Den mystiske ålen

Verdas mest gåtefulle fisk døyr ut. ­Patrik Svensson skriv om kva ålen kan fortelje oss.

Reportasje

Tal viser at ålebestanden er redusert mellom 95 og 99 prosent sidan 1970-talet. Det er veldig, veldig alvorleg.

Patrik Svensson er i Oslo for å snakke om Åleevangeliet, som er årets boksensasjon.

Kva handlar den om? Ål. Verdas mest gåtefulle fisk. Og det vesle vi veit om den, er truleg for lite. For no er ålen i ferd med å døy ut. Kva er det som har skjedd?

Sargassohavet

For å måle bestanden på ein art, må ein måle talet på kjønnsmodne individ der arten forplantar seg. Og det betyr at ein må rekne ut talet på ålar i Sargassohavet, ein del av Atlanterhavet, den einaste staden ålen forplantar seg. Og det er her det begynner å bli komplisert.

Svensson slår ut med armane.

– Det er aldri blitt sett ein ­einaste ål i Sargassohavet, så det lar seg ikkje gjere. Det ein gjer i staden for, er å sjå på kor mange ålar som kjem til Europa. Og det er det ein kraftig reduksjon sidan 1970-talet.

Ålens fiende

Det er mennesket som er problemet, seier Svensson.

– Klimaendringane er eit stort problem, for dei verker på havstraumane. Miljøgifter er eit stort problem ettersom ålen lev lenge og står høgt oppe i nærings­kjeda. Vasskraftverka er eit anna enormt problem. Ikkje minst i Sverige, der vi har bygd ut mykje vasskraft. ­Turbinane tek livet av mykje ål når ålane prøver å vandre ut i havet.

Det gåtefulle

– Men du skriv i boka at det også er eit problem at vi veit så lite om ålen. Kvifor veit vi så lite?

– No veit vi ganske mykje om ålen, men vi veit framleis for lite. Vi veit for eksempel ikkje korleis den navigerer når den svømmer til Sargassohavet. Korleis finn den vegen dit? Er det gjennom elektromagnetisk stråling? Er det gjennom luktesansen?

Svensson seier at når vi ikkje veit det, så veit vi heller ikkje kva som er problemet.

– Og da seier forskarar at for å redde ålen, så må vi forstå den betre. Vi må forske meir. Det er litt av eit dilemma, for den ­gåtefulle mystikken omkring ålen har alltid lokka menneska. Det vi ikkje veit om ålen, gjer den spennande. Den einaste måten å redde ålen, er å forstå den betre. Da må vi gi opp det gåtefulle.

Ormeliknande og ubehageleg

Men kva tenkjer vi på, når vi tenkjer på ål? Kva er ålen for oss menneske? Svensson peiker på at ålen for mange har vore ein viktig matfisk.

– Men den har også vore ubehageleg, ekkel. Den er orme­liknande og slynger seg bortover. Den er slimete, og den held til nede i mørket på botnen. Ålen er blitt eit symbol på det underbevisste. Det som vi veit finst, men som vi kanskje ikkje vil skal opp til overflata.

Svensson fortel korleis han alle­reie som barn vart fascinert av ålen. I Åleevangeliet skildrar han korleis han og faren fiska ål ved ei lita elv. Det var seine kveldar, tre som hang ut over vatnet og kasta skuggar, flaggermus i måneskinet.

– Om eg har hatt ein slags ­metode med denne boka, har det vore å skrive om vitskapen om ålen. Men i staden for å skrive om kva vi veit om ålen, har eg lyst til å spørje: Korleis veit vi det?

Aristoteles og Freud

Og det er her alle dei fargesterke ­karakterane i Åleevangeliet dukkar opp. Både Sigmund Freud og Aristoteles undersøkte ålen. Den danske marinebiologen Johannes Schmidt brukte nesten 20 år på å reise rundt på havet for å finne fødestaden til ålen.

– I tillegg til at dette var natur­vitskap, var det gode historier. Naturvitskapen og humaniora burde komme seg litt nærare kvarandre. Begge kan lære av, og ha nytte av, kvarandre.

Svensson trur det er viktig at vi vågar å kjenne på undring for naturen.

– Det er ein måte å verne om naturen på, og auke vår kunnskap om den. At ålen no døyr ut, er berre eitt eksempel av mange tusen. Ålen er eit symbol på klimakrisa og tapet av artar vi opplever no.

Fire metamorfosar

Kanskje har du sjølv sett ein ål. På veg over tørt land mot vatn, eller buktande i ei bøtte. Men er den gul, eller er den blank? Korleis ser ein ål eigentleg ut?
Svaret er at ålen endrar seg. Svensson fortel at den har fire stadium.

– Den blir født som ei lita larve som er gjennomskinleg, og har forma som eit blad frå eit piletre. Og så glir desse små ålelarvane med havstraumane frå Sargassohavet og går gjennom sin første metamorfose og blir til glasålar.
Ein glasål er ti centimeter lang, tynn og heilt gjennomsiktig. Den vandrar opp i ferskvatn og går gjennom enda ein metamorfose og blir gulgrøn.

– Og slik blir den gjennom heile sitt liv i ferskvatn. Og det kan vere eit veldig langt liv. Før den ein haust gir seg ut mot havet igjen, mot Sargassohavet.

På innsida

Da går ålen gjennom den siste forvandlinga og blir blankål.

– Og det er den mest fantastiske metamorfosen!

Det er nesten som Svensson buktar seg i stolen når han fortel om ålen som kan svømme i eit år på vegen mot Sargassohavet utan å ete.

– Finnane blir større så den skal kunne svømme raskare. Auga blir større så den skal kunne sjå betre på djupet. Og så dreg den heile den lange vegen til Sargassohavet, der den forplantar seg og døyr.

– Den forvandlar seg på innsida òg?

– Ja, indre organ blir til forplantningsorgan. Og det er på denne tida den oftast blir fanga, når dei er på veg til Sargassohavet. Derfor er det oftast blankål du ser bilde av.

150 år i mørket

Det finnes ål overalt i Noreg. I Bogstadvannet i Oslo finnes det ålar på opptil to kilo, og opp langs heile landet svømmer det framleis gulålar i elver og innsjøar. Men kor gamle kan dei bli?

Svensson fortel at ålane kan leve eit langt liv i det same vatnet, i det same mørket.

– Normalt lever dei i 10–15 år før dei dreg av garde til Sargassohavet.

Men det interessante er at om ålen bli hindra å ta denne reisa, så forvandlar den seg ikkje til blankål. Da held den fram med å vere gulål, og kan bli utruleg gammal. Det finnes ålar som er blitt over åtti år. I Åleevangeliet skriv Svensson om ein berømt episode i Sverige. Der drog svensk TV ut til ein brønn der folk sa det skulle bu ein ål som var over 150 år gammal. Etter å ha tømt brønnen for vatn, fant TV-teamet ålen, gøymt nede i gjørma.

– Når ålen ikkje får reist tilbake til Sargassohavet, er det som om tida blir relativ. Ålen kan vente så lenge som helst.

Tilbake til utspringet

Dette leier over til det siste store spørsmålet. Korleis veit ålen at den skal tilbake til Sargassohavet?

Svensson vrir på seg, og seier at det første spørsmålet er: Kvifor må ålen dit?

– Ålen forplantar seg ingen annan stad enn i Sargassohavet. Og den forplantar seg ikkje i fangeskap.

Det viser seg å vere eit problem for ålen, og er ei medverkande årsak til at den døyr ut. For det er ikkje mogleg å drive oppdrett på den.

– Det finnes teoriar om at det er akkurat i Sargassohavet at saltinnhaldet og temperaturen er optimal. Men dette er ei handling som har gått føre seg i millionar av år. Ålen berre må dit. Det blir for oss eit metaforisk bilde av at ein må tilbake til utspringet.

Ålen er blitt eit symbol på det underbevisste. Det som vi veit finst, men som vi kanskje ikkje vil skal opp til overflata.

—   Patrik Svensson

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje