Trond Strømme

Alder:
  RSS

Om Trond

Følgere

Med trekors på tvers av USA

Publisert nesten 4 år siden

Få månader etter at Hans Erik Schei i 1969 tapetserte delar av Oslo sentrum med Jesus-plakatar, starta nattklubb-predikanten Arthur Blessitt, «the minister of Sunset Strip», ein gåtur på tvers av USA frå Hollywood til Washington, DC.

Hans prosjekt var ikkje noko rekordforsøk for å få seg ein plass i The Guinness Book of Records (sjølv om han fekk ei sides omtale i Guinness Millennium Edition i 2000). Det var ingen sportsleg bragd Blessitt skulle bli kjent for, men Gud hadde kalt han til 
eit «ministry» som for dei fleste minner om rein galskap: å rulle eit 12 fots langt trekors på tvers av USA.

Første etappe begynte på tampen av 1969 og førte han innom alle sju kontinent, til 315 land, med endestopp i Zanzibar ved Tanzania 13. juni 2008.

Arthur Blessitt var etter mitt syn ein av dei viktigaste eksponentane for Jesusvekkelsen. «I didnt know it at the time», skriv han i sjølvbiografien The Cross, «but this new ministry would help spread the Jesus Movement across the country.»

Korset er eit universelt symbol på Guds kjærlighet, noko som filmen om hans liv, The Cross, The Arthur Blessitt Story, er eit kraftig vitnesbyrd om. Rullande på eit kors har han aktivt oppsøkt terror- og krigssoner (IRA, Beirut med fleire) for å dele 
dei gode ­nyhetene om at Gud er god og elskar oss, uansett kva slags ­situasjon vi måtte befinne oss i.

Jesusvekkelsen kan sjølvsagt studerast frå eit kulturelt, sosiologisk eller eit anna samfunnsmessig perspektiv. Men «flammen» og varmen som Blessitt stod for, at menneske skulle bli frelst, få Jesus som frelsar og Herre i livet og få eit personleg møte med mannen frå Nasaret, var nok det som mange av oss først og fremst identifiserte oss med. Opprør mot liturgi og etablert kirkeliv stod langt nede på lista.

Først publisert i Vårt Land 20.10.2015

LES MER: Utbrent av Jesusvekkelse

LES MER: Da Jesus ble synlig på 1970-tallet 

Gå til innlegget

Kan ein teolog forstå Bibelen?

Publisert rundt 5 år siden

Jesus refsa ekspertisen for ikkje å skjønne seg på skriftene. Stolte og harde hjarte vil aldri forstå Bibelen og kjem aldri inn i Guds rike, uansett kor belest ein måtte vere.

Frå lekmannshald bør vi halde fram at Bibelen er altfor viktig til å overlate til dei lærde. Porten inn til Guds ord er nemleg så låg at vi må bøye oss for å komme inn (Augustin).  Det er den viktigaste kompetansen. I samme stund jublet han i Den Hellige Ånd og sa: Jeg priser deg, Far, himmelens og jordens Herre, fordi du har skjult dette for kloke og forstandige, men åpenbart det for enfoldige (Luk 10, 21). Kanskje dei som ikkje er så «utdanna» har lettare for å bøye seg? Guds rike kan ikkje sansast, er usynleg og dermed utanfor vitskapleg kontroll og analyse. Eit mirakel (noko overnaturleg) må først skje, sa Jesus til den lærde Nikodemus (Joh 3). Det er berre tru som kan aktivere det umogelege. Derfor må rett valuta brukast.  Blir du født på nytt, då først kan du «sjå» Guds rike. Dere gransker skriftene, men dere vil ikke komme til meg slik at dere kan ha liv (Joh. 5, 39f). Dei «utdanna»  vil heller bruke tida på det som gir status og kred i akademia. Men Guds ord må ut av fakultetet og ned på gølvet – til folket, slik at Kari og Ola sjøl kan granske skriftene daglig for å se om det stemmer det som blir forkynt (Ap. 17). For Gud er artikulert nok til å kunne uttrykke seg forståeleg. For Boka er vel eigentleg hans «greie»?Utfordringa vår er heller at vi forstår Bibelen meir enn godt nok, men er ulydige og uvillige til å bøye oss og «tru det som det står».Gud står dei stolte imot. Boka gir vel heller ikkje noko hint om at vi skal ta det som står «med ei klype salt».

Eit anna, lett sarkastisk  perspektiv: Kva skal vi med Paulus når vi har MF og TF? Kanskje fordi Paulus er til å forstå og ikkje kalibrerer teologien etter «ver og vind»? Har desse institusjonane nokon annan legitimitet enn som prestefabrikk og karriereplattform? Skriveria frå fakulteta siste mannsalder sprikjer i alle retningar og er derfor ubrukelege som sjøkart. Eit fartøy utan ror blir utan retning. Frosken har utan å merke det gradvis blitt kokt til døde. Hadde han det for greitt til å ville hoppe ut av gryta? Når ein stryk tidsånda medhårs vert det uinteressant om det framleis går til helvete utan Jesus. Hvordan kan dere tro, dere som gjerne vil ha ære av hverandre og ikke søker ære hos den eneste Gud? (Joh. 5,44). Finst det eit kristenmenneske  i dag som er i stand til å jobbe med «vitenskapeleg teologi» som ikkje er basert på ateistiske premiss? Bør ikkje ein «vitenskapeleg teolog» bli så betatt av skaparverket (det du kan måle og vege) at alt må bli doksologi og lovprising? Ja, kvar har det forresten blitt av Fortellinga, denne narrativen som er så absurd at det einaste «fornuftige» er å tru det, utan å forstå det eller å bevise det? Om livet før byrjinga begynte, utanfor tid og rom. The greatest story (n)ever told.  Han som vil ha nærkontakt, jublar over deg med fryderop og omgir deg på alle kantar! Han som kjente deg før (sic!) han forma deg i mors liv. Gled dere med meg, for jeg har funnet igjen sølvpengen som jeg hadde mistet.  Dei gode nyhetene om Guds kjærleik, evangeliet, må forkynnast. Paulus sat med unik kunnskap om kva dette «mysteriet» og dramaet på Golgata innebar. Det var Herren sjølv som hadde gitt han dette oppdraget å «fullføre Guds ord» (Kol. 1,25). Tida er kort. Gud vil at alle skal bli frelst. Men dei fleste takkar nei. Bør vi ikkje derfor fokusere meir på å plyndre helvete og befolke himmelen? For hvis du med din munn bekjenner at Jesus er Herre og i ditt hjerte tror at Gud oppreiste ham fra de døde, da skal du bli frelst.

Vi må ikkje ringeakte den fullmakt Paulus hadde fått.  Kierkegaard skriv ein stad at Platon sine skrift vitnar om grundig refleksjon og at filosofen er ein djupsindig tenkjar. Som geni kan ikkje Paulus konkurrere med Platon. Men stakkars Platon har ingen fullmakt, hevdar Kierkegaard. Geni og apostel er to ulike kategoriar. Geniet opptrer i kraft av eigen autoritet, men apostelen i kraft av si fullmakt, dvs på vegne av ein autoritet som ligg utanfor. Ikkje lytt til Paulus fordi han er åndfull og genial, hevdar Kierkegaard, men bøy deg for Paulus fordi han representerer guddommeleg fullmakt. «En Apostel er hvad han er ved at have guddommelig Myndighed. Den guddommelige Myndighed er det qualitative Afgjørende». (Frå den vesle avhandlinga «Om Forskjellen mellem et Genie og en Apostel».)  Paulus sitt «bidrag» i Boka er avgjerande, og vi skal ikkje vurdere det som menneske-ord, men som det Guds ord det i sannhet er (1. Tess. 2, 13).

Det teologiske akademia sitt knefall for materialistisk «vitenskapelighet» har strippa kjerka for åndeleg pondus og bibelsk ryggdekning. Teologien har gjort Gud irrelevant. Etsi Deus non daretur. Guds eksistens blir uviktig, og Heilaganden, som skal lære dere alt, er parkert.

Dere dyrker meg forgjeves, for det dere lærer, er menneskebud. (…) Slik setter dere Guds ord ut av kraft av hensyn til tradisjonene dere har overtatt og gir videre (Mk. 7,7-13). Guds ord er reint. Det er vi som er «uklare». Vi fyller vårt sinn med tvil, vantru og religiøst spindelvev. Vi har late oss dupere av denne verdens visdom.

Gå til innlegget

Bibelen for dummies

Publisert rundt 5 år siden

Mange påstår at Bibelen er innfløkt og uforståeleg og at Gud er mystisk og uransakeleg. Tåkelegging kallar vi slikt.

Dette er som eit ekko frå Edens hage: Har Gud VIRKELIG sagt at dere ikke skal spise av noe tre i hagen?  Dette er første spørsmålet i Bibelen  og impliserer at det er viktigare å «tolke» (problematisere?) kva Gud har sagt enn å stole på at han er artikulert nok til å uttrykke seg forståeleg. Den listige slangen lanserte ideen om at det ikkje er uproblematisk å berre stole på  det Gud har sagt. Den vakne bibellesar vil legge merke til sitatfusket som avviker frå Guds «klare ord»: Du kan spise av alle trærne i hagen (…). Du har misforstått, Eva! seier slangen. Du skal slett ikkje dø! Du skal bli lik Gud. Og det kan vel ikkje vere så ille? Hadde kanskje Eva misforstått Adam (som var den som tok imot instruksen frå Gud) i og med at Adam vart sekundærkjelde for Eva? Kanskje Adam var litt slumsete då han informerte Eva og skulle gjengi Guds ord? I så fall ikkje rart at slangen valde Eva som bytte. No big deal å få på kroken ein som berre har ei omtrentleg forståing av kva Gud har sagt.

Bibelen er heldigvis meir forståeleg enn mange synest å meine. Men vi bør stille oss dei følgjande tre spørsmåla når vi les:

1. Er det vi les talt inn i ein GT-leg eller ein NT-leg kontekst? For eksempel: Når Elia i 2. Kongebok 1 befaler eld å fare ned frå himmelen og gjere ende på hundre mann, er det noko som er utenkeleg for Jesus i Luk 9. Jakob og Johannes får så hatten passar for berre å nemne ideen. Dere vet ikke hva ånd dere er av, refsar han dei. For Menneskesønnen er ikke kommet for å ødelegge menneskeliv, men for å frelse (v. 55) Med andre ord skulle disiplane i den nye tidsalder (pakt) ikkje ta med seg GT-leg tankegods inn i det nye paradigmet. Alt til sin tid. Bibelen har loggført Guds progressive openberringshistorie og er sin eigen kritikar. Bibelen hevdar nemleg at GT er som ein «skygge» i forhold til the real thing som begynte etter (sic!) Jesu død.

2. Les vi med hjartet?  Ønskjer vi seriøst å finne ut kva Gud «meiner» om dette og hint, vil vi garantert finne ut av det. Augustin sa at porten inn til Guds ord er så lav, at vi må bøye oss for å komme inn. Men først må du bli «født på nytt», bli ein «ny skapning», for då får du Heilaganden på innsida. Han skal lære dere alt, står det. Viss ikkje denne forutsetninga blir oppfylt, kan du like gjerne studere andre «religiøse» skrifter eller nyttige skriverier som «Veien til båtførerprøven». For det evige livet er å kjenne Deg, den eneste sanne Gud, og Han du utsendte, Jesus Kristus. Dette er ikkje kognitiv kunnskap, men inneber eit intimt og erfarbart forhold til han som skapte deg  og held deg i live. I Ham er det vi lever, beveger oss og er til.

3. Les vi verset i sin sammenheng? Les versa både før og etter. Ver rasjonell, grundig og etterretteleg. Ikkje berre leit etter argument «for eller mot homofili». Det finst viktigare ting i livet enn «meiningar» vi kan bruke som ammunisjon for å skyte med. Bibelen er ei farleg bok. Du kan alltid finne noko i Bibelen som kan bekrefte eit hvilket som helst synspunkt og legitimere ein hvilken som helst livsstil. Derfor er Bibelen berre av relativ interesse viss du ikkje les han som ei billedbok, der du ser Jesus på kvar ei bladside.

Han er jo «navet» som alle «spilene» peikar inn mot. Viss det ikkje er Jesus som er «prosjektet» for all lesing av Bibelen, så kan vi like godt lese Pondus som Paulus. For viss det er skattekartet vi let oss fascinere av og ikkje skatten, så er vi på bærtur. Om det var Betlehemsstjerna dei vise menn knelte for, så ville det ha vore fullstendig skivebom. Dere gransker skriftene (…). Men dere vil ikke komme til meg slik at dere kan ha liv, sa Meisteren irettesettande til dei sprenglærde som kunne store delar av GT utanboks. Det viktigaste vi kan hente ut av Bibelen, er at Gud vil at alle menneske skal bli frelste og ha nærkontakt med sin Skapar, men at dessverre dei fleste sjølvforskyldt går fortapt. Men ingen homse går fortapt på grunn av sine «skeive synder» og ingen klerus blir frelst på grunn av sin bibelkunnskap. Begge ligg derimot tynt an om dei klarer seg utan Jesus. Det einaste vettuge for lek og lærd, uansett fil, er derfor å respondere på evaggelion (den gledelige overraskinga, som nesten er for god til å vere sann) og invitere Jesus inn i sitt liv. Så banalt. Så naivt. Så livsviktig.

Det er ikkje dei velutdanna, kloke og forstandige, men dei enkle og lettare møblerte som forstår Bibelen og har tilgang til Guds rikes skattar og løyndomar (Luk 10,21).

 

Gå til innlegget

La kjerkene brenne

Publisert over 5 år siden

Kjerka er gammal, men ho er ikkje lenger Hans hus. God has left the building. For Den høgste bur ikkje i hus som er laga med hender, men slår seg til inne i kroppen  til kvar den som inviterer han inn. Dette er den nye pakts vidunderlige mysterium. Vet du ikke at det er DU som er Guds tempel og at Guds Ånd bor i DEG?Dei fjonge fjørene som kjerka i fleire hundreår har pynta seg med har lenge nok gjort nytten som fikenblad.Kanskje oppfatninga av Guds «hus» er ei tankebygning vi før jo heller skal la gå opp i røyk? Kjerkebrannane på 90-talet var brutale ut ifrå eit kulturskattperspektiv. Rå kriminalitet. Men om Gud også kan tale gjennom andre kanalar enn Bibelen og skaparverket, kunne han hatt noko å melde til sitt folk i kongeriket gjennom desse brannane?

Kjerka har blitt ein størrelse som eksisterer uavhengig av Bibelen, ein satellitt, ein konstruksjon med sin eigen agenda. Vi er i ferd med å miste ein generasjon fordi kjerka har gjort den gamle boka irrelevant.  Har Gud virkelig sagt? betyr lite og inkjevetta for dei fleste. Er det ikkje ekkoet frå slangen i hagen vi høyrer også i dag? Eller kva har Paulus å stille opp med når bispekollegiet har sagt sitt, eller lærde på MF og TF, eller kongregasjonskomiteen i Roma? Anemisk og utvendig gudsdyrking er som brekkmiddel for Vårherre. Konfirmanten får sin bibel, men Boka er usynleg når kjerkefolket kjem saman. Er det dette ein kallar hykleri, skal tru? 

Er forresten kultus nødvendig? For kva skal vi med religion og heile kostebinderiet i og med at Jesus oppfylte alle bud og all meir eller mindre kreativ religionsutfalding (Det er fullbragt!)? Kor lenge skal løva burast inne og temmast av tomme  pontifikaliar som heller jublar over at kjerka snart får sitt digitale bibliotek med ei sing-a-long-øvingsplattform for liturgar enn brennhug etter å få gjere det umoglege, plyndre helvete og befolke himmelen?  Swing it i våpenhus og sakristi! Kor lenge skal vi leve i den gammaltestamentlege skyggen før vi kjem ut i det nye paradigmets underfulle lys og gjer dei same gjerningane som Han gjorde og befalte oss å gjere? Helbred syke, vekk opp døde, gjør spedalske rene og driv ut onde ånder! For intet har dere fått det, og for intet skal dere gi det!

 Guds vreide fekk sitt endelege utløp og punktum på Golgata, som innleia den nye tidsalder. Før eller etter korset blir no alle tings målestokk. Jesus var ingen religionsstiftar, snarare ein religionsdödare og stod for ein irreligiøs og anti-institusjonell spiritualitet. Dere vil ikke komme til meg slik at dere kan ha liv, sa han til den teologiske ekspertisen. Går det an å snakke om Bibelens Jesus utan ved hjelp av religiøs innpakning? Kvifor slå «kristendommen» i hartkorn med «religion» når sistnemnde omgrep har vore ein anakronisme i snart to tusen år? Ein kategorifeil, spør du meg. «Kristendom» står det ingenting om i Bibelen, men har blitt ei ytre erstatningsgreie. Ingen var kristne på Jesu tid. Herren gjer ingen religiøs! Det er ille med bygningar som brenn. Verre er det likevel om det blir dei einaste flammane. Tunger som av ild viste seg for dem. Da ble de alle fylt av Den hellige ånd. Den dagen ble det lagt til omkring tre tusen mennesker.

 

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Sjelesørgeren Alf Gjøsund
av
Vebjørn Selbekk
21 dager siden / 5188 visninger
Religiøs fyllefest på Visjon Norge
av
Levi Fragell
29 dager siden / 3173 visninger
Hva KRIK er og skal være
av
Bjørnulf Tveit Benestad
22 dager siden / 2338 visninger
Snevert om synd
av
Torunn Båtvik
29 dager siden / 2213 visninger
Støre-saken: Blodtåke i NRK
av
Vårt Land
19 dager siden / 1780 visninger
KRIK ved et veiskille
av
Øivind Benestad
23 dager siden / 1757 visninger
KRIKs spagat
av
Vårt Land
21 dager siden / 1740 visninger
En løsning som inkluderer
av
Berit Hustad Nilsen
16 dager siden / 1676 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere