Verdidebatt

Kva tid er påske i Etiopia, NRK?

#Påskenøtta: Tomm Kristiansen hadde i Dagsnytt 1. påskedag ein merkeleg ikkje-påske-reportasje ifrå Etiopa der han hevda at det for dei koptisk-ortodokse framleis er ein månad til påske. Kvifor presenterer NRK slik usann eksotisering?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I NRK Dagsnytt Påskedag hadde Tomm Kristiansen eit innslag frå Etiopia om at den etiopiske koptisk-ortodokse kyrkja dette året ikkje feirar påske saman med alle oss andre. I staden – kunne Kristiansen fortelja – var det framleis ein månad til kyrkja i Etiopia skulle halda påske.

Og du som dei sleit og fasta! Det skulle me iallfall forstå. Her var video av folk som bøygde seg og annan «trist» aktivitet — medan me her i resten av verda gledde oss over oppstoda.

Men me måtte jo forstå at kyrkja i Etiopia var verdas eldste og soleis hadde mykje betre greie på det enn både engelskmennene og dei norske tittarane. Me må ikkje koma her og koma her.

For kven i Noreg veit noko om Etiopia? Ikkje NRKs mangeårige Afrika-korrespondent iallfall. Det viktigaste var vel gjerne at sjåarane skulle få kjensla av at her var det noko dei ikkje visste. Eller kan henda skulle dei læra seg at me ikkje må tru at det å feira påske 20 april er noko dei gjer i heile verda?

Ikkje veit eg. Og eg kom i tvil sjølv òg – og det jamvel om eg snakka med min eritreiske ven – som er prest – like før fasten byrja.

Det heile var likevel berre tull, som eg mistenkte. Ein liten visitt på nettsida åt «Saint Mary of Zion Ethiopian Orthodox Tewahedo Church» i London viser at etioparane dette året, som venta,  held Påska saman med alle oss andre: http://stmaryofzion.co.uk/events/4570914498

For det er det fine med kalenderen i 2014: Både gresk-ortodokse, romersk-katolske og koptisk-ortodokse – og alle dykk andre – held påske samstundes.

Krist er oppstaden! Sanneleg er han oppstaden i Etiopia òg!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt