Har skrive fire bøker, den siste heiter "Feber. Historia om norsk olje og gass", som kom ut på Cappelen Damm i haust. Er glad i dei fire årstidene, og lengar etter snø når det dreg seg mot desember.
Ser ein bakover på norsk petroleumspolitikk, må ein kunne gje Gro Harlem Brundtland og regjeringa hennar ros. Dei innførte i 1991 ei avgift på utsleppa av CO2 frå plattformene i Nordsjøen. Ingen andre petroleumseksporterande land var i nærleiken av noko slikt. Den norske avgifta hadde jo som mål - i siste instans - å avvikla bruken i verda av olje, og gass.
Ser ein derimot på bidraget til Noreg i høve dei internasjonale klimaavtalane, er ikkje biletet like flott. Noreg var det einaste landet som drog til Kyoto i 1997 utan nasjonale reduksjonsmål. Det ville bli for dyrt - for gasseksportøren Noreg. Ein ambisiøs klimaavtale ville Brundtland ha, men ein måtte sjå ulikt på ulike land.
Norske politikarar ville dessutan ha moglegheit for å føra gasseksport som del av vårt bidrag til reduserte klimagassutslepp - når andre europeiske land kjøpte vår gass - og kanskje stengde ned kolkraftverk. Og no har Jens Stoltenberg som kjent mål å overoppfylla Kyotoavtalen gjennom kjøp av utsleppsrettar i fattige land. Den søkkrike petroleumseksportøren har råd til det. Og skal på den måten skina på den internasjonale scenen. Noreg ville ha i pose = ambisiøs avtale, i sekk = gassinntekter, i garn = rolla som føregangsland.
Vona for Jens Stoltenberg og co er ein endå strengare internasjonal avtale i København i desember. Det får han neppe (og diverre heller ikkje klimaet på kloden). Truleg er FN-samlingane rett og slett for store. Då bør kanskje føregangslandet gå i seg sjølv, og vurdera politikken på andre felt. Så som jaget mot moglege petroleumsressursar nord for polarsirkelen. Bør ikkje Noreg få med dei andre polarnasjonane på å venta å leita i minst ti år, til ein ser meir av kva klimapolitikk det internasjonale samfunnet får i stand. I det minste prøva å få dei med?
Nokon einsidig leitestans trur eg nok ikkje på. Men det finst altså andre arenar å forhandla på, enn den altfor tunge, i regi av FN. Skal Noreg smykka seg med føregangsrolla, må vi ta petroleumspolitikken fatt på ny.
Kva stilling skal Kyrkja ta i høve norsk oljepolitikk? Skal Kyrkja ta stilling? Skal ikkje prestar og biskopar og kyrkjemøte bry seg om dei andelege spørsmåla, og lata Helge Lund i Statoil og byråkratane i departamenta ta seg av den olje og gassen som måtte røra seg og stanga i berg, djupt under havet?
Rett nok finst det ein dokumentarfilm som spelar på begge realitetane; han heiter Oljeberget, og handlar aller mest om Jens Stoltenberg. (Regissøren heiter Aslaug Holm). Det går kanskje ikkje an å tru at Stoltenberg er frelsaren av både norsk oljeformue, Statoils internasjonale satsing, samt regnskogane rundt om på kloden og klimaet for komande generasjonar. Men skal Kyrkja motsett veg gå heilt konkret til verks, og føreslå både leitestans i oljeverksemda, og konkrete utsleppsmål for Noreg, kva gjeld klimagassar som karbondioksid? Gjer ikkje biskopar seg til latter når dei bevegar seg inn på eit felt ein sosialøkonom som Jens Stoltenberg kan så godt?
Utspelet frå februar i år, frå kanskje aller mest biskopen i Sør-Hålogaland, Tor B. Jørgensen, om fem års leitepause for oljeselskapa på norsk sokkel, var nok ikkje meint så mykje meint som eit klimapolitisk verkemiddel som ein måte å markera alvor på – og gje nasjonen høve til å diskutera kva ansvar vi har som stor petroleumseksportør, i høve klimaendringane. Seinare i haust skal Kyrkja drøfta dette emnet på ny. Og i desember skal biskopane med danskebåten til København, for å bidra til ein offensiv klimaavtale på sin måte, gjennom sitt folkerelaterte press.
Klimasaka treng andre aktørar enn miljørørsla. Klimaendringar handlar om så mykje meir enn miljø i tradisjonell forstand; som natur, og artsmangfald. Kyrkja kan tala vel så godt om ansvaret for dei fattige og dei ufødde som Bellona og Verdens Naturfond. Men på vegne av Noreg? Som korleis ein enn snur og vender på det, kjem til å vera ein vesentleg eksportør av karbonrelatert energi om tjue år også. Skal Kyrkja stilla seg i den flokken som ropar og brekar om ein norsk hyrde for verda? Eller er det ikkje på tide vi sluttar å tenkja om Noreg som eit foregangsland i klimapolitikken – og snarare går stille i alle dører?
