Olav Fykse Tveit

Alder:
  RSS

Om Olav Fykse

Generalsekretær i Kirkenes Verdensråd, vald i august 2009. Før det sju år som generalsekretær i Mellomkyrkjeleg Råd for Den norske kyrkja.

Følgere

Kjærleiken driv frykta ut

Publisert 3 måneder siden - 778 visninger

Helsing ved opninga av Verdskonferansen i Roma om ­framandfrykt, rasisme og populistisk nasjonalisme. ­Konferansen vert arrangert av Kyrkjenes Verdsråd og Den katolske kyrkja.

Vi er samla her i dag i eit svært viktig ærend, eit kall som kjem til oss frå Gud gjennom mange migrantar og ­flyktningar i dag. Mange av dei opplever å verte ekskluderte frå den framtida med tryggleik som alle ­menneske treng og håper på.

Vi skal drøfte frykta for den ­andre, dei ulike uttrykka for ­denne frykta, men også den ­politiske bruken eller ­mis­bruken av frykt. Vi må også drøfte kva den kyniske ­profitteringa på frykta hjå flyktningar og ­migrantar fører til og korleis det kan motarbeidast.

Kyrkjer er kalla. 

Det er ­menneskeleg å kjenne på frykt og angst. Det er ein naturleg ­respons å verne om oss sjølve og dei vi elskar.  Men frykt kan brukast til å splitte, polarisere og skape meir frykt. Vi er her ­fordi kyrkjer er kalla til å ­saman ­konfrontere dei ­øydeleggjande kreftene til framandfrykt, ­rasisme og populistisk, eksklusiv nasjonalisme. Dette er tre lag i den same veggen som splittar oss som menneske, og uttrykkjer dei lukka ­identitetane som neglisjerer rettane og menneskeverdet til den andre: «oss» mot «dei», «vår tryggleik» mot deira sårbarheit, «vår velstand» mot deira rett til liv og levebrød. Alle desse kjenslene er djupt forankra i frykt.

Eg hugsar framleis fyrste gong eg høyrde om flyktningsituasjonen i verda i dag. Det var då eg las historier om flyktning­borna frå Ungarn på 1950-­tallet, som ­flykta for å finne ein ny heim.  Orda «frykt» og «flukt» hadde ein veldig sterk verknad på meg – og har det framleis, vonar eg.

Flyktningar er overalt i verda – og dei er blant dei mest sårbare i dag. Dei er på flukt frå konflikt og vald, på jakt etter ein ny heim, ein trygg stad. Mange mister òg livet på vegen, til dømes i Middelhavet, ikkje langt herifrå.  Alle som kan, må gjere noko for å stanse desse grove uttrykka for umenneskelegheit. Det må vi òg gjere for å verne oss sjølve frå å verte umenneskelege.

På mange vis inneber ­dette å arbeide utover grensene. Vi har sett mange gode, ­konkrete døme på dette arbeidet, som Medi­terranean Hope i Italia, Frank­rike og Belgia – og frå ­andre ­stader i verda. Vi er her for å lære frå kvarandre korleis vi kan ­bidra til endring. Eg trur at vi som menneske kan gjere ting mykje betre enn det vi ser i dag.

Kyrkja sin bodskap. 

«Den fullkomne kjærleiken driv ­frykta ut», seier Bibelen (1 Joh 4,18). ­Dette er ein sterk og modig påstand, men han er sann. Dette er også ei grunnleggjande menneskeleg oppleving. Og det skal vere kyrkja sin bodskap – også i vår tid.

Så lat kyrkja vere kyrkje. Lat oss stå for nestekjærleik og rettvise. Lat Kristi kjærleik drive oss, tvinge oss framover mot forsoning (2 Kor 5,14). Lat oss vere ­ambassadørar for Kristi kjærleik i arbeidet for lækjedom og forsoning i denne verda. Vi lever i ei tid der mykje av våre menneskelege relasjonar vert rive sund, ikkje berre av frykt, men også av egoistisk havesjuke og hat.

Kristi kjærleik er mykje meir enn kjensler. Han forsonar og fornyar relasjonar mellom Gud og verda, og mellom alle oss som opplever følgjene av synd som undergrev livet i ­fellesskap. Ein Kristi disippel ser seg ­ansvarleg ikkje berre overfor dei næraste og familien, men også overfor andre menneske og alle Guds skapningar. ­Kristus ­provoserte disiplane sine ved å utvide ­ansvarsområda og ­ansvarskjensla deira utover alle ­grenser – og inkluderte ­mellom anna ­fiendar i spørs­målet om kven ein skal elske.

Kristi kjærleik driv oss til å stadfeste livet og styrkje livs­vilkåra for alle menneske. Det inneber å motarbeide alt som skaper dei valds- og krigs­katastrofane som tvingar folk til å flykte. Kristi kjærleik driv oss til å stå opp mot rasisme, og til å opponere mot utestenging basert på den frykta som er drivkrafta bak framandhat og eksklusiv, populistisk nasjonalisme.

Vår felles tru. 

Dette arrangementet skal syne at vi ­saman tek på oss dette ansvaret vi har overfor andre som Kristi ­disiplar. Det gler meg at vi kan gjere dette ­saman, som eit felles arrangement mellom Kyrkjenes Verdsråd og Den katolske kyrkja. Vår relasjon i å «vandre, be og ­arbeide saman» vart stadfesta gjennom pave Frans sitt besøk i Genève i juni. Gjennom tiår med økumenisk dialog har vi bygd opp ein konsens om fundamentale ­aspekt om vår felles tru. Vi har engasjert oss saman i interreligiøs dialog, og vi har samarbeidd om danninga av unge økumeniske leiarar. Meir nyleg har vi byrja eit tett samarbeid om klima­rettvise og omsut for skaparverket. Saman har vi teke stilling til global urett. No tek vi òg eit avgjerande steg mot å ­utvikle eit samarbeid overfor migrantar og flyktningar. Vi ser at vi saman kan bidra til å lækje og forsone samfunn som er djupt splitta i sin reaksjon overfor utlendingar og framande, overfor dei fattige og marginaliserte blant dei.

Dette drivet mot større einskap er eit uttrykk for vår felles trusreise. Dette er ei pilegrimsreise for rettvise og fred, der vi ser ­etter teikn på Guds nærvær i denne verda. Denne pilegrimsreisa er ei rørsle som vert driven av Kristi kjærleik for ­menneska og for jorda. Denne kjærleiken har fornya kristne og gjeve oss styrke til å gå saman i tru. Vi kan overvinne dei historiske splittingane oss imellom, vi kan ­støtte opp om menneskerettane og vi kan nå vidare ut i kjærleiks namn. Kjærleiken kan skape einskap i mangfaldet, lækjedom og frelse, gjestfridom og solidaritet med alle trengjande.

Éin menneskeleg familie. Det hastar meir i dag enn nokon gong å bidra til:

- Å hjelpe millionar av ­migrantar og flyktningar til tryggleik i nye heimar.

- Å lækje samfunn som er djupt splitta av framandfrykt, rasisme og hat.

- Å sikre at kvinner og born, overalt og til alle tider, er verna mot misbruk og vert handsama med verdigheit.

- Å verte autentiske fellesskap som kyrkjer, der vi vernar om menneskerettane og held kvarande ansvarlege i trua vår, ­spesielt overfor dei mest sårbare og marginaliserte.

- Å overvinne dei øydeleggjande følgjene av ­syndige ­økonomiske strukturar og ­havesjuke – og vise omsut for vår felles heim.

Utgangspunktet for refleksjonane våre om migrasjon og flyktningar sin situasjon kan ikkje vere at den andre «er ein ­framand», men kjensla av at høyrer saman i éin menneskeleg ­familie, skapte av Gud. ­Migrantar og flyktningar, med sine lagnader, utfordrar oss til å vise ei proaktiv haldning overfor forvandlinga av samfunna våre, slik at dei vert trygge stader for alle slags menneske, stader der vi dyrkar von, ikkje frykt.

Vi vil ikkje la dei splittande kreftene i framandfrykt, ­rasisme og nasjonalistisk populisme råde. Vi må kjempe for dei ­andre sine rettar også, og vise kor ­viktig den kristne solidariteten er. Vi er frigjorte til å tene den eine verda som er skapt av den eine Gud. Vi treng ein ny generasjon med meir kreativitet, open haldning og glede som kan by på ny energi og nye idear.

Finn ein veg. 

Korleis skal dette skje? Slik det alltid skjer: ­Kjærleiken finn ein veg.

Kjærleiken kan binde oss, som kyrkjer og som kristne, til kvarandre, og til vår ­neste over gata og rundt omkring i verda. Kjærleiken vil ­frigjere oss frå ­forvrengde verdiar og djupe fordomar. Kjærleiken vil ­gjennomskue rasismen og ­stammekulturen sine løgner. Kjærleiken vil gjere oss opne for å lære av kritikk og sjølv­kritikk. Kjærleiken vil drive draumane våre om fridom og fred framover. Kjærleiken vil sleppe laus nye ­visjonar, kreativ ­tenking og ­friske tilnærmingar til dei ­tøffaste utfordringane våre. Kjærleiken vil gjere oss modige og uthaldande.

Slik kan vi byggje den økumeniske kjærleiksrørsla, forankra i den eine Heilaganden, alltid ­ivrige og årvakne på ferda framover.

La oss gjennom arbeidet vårt desse dagane gje eit teikn på at vi står saman i vona og ­arbeidet for ei ny framtid, som éi ­menneskeætt, skapte og elska av den eine Gud.

Roma, 18. september 2018. Trykket i Vårt Land 28. september 2018.

Gå til innlegget

Eit EM vi ikkje bør vinne

Publisert over 2 år siden - 453 visninger

Vi kan kome til å miste noko av det viktigaste i vår kultur og fellesskap i Noreg om vi vinn dette racet mot å vere strengast og minst venleg mot asylsøkjatar.

Den norske regjeringa vekkjer oppsikt, også internasjonalt, diverre negativt no. Den vil heilt ope delta i kampen om å vere minst tiltalande for dei som kjem til Europa og søkjer asyl. «Norway?», spør dei, uventa og overraska når dei høyrer at regjeringa for andre gong føreslår tiltak som går på tvers av det FNs høgkommisær for flyktningar seier svarar til dei rettar flyktningar har. Vidare ser ein at regjeringa igjen går mot klare fagråd for kva som er forsvarleg overfor traumatiserte barn og unge, særleg når dei er på flukt frå krig og terror.

Kollektiv straff. Det er nesten utruleg at logikken er at ein skal gjere livet vanskeleg for dei som har fått asyl i Noreg, som eit verkemiddel for å forhindre at mange andre får lyst til å søkje asyl her. Det er jo ei form for kollektiv straff for noko dei ikkje har gjort, ja, for noko som ikkje er gjort galt av nokon, men bruk av ein rett, nemleg å søkje om asyl. Dei har kome til Noreg, og fått anerkjent at dei har bruk for vern no. Barn skal så på grunn av låg alder vere usikre på om dei vert kasta ut, og det folk skal gå årevis før ein får tenkje på om ein kan foreinast med familien?

Dette skjønar alle er helsefarleg stress, og ville vere det for oss som ikkje har flykta frå krigstraumer, også. Ikkje alle har behov eller ønskje om å vere i Noreg for alltid. Men for livet som ligg framfor her eller der – er det jo viktig at tida i Noreg vert den beste for dei med tanke på helse, utdanning, arbeid, ved å leggje til rette for undervisning, ­inkludering i lokalsamfunn og så bortetter. Dette er oppgåver der alle gode krefter trengst, ikkje minst friviljuge. Då må staten motivere med dei verkemidla den har. Det er ein krevjande situasjon med så mange rettmessige asylsøkjarar som kjem. Men ein kan jo ikkje springe frå røyndomen. Dette skjer jo fordi det er kriser i verda, som Noreg prøver å bidra til å løyse på ulike vis.

Ikkje stas. Noreg er glad i å vinne meisterskap. Dette Europameisterskapet om å vere strengast og minst venleg mot asylsøkjarar, er det ikkje stas å vinne. Det gjer at andre vil gå endå lengre, for å sleppe å vinne i eit slags Svarteper-spel om kvar flyktningar drar. Det er alltid viktig kvar den går som har leiartrøya. Det veit vi frå mange samanhengar.

Sjølv om Noreg er eit lite land, kan det Noreg gjer, ha stor innverknad på ein positiv måte. Dei som fyrst kan tape denne konkurransen, er dei som alt har tapt så mykje. Men vi kan alle kome til å miste noko av det viktigaste i vår kultur og fellesskap i Noreg om vi vinn dette racet mot botnen.

PUBLISERT I VÅRT LAND 9.4.2016

Gå til innlegget

Håp som kristen drivkraft

Publisert nesten 3 år siden - 1088 visninger

Det er ei oppgåve for kyrkja å tale ­saman med og på vegner av dei som tørstar etter rettferd og som vil skape fred, om ein vil vere blant Jesu disiplar i vår tid.

Kva er gode kriterier for kyrkjeleg samfunns­engasjement? Stundom­ handlar debatten om dette meir om kva kyrkja ikkje skal seie og gjere, enn kva ho skal få fram, i ord og handling. Kva inneber den kristne trua for ei opa kyrkje i ein open samfunnsdebatt?

Eg vil leggje inn eit godt ord for eit spesielt kriterium: Håp. Det kan verke litt stort og lite konkret. Ved litt ettertanke er det kanskje nettopp dette det må handle om?

Temaet vart nyleg formulert i ein samanheng på engelsk: ­«Advocacy and service, a matter of faith?» «Advocacy» er eit ord som gir retning: Det er ei oppgåve for kyrkja å tale saman med og på vegner av dei som tørstar etter rettferd og som vil skape fred, om ein vil vere blant Jesu disiplar i vår tid. Uttrykket er ofte brukt om økumeniske tiltak for å ta opp aktuelle og vesentlege verdispørsmål om rettferd og fred i verda.

Det vert gjerne­ reist i Kirkenes Verdensråd (KV) sitt arbeid i tilknytning til heilt konkrete problem, så som anerkjenning av at armenarane vart utsette for eit folkemord, eller om det kritiske målet for Paris­avtalen skulle vere 1,5 eller 2 grader (fordi det betyr vere ­eller ikkje vere for folk og kyrkjer på stillehavsøyane), eller om det er rett av Ungarn å stengje grensene sine med piggtrå, eller om Israel kan byggje muren/gjerdet utanfor internasjonalt anerkjente grenser.

KV har tatt stilling til desse spørsmåla. Det skjer i samarbeid med medlemskyrkjene, stundom også i ein krevjande dialog med dei. Sjølv om KV arbeider ut frå prinsippet om konsensus, har vi tatt stilling etter grundig føre­buing på ein kritisk og konstruktiv måte til slike spørsmål.

KV vart ofte før skulda for å vere «for ­politisk», til dømes av evangelikale talsmenn. Den kritikken er stilna noko. Det hender vi høyrer vi burde sagt noko meir, eller noko anna. I dag har vi konsensus i uttalelsar om menneskerettar, krig, forsoning, fattigdom, miljø, flyktningar, rasisme, og det er ofte ei felles plattform vi deler med både evangelikale og katolske stemmer.

Ikkje minst har Pave Frans vist korleis kyrkja ut frå si kristne tru må engasjere seg i lagnaden åt medmenneska gjennom tydelege ord om konkrete spørsmål inn i det offentlege rom. Han har vist at han også vil stå saman med andre kyrkjer i dette vitnemålet.

Heldigvis er det ofte vi i KV kan fremme rettferd og fred saman med stemmer frå andre religionar eller med partnarar så som FN-organisasjonar. Det skjedde sist veke i Genève då vi hadde ein to dagars konferanse om flyktningkrisa saman med UNICEF, UNFPA og UNHCR.

Når KV i denne perioden etter generalforsamlinga i 2013 samlar alt ­arbeid under temaet «Ei pilegrimsreise for rettferd og fred», er det nettopp denne samanhengen vi prøver å få fram. Det er pilegrimsferd i konkret eller åndeleg forstand (som jo høyrer saman) som ei felles rørsle, ei reise i tru.

Trua er motivasjonen til å gå vidare, på veg mot det heilage, inn i det ukjente, i møte med dei som vi lever saman med, og med vilje til forandring. Saman ber vi Fadervår: Lat riket ditt koma, lat viljen din råda på jorda så som i himmelen. Den norske kyrkja sitt motto «Meir himmel på jorda» uttrykkjer det same. Vi arbeider for det som kjenneteiknar Guds rike: rett og fred og glede.

Det er difor håp er eit kriterium på kva trua på den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus inneber og skal føre til. Og kriteriet på kva som er håp, er at det er drive av kjærleik til dei andre. Det kan ikkje vere berre eit håp for meg og mi gruppe og mine interesser.

Kjærleiken er motkrafta til urettferd og konflikt, elles vert det mykje tom tale. Dette kan ein som kjent seie med sterk og god støtte for eksempel i Paulus sitt fyrste brev til kyrkjelyden i Korint.

Det kristne­ håpet kjem frå evangeliet om krossen og oppstoda. Gud har ikkje gitt opp kampen mot synda;­ sjølv ikkje den største urett som fører til døden skal ha det siste­ ord. Soning og forsoning er ­mogeleg.

Oppstoda peikar alltid framover.

Ikkje for å invitere til å vente og sjå kva som skjer, men nettopp for å vise at vi trur at forandring er mogeleg, at Guds rike kjem. I håpet om rettferd og fred på den nye jord, får vi nettopp større respekt for og omsut for denne jorda og alt som lever her og er skapt av Gud.

Og vi får mot til å tru at vi kan vere med på å skape meir rettferd og fred. Alt anna ville vere nettopp det motsette av kjærleik, som er størst av alt. Det er også difor «advocacy» må høyre­ ­saman med «service», tenesta for andre, for verda, for Gud. Begge deler er uttrykk for den trua på Kristus som vi deler.

Om eg skal oppsummere det to viktige røyster i Den norske kyrkja har sagt meg, og som no er tagna, er det nettopp dette. Både Berge Furre og Karsten Isachsen, kvar på sitt vis, fekk fram at kristentrua nettopp gjev håp om at forandring er mogeleg, og at vi kan vere ein del av denne forandringa.

I to store sakskompleks som KV og kyrkjene i Noreg og andre land har ­arbeidd mykje med, er det viktig at vi ­bidrar nettopp med håp som tru på framtida og kjærleikens vilje til forandring. Eg skulle ha siste innlegg på plenumsdebatten på COP21 i Paris på vegne av «faith based communities».

Eg sa at som representantar for «tru» har vi håp saman med heile det sårbare skaparverket. Vi hadde rett til å håpe at ministrane kunne sjå på kva som gagnar menneskeætta, ikkje minst generasjonar etter oss. Vi fekk eit teikn på håp til slutt. No må alle følgje opp.

I Europa i dag er det ei særleg oppgåve for kyrkjene å gi håp til dei som har flykta frå alt dei har. Det skjer gjennom inter­religiøst fredsarbeid, ved humanitær innsats i krigsherja land, i nabo­landa og der dei strandar, som kritiske røyster mot stengde grenser (ofte i nasjonalisme eller kristendomens namn), og i samarbeid om integrering.

Kyrkja skal ikkje tvinge samveta. Den norske ­debatten har sine særpreg, gitt vår bakgrunn og kontekst. ­Etter å ha vore statskyrkje, kan det kanskje henge att tankar om at Den norske kyrkjas talsmenn/talskvinner representerer øvrigheita, og at no skal dei i alle fall ikkje tale med eit slikt mandat?

Dei bør då ikkje tale om det andre skal ha greie på, og som folkekyrkje heller ikkje tale mot politikarane, folks flest, eller avis­kommentatorane sine oppfatningar?

Demokrati inneber vel at alle bidrar med innsikt og verdiar i opne ordskifte. Og livet er nå ein gong konkret. Folkets valde skal fremme det felles gode for alle, skape rettferd og fred. Kva det inneber, bør ei folkekyrkje ha noko å seie om, og gjere noko med det, slik at det gjev håp for dei som særleg treng det.

Først publisert i Vårt Land 28.01.2016

LES MER: «Kirken - ikke en aktivistorganisasjon», skriver Trond Bakkevig

Gå til innlegget

Folkemordet mot armenerne - sannhetens øyeblikk

Publisert over 3 år siden - 422 visninger

Tale i Armenias hovedstad Jereman 23. april 2015.

--

 

Rev Dr Olav Fykse Tveit, General Secretary WCC

"Our life and our death are with our neighbour.” (Saint Anthony of Egypt)

Commemorating a genocide - affirming our common humanity

Ectmiadzin, Armenia, 23 April 2015

Your Excellency President Serzh Sargsyan,

Rt. Honarable Prime Minister Hovik Abrahamyan,

Your Holinesses Karekin II,

Your Holiness Aram,

Your Holinesses, Your Beatitudes, Your Eminences, Your Excellences,

Ladies and Gentlemen,

Dear sisters and brothers in Christ,

 

“Our life and our death are with our neighbour” – this spiritual affirmation from the Christian tradition which we owe to Saint Anthony, a monk from Egypt of the third and fourth century. This is our common legacy from the very early time of Armenia and the first Christian history. To be human is to be part of the one humanity. From the first day of our life we depend on others. Today we are in a dramatic and shaking way reminded that this belonging to one another is our destiny, for better or for worse. The gift of life together includes also our responsibility for one another. This is a matter of being human, created by God to fellowship and to be one.

“Our life and our death are with our neighbour”. Those who deny or attack the life and dignity of a sister or brother undermine and destroy the humanity of both the victim and themselves. Today we are helped to be conscious of this mutually destructive reality. We remember together and pay due respect to those innocent victims. We remember also together that these inhuman actions really happened. Both are steps that can and should lead to reconciliation and healing of memories and the hostilities of the past. We need as one humanity both justice and peace.

During the 1979 Session of the United Nations Human Rights Commission the World Council of Churches called publicly for the recognition of the Armenian Genocide by the UN. In 1983, the 6thAssembly in Vancouver supported this request, emphasizing that – “the silence of the world community and deliberate efforts to deny even historical facts that have been consistent sources of anguish and growing despair to the Armenian people, the Armenian churches and many others.” The WCC assembly in Busan in the Republic of Korea in 2013 addressed this 100thanniversary of the Armenian genocide, asking the member churches to observe it in appropriate ways. As we are here today, many memorial services are happening around the world.

The member churches of the World Council of Churches have seen and learned about all these tragic events of the genocide in 1915 and 1916 we commemorate today, not at least from their Armenian sisters and brothers. We have also learnt from the victims of other horrible crimes against humanity that were committed during the 20thcentury, which is sometimes called the most violent century of human history. We remember today first of all the 1.5 million victims, Armenian children, women and men. We remember also the other hundreds of thousand Christians of Aramean, Chaldean, Assyrian, Syrian and Greek descent, and all others – many of them from other living faiths such as Muslims - who died in that time of brutal violence and war.  We also continue to remember all those who were murdered in the holocaust against the Jewish people and other genocides thereafter. The victims were all human beings with their dignity, their families and their hopes, created in the image and the likeness of God. They are never forgotten by God.

“Our life and our death is with our neighbour” - this saying of Saint Anthony is very significant also today. We need to remind ourselves of it in the face of attacks on human rights, brutal violence and murder in so many places of the world today. People suffer today from economically, politically, ethnically or religiously motivated conflicts, which often leads to violence, even criminal terrorist attacks and war. We are now close to the unfathomable tragedies going on in the Middle East, particularly in Syria and Iraq, just as we are sitting here.

Today the memory of the victims moves us to take pro-active measures to stop all attacks against humanity and our dignity. This we have to do together as peoples and nations, as communities of different faiths or religious dependence, or of no faith. Together we must use the opportunities and instruments for international law and cooperation we have for knowing and naming the truth, for reconciliation, for justice and for peace. It is possible to act together to prevent and to protect.

I have met with Armenians that have immediately described the survival of their family by mentioning one name when I told about my Norwegian origin. Fridtjof Nansen, as High Commissionaire for Refugees under the League of Nations in the early 1920s, offering Armenians a new passport, called the nations of the world to respect the human rights of Armenians. He was responding to what he did see and hear about the realities of what happened, naming it and addressing it. I do regret that many governments, also my own, when they commemorate these days the atrocities that happened, are hesitating to express our common moral sense by naming what happened a genocide. 

Pursuing just peace, the World Council of Churches has very actively participated in the UN debate on “humanitarian intervention” which was sparked by the Rwandan genocide. The WCC put special emphasis on “prevention” as core element of the obligation of all states to protect the lives and dignity of all people. Protection becomes necessary only when prevention fails. 

This day is a moment of truth. Let us all use it as an opportunity to build a future together where no people, no group of ethnic or religious identity, or any other common identification, should experience again these kinds of brutality we commemorate today. We need the courage to say “no” to what destroys our dignity. Even more we need the courage to say “yes” to our common humanity. Today the victims of the Armenian genocide call and help us to do so. All Christian churches recently celebrated the resurrection of Christ. In the joyful Easter period, we remember in our prayers the victims of the genocide, participating in the death and resurrection of Christ. In our creeds we confess our hope as the one community of saints, of forgiveness of sins and the resurrection of the dead. Injustice, violence, sin and death will not have the last word.

 

Gå til innlegget

Kva kan vi lære av karikaturstriden no?

Publisert nesten 4 år siden - 1497 visninger

Fred, med like rettar for alle. I det perspektivet kan ein ikkje avblåse debatten om dei restriksjonar vi treng å leggje på oss sjølve for å ha ein god felles kultur for ytringar, på tvers av kulturgrenser og religionar.

Ettertanken etter terroren i Paris har fått ein spesiell vri i norsk debatt, med koplinga til den norske karikaturstriden i 2006.

I mitt internasjonale kyrkjelege og interreligiøse arbeid for rettferd og fred no ser at eg vi den gongen gjorde viktige erfaringar. For å skape vilkår for at fleire i verda får rett til å seie si meining, må ein også vere bevisst på korleis denne retten vert brukt av oss som har den.

 

1.   Ytringsfridom handlar om rettar og makt

Ytringsfridom er ein rett til å delta og ha makt i eit demokrati, ved å informere eller uttrykkje si eiga meining eller å tale på vegner av andre. For å sikre retten til kritikk av dei som sit med makta, trengst det at denne retten og ikkje minst pressefridomen er verna i lovverk og i praksis. At så mange journalistar mistar livet eller vert angrepne i vår tid, særleg når dei får fram informasjon om krig, terror og vald, er eit enormt problem for rett og fred i verda.

Det kan verke som om nokon vil forfekte at dette er ein rett som berre er verna når den vert forstått absolutt, utan begrensningar. Men den har vel aldri vore forstått slik i samtalen om menneskerettar. Rammene for å utøve denne retten kjem direkte til uttrykk i dei internasjonale konvensjonane for sivile og politiske rettar (ICCPR, parargaf 19), og i så godt som alle lands lovgjeving som har forplikta seg på dei. Det gjeld også i dei mest liberale og demokratiske land, og vi kan godt rekne Noreg mellom dei. Det er måtar å bruke denne retten på som kan vere misbruk av makt, som kan skade andre, særleg utsette grupper.

Kva, når, korleis og kven dette gjeld, vil alltid vere eit viktig tema å drøfte. Særleg som eit spørsmål om kultur og moral, men også som juridisk tema. Eit aktuelt og tydeleg døme på dette er det som kjem fram om unge menneske som endå til tek sitt eige liv etter mobbing eller «hate-speech» på sosiale medier. Fleire norske politikarar ser at dette kan gjelde både folkeskikk og korleis eit lovverk skal hindre at ein kan skrive kva som helst til kven som helst.

Universelle rettar må alltid appliserast i konkrete tilfelle, også dei begrensningane som ligg i dei. Sjølv såg eg nyleg på nært hald i Japan korleis ei haldning bygd på ein formalistisk referanse til retten til ytringsfridom kan vere skadeleg. Folk av koreansk herkomst som er kome dit som følgje av Japans krigføring og kolonialisering, men framleis utan fulle borgarrrettar, vert no utsett for hatefull tale i det offentlege rom, på gata eller i pressa. Politiet grip bevisst ikkje inn, for å respektere ytringsfridomen. Det vert oppfatta som at styresmaktene ikkje har noko mot dette. Grensa mellom valdeleg språk og fysisk vald er i praksis veldig tynn. Dette minna om det jødar opplevde i Europa i 30-åra, desverre også i dag.

 

2.    Vi må alltid vurdere kven som blir ramma av kritikk

Paris-terroren gjer at mange meiner at ingen ting kan vere unntatt satire eller kritikk, særleg ikkje religion. Det er heldigvis brei semje mellom ansvarlege politiske og religiøse leiarar å fordømme det som skjedde i Paris. Det finnst ingen gyldig grunn, heller ikkje religiøs, til å begrunne terror. Likevel, det er element i religionar og religiøse tekstar som kan bli brukt på den måten. Det er tid for seriøs sjølv-kritikk på mange hald.  

Lover skal ikkje verne om Gud eller ein ide, men om menneske og deira borgarrettar og livsvilkår. Dette er eit vesentleg poeng eg har tatt opp i land som har blasfemilover som kan misbrukast til å utøve urett og diskriminering mot andre. Dette forgiftar samfunnet t.d. i Pakistan, også for muslimar, ikkje berre for kristne.

Men vi gjer det litt for lett for oss med å avslutte diskusjonen der. Det heng saman med poenget om makt. Om blasfemiske utsegn verkar stigmatiserande, hånande, krenkande eller mobbande for enkelte eller ei gruppe, så som ei minoritetesgruppe i eit land, er avhengig av situasjonen og kva som vert sagt og gjort. Mange ser at dette gjaldt og gjeld jødar i Europa. Men det gjeld jo ikkje berre dei.

At problemet ikkje enkelt kan løysast med juridiske forbod mot «blasfemi», er klart. Internasjonalt er det difor viktig å ikkje akseptere prinsipp om at kritikk av religion er ulovleg, men det er relevant å hevde at trakassering på grunn av religion er uakseptabelt. Vi kan ikkje sjå bort frå at det er måtar å vere «blasfemisk» på som forsterkar fordomar, som stigmatiserer einskildmenneske og grupper, nettopp fordi det ein er, det ein trur på og står for vert latterleggjort.

I 2005/6 var mitt engasjement for ei felles kristen-muslimsk fråsegn mykje knytta til korleis vi skulle unngå at ei minoritetsgruppe følte seg offentleg uthengt gjennom ein karikatur av deira profet, framstilt som valdeleg. Og dersom det vart oppfatta at det var kristne som stod i front for dette, sjølv om det ikkje var tilsikta, var det ekstra problematisk. Det kunne føre til ein religionsbasert konflikt i Noreg som kunne få ringverknader til forholdet mellom kristne og muslimar andre stader i verda, der kristne er i minoritet. Vi såg at alt dette vart svært realistiske problemstillingar. Både kristne og muslimar i Midt-Austen ba meg om å eksplitt presisere kva situasjonen i Noreg handla om, og kva den ikkje handla om. «Når de nys i Norden, får vi influensa», vart det sagt.

 

3.   Vi må arbeide for både rettar og fred samstundes

I bruken av ytringsfridomen i mange land, som Noreg, er det ei ganske stor og klar juridisk sone for det som er juridisk akseptert. Slik skal det vere, også med nye grupper i landet. Men vi operer aldri berre i ein juridisk kontekst, og heller ikkje berre i ein nasjonal samanheng.

Vår felles oppgåve er å byggje både rettferd og fred. For dei mange som desperat treng denne retten i dag, og som ikkje har den, er det difor viktig at debatten om ytringsfridom ikkje blir for smal og fokusert på dette blasfemiproblemet i vestlege land. Ein rettferdig og bærekraftig fred krev at vi utviklar ein kultur saman der ein kan snakke ope og fritt med kvarandre, i tale og skrift. Det må skje på tvers av ulike skiljer som er meir framtredande enn nasjonale grenser for tida.

For å skape fred, og ikkje minst finne løysingar på konfliktar som er øydeleggjande og valdelege, må ein også skape tillit til kvarandre. Det krev at ein brukar ytringsfridomen klokt og konstruktivt, og kritisk der det trengst. Det gjeld også kritikk av misbruk av denne retten i media, i lærebøker m.m., med vekt på å stoppe provokasjon, stigmatisering, trakassering og andre uttrykk som vert kjelder til konflikt og legitimering av vald. For at det skal fungere slik, må ein også kommunisere på tvers av kulturar.

Å halde menneskerettane i hevd er svært vanskeleg i valdelege konfliktar. I det siste har det vorte endå verre. Konvensjonar om korleis ein skal opptre i krig, vert bevisst og brutalt brote, som ein del av krigføringa og for å vise si makt.

Nokon må byggje bruer som fører til det som dei fleste i dei fleste land vil ha: Fred, med like rettar for seg sjølve som for dei andre. I det perspektivet kan ein ikkje avblåse debatten om dei restriksjonar vi treng å leggje på oss sjølve for å ha ein god felles kultur for ytringar, på tvers av kulturgrenser og religionar. Vi må alle bidra til betre vilkår for reell ytringsfridom for fleire.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 17.1.2015

Lagt ut her etter redaksjonens ønskje, eg har avgrensa høve til å følgja opp debatt.

Gå til innlegget

Mest leste

Hareides nødvendige veivalg
av
Ole Paus
2 måneder siden / 77465 visninger
Et barn er født, et barn er dødt
av
Magne Raundalen
rundt 2 år siden / 43495 visninger
Etter fallet kommer hevnen
av
Berit Aalborg
10 måneder siden / 34862 visninger
Stormløpet mot Israel er i gang.
av
Roald Øye
7 måneder siden / 27830 visninger
Kanten av klippen
av
Åshild Mathisen
9 måneder siden / 22453 visninger
Et sosialt ­eksperiment
av
Bent Høie
4 måneder siden / 22156 visninger
Mens vi sover
av
Erik Lunde
10 måneder siden / 20062 visninger
Ord er handling
av
Hilde Frafjord Johnson
3 måneder siden / 19069 visninger

Lesetips

Om å se biskoper ved høylys dag
av
Karl Øyvind Jordell
rundt 9 timer siden / 258 visninger
Kirken er politisk
av
Andreas Masvie
rundt 9 timer siden / 114 visninger
Kontrastenes jul i Frankrike
av
Tom Holta Heide
rundt 9 timer siden / 77 visninger
Hatet mot miljøbevegelsen
av
Eivind Trædal
rundt 9 timer siden / 120 visninger
Når staten misbruker makt
av
Øyvind Håbrekke
2 dager siden / 176 visninger
Trangere og farligere
av
Wenche Fone
3 dager siden / 391 visninger
Hva med menighetene?
av
Dag Brekke
3 dager siden / 144 visninger
La flere unge slippe til
av
Rode Hegstad
3 dager siden / 127 visninger
Taushet og tale om jødene
av
Torleiv Austad
3 dager siden / 221 visninger
Les flere

Siste innlegg

Statsfinansiert hatblogg
av
Usman Rana
rundt 5 timer siden / 334 visninger
Menneskers rettigheter
av
Vårt Land
rundt 7 timer siden / 117 visninger
Om å se biskoper ved høylys dag
av
Karl Øyvind Jordell
rundt 9 timer siden / 258 visninger
Kirken er politisk
av
Andreas Masvie
rundt 9 timer siden / 114 visninger
Kontrastenes jul i Frankrike
av
Tom Holta Heide
rundt 9 timer siden / 77 visninger
Hatet mot miljøbevegelsen
av
Eivind Trædal
rundt 9 timer siden / 120 visninger
En hjelpeløs hånd
av
Ane Bamle Tjellaug
rundt 10 timer siden / 275 visninger
Historisk kirkemøte i Ukraina
av
Alexander Tymczuk
rundt 18 timer siden / 66 visninger
Les flere