Hans Olav Brendberg

Alder: 3
  RSS

Om Hans Olav

Følgere

Den store kyrkja - og Luther

Publisert over 1 år siden - 304 visninger

Neste år er det jubileum for Luthers reformasjon. Den norske markeringa skal vera "samtidig" og "økumenisk". Tynn velling, med andre ord.

«Sola scriptura» var Luthers våpen mot ein tradisjon han – ikkje utan grunn – hadde stor mistru til. Etter at kyrkjemøtets vedtak om liturgi har ein ikkje lenger noko «sola scriptura» å byggja på. Som ein kommentator i Dag og Tid skreiv nyleg – etter dette vedtaket må dei som står på eit slikt standpunkt anten røma til den katolske kyrkja eller til frikyrkjene.

Etter at den norske kyrkja slik har lagt seg flat for vestleg liberalisme skjer det samstundes noko viktig: Leiarane for dei to største kyrkjene i verda har møttest i Havanna – og møtet har gjeve svært tydelege signal som peikar i ei heilt anna retning.

For dei som er interessert i dei lange linene er dette viktige nyhende. At paven no seier at det var ein historisk feil å oppretta dei unierte kyrkjene er eit viktig og stort steg. Og det er tydeleg eit steg i retning av å byggja bru over det store skismaet i kristendomen.

Men det er heller ikkje utan symbolsk tyding at dette møtet skjedde i Havanna. For russarar flest er Havanna ei bakdør til deira eiga, kommunistiske historie. For ein latinamerikansk pave er Havanna ein naturleg stad for å fornya og understreka bodskapen i den katolske kyrkjas antikapitalistiske tradisjon

Eg legg ved Israel Shamirs kommentar om dette toppmøtet. Om det finst folk som er heilt heimlause i den kyrkjepolitiske verda – som er positive til tilnærminga mellom katolsk og ortodoks, utan heilt å villa gje slepp på arven etter Luther: Ta kontakt! Kanskje vi kunne laga ei diskusjonsgruppe eller liknande?

http://www.unz.com/ishamir/three-churches-summit/

Gå til innlegget

Eit kulturdrap i emning. Kristeleg Folkepartis nye samepolitikk?

Publisert nesten 2 år siden - 2406 visninger

Kristeleg Folkeparti har hamna i den merkelege rolla som garantist for eit forsøk på å sparka beina under det mest utsette av dei offisielle norske språka. Den rolla bør partiet snarast mogleg koma seg ut av.

Moderne samisk historie byrjar med det samiske landsmøtet i Trondheim i 1917. Møtet vart opna 6. februar – som i nyare tid har vorte samisk nasjonaldag. Initiativtakar til dette landsmøtet var Elsa Laula Renberg – jordmor og politisk aktivist frå det sørsamiske området som eg er fjernt i slekt med. Sjølv om sørsamane er ei svært lita gruppe samanlikna med den lang meir talsterke samiske folkesetnaden lenger nord var det ikkje så merkeleg at initiativet til organisering kom frå sør. Sørsamane vart tidlegare utsett for presset frå det moderne samfunnet, og kunne læra av andre sine røynsler frå den organiseringsbølgja som gjekk gjennom det norske samfunnet mot slutten av attenhundretalet.

 

Etter krigen var skipinga av Norske Reindriftssamers Landsforbund den viktigaste nyskapinga i samisk organisasjonsliv. På veg heim frå stiftingsmøtet i Tromsø køyrde bussen med 22 utsendingar frå det sørsamiske området ut i elva ved Dunderland, og 16 vart drepne. Leiarsjiktet i miljøa vart fjerna med eitt slag.

 

På dette tidspunktet var sørsamisk eit reint privatspråk, til bruk innetter i familie og slekt. Då Sameskolen for Midt-Norge i Hattfjelldal vart oppretta eit par år etterpå fanst det ikkje noko slikt som undervisning i samisk språk. Skulen var ein internatskule for nomadar – som tilsvarande institusjonar i Finnmark. Sørsamisk overlevde som språk trass i, og ikkje på grunn av norske styresmakters kultur- og utdanningspolitikk.

 

Men eit skifte var i emning. Professor Knut Bergsland valde sørsamisk som eitt av sine spesialstudie, og samla inn eit omfattande språkmateriale som etter kvart har vorte til ordbøker og annan dokumentasjon. Og dottera til ein av dei som omkom ved Dunderland byrja saman med Bergsland å laga ei skriftnorm for dette litteraturlause privatspråket. Ho hadde teke lærarskulen på Nesna, og var no lærar ved sameskulen i Snåsa. Ella Holm Bull sat ved kjøkenbordet og produserte det første skriftlege undervisningsmateriellet på sørsamisk, som vart masseprodusert på ein gamaldags spritstensilmaskin. Ti år etter, tidleg på åttitalet, hadde dette arbeidet kome så langt at dei første lærebøkene på sørsamisk vart utgjeve, og dei statlege institusjonane – sameskulane i Snåsa og Hattfjelldal – vart «erobra frå innsida». Frå å vera reiskap for den statlege fornorskingspolitikken vart desse skulane kulturberande institusjonar for sørsamisk språk og identitet.

 

Samstundes skjedde ei dramatisk forandring av det sørsamiske samfunnet. Som i liknande samfunn hadde isolasjonen i den tradisjonelle reindrifta sikra at språk og kultur levde vidare. Vegen ut av reindrifta var samstundes vegen ut av samiske tradisjonar. Min samiske forfader – min oldefar – vart sett bort av di foreldra ikkje greidde å fø ungeflokken på ein knøttliten husmannsplass (oldefar min var ikkje eingong sikker på kor mange søsken han hadde – det var 11 eller 12). I hans generasjon var skiljet mellom gårdmann og nomade eit etnisk skilje – mellom “bumann” og “lapp”. Men no vart reindriftsnæringa lagt om, og ein ny generasjon tok med sin samiske identitet til det nye tilværet som følgde med industrialisering og utdanning. Det var plutseleg fleire slags folk i verda enn «bumann og lapp».

 

Moderne sørsamisk historie handlar difor om to store trendar som utviklar seg parallelt på grunn av denne overgangen – og som er avgjerande for sørsamisk språk si overlevingsevne. I utgangspunktet hadde språket overlevd på rein trass – i isolasjonen som den gamle, nomadiske reindrifta gav og i trass mot eit norsk majoritetssamfunn som handsama “finn” og “lapp” med alt anna enn alminneleg respekt. No vart denne isolasjonen brote, og sørsamar nytta dei høva industri- og utdanningssamfunnet gav. Dette førde til at sørsamisk mista dei faste bruksarenaene. Men samstundes skjedde det ei kulturell vekkjing innetter i miljøet, der Holm Bull og andre pionerar rydda grunnen for ein sørsamisk skriftkultur. Dette arbeidet har utvikla seg jamt – vi ser stor skilnad på tilfanget av litteratur og læremateriell berre på dei ti åra som har gått sidan eldsteguten vår byrja med sørsamisk som andrespråk. Denne omstillinga er heilt naudsynt om sørsamisk språk skal overleva. Naturlegvis har det vore konfliktar og blindspor undervegs. Men mitt intrykk er at dei sørsamiske miljøa har utvikla fornuftige tilpassingsstrategiar, og at det finst sterke haldningar og verdiar som gjev sørsamisk språk ein god sjanse til å overleva.

 

Det er likevel eit “men” her. For naturlegvis er nyrekrutteringa i botnen ein flaskehals – særleg når språket ikkje lenger lever i isolasjon, og når veksten i stor grad skjer i gruppa som har sørsamisk som andrespråk. Det er her Sameskolen for Midt-Norge har spela ei pionerrolle. Og denne rolla er kritisk – av to grunnar. Som alle som har stotra på engelsk veit, handlar språk om sjølvtillit. Skal språkopplæringa ha noko for seg, må ho ta sikte på å gje elevane mot og sjølvtillit for å bruka språket. Sørsamisk har i tillegg den ulempen at språket er spreidd utover i små grupper i eit område som rekk frå Femunden til Saltfjellet. Skal språket leva, trengs møtepunkt der ungar og ungdom kan møtast, og der ein byggjer opp under identitet og språk. Her har Sameskolen for Midt-Norge spela ei unik rolle.

 

Den pionerrolla byrja med eit nedleggjingsforslag. På nittitalet gjekk talet på elevar som budde på internatet heile skuleåret på jamn tur nedover. Og som følgje av dette kom det framlegg om å leggja ned skulen. I staden skjedde det noko heilt anna. Statsråd Jon Lilletun tok personleg grep, og i staden for nedleggjing byrja skulen den naudsynte omstillinga frå å vera internatskule for ungar tilknytt reindrifta til å bli eit språk- og kultursenter som gjennom fjernundervisning og integreringsveker fungerte som nav i undervisinga i sørsamisk språk og kultur, med elevar frå Rana i nord til Frøya i sør. Frå ministeren fekk skulen eit nytt oppdrag: I staden for å bu heile året på internat, skulle dei sørsamiske borna gå på heimeskulane sine – og få språktilbodet frå det kompetansemiljøet som var bygt opp i Hattfjelldal.

 

Denne skulen møtte vi då den første av ungane våre byrja med samisk som andrespråk for ti år sidan, og denne skulen har utvikla eit kompetansemiljø som vi har grunnleggjande tillit til. Dei som trur denne jobben kan gjerast “billig”, og setjast ut på anbod, veit svært lite om kva undervising og formidling innanfor eit truga språk handlar om.

 

Diverre ser det ikkje ut at det å vita svært lite er noka hindring i denne saka…

 

For to år sidan publiserte tre journalistar ein artikkel i Bergens Tidende: “Dette er en skole uten elever”. Artikkelen er del av ein serie med reportasjar om pengesløsing i Noreg, og ikkje plagsamt tyngd av kunnskap om det journalistane skriv om. Bileta fortel at det er lite ungar på skulen etter at sommarferien har byrja – slik det jo ofte er i norske skular. Journalistane refererer til at det er fleire år sidan dei siste faste elevane gjekk ut av sameskulen – utan å nemna med eit ord at dette faktisk har vore oppdraget for den omstillinga som har gått føre seg ved Sameskolen i Hattfjelldal. I ein oppfølgjingsartikkel samanliknar dei tre journalistane prisane pr. elev for tilbodet i Hattfjelldal – samanlikna med “Globalskolen”, som tilbyd støtte i “norske” fag til norske elevar rundt om i verda. No har eg sjølv røynsle med kjøp av tenester frå Globalskulen – og å samanlikna prisar er i dette tilfellet heilt meiningslaust. Det er som å samanlikna kostnaden med å spela Åge Alexandersen-CD på fest – og å få Alexandersen og sambandet til å spela live.

 

Med ein villeeinande reportasje som ikkje avslørte nemneleg kunnskap om språk og språkundervisning, og nokre meiningslause samanlikningar, var dei tre journalistane ferdige med saka. Men myten om “skulen utan elevar” byrja leva sitt eige liv. Ikkje minst i Framstegspartiet. Framstegspartiet har programfesta å avskaffa Sametinget og det meste av samiske rettar – og partiets nordlandsrepresentant Kenneth Svendsen lova at han skulle få lagt ned “skulen utan elevar”. Og nokon kvalitetssjekk på mytespreiinga frå Bergens Tidende var det ikkje snakk om – her “visste” Svendsen og andre at det dreidde seg om sløsing med pengar, og at tilbodet i Hattfjelldal kunne erstattast med eit brevkurs á la “Globalskolen”.

 

Eg la merke til Bergens Tidendes desinformasjon den gongen, men la ikkje vekt på dette. Skulle ein retta på alt tøv som blir skrive i norske aviser ville ein fort ha nok å gjera. Men her var det overraskingar i vente.

 

I samband med årets framlegg til statsbudsjett kom regjeringa med eit framlegg om å leggja ned Sameskolen for Midt-Norge. Det finst ingen konsekvensutgreiingar. Regjeringa seier ingenting – ingenting – om korleis tilbodet til oss som har ungar med sørsamisk som språk i grunnskulen skal bli vidare. Det einaste regjeringa kjem opp med er rituell gjentaking av myten om “Skole utan elever”. Men det som forbausar meg mest er at Høgre og Framstegspartiet har fått med seg Kristeleg Folkeparti og Venstre på laget i denne saka. Med eit pennestrok let KrF eit parti som står for ein samepolitikk som er motsett av KrF sin utsletta femten års byggjande arbeid på den grunnmuren som Jon Lilletun la i si statsrådstid.

 

Alle veit kva Framstegspartiet meiner om Sametinget, samisk språk og samiske rettar. Dei som tillet seg å vera i “god tru” i denne saka er for naive til at dei bør ha noko med politikk å gjera. Sameskolen for Midt-Norge har no budsjett fram til sommaren. I siste stortingsval røysta eg KrF, av di eg oppfatta partiet som garantist for seriøs saksgang i slike saker – i ein situasjon der det låg an til at dei blåblå skulle overta. Om ikkje KrF og andre no tek ansvar, vil eit fagmiljø som er bygt opp i eit jamt og seigt arbeid på oppdrag frå ein av KrFs mest profilerte politikarar i nyare tid bli spreidd for alle vindar. Og framtida til sørsamisk språk vil bli utsett for unødig risiko – i ei sak der Stortinget let FrP setja dagsorden for samepolitikken. Om KrF no gjer som Pilatus, og toer sine hender, er eg ferdig med partiet for godt.

Gå til innlegget

Tilsvarsrett på VD?

Publisert rundt 2 år siden - 1186 visninger

Etter at Odd Sverre Hove skulda meg for å fara med løgn, la eg ut ein tråd med tittelen "Løgn, Odd Sverre Hove". Der svara eg på skuldingane. Dette utvikla seg til ein debatt der fleire synspunkt slapp til.

Denne tråden har no vorte fjerna - medan den opphavlege kommentaren til Hove framleis ligg inne på forumet.

Er dette slik å forstå at eg skal finna meg i skuldingar om løgn - utan at eg kan svara og dokumentera den saka det er usemje om?

Gå til innlegget

Bjørnetenester

Publisert rundt 2 år siden - 341 visninger

Ein av dei viktige funksjonane til historieforfalsking er å villeia folk til å tena ei tvilsam sak med dei beste motiv. Det er ein sterk samanheng mellom historieforfalsking og bjørnetenester.

Eg er ikkje ein augneblink i tvil om at det viktigaste motivet til kristne sionistar er at dei meiner dei gjer godt att mot jødane for dei gruelege overgrepa som råka europeiske jødar under andre verdskrig. Men det som skjer i Palestina handlar om noko anna, og det finst ei anna historie her vi bør vera medvitne om. Fram til om lag 1800 levde europeiske jødar i ghettoar. I løpet av attenhundretalet slapp jødane ut av ghettoen, og fekk ein plass i dei europeiske samfunna. Den kulturen og religionen som høyrde ghettoen til mista makta over sine søner.

Ghettoen var ikkje noko godt samfunn. Det var eit samfunn samla i hat mot dei utanfor, samla i tru på at ein var overlegne alle andre menneske. Kvar morgon takka jødane i ghettoen Vårherre for at han ikkje hadde skapt dei som dyr, ikkje-jødar eller kvinner.

Sjåvinisme og hat ber frukter. På attenhundretalet vart jødar i Aust-Europa råka av valdelege pogromar, og mange vart drepne. Det få i dag veit er at fleire vart drepne i valdelege oppgjer jødar imellom. Ulike hassidiske sekter låg i konstant «krig». Jødar som var mistenkte for å gje tips til styresmaktene om økonomisk kriminalitet vart drepne etter «din moser»-lova. Jødar som arbeidde for opplysing og religiøs reform vart drepne av den etablerte makta i urolege tider.

Den som les det som vart skrive i perioden, vil sjå at det for mange jødar var ei enorm frigjering å leggja ghettoen og «det ekte jødiske» bak seg.

Det er vanlegvis ikkje spesielt triveleg å bu i ein trykkokar. Noko av det fårlegaste med Israel i dag er at landet er i ferd med å gjenskapa ghettoens innsnevra liv under nye tilhøve. Dei som «forsvarar i tjukt og tynt» forsterkar denne utviklinga.

Denne ferske kommentaren til Assaf Gavron gjev eit godt bilete av kva dette handlar om:

https://www.washingtonpost.com/posteverything/wp/2015/10/23/confessions-of-an-israeli-traitor/?tid=pm_opinions_pop_b

Gå til innlegget

Lesetips

Ateistens bekjennelser
av
Trond Skaftnesmo
13 dager siden / 6419 visninger
295 kommentarer
Er Noahs Gud vår Gud?
av
Sofie Braut
16 dager siden / 6864 visninger
193 kommentarer
Å være snill
av
Åste Dokka
21 dager siden / 2228 visninger
2 kommentarer
Det skamfulle samfunnet
av
Erling Rimehaug
23 dager siden / 3566 visninger
5 kommentarer
Når det er bra at det er glemt
av
Benedicte Aass
rundt 1 måned siden / 481 visninger
0 kommentarer
Se og bli sett
av
Asbjørn Gabrielsen
rundt 1 måned siden / 489 visninger
0 kommentarer
Sjenanse og verdighet
av
Ingrid Nyhus
rundt 1 måned siden / 3544 visninger
1 kommentarer
Jeg kunne vært mirakelpredikant
av
Levi Fragell
rundt 1 måned siden / 8041 visninger
225 kommentarer
Mektig martyr
av
Åshild Mathisen
rundt 1 måned siden / 2685 visninger
5 kommentarer
Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Morten Christiansen kommenterte på
Forfølgelsesvanvidd
3 minutter siden / 584 visninger
Morten Christiansen kommenterte på
Ateisme og humanisme II
8 minutter siden / 1535 visninger
Didrik Søderlind kommenterte på
Tvilsom type
15 minutter siden / 2668 visninger
Torry Unsgaard kommenterte på
Ledsagere som ikke lytter
30 minutter siden / 1393 visninger
Benth Castberg kommenterte på
Ateisme og humanisme II
rundt 6 timer siden / 1535 visninger
Benth Castberg kommenterte på
Ateisme og humanisme II
rundt 6 timer siden / 1535 visninger
On Elpeleg kommenterte på
Ledsagere som ikke lytter
rundt 6 timer siden / 1393 visninger
Anne Jensen kommenterte på
Forfølgelsesvanvidd
rundt 6 timer siden / 584 visninger
Anne Jensen kommenterte på
Forfølgelsesvanvidd
rundt 6 timer siden / 584 visninger
Erlend Torp kommenterte på
Makten og ærbødigheten
rundt 6 timer siden / 685 visninger
Benth Castberg kommenterte på
Ateisme og humanisme II
rundt 6 timer siden / 1535 visninger
Benth Castberg kommenterte på
Ateisme og humanisme II
rundt 6 timer siden / 1535 visninger
Les flere