Geir Ole Sætremyr

2

Dyrevelferd kontra menneskevelferd

Vi er blitt eit samfunn av velfødde mennesker utan omtanke på korleis maten har blitt til, enten av innsatsmiddel vi tilfører prosessen eller av korleis vi behandler dyr før dei hamnar på middagsbordet.

Publisert: 13. des 2010

Smertefulle tankar gjennom eit Nøkkelhol.

Her sit eg saman med fleire tusen andre individ med same kjenneteikn, kyllinghybrid Ross 308. Vår misjon er å vekse oss størst mogleg i løpet av kortast mogleg tid slik at vi vert billeg og sunn mat på flest mogleg fat.

 

Eg kom hit til denne huseigaren ein dag gamal og skal, dersom eg beheld helsa, vere her i nokre og tretti døgn. Døgn? Vi vert tilgodesett med 2 x 4 timar mørke i døgnet. Det syter det automatiske lysprogrammet for. Når lyset vert slått på har allereie maten vore på fata (foringsautomaten) nokre minutt slik at alt er klart når vi vaknar og alle kan få mat samstundes, for det er om å gjere å få i oss nok mat og vatn i vår knapt tilmålte tid.

 

Kva liv skal vi få lov til å leve?

 

Eg har fått høyre at det har vore brukt mange sider på å drøfte synet på oss som individ frå langt tilbake i tid og fram til i dag, i religiøs, filosofisk og notida sin samanheng. Det har også vore filosofert over om vi er intelligente nok til å føle og gi uttrykk for smerte. Høyringar gjenspeiler mange syn i samfunnet. Bondelaget meiner, mellom anna, at kravet om å beskytte oss mot unødig fare må målast opp mot krav om økonomiske og rasjonelle driftsmåtar. Heldigvis seier § 3 i den nye Lova om dyrevelferd at ”Dyr har egenverdi uavhengig av den nytteverdien de måtte ha for mennesker. Dyr skal behandles godt og beskyttes mot fare for unødige påkjenninger og belastninger.”

Same lova sikrar oss eit artstypisk levemiljø for utøving av naturlige behov, samstundes som den sikrar oss mot avl som reduserer våre naturlege behov og veremåte (adferd).

 

Kva liv får vi så leve?

 

Vi kom hit ein dag gamle med ei idealvekt på 42 gram, vart spreidde utover golvet som var strødd med sagflis og har rikelig tilgang på mat frå automatar, drikke frå automatar og automatisk klima og temperaturstyring, alt for at vi skal trivast, ete og vekse raskast mogleg. Den nye marknadstrenden er at vi skal vege 2,5 kg dersom vi maktar å leve til vi nærmar oss 40 dagar (normaltid i følgje Mattilsynet er 30-32 dagar). Som individ er vi skreddarsydde til å vekse raskast mogleg, ta til oss skreddarsydd mat i fire variantar slik at brystparti og lår vert størst mogleg.

I perioden vi er her på huset døyr fleire av oss eller vi fungerer ikkje i takt med forventningane og difor vert tekne ut, ca. 2 million individ pr. år på landsbasis.

 

Heilt sidan 2001, med bakgrunn frå Sverige, har det visst vore sett fokus på om vi toler slik intensiv fôring og avl utan at det går ut over helsa vår, først og framst om beinbygnaden held takt med den sterke veksten. Spørsmål i Stortinget, handlingsplanar og rapportar ser ikkje ut til å føre nokon stad. Framleis verkar det som om tolegrensene skal testast, seinast i julenummeret 2009 frå ein fôrleverandør, der det vert oppmoda å fôre nokre ekstra dagar på tampen. På dag 37 veks vi nemleg 150 gram, noko som gir god økonomi i tider då proteinprisen er høg. Det skal beinbygnad til å tole dette, og mange døyr.

 

Økonomi ja. Ser forresten at Landbruks- og matdepartementet 11. januar i år rapporterer om god lønsemd i kyllingproduksjonen. Der er eit tal som lyser i mot meg, huseigaren, eller røktaren, bruker i snitt 0,36 årsverk på å leie i snitt 115.000 av oss fram til slakting. Dette inkluderer klargjering og vasking før vi kjem, mottak av dyr, innsett av utstyr, diverse røktararbeid, lovpålagt tilsyn 2 gonger i døgnet, levering til slakting og andre oppgåver. I gjennomsnitt vert det 10 sekund på kvar av oss som også skal gå med til å sikre at eg og dei andre har det godt og toler hardkøyret.  Det er godt at Lova sikrar meg.

 

Mattilsynet har makt til og pålegg om å sikre at eg får leve mi tilmålte tid slik Lova seier. Eg vart difor forundra då Mattilsynet i eit intervju med NRK nyleg sa at mitt smertefulle tilvære etter alt og døme skuldast forbrukaren sitt ønske om større filetar. Dette er det dei makter å frambringe etter at dei har sete på ein inspeksjonsrapport i mange månader. Det er tydeleg viktigare å synse enn å handle, slik plikta deira er.

 

Forresten, eg hadde nær gløymt dette med Nøkkelholet. Det er visst slik at Mattilsynet og Helsedirektoratet har funne ut at eg fortener å verte merka med Nøkkelhol. Det skal visst vere fysisk sunt å ete meg. Kva med samvitet og den mentale helsa til dei som et meg?

 

I ei nyleg lansert kokebok skal det også vere betre for klimaet at eg vert produsert raskt. Eg er ikkje i stand til å vurdere klimaet på utsida av Nøkkelholet. Her inne lever vi trygt i eit datastyrt og regulert ideelt klima.

 

Ja, ja det nærmar seg slutten på opphaldet, eg ser at børsten snart er på veg og skal geleide meg inn i buret og ut på bilen. Det er visst børsten som gir den beste omsorga.

 

Eg må berre ikkje verte freista til å flakse litt med vengene. Då vil det kanskje hende meg og 600.000 andre som kvart år kjem fram med brotne vengar. Det betyr vel ikkje noko, det er berre ein prosent.

 

Visste du forresten at kvar og ein av dykk er pålagt gjennom § 5 i Lov om dyrevelferd å varsle dersom der er mistanke om at ting ikkje er som dei skal vere.

 

Nokre meiner også at for stor fokus på oss kan medføre at vi vert utkonkurrert av import, der kyllingane ikkje ”har det så godt” som her i Noreg. Det er ei fattig trøyst for meg her eg ligg. Det smerter for mykje å stå.

 

Eg vonar at nokon kan lage eit lysprogram som kan belyse dei mørke krokane i næringa.

 

Takk for meg, ein av mange Ross 308.

 

P.S. Eg høyrer forresten at nokre halvsøsken av meg har det langt betre under krava til økologisk produksjon. Berre spør dykk føre.

 

Sluttord frå penneførar.

Eg har til dette innlegget nytta meg av opne kjelder, Stortingsmelding nr. 12 (2002-2003), Ot.prp. nr. 15 (2008-2009), Lov om dyrevelferd, fleire spørsmål i Stortinget, Nettmøte med Statsråd Brekk 7. januar, fleire Handlingsplanar for å styrke velferden, informasjon frå Landbrukssamvirke, Økonomirapport frå NILF, informasjon hos Animalia, Nortura, KLF, Mattilsynet, Dyrevernalliansen, Grøn Hverdag, Fiskå Mølle og mange fleire. Eg har sendt spørsmål til Mattilsynet. Eg stilt spørsmål til Statsråden i nettmøte utan å få svar, stilt spørsmål til Landbrukssamvirke m.m.

Eg har valt ikkje å nytte bilete og Nøkkelmerket for dermed å risikere å kome i konflikt med opphavsrett og reglar knytt til merkebruk. Desse reglane ser ut til å ha betre rettsverknad enn Lov om dyrevelferd.

 

Geir Ole Sætremyr

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Ja vi elsker alle i dette landet
av
Jarle Mong
11 dager siden / 2976 visninger
Er far og hans slekt uten betydning?
av
Øivind Benestad
8 dager siden / 1633 visninger
Mel gir stabilitet
av
Ingrid Vik
rundt 1 måned siden / 1466 visninger
Hjemlengsel
av
Joanna Bjerga
9 dager siden / 1344 visninger
Hvem skal bli født?
av
Paul Leer-Salvesen
14 dager siden / 1077 visninger
Visjon Norge og kritikk
av
Pål Georg Nyhagen
19 dager siden / 652 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere