før han blei eit omgrep i Høgres partiprogram.

Handslag? Eg let meg ikkje provosera av Høgres bruk av omgrepet «drømmelærer». Men det ligg nokre haldningar bak bruken av dette omgrepet. Lat oss prøva å overføra omgrepet til andre yrkesgrupper: Draumesnekkar? Draumeprest? Draumelege? Draumesivilingeniør? Draumeheismontør? Draumerøyrleggar?

Eg håpar Høgre har tenkt at dette omgrepet er eit slags handslag til oss lærarar, ei slags verdsetjing av at vi som er lærarar, er på god veg, eller i alle fall har potensial i oss til å bli såkalla draumelærarar. Men kva er det som er verd å kommentera på ved dette omgrepet? Kvifor blir dette av enkelte oppfatta som ein provokasjon?

Provoserande. Eg trur at det som mange opplever som provoserande, er at vi lærarar kan få ei kjensle av at Høgre ikkje verdset oss eksisterande lærarar som vi er, gode fagpersonar og omtenksame vaksne i møte med elevane, men at dei skal avla fram eit overmenneske av ein lærar som ingen av oss kan leva opp til.

Høgres «drømmelærer»-retorikk kan opplevast som urettferdig fordi det verkar som det blir sett urimelege krav til ei spesiell yrkesgruppe, og det med ein retorikk som ein aldri ville bruka i møte med andre yrkesgrupper.

Samstundes tenkjer eg at vi må tola at nokon meiner noko om jobben vår. Vi er van med ein flat struktur. Det er lærarane. Og så er det leiinga. Vi er svært solidariske, og vi står saman mot både individuell avløning og favorisering lønnsmessig av fag som det er bruk for i skulen.
Solidariteten oss lærarar imellom vil ingen ende ta. Og så er vi kanskje ikkje så flinke til å opna opp. Vårt privilegium er, i stor grad, å stengje døra til klasserommet når arbeidet vårt tek til. Vi må tola at nokon kikkar inn i klasserommet vårt og presenterer nokre nye tankar for oss. Vi må tola å høyra at nokon kanskje kan læra oss noko nytt.

Framsnakka. Eg trur at noko av det viktigaste vi lærarane sjølve kan gjera, er å framsnakka jobben vår. Viss vi heile tida klagar over stilbunken eller karaktermøta, foreldresamtalane eller umotiverte elevar, trur jo folk at dei skal synast synd i oss.

Det er sikkert kjedelege sider ved frisørjobben også. Ein jurist må sikkert skriva reiserekningar. Ein fastlege må sitja på kontoret sitt og høyra på utslitne midtlivskriser som er i ferd med å møta veggen. Ein kokk må kutta opp grønsakene og ein prest må kanskje skifta ei lyspære i kyrkja i ny og ne.

Apropos kyrkja. Eg bannar sikkert i kyrkja, skit i eige reir og sit i glashus, men eg vil påstå at ein del av grunnen til all den negative omtalen som læraryrket har fått dei siste åra, botnar i korleis vi sjølve snakkar om jobben vår – sikkert ofte utan at vi tenker over det. På mange lærarrom er det ein slags eigen lærarretorikk som vi på ein måte gir oss sjølve lov til å dyrka.

Unik jobb. Eller, lat meg forklara litt betre kva eg meiner. Vi har ein unik jobb. Men det er det mange andre som har også. Eg trur det er viktig at vi ikkje trur vi har ein altfor unik jobb. Det er morosame sider ved jobben, og så er det slitsame og kjedelege sider ved jobben. Slik er det heilt sikkert på mange andre arbeidsplassar også. Eg tippar at dei sporvegstilsette klagar litt, sjukepleiarane klagar i alle fall litt, prestane er overarbeidde og frisøren har vondt i ryggen. Sånn er det. Men inst inne er vi vel veldig glade i jobben vår? Vi er vel der frivillig? Få det ut, snakk det fram, løft det opp! La oss gjera oss sjølve til draumelærarar, for inst inne veit vi at vi er gode!

Det er sjølvsagt ikkje nok å berre framsnakka jobben. Det aller viktigaste for å komma i nærleiken av å kjenna seg som ein draumelærar, er fagkunnskap. Skal ein føla seg på høgda, må ein kunna faget sitt. Skal ein føla seg trygg, må ein kunna faget sitt. Skal det bli moro i klasserommet, må ein kunna faget sitt.

Der eg jobbar, har så godt som alle hovudfag/master i eitt av faga dei underviser i, også i ungdomsskulen. Eg er ikkje i tvil om at det aukar kvaliteten på undervisninga. Betre utdanning og høgare krav til lærarutdanninga er tvingande nødvendig for både auka status og høgare kvalitet.

Klapp på skuldra. Framsnakking og fagkunnskap altså. Og så det vesle klappet på skuldra, armen rundt ein trist elev, smilet i trappa. Alt det ekstra. Som gjer oss til verkelege draumelærarar. For det er jo det det handlar om. Kva Høgre tenkjer om oss, er ikkje så farleg. Kva elevane tenker om oss, er livsviktig.

Først publisert i bloggen min  og som kronikk i Vårt Land 17. januar 2014.

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Slik jeg ser det
av
Magne Nylenna
25 dager siden / 1500 visninger
Kristnes omtale av president Trump.
av
Kjell Tveter
5 dager siden / 1335 visninger
Sekulariseringen av Rumi
av
Usman Rana
16 dager siden / 1096 visninger
Slappe konspirasjonsteoretikere
av
Øivind Bergh
12 dager siden / 997 visninger
Med vandreskoene på
av
Anita Reitan
rundt 1 måned siden / 785 visninger
Stopp banningen, Vårt Land!
av
Terje Tønnessen
rundt 1 måned siden / 466 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere