Egil Morland

Alder: 69
  RSS

Om Egil

Følgere

Inga lære om dåpen åleine

Publisert over 3 år siden

Skiljet mellom kyrkje og stat er etter mi overtyding ei mindre endring for kyrkja enn det å fremja ei lære om ekteskapet som nullar ut orda om dette i Det gamle testamentet og Det nye testamentet.

Det blei stort oppstyr då KIFO nyleg dokumenterte at nær halvparten av Åpen folkekirke (ÅF) sine røyster kom frå folk som ikkje rekna seg som «personleg kristne». Det blei mindre oppstyr då Respons nyleg melde at nær havparten av Den norske kyrkja sine medlemer ikkje rekna seg som «kristne».

Men er ikkje dette to sider av same sak? Resultatet av kyrkjevalet kom etter ein massiv appell til alle døypte medlemer om at deira dåp var nok både som grunn til å delta i valet og til å endra kyrkja si lære på eit av hennar aller viktigaste lærepunkt, den Gud-gjevne relasjonen mellom mor, far og barn.

Alle veit at «dåpen åleine» gjer valordninga sårbar, og at det er eit spenningsforhold mellom dette og kyrkja si sjølvforståing, uttrykt i vedkjenninga sine ord om at kyrkje «skjer» der forsamlinga er. Det kunne vi leva med. For ordninga med val etter ei gudsteneste understreka den prinsipielle tankegangen.

Det nye no var at nettopp dei svake sidene ved «dåpen åleine» vart lovprist og utnytta – og eg vil seia: På uverdig vis. Var det eitt punkt i det såkalla Stålsett-utvalet som kyrkje og politikarar burde ha trykt til brystet, så var det den samrøystes påpeikinga av at samanblandinga av politiske og kyrkjelege val er ein uting. Det skjedde ikkje. Men det er denne uverdige samanblandinga som har vore med på å gi oss dagens situasjon.

Disippelskap. Den lutherske kyrkja har ikkje ei lære om «dåpen åleine». Dåpen er overalt i Skrift og vedkjenning knytt til tru og disippelskap. Vi talar gjerne om Skrifta åleine, om Kristus åleine og trua åleine, men aldri om dåpen åleine.

Det økumeniske dokumentet som grundigast har teke opp desse spørsmåla (LIMA-dokumentet, eller eng. BEM), utfordrar majoritetskyrkjene i Nord-Europa (og USA) på deira dåpspraksis. No haustar vi fruktene av at vi ikkje har teke slike utfordringar innover oss.

Den aller første paragrafen i Kyrkjemøtet sin forretningsorden, seier at arbeidet skal skje i lojalitet mot den evangelisk-lutherske læra. Det seier meg at det berre er i juridisk og forvaltingsmessig – ikkje i moralsk og teologisk – forstand, at Kyrkjemøtet seriøst kan inkludera likekjønna samliv i kyrkja si ekteskapsforståing.

Det er mi overtyding at skiljet mellom kyrkje og stat er ei mindre endring for kyrkja enn det å fremja ei lære om ekteskapet som nullar ut orda om dette i Det gamle testamentet og Det nye testamentet. Fordi det bryt med vår forståing av tilhøvet mellom lov og evangelium. Slik må det gå når talen om dåpen vert ståande åleine.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 4.4.2016

Gå til innlegget

Rett votering og gyldig tolking

Publisert over 5 år siden

Eg trur tolkinga mi var rett, Gunnar Winther: Det var to grupper som kunna ha redda forslaget «mitt», men ikkje gjorde det.

Gunnar Winther skriv at «Egil Morland, medlem av Kirkemøtet, driver ønsketenkning rundt avstemningsresultatene knyttet til saken om ekteskapsforståelsen i Kirkemøtet 2014… tolkningene hans forblir ugyldige.»

Gode Gunnar Winther. Les ein gong til! Vårt Land spurde om korleis eg ville tolka det faktum at «mitt» forslag ikkje vart vedteke, etter at alle dei andre fall. Eg trur tolkinga mi var rett: Det var to grupper som kunna ha redda forslaget, men ikkje gjorde det: Dei som var enige i ekteskapssyn, men som likevel ville ha ein liturgi for forbøn, og nokre (få?) av oss som stod bak forslaget, men som ikkje meiner at det skal vera opp til prestens pastorale skjøn å utføra forbøn for borgarleg inngåtte ekteskap.

Dette er ikkje «ønsketenkning». Faktisk har eg ingen ønske til saka. Voteringsorden var slik fleirtalet i komitéen rådde til. Det var nemleg viktig for oss å få fram forslag der det var samsvar mellom premiss og konklusjon. Eg ville altså IKKJE ha ei votering som den eg skisserer: at dei prinsipielle ekteskapssyna vart sette opp mot kvarandre. Slik det no vart, slapp vi å enda opp med den såkalla Hegstad-modellen. Eg forstår intensjonen, men er glad for at vi slepp å kommunisera eit slikt (u)mulig utfall til folket!

I komitéen var vi også fleire som meinte at det burde røystast over fellespunktet til slutt (om kyrkja sin einskap trass i usemje). Vedtaket vi gjorde får ikkje fram at vi er mange som nok kan leva med at det er usemje i homofilidebatten, men ikkje med to ulike praksisar.

Det kan ikkje ha unngått nokon at mange etter KM har prøvt å selja inn den «sanning» at kyrkja ikkje har ein tilrådd praksis etter dei nedstemte forslaga. Det er dette som er ønsketenking. Winther hugsar sikkert at eg sa i KM, før den siste avstemminga, at i så fall er det dagens praksis som gjeld. Ingen sa noko imot det, og dette er også den einaste mulige tolkinga av kva som skjer – i alle organisasjonar – når eit framlegg til endring ikkje vert vedteke.

Det frisleppet som mange no heiar fram, kan berre føra til at KM sin autoritet, så vel som samhaldet i kyrkja, vert svekka. I tillegg vert kyrkja latterleggjort. Det er vanskeleg å forstå at nokon kan jubla over geskjeftige ordførarar sine opne dører inn til kommunale vigslingsrom. Det er demonstrative nullitetar. Men null pluss null er framleis null.

Gå til innlegget

Rett votering og gyldig tolking

Publisert over 5 år siden

Gunnar Winther skriv at «Egil Morland, medlem av Kirkemøtet, driver ønsketenkning rundt avstemningsresultatene knyttet til saken om ekteskapsforståelsen i Kirkemøtet 2014… tolkningene hans forblir ugyldige.»

Les ein gang til, Winther. VL spurde om korleis eg ville tolka det faktum at «mitt» forslag ikkje vart vedteke, sjølv etter at alle dei andre fall. Eg trur tolkinga mi var rett: Det var to grupper som kunna ha redda forslaget, men ikkje gjorde det: Dei som var enig i ekteskapssyn, men som likevel ville ha ein liturgi for forbøn, og nokre (få?) av dei som stod bak forslaget, men som ikkje meiner at det skal vera opp til prestens pastorale skjøn å utføra forbøn for borgarleg inngåtte ekteskap.

Dette er ikkje «ønsketenkning». Faktisk har eg ingen ønske til saka. Voteringsorden var slik fleirtalet i komité rådde til. Det var nemleg viktig for oss å få fram forslag der det var samsvar mellom premiss og konklusjon. Eg ville altså IKKJE ha ei votering som den eg skisserer: at dei prinsipielle ekteskapssyna vart sette opp mot kvarandre. Slik det no vart, slapp vi å enda opp med den såkalla Hegstad-modellen. Eg forstår intensjonen, men er glad for at vi slepp å kommunisera eit slikt mulig utfall til folket!

I komiteén var det også mange som meinte at det burde røystast over fellespunktet (om kyrkja sin einskap trass i usemje) til slutt. Vedtaket vi gjorde får ikkje fram at vi er mange som nok kan leva med at det er usemje i homofilidebatten, men ikkje med to ulike praksisar.

Det kan ikkje ha unngått Winther at mange etter KM har prøvt å selja inn den «sanning» at kyrkja ikkje har ein avklart praksis etter dei nedstemte forslaga. Det er dette som er ønsketenking. Han hugsar sikkert at eg sa i KM før den siste avstemminga, at i så fall er det dagens praksis som gjeld. Ingen sa noko imot det, og dette er også den einaste mulige tolkinga av kva som skjer – i alle organisasjonar – når framlegg til endring ikkje vert vedteke.

Det frisleppet som mange no heiar fram, kan berre føra til at KM sin autoritet, så vel som samhaldet i kyrkja, vert svekka. I tillegg til at kyrkja vert latterleggjort. Det er vanskeleg å forstå at prestar kan jubla over geskjeftige ordførarar sine opne dører inn til kommunale vigselsplassar. Det er demonstrative nullitetar. Men null pluss null er framleis null.

 

Gå til innlegget

Myten om to syn

Publisert over 5 år siden

Med tilvising til Kyrkjemøtet (KM) 2007 er det ofte blitt hevda at kyrkja allereie har to syn på likekjønna ekteskap. Ergo er det på tide å ta konsekvensen av dette og innføra ny lære (liturgi).

Argumentasjonen er tilslørande og stemmer ikkje med realitetane i saka.

Vedtaket i KM 2007 som opna for at menneske i registrert partnarskap kunne tilsetjast i vigsla stillingar, gjaldt berre dette­. Det var ikkje eit vedtak om kyrkja sin teologi om ekteskap, familie og born. Heile diskusjonen og vedtaket var basert på partnarskap. Og merk: Det same Kyrkjemøtet avviste faktisk med overveldande fleirtal (83% !) regjeringa sine planar om ein kjønnsnøytral ekteskapslov. Også Lærenemnda si delte innstilling frå 2006 – som KM 2007 bygde på – hadde partnarskap som grunnleggjande føresetnad.

Fordi ekteskap er vesensulikt partnarskap, særleg med tanke på borna sin situasjon, er det ein uhaldbar påstand å seia at kyrkja allereie har to syn på homofilt samliv i ramma av likekjønna ekteskap. Det har KM aldri opna for. Tvert om. Og når Samlivsutvalet på side 38 i fjorårets utgreiing skriv at tidlegare fråsegner og vedtak om partnarskap no må gjelda likekjønna ekteskap, er dette både ei logisk og teologisk kortslutting. Eg vil kalla det manipulering av fakta.

Då Stortinget vedtok den kjønnsnøytrale ekteskapsloven, blei partnarskapslova avskaffa. Debatten om homofilt samliv blei dermed flytta over på ein annan arena. Spelereglane er blitt radikalt endra. No handlar debatten om kyrkja sin teologi om ekteskap, familie og born, og ikkje isolert sett om homofilt samliv. Dei to grunnleggjande spørsmåla i dag er: 1) Kva er eit ekteskap? og 2) Har born ein gudgjeven rett til sine eigne foreldre?

Fordi dagens stridsspørsmål handlar om noko mykje meir enn KM-vedtaket frå 2007 om tilsetjing, bør KM 2014 eigentleg nullstilla seg i høve til tidlegare fråsegner og vedtak. Desse handlar nemleg om noko heilt anna enn det som no vert debattert. Å påstå at kyrkja allereie har to offisielle og likestilte syn om likekjønna samliv og ekteskap, er tilslørande og usant. Det må Kyrkjemøtet ta på alvor.

Egil Morland,

 

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Noen bør skamme seg
av
Espen Ottosen
25 dager siden / 5661 visninger
Kreftens krigsmetaforer
av
Aud Irene Svartvasmo
23 dager siden / 3748 visninger
Ingen skal leve med skam
av
Tor Håkon Eiken
24 dager siden / 1361 visninger
Nå må vi stå sammen
av
Berit Hustad Nilsen
19 dager siden / 1262 visninger
Småprathelvetet
av
Ann Kristin van Zijp Nilsen
10 dager siden / 1232 visninger
Smiths Venner på ville veier.
av
Gerard Oord
9 dager siden / 1188 visninger
HVILKEN ELEFANT?
av
Rikke Grevstad Kopperstad
8 dager siden / 1161 visninger
Skal vi forby det vi ikke liker?
av
Paul Leer-Salvesen
19 dager siden / 1148 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere