Beate Folkestad Osdal

Alder: 47
  RSS

Om Beate Folkestad

Eg er sunnmøring, bur i Selje, gift og har 3 flotte barn. Når eg ikkje jobbar driv eg speidar, går på fjellet eller ligg på sofaen og slapper av og syns livet stort sett er "ålright"

Følgere

Eg har tatt snarvegen...

Publisert 7 måneder siden - 419 visninger

Eg er ein av dei som er i ferd med å bli B-prest. Eg kom igjennom på «profetvegen» no i mars, på paragraf 6. Eg er vigsla kateket etter gamal ordning frå Volda, adjunkt med opprykk, med litt tilleggsfag, men ikkje master. Eg har vore tilsett som kateket i 17 år.Tanken om å bli prest kom snikande, månad etter månad, år etter år. Etterkvart gav eg etter og prøvde å finne fram i studiejungelen. Eg tok kontakt med MF, TF, MHS, NLA Oslo og Bergen, VID Oslo og Bergen, KUN, HIV og alle andre plassar eg kunne tenke meg at dei kunne ha fag som eg kunne ta. Det var ikkje lett. Eg bur i Selje. Eg har barn. Eg kan ikkje flytte. Eg måtte ha fag med undervisning i bolkar eller nettbasert. Det vart utallege telefonar og epostar som eg ikkje fekk svar på, og om eg fekk svar, hadde svært få skular fag eg kunne ta, særskilt om eg ønskja å ta teologiske fag.

 

Eit år etter at eg starta leitinga fekk eg Morten Holmquist frå MF på telefonen. Han høyrde på meg og sa, -dette skal vi ordne. Same dag var eg inne i eit system. MF rekna ut kva eg hadde og trengte vidare, og dei ville koordinere studiet og sørgje for at det eg tok vidare vart godkjent inni ein erfaringsbasert master i kyrkjeleg undervisning. Det var heilt avgjerande for meg. Eg hadde nok gitt opp om ikkje dei hadde gjort det. MF anbefalte paragraf 5. Teologi var utelukka utan å flytte. No held eg på med mitt tredje fag på den tredje utdanningsinstitusjonen i den andre byen. Framleis er det ein kamp å finne fag og organisere dei.

Som Margrethe Kvalheim og understreker, så ønskjer dei aller fleste av oss å studere. Vi ønskjer å ta meir utdanning på vegen til å bli prest, men det er svært få fag vi kan ta, sjølv om vi verkeleg prøvar. Men det er ikkje berre studiestadane sin feil, for dei kan ikkje køyre fag det ikkje er studentar til. Eg gler meg derfor over Bernd Krupka (KUN) sitt innlegg (16.4) der han skriv at dei jobbar med å få til meir e-læring i samarbeid med VID for oss vaksne studentar som ønskjer å jobbe som prest, kateket, kantor eller diakon. MF startar og frå hausten opp med erfaringsbasert master i kyrkjeleg undervisning. Det er lyspunkt vi må ta med.

Eg trur både vi nestenprestar, prestar, biskopar og studiestadane er einige om at kompetanse er viktig, men problemet er altså at vi må ha fag å studere. Eg startar på praktikum på KUN i Tromsø til hausten. Eg vert mest truleg ordinert til prest neste sommar. Ordinert til B-prest. Utan positivt svar i kyrkjerådet si evalueringsnemd ville eg mest truleg ikkje vore ferdig før i 2025.

Det manglar fast tilsett prest i tre av dei sju «prestegjelda» i Nordfjord. Å vere kyrkjetenar, kateket, organist, kyrkjeverje eller ein annan jobb i kyrkja utan fast prest er svært krevjande. Det påverkar og gjer jobben vanskeleg for alle dei tilsette når det manglar prest. Eg var sjølv kateket i fire år med fire ulike sokneprestar. Dei var alle svært dyktige, men det var krevjande. Svært krevjande. Krevjande å ikkje få kontinuiteten og ikkje ane kven som skulle vere prest det neste halvåret og korleis ein kunne planlegge. Behovet for prestar er udiskutabelt, særskilt på bygda.  

Det er flott med alle som med ein gong bestemmer seg for at dei vil bli prestar og går den strake vegen og tek teologi, men det blir fleire og fleire som meg, som treng tid. Tid til å la tanken modnast fram. Tid til å våge.

Eg vart fortalt etter intervjuet i evalueringsnemnda i kyrkjerådet at det er elleve som har kome gjennom «profetvegen» dei siste fem åra. To kvart år. Eg er takksam for muligheita eg har fått, og eg kjem til å studere vidare. Eg vil ha meir utdanning, men no treng eg ikkje ta alt som er mogleg uansett om eg syns det er relevant eller ikkje, berre for å få ein master. No kan eg jobbe som prest og kanskje ta eit fag i året. Eit fag som verkeleg er relevant når eg skal jobbe som prest. Eg gler meg til å starte i jobben som prest til hausten. Eg er glad for at det er fleire vegar til å bli prest. For meg vart snarvegen berre 4 år. Eg var svært heldig.

Takk for debatten! Vi treng den, og vi treng å legge til rette på ulike måtar for dei som ønskjer å jobbe i kyrkja, sjølv om vi er over 40 år og bur på bygda. Kyrkja har ikkje råd til å ikkje gjere det, og mykje kan bli lettare om vi som ønskjer å studere kan få det, litt enklare.

 

Gå til innlegget

Er jævla greit greit?

Publisert rundt 1 år siden - 1097 visninger

Dette er første gang eg gir ei sur tilbakemelding på noko som har stått i Vårt Land. Eg er ein stor forkjemper for Vårt Land, og har vore det heilt sidan studietida,- i snart 20 år, og eg kjem nok til å vere det framover og.

Eg likte godt artikkelen med Per Fugelli, og forstår at intervjuobjekter i størst mulig grad skal bli sitert nøyaktig slik dei sa det, men eg må få spørre om det er greit på ei å same side å skrive (jævla) tre ganger. Ønskjer vi ein slik språkbruk?

På fotballtreninga, på speidaren, i trusopplæringa, til barna våre og frå preikestolen seier vi at vi ikkje skal banne. Dersom du bannar på fotballkamp får du framleis gult kort trur eg. Likevel vel Vårt Land å trykke ein flott artikkel om Fugelli med banning tre gongar.

Eg er ikkje i tvil om at han er sitert rett, og han var vel verdt å høyre på og lese om, men forsvarer det banninga? Er det greit å banne eller det ikkje det? Skal alltid intervjuobjekter bli sitert direkte? Ønskjer vi i ei avis som Vårt Land å normalisere banning? Er det mulig å stille spørsmålet utan å bli kalla "mørkedame"?

Gå til innlegget

Den langsomme sorga...

Publisert over 1 år siden - 138 visninger

Da eg kom ut sat ho og åt. Det vil seie halvsov med maten framføre seg. Dei andre var ferdige. Eg smilte til pleiaren som sat ved sidan av ho. Ho smilte tilbake.

-Hei mamma. Eg satte meg på kne framfor ho. Ho såg granskande på meg. -Sola skin ute. Vil du vere med på ein liten tur? Ho lukka igjen augene og vart stram i ansiktet. Eg småprata litt. Ingen reaksjon. -Eg veit kva du tenkjer, sa eg. Ingen reaksjon. -Du tenkjer, -kan ikkje den irriterande dama slutte å mase! Ansiktet hennar mjukna. Ho opna augene og eit smil bredte seg i heile fjeset. Ho lo. -Vil du vere med på ein tur? -Ja. Vi gjekk sakte. Hand i hand. Så stoppa ho og peika på noko i vegkanten. Det var hestehov. Vi hadde gått forbi mange løvetann, men dette var hestehov. Det ho alltid plukka når våren kom. Hestehov er vanskeleg å lage ein fin bukett av. Stilkane er for små. Likevel var det dei ho alltid plukka, før. -Skal eg plukke og ta med? Ho smilte. Eg plukka. Vi vart slitne. Vi satte oss ned på ein benk. Vi pussa nasen. Eg holdt rundt ho. Så la ho hovudet sitt mot meg. Eg møtte jo på halvegen. Slik satt vi hovud mot hovud. -Eg er veldig glad i deg, sa eg. -Eg veit det, svarte ho. Tårene mine rann. Vi sat litt heilt stille. Så gjekk vi inn igjen på sjukeheimen.

Gå til innlegget

Glade jul, heilage jul......

Publisert nesten 5 år siden - 493 visninger

No er vi på tampen av adventstida og jula nærmar seg med stormskritt for ei kvar husmor og alle oss andre. Har du nokon gong tenkt på kvifor vi pyntar med lilla i adventstida?

Blått er himmelfargen. Det er der vi tenkjer at Gud bur. Når vi seier at dei kongelege har blått blod kjem det nok frå det same opphavet. Blå er himmelfargen og Gud sin farge, og ein del likar nok å tenkje at dei kongelege har same opphav. Raudt er jordfargen. Det er rett nok ikkje så lett å sjå her omkring, sidan vi har så mykje mold som er brun og jord som er grå, men dei fleste andre plassar i verda som i Afrika, Asia og Amerika er jordfargen mest raud.

I adventstida altså dei fire siste søndagane før julaftan, ventar vi på at Jesus skal bli født på jorda. Derfor blandar vi i advent himmelfargen (blått) med jordfargen (raudt) og får lilla. Advent betyr komme, og det har eigentleg tre tydingar. Vi minnast Jesus som kom og vart født på julaftan for over 2000 år sidan, vi gler oss over at Jesus som kom er saman med oss her på jorda no, og vi ventar på at Gud ein gong skal kome igjen og hente alle som trur på Han. På julaftan kl. 17.00 ringast jula inn, og vi feirar bursdagen til Jesus. Frå julaftan skal ein berre pynte med jordfargen altså raudt, fordi vi feirar at Jesus er komen ned på jorda.

Heile jula er full av symbolikk og meining. Nesten all julepynt har si religiøse tyding som skal hjelpe oss til å forstå julebodskapen. 

Julestjerna minnar oss om underet som skjedde då ei stor stjerne kom på himmelen etter at Jesus vart født. Stjerna viste vismennene frå Austen vegen, slik at dei kunne kome med gåver til Jesusbarnet. Dei hadde med gull, røykjelse og myrra. Dei tre gåvene gjer at vi tenkjer at det var tre menn, men vi veit eigentleg ikkje kor mange dei var, eller kva dei heitte. For at historia skal bli lettare å forstå har legendene gjeve dei namna Kasper, Melchior og Baltasar. Uansett er det nok stjerna dei fleste av oss pyntar med i vindauget og på toppen av juletreet. Julestjerna som viste veg var sterkare enn alle andre, og den viste vegen til vismennene. Det var berre ei stjerne som viste veg, difor held det å pynte med ei lysande stjerne i vindauget. Vismennene gav oss og ein annen tradisjon som dei fleste av oss set umåteleg stor pris på. Vi minnast gåvene dei gav Jesusbarnet med å gje gåver til kvarandre.

Julekrybba er vel den sterkaste julepynten vi kan ha. Mange brukar julekrybba heilt bevisst når dei fortel om alt som skjedde julekvelden, og tek fram ein stall første søndag i advent berre med ei tom krubbe og nokre dyr. Gjetarane, Josef, Maria og vismennene står eit stykke vekke. Etterkvart som julaftan nærmar seg kjem Josef og Maria inn i stallen, og når vi set oss til bords på julaftan kjem Jesusbarnet opp i krubba medan ein les juleevangeliet. Når pakkane er pakka opp kjem gjetarane fram til stallen og får sjå det vesle Jesusbarnet. Vismennene kom nok ikkje fram til Jesus før Han var omtrent 2-3 år, men 6. januar feirar ein heilage tre kongars fest, og då er det iallfall på tide at dei kjem fram til stallen om dei ikkje har gjort det før.

Kongerøykelse gjev ikkje berre god lukt i huset, men frå byrjinga var røykelse ei godangande lukt som vart brent på alteret i tempelet. Tanken var at den gode lukta frå røykelsen skulle gå opp til Gud når folk bad, og at Gud på ein spesiell måte skulle høyre bønene som var bedt.

Hjarte er kanskje det mest brukte julesymbolet. Hjarte minner oss om at den største kjærleikerklæringa som nokon nokon gong har gitt, var når Gud sende sin eigen Son til jorda for å bli født. Jesus vart født i ein stall og var eit lite sårbart barn, heilt avhengig av at menneska skulle ta vare på det. Jesus var 100% menneske og 100% Gud frå han vart født her nede. Det vil seie at Jesus vart sliten, Han måtte ete, sove og Han var redd. Berre kort tid etter at Jesus vart født prøvde Herodes å drepe han. Julehjarte skal for alltid minne oss om kva Gud gav oss, men og kva vi kan gje kvarandre. Vi skal ha eit varmt hjarte i jula (-og helst heile året) der vi gir andre som treng det ein liten flik av den kjærleiken som Gud viste oss då Gud gav oss Jesus.  

Eg elskar adventsfargen og julepynten. Nissane har og sin plass i vårt hus, sjølv om dei ikkje seier noko om kvifor vi feirar jul, men eg trur at det er først når vi forstår symbolikken i pynten at vi kan ta eit reelt valg på kva vi ønskjer å pynte med og kva for juleforteljingar vi ønskjer å fortelje vidare. Ha ei velsigna adventstid og jul, og nyt gjerne juleforteljinga usensurert i Luk.2,1-20 og Matt. 1,18-2,12.  

Beate Folkestad Osdal, Selje

Gå til innlegget

Kven kan nekte oss å bruke korset?

Publisert rundt 5 år siden - 721 visninger

NRK-journalist Siv Kristin Sællmann blei bede av sin sjef Anders Sårheim, om å ikkje bruke kors under nyheitsopplesinga. Ho seier sjølv av ho opplevde det som om ho vart nekta, og at ho ikkje kjem til å bruke kors meir på jobb når ho les nyheitene.

I NRK sine vedtekter står det: "NRK skal gjenspeile Norges religiøse arv og mangfold av livssyn og religion i det norske samfunnet". Det er vanskeleg å sjå at ein kan bruke vedtektene som argument for at Sællmann ikkje kan bruke korset.

Det var ein sjåar som reagerte på korset, og det var ein sjåar som førte til at Sårheim så tydeleg sa ifrå at Sællmann ikkje burde bruke korset, at ho opplevde det som nekt. På fire dagar har Facebookgruppa : "Ja, til å bære korset når og hvor jeg vil." fått over 110 000 medlemmar. Men på Facebook kan vi og lese teksta "Hvis mitt flagg og riksvåpen fornærmer deg formoder jeg deg å reise hjem igjen", illustrert av det norske flagget. Fleire sterkare varianter fins, som: "Dette er mitt flagg, kors og riksvåpen. Liker du det ikke så reis til h........  hjem til ditt eget land." Det er ikkje tvil om at det er muslimane som får skulda for at NRK nektar programleiaren å bruke korset. Debatten og argumentasjonen rundt skulegudstenestene og song for maten har vore litt på same måte.

Men kven er det som vil nekte oss å bruke korset, la barna vere med på skulegudsteneste og å synge "Å, du som metter liten fugl" i skule og barnehagar. Kven er det som skapar denne debatten?

Det var ein humanetikar som tok kontakt med NRK og sa at han reagerte på korset, og det er Humanetisk Forbund med Jens Brun Pedersen i front, som har stått på i kampen mot skulegudsteneste før jul. Det er ikkje muslimane. Eg kan ikkje hugse ein einaste gong å ha høyrt ein muslim uttale seg offentleg om bruk av kors, skulegudsteneste eller kva song ein skal synge for maten.

Det verkar som om det lett å skulde på muslimane når vi reagerer på at Noreg vert avkristna. Eg er slett ikkje einig i det muslimane står for, men kampen som no vert kjempa er det Humanetisk Forbund som står bak og ikkje dei. Tørr vi å seie det høgt? Tørr vi å seie at vi ikkje ønskjer eit livssynsnøytralt land, men eit kristent land der barna får lov til å bli kjent med den kristne kulturen og tradisjonen i barnehagen og i skulen, og der vi kan gå med eit kors når og kvar vi vil. Då må vi finne ut kven vi er ueinige med, og så må vi henvende oss til dei.

 

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Åge Kvangarsnes kommenterte på
Rettsvern for annerledesbarn
4 minutter siden / 100 visninger
Kjellrun Marie Sonefeldt kommenterte på
Rettsvern for annerledesbarn
35 minutter siden / 100 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Vi må gjøre det som virker!
40 minutter siden / 997 visninger
Vidar Gander Skrindo kommenterte på
Alt det vi kan få til
rundt 1 time siden / 1256 visninger
Erlend Sundar kommenterte på
NRK med kraftig underdrivelse og slagside om rakettangep fra Gaza
rundt 1 time siden / 552 visninger
Kjellrun Marie Sonefeldt kommenterte på
Rettsvern for annerledesbarn
rundt 2 timer siden / 100 visninger
Per Steinar Runde kommenterte på
Farlig retorikk
rundt 10 timer siden / 1221 visninger
Roger Christensen kommenterte på
Kamp mot Oslo kommunes usosiale boligpolitikk
rundt 11 timer siden / 294 visninger
Erlend Sundar kommenterte på
NRK med kraftig underdrivelse og slagside om rakettangep fra Gaza
rundt 11 timer siden / 552 visninger
Les flere