Hans Olav Tungesvik

Alder:
  RSS

Om Hans Olav

Eg er tidlegare stortingsrepresentant for KrF. Leia Folkeaksjonen mot fri abort på 70-talet. Psykiater, grunnla Frihamnsenteret i Skånevik.

Følgere

Ingen grunn til uro, kjære KrF-veteranar

Publisert rundt 1 år siden - 667 visninger

Vi må alle vakta oss vél for å ropa ulv i utide. Det som no trengst meir enn noko anna, er samling, ikkje splitting.

Det er med undring vi to underskrivarane har lese artikkelen «KrF og veien videre» og stor reportasje med tittelen «Veteran-opprør mot KrF-profilen» i Vårt Land 15. september og innlegget frå veteranane same dag.

Det som har skapt uro hos desse venene våre, er utspel til Dagen frå ei gruppe KrF-medlemer, som meiner partiet bør tona ned heilt sentrale KrF-saker som abortlova, ekteskapet mellom éin mann og éi kvinne, bruk av Bibelen i partiprogrammet og flytting av den norske ambassaden til Jerusalem. Endeleg har dei hefta seg ved ei utsegn frå leiaren i programkomitéen, som dei fryktar varslar ei svekking av partiets kristne profil.

Spissa. Så kan ein spørja: Er det grunnlag for å ta såpass i veg som veteranane her gjer? Er det grunn til å tru at dei refererte utsegnene vil bli å finna i det vedtekne programmet etter landsmøtet 2017?

Vårt svar er her eit nei, det trur vi ikkje. Ein av oss har i eigenskap av leiar i KrFs Senior­utval vore til stades på dei tre siste landsmøta i KrF. Det har vore uti­frå fine opplevingar, der partiet sin ideologiske profil har blitt klårgjort og «spissa» på ein flott måte gong etter gong. Vi kjenner oss trygge på at det vil skje også på Landsmøtet 2017. Utspela frå KrF-ungdomen vil nok ikkje få tilslutnad. Det er kanskje uttrykk for eit ungdommeleg overmot?

Ulv i utide. Det skulle berre mangla at vi skulle gi opp verdiar som var sjølve grunnlaget for at dei fleste av oss valde KrF som vårt parti! Framfor alt gjeld dette vern om livet i alle former frå unnfanging til naturleg død.

Vi må alle vakta oss vél for å ropa ulv i utide. Det som no trengst meir enn noko anna, er samling, ikkje splitting.

Til slutt skal det vera sagt at vi deler og meiner det er fullt grunnlag for veteranane sitt håp om at «vi fortsatt med et varmt hjerte kan stå opp for KrF i vårt kjære fedreland».

Sverre Gaarden

Tidlegare statssekretær

Hans Olav Tungesvik

Tidlegare stortingsrepresentantet

Gå til innlegget

Hareide instruerer ikkje Siv Jensen

Publisert rundt 1 år siden - 464 visninger

Ser ikkje Kjølaas Kjos skilnad på å utfordre og å instruere?

Kari Kjønaas Kjos, leiar i Helse- og omsorgskomitéen på Stortinget, har eit forunderleg innlegg om aktiv dødshjelp i Vårt Land 30. august. Ho hevdar i dette innlegget – med tilvising til eit innlegg av Knut Arild Hareide 26. august – at Hareide «instruerer Siv Jensen på hva hun skal gjøre».

Dette er ein påstand som treffer­ langt over mål. Ser ikkje Kjølaas Kjos skilnad på å utfordre og å instruere?

Det Knut Arild Hareide gjorde i sitt innlegg, var å «utfordre Frp-lederen til å ta steget fullt ut ved å foreslå at standpunktet om ­aktiv dødshjelp tas ut av prinsipp-­programmet».

Denne utfordringa hadde mellom anna sin bakgrunn i at Siv Jensen sjølv i 2011 uttalte at landsmøtevedtaket frå 2009 om aktiv dødshjelp var eit «arbeidsuhell». Det er lov å tenkja nytt når ein opplever å ha trødd feil.

Gå til innlegget

Alle har ansvar for det ufødde livet

Publisert over 1 år siden - 1175 visninger

Den utviklinga som skjer, er i praksis uttrykk for ei utvetydig og kraftig devaluering av funksjonshemma sitt menneskeverd.

I ein tankevekkjande artikkel i Vårt Land 14. juli skriv Leiv M. Mortensen om den multifunksjonshemma dotter si, som «stråler av en livsglede som forplanter seg til et stort smil.» Ho er ein gledespreiar.

Samtidig peikar han på at ho er blant dei mest sårbare i samfunnet. Han tenkjer vidare på dei som enno ikkje er fødde, og som er dei aller svakaste. Han viser til den stadig meir effektive fosterdiagnostikken, som gjer det mogeleg å påvisa stadig fleire funksjonshemmingar før fødselen, og som gjer det mogeleg å utrydda stadig nye grupper av funksjonshemma. Mot denne bakgrunnen slår han fast: «I det framtidige Norge tyder alt på at min datter er et uønsket individ.» Det er dessverre fare for at han har rett.

Kva gjer me i denne situasjonen, som samfunn og som einskildindivid?

Den utviklinga som skjer, er i praksis uttrykk for ei utvetydig og kraftig devaluering av funksjonshemma sitt menneskeverd. Og det er ein direkte konsekvens av stortingsvedtaket om sjølvbestemt abort i 1978 og påfylgjande teknologisk utvikling som har gjort det mogeleg å påvisa stadig fleire medfødde lyte.

Mortensen appellerer til kyrkje og biskopane. Han har erfart at «kirken og biskopene som de øverste åndelige lederne er tause om dette».

Langt på veg har han vel rett i dette. Temaet er lite framme i offentleg debatt og kyrkjelege fråsegner, bortsett frå den vakre formuleringa i kyrkjebøna.

Men er dette først og fremst kyrkja og biskopane sitt ansvar? Etter mitt syn har alle me som ser alvoret i menneskeverdsituasjonen eit ansvar for å halda debatten og samtalen levande om dette, i bokstaveleg forstand livsviktige tema.

Mortensen sin artikkel gav meg assosiasjonar til Folkeaksjonen mot sjølvbestemt abort i 1974-75. Sjølv hadde eg den fantastiske opplevinga å vera leiar for aksjonen, der me var vitne til ei mobilisering til vern om det ufødde livet som sakna sidestykke i vår historie, og som oversteig alle forventningar hos oss som stod i leiinga. Frå landsende til landsende nærast fossa det inn underskrivsbunkar til vern om livet og nei til fri abort. På seks veker vart det samla 610.000 underskrifter. Me måtte skaffa ei tralle for å få trilla underskriftene opp Løvebakken for overlevering til stortingspresidenten.

Spørsmålet reiser seg: Er det mogeleg å reisa ein ny folkeaksjon til vern om det ufødde livet, når me no ser den heilt nye situasjonen, som i særleg grad rammar ufødde med funksjonshemningar? Behovet er openbert til stades.

Kva med dei mange borgarar i alle aldrar som ivrar svært for likestilling og mot diskriminering? Ser folk flest den openberre diskriminering som her skjer overfor vergelause, ufødde menneske? Er det mogeleg å finna ei aksjonsform som kan opna augo på dei mange tause? Det blir kjempa mot diskriminering på grunn av kjønn, etnisitet, religion, seksuell legning med meir. 

Blir ikkje dei ufødde, og særleg dei med funksjonshemningar, rekna som menneske?

Her er utfordringar til langt fleire enn biskopar og kyrkja. Eg utfordrar unge og engasjerte til å ta initiativ. Frå seniorhald skal de få full støtte.

Gå til innlegget

Jon Kvalbein skyt over mål

Publisert over 1 år siden - 2040 visninger

Det er ein dryg påstand av Jon Kvalbein å hevda at KrF er i ferd med å ­underminere sin egen føremålsparagraf og sin identitet.

Det var vel helst «eine grausame Salbe» Jon Kvalbein sende mot KrF i sitt innlegg «KrFs ekteskapsbrudd» (Vårt Land 2. juli). Eg reagerte sterkt på ­uttrykksforma.

Når det er sagt, stiller eg på linje med Kvalbein når det kjem til spørsmålet om å gå i Pride-tog. Gjennom åra har eg sett uttrykksformer og klesdrakter i desse toga som eg ville finna det vanskeleg å solidarisera meg med.

Men å visa solidaritet med ­offera i Orlando og andre former for trakassering og diskriminering av homofile, vil eg vera med på over alt der eg har høve til det. Eg reknar Kim Friele som ein god ven.

Kvalbein og eg ville gjera våre val som ville vera identiske når det gjeld Pride-toget. Knut Arild Hareide gjorde eit anna val ved å delta i toget, det må etter mi meining vera heilt og fullt hans val, som han fortener respekt for. Han meiner utvilsamt at det var den beste måten han kunne visa solidaritet på.

Over mål. Det er å skyta langt over mål når Kvalbein hevdar at Hareides «deltakelse bekrefter at KrF er på vei til å bryte ned den ekteskapsforståelsen som er forankret i partiets formålsparagraf».

KrFs syn på ekteskapet er forankra i partiprogrammet for inneverande periode. Her heiter det: «KrF er opptatt av å sikre ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne i lovverket. (...) Ekteskapet som ei ordning mellom mann og kvinne har djupe røter i tru og tradisjon i kulturar over heile verda.»

Lengre nede heiter det: «Partiet vil sikra likekjønna par juridisk tryggleik i lovverket.»

Høyring. Det er det vedtekne partiprogrammet som gjeld i dag. Når det no føreligg framlegg frå programkomitèen om endra formuleringar om ekteskapet, er det noko ein skal merka seg.

Men programutkastet skal i dei næraste månadar gjennom ein omfattande høyringsprosess i fylkeslag, lokallag og hos einskildmedlemene.

Eg har hatt gleda av å vera til stades på dei siste landsmøta i partiet, som leiar for KrFs senior­utval. Eg kan forsikra Kvalbein om at programbehandlinga der er særs betryggande, og eg kjenner meg trygg på at det heller ikkje på komande landsmøte vil bli gjort vedtak som står i strid med partiet sin gode føremålsparagraf.

Dryg. Det er ein dryg påstand å hevda at «partiet er i ferd med å underminere sin egen formålsparagraf, ja, sin identitet.»

Eg kjenner meg trygg på at partiets tillitsvalde syter for at dette er og blir ein ugrunna påstand, og eg ynskjer alle som skal stå i programarbeidet framover, lukke til.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 9.7.2016

Gå til innlegget

Å jobba lenger gir ofte eit betre liv

Publisert over 1 år siden - 1741 visninger

Ei fersk undersøking viser at for mange nordmenn er det viktig å kunna arbeida utover pensjonsalderen. To av fem seier at det å ha høve til å stå lenger i jobb, har mykje å seia for eigen livskvalitet og for helsa.

Det at så mykje som 40 prosent av folket ser ein så klår samanheng mellom høve til å jobba og eiga helse i eldre år, er noko både arbeidsgjevarar og politikarar bør merkja seg.

Dei som er aller sikrast på at det er bra å halda fram i arbeid, er dei i den eldste aldersgruppa.

Tala er henta frå det nyleg framlagde Helsepolitiske barometeret frå TNS Gallup, som Statens seniorråd er ein del av. Andre funn i barometeret forsterkar tala: Di eldre folk er, di tryggare er dei på at det er bra for helsa å stå lenger i arbeid. Mine personlege erfaringar stadfestar dette.

Resultata blir også stadfesta av funn frå Seniorpolitisk barometer for 2015, som viste ein klår auke i talet på personar som ynskjer å halda fram med å arbeida sjølv etter at dei har fått rett til pensjon. Dette gjeld spesielt arbeidstakarar over 60 år, der heile 63 prosent seier at dei kunne tenkja seg å arbeida etter pensjonsalder er nådd.

Statens seniorråd har vore pådrivar for å få heva den øvre aldersgrensa i arbeidslivet, slik at dei som ynskjer det, kan få arbeida lenger. I 2015 kom det ei lovendring som gjer at aldersgrensa no er løfta frå 70 til 72 år.

Me har no grunn til å venta at arbeidsgjevarar både i offentleg og privat sektor, vil leggja til rette for eit lengre yrkesliv for sine tilsette. Det bør mellom anna skje gjennom god planlegging og byggja på kompetanse­utviklande program. Slike program finst ofte for dei yngste arbeidstakarane, det bør også gjelda for dei eldste.

Arbeidstakarar med lang røynsle utgjer ein nødvendig og viktig ressurs i arbeidslivet, og det er Seniorrådets klåre meining at dei bør få høve til å halda fram.

Det vil vera bra for den einskilde, som regel er det bra for verksemda, og det er bra for samfunnet.

Hans Olav Tungesvik, 
medlem av Statens seniorråd

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 9. JUNI 2016

Gå til innlegget

Lesetips

Ateistens bekjennelser
av
Trond Skaftnesmo
13 dager siden / 6592 visninger
296 kommentarer
Er Noahs Gud vår Gud?
av
Sofie Braut
16 dager siden / 6884 visninger
193 kommentarer
Å være snill
av
Åste Dokka
21 dager siden / 2236 visninger
2 kommentarer
Det skamfulle samfunnet
av
Erling Rimehaug
24 dager siden / 3578 visninger
5 kommentarer
Når det er bra at det er glemt
av
Benedicte Aass
rundt 1 måned siden / 484 visninger
0 kommentarer
Se og bli sett
av
Asbjørn Gabrielsen
rundt 1 måned siden / 490 visninger
0 kommentarer
Sjenanse og verdighet
av
Ingrid Nyhus
rundt 1 måned siden / 3549 visninger
1 kommentarer
Jeg kunne vært mirakelpredikant
av
Levi Fragell
rundt 1 måned siden / 8052 visninger
225 kommentarer
Mektig martyr
av
Åshild Mathisen
rundt 1 måned siden / 2687 visninger
5 kommentarer
Les flere

Siste innlegg

Show i kirken
av
Paul Nergård Wirkola
rundt 5 timer siden / 89 visninger
0 kommentarer
Reis deg og gå inn
av
Ida Marie Haugen Gilbert
rundt 7 timer siden / 150 visninger
1 kommentarer
Et symboldokument
av
Vårt Land
rundt 9 timer siden / 121 visninger
1 kommentarer
Klarere på grensene
av
Joav Melchior
rundt 9 timer siden / 354 visninger
1 kommentarer
Makten og ærbødigheten
av
Alf Gjøsund
rundt 21 timer siden / 1231 visninger
11 kommentarer
Forfølgelsesvanvidd
av
Anne Jensen
rundt 22 timer siden / 787 visninger
16 kommentarer
Les flere

Siste kommentarer

Torry Unsgaard kommenterte på
Ledsagere som ikke lytter
8 minutter siden / 1611 visninger
Sigurd Eikaas kommenterte på
Ledsagere som ikke lytter
8 minutter siden / 1611 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Ateisme og humanisme II
28 minutter siden / 1925 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Ateisme og humanisme II
32 minutter siden / 1925 visninger
Oddbjørn Johannessen kommenterte på
Forfølgelsesvanvidd
37 minutter siden / 787 visninger
Roger Christensen kommenterte på
Ateisme og humanisme II
38 minutter siden / 1925 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
Forfølgelsesvanvidd
44 minutter siden / 787 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
Noahs Gud hadde nåde med Noah
rundt 1 time siden / 318 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
Noahs Gud hadde nåde med Noah
rundt 1 time siden / 318 visninger
On Elpeleg kommenterte på
Ledsagere som ikke lytter
rundt 1 time siden / 1611 visninger
Bjørn Blokhus kommenterte på
Et symboldokument
rundt 2 timer siden / 121 visninger
Anne Jensen kommenterte på
Forfølgelsesvanvidd
rundt 2 timer siden / 787 visninger
Les flere