Verdidebatt

Pelslause pattedyr

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den siste tida har gått hardt ut over pelsdyrnæringa. Mange demonstrerer i avsky mot det som skjer på pelsdyr-farmane. Forfattaren Unni Lindell seier ho er flau over å vera norsk. Og kanskje med god grunn – det er i alle fall ikkje til å koma i frå at bileta gjer inntrykk.

Kvar gong slike saker som dette kjem på dagsorden, får eg likevel assosiasjonar i ei litt anna retning. Mitt problem med å forstå denne pelsdyrsaka, er at mange av dei same menneska som høglydt protesterer mot oppdrett og drap av pelsdyr, stillteiande godtek drap av menneskeborn. I beste fall. I verste fall er det faktisk mange av dei som samstundes og høglydt forsvarar fri, sjølvbestemt rett til, å utan å oppgje grunn, ta livet av eit foster. Og det trass i at dei, til forskjell frå meg, har det darwinistiske synet at mennesket er eit pattedyr på lik linje med til dømes ein mink.

Ein annan ting som forundrar meg, er at desse menneska evnar å bruka bilete og film av skadde og lidande dyr til å skapa avsky mot pelsdyrnæringa. Når andre har brukt liknande bilete av blodige og sundrivne menneskefoster, vekkjer det også avsky. Men då er det avsky mot dei som er så syndige å visa fram sanninga, ikkje mot den avskyelege handlinga som vert gjort mot det vesle barnet.

Kor er logikken i dette? Skulle ikkje pattedyret menneske vera like mykje verd å kjempa for som pattedyret mink? Er det slik at pelsdyra er viktigare enn borna? Eller kan det vera at logikken ikkje er overførbar fordi det ikkje passar eigen agenda? Eg er redd det er nettopp slik. Og det finst eit godt norsk ord for dette: Hykleri!

For all del, eg er fullt klar over at livet kan vera vanskeleg. Og av og til må ein ta vanskelege avgjerder. Kanskje må ein velja mellom livet til mor og livet til barnet. Kanskje må ein velja å avslutta eit liv som vil verta ei einaste stor liding for det barnet som snart skal verta fødd. Slike val  skal ein ha stor respekt for.

Problemet er at slike tilfelle er i klart mindretal. Statistisk sentralbyrå (SSB) kan fortelja at det berre er nokre få prosent av alle framprovoserte abortar i Norge som vert gjort på eit slikt grunnlag. For langt dei fleste ufødde barn som må bøta med livet ligg årsaka til det hjå ein eller fleire av dei vaksne i barnet sitt liv. Det går ofte ikkje i hop med mor si utdanning. Kanskje er ikkje far klar til å ta ansvar. Eller kanskje var barnet berre eit overraskande resultat av ein fest med litt for mykje god drikke og litt for lite planlegging. Så vart det enklare å rydda opp etterpå enn å ta forholdsreglar.  Det er paradoksalt at aldersgruppa 20 – 24 år, som biologisk sett er best egna til å få friske, velskapte born, er dei som bidreg mest i denne grufulle statistikken.

Mange prøver også å definera seg vekk frå problemet. Når fosteret er under ein viss alder vert det definert som ein celleklump og dermed utan verdi som sjølvstendig individ. Eller ein ser på kor tid hjarta byrjar slå, eller andre vitale funksjonar startar. Likevel er det ikkje til å koma frå at heile utviklinga til fosteret skjer i glidande overgangar, og det vert såleis heilt umogeleg å sei den eine dagen at i dag er det eit barn, medan i går var det ein celleklump. Ein kvar som evnar å tenkja logisk vil sjå at den einaste overgangen som er eit tydeleg skilje mellom celleklump og liv, er overgangen  når sædcella smeltar saman med eggcella. Med andre ord er grensene som i dag er sett, anten dei er på 9, 12, 18 eller 23 veker, kunstige grenser som i all hovudsak berre evnar å underbyggja vaksne sin trong til kortsiktig vinning eller nyting.

Den seinare tid har jo også det kortsiktige perspektivet i dette kome fram i lyset. Dei som på 70-talet trass hylande motbør hevda at slike avgjerder ville få langsiktige konsekvensar for kvinnene sin psyke, får no støtte frå fleire forskingsmiljø. Og dei sjelelege etterdønningane viser seg til og med å koma hjå dei som ikkje har noko religiøs referanse eller påverknad. Det var vel strengt tatt ikkje så vanskeleg å spå dette, men det passa like dårleg inn i agendaen den gongen som det er vanskeleg å vedgå det no. Like eins viser det seg, som det også vart hevda den gongen, at dei høge abort-tala ville skapa ein ubalanse i samfunnsøkonomien. Kanskje noko å tenkja på for dei som elles vil måla alt i kroner og øre...

Det at me no er komne så langt at ein mink i praksis er meir verd å kjempa for enn eit menneske, gjer meg opprørt og sint. Og eg veit at eg har mange med meg. Ei undersøking frå 2005 viser at berre 77% av dei spurde var tilhengjarar av prinsippet om sjølvbestemt abort. Og eg er viss på at mange av desse ville snu ganske fort om me ville tillata dei å forstå den praktiske rekkjevidda av meiningane sine. Noko av problemet der er at så snart nokon skulle tillata seg å løfta røysta si mot det politisk korrekte, vert dei anten ignorert og tagde ihel, eller stempla som mørkemenn og merka for livet.

Eg skulle veldig gjerne sjå ein profilert dyrevernar gå motstraums og ikkje berre forsvara forsvarslause pelsdyr, men også forsvara menneska dei kanskje skulle kunna kalla uskuldige, pelslause pattedyr.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt