Verdidebatt

Perfect home

Velkommen til mitt “Perfekte hjem AS”. Her er alt på stell, Chabby Chick, landstil, kvit stil, eller var det forresten ut igjen? Vi likar å framstå som perfekte. Vi likar å ha alt på stell. Alt skal stå i stil,og tekoppande skal stå i stil med sofaen

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Interiør er i høgsetet som aldri før. Vi blogger om det,les om det, steber etter det. Og vi er verdsmesterar i oppussing. Vi vil ha fine hus og flotte stover. Og her kastar eg stein i glashus, for eg likar sjølv å ha det fint rundt meg, og er kanskje meir enn middels oppteken av estetikk.

Men må verkeleg stovene våre sjå ut som glansbileter frå interiørmagasin? Gløymer vi det som verkeleg skaper ein god heim, som kjærleik, varme, raushet, gjestfrihet og trygghet? Når unge kvinner blir slitne av å holde tritt alle trendane, og holde huset perfekt (ifølge eit Puls på NRK for ei tid tilbake), har det tatt ein tanke av.

“Our family is raised on love”, stod det på eit skilt eg har tenkt å kjøpe meg. Det er ikkje interiøret som gjev karakter til heimane våre, men kjærleiken som er der. Eg trur vi går oss vill i interiørhysteriet til tider. Kva med å slappe av? Den gamle furubokhylla funker fortsatt! Verda står litt lenger enn til påske!

Kva vil du folk skal sitte att med etter ein kveld i din heim? At du hadde det så fint, og dei nye lysestakane dine som så utrulig flott stod til kaffiserviset? Eller var det at dei kunne slappe av og kjenne at her var det godt å vere? Det perfekte slår sprekker ein dag, om vi ikkje bygger det vesentlige, kjærligheten. Ein familie basert på kjærlighet slår sjeldan djupe sprekkar. Det vil eg heller ha enn ein perfekt heim AS.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt