Frode Thorup

Alder: 61
  RSS

Om Frode

Følgere

Ein økumenisk helgen

Publisert rundt 1 måned siden - 126 visninger

Relikvievalfarten til Thérèse og hennar foreldre er ikkje eit bisart skodespel frå barokken, men eit høve til å setja fokus på det sentrale i evangeliet.

I oktober og november kjem relikviar av Den heilage Thérèse av Jesusbarnet (av Lisieux) og hennar helgenkåra foreldre Louise og ­Zélie Martin på ei rundreise til kyrkjelydar og kloster i heile Norden. Vørdnad for relikviar er vel noko av det i katolsk religiøsitet som er mest fjernt for protestantiske kristne. Kanskje er det ­paradoksalt, for dette er noko som har sin bakgrunn i oldkyrkja der dei første kristne samlast til gudsteneste på martyrgravene. Det er og klart omtala i Bibelen, jamfør Apgj. 19. 11-12.

Peikar mot Jesus. 

Men det har og vorte misbrukt og fått tildels makabre uttrykk. Biskop og kardinal Anders ­Arborelius poengterar at vørdnad for relikviar må forståast utfrå inkarnasjonen og den oppvurderinga av alt materielt det inneber. Men relikviar har ingen funksjon dersom dei ikkje peikar mot personen Jesus Kristus.

Kven var så Thérèse av Lisieux og kvifor har ho fått så stor betydning og vorte det som enkelte kallar ei ­«katolsk superstjerne»? Ho døydde ung og ukjent i eit karmelittkloster i Lisieux i Normandie, teologisk uskolert, og i det ytre skilde ikkje livet hennar seg frå andre unge nonner på den tida. Like­vel er ho blitt den meste populære helgen i moderne tid, og i 1997 vart ho av pave Johannes Paul utnemd til kyrkjelærar og er dermed sidestilt med dei viktigaste teologane i kyrkjas historie. Korleis kunne dette gå til?

En sjels historie. 

Thérèse skreiv, ho skreiv ei mengde brev, små dikt og skodespel, men framfor alt ein sjølvbiografi (En sjels historie) som kom ut året etter hennar død, og på kort tid vart spreidd i store opplag og omsett til over femti språk. Dersom vi går bak 1800-talets blomerike form møter vi her ei ung kvinne med djup innsikt i evangeliet og det andelege livet. På denne tida stod katolisismen og protestantismen steilt mot kvarandre, og økumenikk var ikkje ein aktuell problemstilling – heller ikkje for Thérèse, men hennar innsikt var likevel økumenisk.

Både Martin Luther og Thérèse søkte ein rettvis Gud, og begge reagerte på uheldige utslag i samtidas religiøsitet med vekt på gjerningar, askese, bot og soning. Men reaksjonsforma var ulik, den svenske forfattaren Gunnel Vallquist (som Vårt Land nyleg omtalte) skriv om dette:

«Så smånigom skulle det stå klart att denne lilla nunna, utan några teologisk spekulationer og utan någon polemik … gjort rent hus med precis detsamma som Luther med så mycket buller og bång gått til storm emot: kravet att man måste prestera något för att bli förtjänt av Guds kärlek. (Svenska Dagbladet 1973)

Vil eg trøysta dykk. 

Luther søkte ein nådig og rettvis Gud og fann svar i Paulus brev til Romarane. For Thérèse var og Paulus viktig, og ho noterte dei same versa som Luther la vekt på i sitt breviarium. Vel så viktig for henne var ein del tekstar frå Det gamle testamentet, framom alt Jesaja 66. 12-13: «De skal suga, berast på armen og voggast på fanget. Som ei mor trøystar barnet sitt, slik vil eg trøysta dykk.»

Er Gud primært rettvis eller miskunnsam? Thérèse skjer igjennom og skil ikkje mellom desse eigenskapane, Gud er alltid miskunnsam og rettvis, ein kan ikkje skilja desse eigenskapane på same måte som vi ikkje kan skilja tru og kjærleik. Hos Thérèse er trua ein av kjærleikens eigenskapar.

Kjernen i Thérèses bodskap blir ofte kalla « den vesle vegen» - vi er heilt avhengige av Guds nåde, vi står framom Han med «tomme hender», vi er små og svake og har ingen prestasjonar å visa til.

Knapt ei kyrkje. 

Thérèse har hatt enorm betydning for mange katolikkar, i Frankrike er det knapt ei kyrkje utan eit alter vigd til henne, vi er mange som er glade i «vår vesle Thérèse». Hennar økumeniske innverknad er ikkje så klar, men då Den katolske og lutherske kyrkja kom med felles­erklæringa om rettferdiggjeringa i 1999 trur eg Thérèse hadde «eit ord med i laget». Ho ville utan tvil gått god for følgjande sitat:

«Ene og alene av nåde og ved troen på Kristi frelsesverk og ikke på grunn av noen fortjeneste i oss selv blir vi godtatt av Gud og mottar den Hellige Ånd som fornyer hjertene, kaller og setter oss istand til å gjøre gode gjerninger». (Erklæringen 3.15)

Karmelittmunk Wilfrid Stinissen ocd skriv: «Thérèses økumeniske betydning er nok mykje større enn vi har innsett, og på dette området har vi sikkert store overraskingar i vente.»

Relikvievalfarten til Thérèse og hennar foreldre blir difor ikkje eit ­bisart skodespel frå barokken, men eit høve til å setja fokus på det sentrale i evangeliet: «Ordet vart menneske», vi er kalt til bøn og omvending, vi blir frelst og heilaggjort av Guds nåde åleine­ og ikkje ved eigne prestasjonar.

Gå til innlegget

Psyke og kropp

Publisert 8 måneder siden - 146 visninger

Kroppen er påvirkelig av både fysisk og psykisk stress. Takotsubo eller "broken heart syndrom" er et eksempel på at psykiske påkjenninger kan gi akutt hjertesvikt. Det støtter opp om et syn på mennesket som en integrert helhet , ikke delt i en fysisk og en psykiske del.

«Broken heart syndrome»


Vårt Land hadde nyleg ein reportasje om kjærleikssorg der forfattaren Ingvild Lothe frimodig stod fram med sin livshistorie. I samband med dette kom ein og inn på «Broken heart syndrome» med det medisinske navnet Takotsubo. Dette blei seinare teke opp i ein leiar, og illustrerar korleis ein spesiell medisinsk tilstand på kort tid får ein plass i den allmenne diskursen.
«Broken heart syndrom» er ein form for akutt hjertesvikt som ofte er utløyst av ein eller annan form for stress eller påkjenning, og blir medisinsk gjerne karakterisert som stress-kardiomyopati. Navnet Takotsubo kjem av at japanske forskarar som først dokumenterte tilstanden i 1990, syntest hjerte hadde form av ei japansk blekksprut-teine. Tilstanden kan ikkje skiljast frå hjerteinfarkt utan avanserte undersøkjingar. Prognosen er god, dei fleste er friske etter eit par månadar, og dødsfall er sjeldan. No er ikkje unge med kjærleikssorg dei meste utsette, langt dei fleste med denne tilstanden er kvinner i 60-80 års alderen. Sorg ved tap av ektefelle eller annan nær slektning er ein meir typisk årsak enn kjærleikssorg. Det treng heller ikkje vera dramatiske hendingar som utløyser dette syndromet, eg har sett det hos politikar etter oppheta diskusjon i kommunestyret, og hos restauranteigar som blei mektig provosert av ufordrageleg gjester.
Det finst og ein sjeldnare variant av denne tilstanden utløyst av positivt stress,det såkalla «Happy heart syndrome» eller «Diagoras syndrom»( Diagoras frå Rhodos døydde av glede då to søner vann olympisk gull i år 448 f. Kr.) Eit typisk scenario er «surprise party» for bestemor på 70 årsdagen, eller når barnebarn vinn gullmedalje i sportstevling. Postivt og negativt stress kan altså verka via felles mekanismar og slå ut likt på kroppen. Ein bør med andre ord tenka seg litt om før ein planlegg «surprise party»!
Eg har blitt meir og meir fascinert av denne akutt hjertesjukdomen som for meg er eit argument for at mennesket ikkje er delt opp i psyke og kropp, vi er ein integrert heilskap. Dualismen er ein idehistorisk konstruksjon og dei bibelske forfattarane stod kanskje nærare moderne vitskap enn det mange seinare filosofar og psykologar gjer?

Gå til innlegget

Naive konvertitter?

Publisert over 1 år siden - 309 visninger

Eg kjenner meg treft, men ikkje støtt av Vinjes utsagn.

Under overskrifta «Teologinonsens» uttrykkjer professor Finn Erik Vinje si undring over at velutdanna, oppegåande norske akademikarar og kunstnersjeler kan føla seg tiltrekt av katolisismen. Spesielt sjokkert verkar han å vera over pave Frans helgenkåring i Fatima, Portugal tidlegare denne månaden. Det siste er ikkje noko nyhende, helgenkåringar er ein del av kyrkjas lære og praksis, og det blir utnemnd nye helgenar kvart år. Ein står naturlegvis fritt til å tru at dette er Guds handlingar i historien slik 1,2 milliardar katolikkar gjer, eller avvisa det som nonsens.

Kvart år er det omlag hundre personar i Norge som vel å konvertera til katolisismen, talet har halde seg nokså konstant dei siste åra så dette er definitivt ikkje snakk om ein omseggripande trend. Motiv og bakgrunn er nok ulikt, men ikkje få vel nok å slutta seg til den kyrkja som partnaren tilhøyrer.

Men det skal naturlegvis mange sjøfolk og oljearbeidarar med katolsk kone frå Filippinene til for å balansera medias interesse for ein forfattar eller professor som sluttar seg til Den katolske kyrkja. Medias fokus på dette er nok meir eit uttrykk for at vi lever i eit tolerant og pluralistisk samfunn enn det er genuin interesse for katolisismen.

Dei klåraste svara. Eg kjenner meg treft, men ikkje støtt av Vinjes utsagn. Eg har akademisk utdanning, og mange års vidareutdanning for å oppnå ein spisskompetanse som eit par hundre andre har. I tillegg er eg interessert i andre akademiske fag, alt frå litteraturhistorie og språk til evolusjonsbiologi og kosmologi, og sånn sett ein som burde ha kunnskap nok til ikkje å ta «gamle myter og eventyr» for god fisk. Likevel valde eg katolisismen, avdi eg her fann dei klåraste svara på dei store spørsmåla i tilværet, og avdi eg her kom så nær den absolutte Sanninga som mogleg.

Katolisismen er kanskje den religiøse retninga som legg mest vekt på rasjonell tekning og vitskap. Om dette kan ein seia mykje, men eg vil gje tre eksempel for å illustrera kva eg meiner. I utdanninga av katolske prestar inngår filosofi som ein svært viktig del, dei blir systematisk trent i rasjonell og analytisk tenkning.

Pave Frans har sjølv naturvitskapeleg kompetanse (kjemi) på same måte som alle jesuittprestar; og som eit siste punkt Vatikanets astronomiske observatorium som har ein høg vitskapeleg profil leia av ein amerikanske jesuitt.

Grunnlaget for naturvitskap. Dette spring naturleg ut av at katolske tenkjarar heilt frå dei første tider har sett på universet skapt av Gud på ein måte som er rasjonell, forutseibar og utforskbar. Sånn sett la teologien grunnlaget for seinare hundreårs naturvitskap. Så langt kan nok mange sekulære rasjonalistar følgja med, men når ein i neste omgang hevdar at den same Gud openberrar seg og handlar i historien vil dei naturleg nok falla av lasset. Ein del velutdanna personar har nok funne fram til trua via denne «rasjonelle vegen», men det siste steget må dei likevel ta utan rasjonalitetens hjelp. Men det er få, svært få, iallfall langt færre enn det Finn Erik Vinje ser ut til å frykta.

Ein kan tru eller la vera og her stiller akademikarar og kunstnersjeler likt med «vanlege folk». Det er heller ikkje sikkert at akademikarar med spisskompetanse er klokare og har større innsikt i tilværet enn det «vanleg folk» har, kanskje er det tvertimot? Ein fattig bonde ved foten av Andesfjella dyrkar sine lokale helgenar og ærar Jomfru Maria, at det ikkje skulle vera noko hinsides dette tilværet er utanfor hans førestillingsverd. Han har minimalt med kunnskap og ein horisont som er avgrensa til heimbygda, men han har ikkje nødvendigvis mindre innsikt i dei store spørsmål i tilværet enn ein vestleg akademikar, og han er definitivt meir audmjuk.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Rolf Larsen kommenterte på
En trist nyhet om Smiths Venner
rundt 4 timer siden / 1869 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Hva er kristendom idag - og imorgen?
rundt 4 timer siden / 294 visninger
Arne D. Danielsen kommenterte på
Populismens forenklinger
rundt 4 timer siden / 4264 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
En trist nyhet om Smiths Venner
rundt 4 timer siden / 1869 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
Spekulative og kyniske pengepredikanter
rundt 4 timer siden / 5900 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
NRK med kraftig underdrivelse og slagside om rakettangep fra Gaza
rundt 4 timer siden / 1178 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Spekulative og kyniske pengepredikanter
rundt 5 timer siden / 5900 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
NRK med kraftig underdrivelse og slagside om rakettangep fra Gaza
rundt 5 timer siden / 1178 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
Du skal ikke stjele Det gamle testamentet
rundt 5 timer siden / 1599 visninger
Les flere