Emil André Erstad

Alder: 28
  RSS

Om Emil André

Kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomité. Politikk, bøker og menneskerettar.

Følgere

Søndagsfridom

Publisert rundt 2 år siden

Både tilhengarane og motstandarane av søndagsfri seier dei er opptekne av fridom. Spørsmålet ein burde stille er: Fridom for kven?

Kulturminister Trine Skei ­Grande vil ikkje legge forslaget om søndagsopne butikkar i skuffa, sjølv om fleirtalet i ­opposisjonen på Stortinget har varsla at forslaget vil bli nedstemt.

No skal saka ut på høyring i alle ­landets krikar og krokar. Det kan bli eit godt høve til å sjå nærare på kva argumentasjon som brukast i debatten – og kven sin fridom dei ulike sidene argumenterer for.

Kven sin fridom

Perspektiv er eit stikkord i debatten om søndagsopne ­butikkar. Kor har du perspektivet ditt og kven sin fridom er du mest opptatt av?

– Er du opptatt av åleinemora som jobbar deltid i butikk og som må jobbe mange fleire søndagar og helger dersom det blir søndagsopne butikkar?

– Eller er du mest opptatt av paret som gløymde å kjøpe søndagsmiddagen på laurdagen?

– Eller er perspektivet ditt på alle oss andre, som kjem til å oppleve fleire ­mogelege handletider og større kjøpepress?

Mindretal av forbrukarane

Når høgre­sida snakkar om at søndags­opne butikkar handlar om fridom, har dei ­berre perspektiv for forbrukarane. ­Eller meir spesifikt dei forbrukarane som ­ønsker meir handling, meir opningstid og meir kjøpepress. Som ifølge undersøkingar om søndagsopne butikkar er eit mindretal av forbrukarane.

For eksempel han studenten som gløymde å kjøpe pizzaen laurdag kveld og som helst vil kjøpe den i ein butikk som er større enn 100 kvadratmeter. Høgresida sitt perspektiv er altså hos eit ideologisk motivert mindretal av forbrukarane.

Å framstille kampen for søndags­- opne butikkar som ein fridomskamp, grensar derfor til det ureielege, dersom fridomen til tilsette og resten av forbrukarane ikkje er ein del av perspektivet ditt.

Handle når dei vil

Slik var også spørsmålet når butikktilsette i si tid gjekk ­under slagordet «Åtte timers arbeid – åtte timers fritid – åtte timers hvile» før Arbeidsmiljølova vart innført. Med ­høgresida sin argumentasjon kan ein snu det opp ned og sei at Arbeidsmiljølova på denne måten hindrar folk i å handle når dei vil. Få vil hevde at Arbeidsmiljølova ikkje er ei fridomslov.

Det er heller ikkje slik at søndagsfri er den einaste reguleringa på opningstid vi har i dette landet. Vi har ei rekke andre reguleringar på opningstid og arbeids­tider. Kvifor? Jo, fordi målet har vore å ­avgrense marknadskreftene sine negative konsekvensar for folks fridom og fritid.

Ikkje deira fridomskamp. Det kan sjølvsagt hende at nokon vil oppleve eit fridomsrøveri ved å møte stengte ­butikkdører ein gong i veka. Men det kan hende det ikkje er deira fridomskamp som bør stå først på prioriteringslista til politikarane.

Det kan hende dei tilsette i ­butikkane bør settast først. Forbrukarane som ­ønsker mindre kjøpepress. Søndagsfri er ei ordning som sikrar alle desse meir fritid og meir fridom. Det kan hende ­fokuset bør vere på alle dei menneska som vil miste sin søndagsfridom viss det upopulære forslaget om søndagsopne butikkar skal gjennomførast.

Menneskesyn

Spørsmålet om søndagsfri handlar om korleis vi ser på ­samfunn og menneske. Er menneske utelukkande individ som kan bestemme over seg sjølv, alltid og uansett? Eller er vi fellesskapsvesen som blir påverka av vala andre tar rundt oss?

Eg trur det siste. Derfor trur eg kampen mot søndagsopne butikkar er kampen for søndagsfridom.

Gå til innlegget

For ungdommen

Publisert rundt 2 år siden

Det er mange problem i norsk politikk. At det er for mange ungdommar der, er ikkje eitt av dei.

Fleire samfunnsdebattantar har den siste tida brukt spalteplass på å argumentere mot ungdomspartia som konsept:

– Robert Mood skriv i si ferske bok Ansvar følgande om ungdomspolitikarar: «De skaper seg en karriere på å være gode til å argumentere for Støre, Solberg, Jensen, Hareide og Grandes meninger og løsninger. Å snakke frem et program best mulig blir veien til suksess fremfor egne selvstendige meninger».

– I førre veke gjekk byrådsleiar i Oslo, Raymond Johansen ut i Dagsavisen for å åtvare mot såkalla broilerkultur og at altfor mange i Arbeidarpartiet «berre» har AUF i bagasjen. Han meiner moderpartiet burde «greid det betre», kva no enn det skal bety.

– Skaperkraft-skribent Andreas Espegren Masvie, skreiv i desember i ein artikkel i Journal of Practical Ethics at det er uetisk å rope hurra for ungdomsparti som fenomen. Han går så langt som å hevde at ungdomspartia øydelegg evnen til å resonnere fritt og tenke kritisk, og såleis trugar sjølve fundamentet for demokrati.

Myter heller enn fakta

Desse kritikarane er ikkje åleine om å kritisere ungdomspolitikken og ungdomspolitikarar. Felles for mange av kritikarane er at dei sjølv aldri har sett foten sin på eit møte i regi av eit ungdomsparti. Det er kanskje også grunnen til at kritikken dei kjem med i stor grad er bygd på myter heller enn fakta.

Det er få stader eg har opplevd like mange modige, uredde og frittenkande stemmer som i ungdomspolitikken. Både internt i partiet eg høyrer til, men også blant dei andre. Det er der eg høyrer dei friskaste og mest ærlege debattane av alle debattane eg opplever i politikken. At det er høgare terskel for å tenke fritt i desse miljøa enn elles i samfunnet, har eg inga tru på. Tvert imot trur eg evna til å resonnere og tenke kritisk er noko høgare innan ungdomspartia, enn utanfor. Kanskje også høgare enn i moderpartia – der ord som ansvarlegheit og realisme har ein tendens til å skugge over dei radikale og ungdommelege ideane.

For seg sjølv

Utspela kan lesast som del av ein større maktkamp. Ein maktkamp mellom generasjonane. Kanskje er trugselen om at unge menneske skal organisere seg, skulere seg og delta i demokratiet ein skremmande tanke for dei som vil ha demokratiet for seg sjølv. Slik er det heldigvis ikkje med alle.

Så er det jo sjølvsagt heller ikkje slik at ungdom i politikken er ei homogen gruppe av likesinna – slik ein kan få inntrykk av frå kritikarane. Tru meg: Ungdom fins både med og utan fagbrev. Med og utan fråfall. Med og utan bachelorgrad. Med og utan fem års arbeidserfaring. Med og utan born. Å kritisere og generalisere over ungdom som gruppe blir like dumt som å kritisere og generalisere eldre, middelaldrande eller tjueåringar.

Kikk rundt oss

Framfor å kritisere noko av det finaste og mest unike ved det norske politiske systemet, bør vi ta ein liten kikk rundt oss i verda først. Når eg reiser ut i verda og møter såkalla ungdomspolitikarar frå andre land, har dei ofte det til felles at dei er dobbelt så gamle som ein norsk ungdomspolitikar og at dei ofte er til pynt i eige parti. I desse landa utan etablerte tradisjonar for ungdomsparti, ser ein at unge politikarar er meir lojale mot maktpersonane. Det er få stader ungdom speler ei større rolle på samfunnspåverknaden enn i Norge, og det er få stader ungdommane har ei friare rolle i politikken enn i Norge. Det er utelukkande positivt, dersom nokon skulle lure.

Vi kan jo stille oss spørsmålet om kva vi hadde mista dersom ungdomspartia forsvann frå systemet vårt? Eg trur vi hadde mista skulert ungdom. Ungdom skulert i demokrati og politiske prosessar. Ungdom som brenn for verda rundt seg og som løftar perspektivet i den politiske debatten.

Den kjem nok aldri, den dagen det blir eit problem at for mange er aktive i ungdomspartia.

Gå til innlegget

Danning framfor alt

Publisert rundt 2 år siden

Det ideologiske synet på utdanning får konsekvensar for skulepolitikken som førast. Det ser vi tydeleg i spørsmålet om fleire lærarar i norske klasserom.

Kvifor er høgresida så ueinig med KrF om lærarnormen? Mange har nok litt vanskeleg for å forstå kvifor fleire lærarar i norske klasserom skal vere så dumt. Kvifor ein skal uttale at ein er «dead against» noko slikt. Personlig syns eg Høgre, Framstegs-partiet og Venstres motstand mot lærarnorma er litt vanskeleg å forstå.

Men likevel trur eg det handlar om det ideologiske synet på utdanning og kunnskap. Kva er ein lærar? Kva er kunnskap? Kva er danning? Den kjende kristendemokraten Jon Lilletun gjentok mange gonger sine visjonar for norsk utdanningspolitikk i følgjande setning: «Skulen skal skape gagns menneske».

La meg forklare kvifor den er lettast å oppfylle med fleire lærarar i klasseromma.

Læring mot testing

Danning kan av og til stå i motsetnad til eit instrumentelt syn på skulepolitikken: læring mot testing. Samlebandsskulen mot danningsskulen. Driv vi med skule først og fremst for å skape framtidige verdiskaparar? For å fylle på næringslivet med ein kompetent arbeidsstokk som har lært matematikk og engelsk? Eller driv vi med skule fordi vi meiner menneske treng danning?

Danning er kanskje eit gamalt ord. Vi tenker kanskje på gamle menn med spanskrøyr og forelda sosiale kodar. Men i realiteten er det det beste ordet til å summere opp kva elevar som skal kome ut skuleporten etter ti år i den norske grunnskulen.

Det er kanskje lettare å sei kva danning ikkje er, enn å sei kva det er. Vi pleier jo ofte å sei at menneske er udanna eller at dei manglar danning, viss dei manglar manerar eller allmennkunnskap. Men danning er ikkje snobberi eller overklasse. Det er noko alle menneske treng.

Danning er folkeskikk

Det er grunnleggande samfunnsforståing. Det er forståing av kultur. Det er andelege, kulturelle­ og praktiske ferdigheiter. Det er personleg og sosial kompetanse. Det er trening av heile menneske til å leve i eit samfunn, med alt det inneber. Sjølvsagt er familien den viktigaste arenaen for danning, men sidan borna våre brukar så mykje av si vakne tid på skulen – er også skulen ein viktig arena for danning.

Misforstå meg rett: Sjølvsagt er faglege resultat viktig. Sjølvsagt bør ein vere oppteken av at skulen kan gje grunnleggande ferdigheiter i matematikk og norsk slik at dei kan studere vidare. Men ingen bør tru at dette er heile poenget med skulen.

Ein skule som har auge for danning, er ein skule der relasjonar betyr meir enn karakterar. Relasjonar mellom elevar. ­Relasjonar mellom lærarar og elevar. ­Relasjonar mellom skule og heim. Og dersom relasjonar betyr noko, så betyr det noko kor mange lærarar det er i kvart klasserom. Talet på lærarar er viktigare enn kva mastergrad dei har. Det er dei menneskelege aspekta ved det å vere lærar­ som verkeleg betyr noko.

Fleire lærarar

Lærarnormen vil føre til fleire lærarar i heile Norge. Alle skular der talet på elevar er for høgt per lærar, vil få fleire lærarar. Enkelte forskarar har kritisert innføringa av lærarnormen med at vi ikkje veit kva effekten er av fleire lærarar i norske klasserom. For det første er ikkje dette sant. Det fins mykje internasjonal forsking som viser effekten av fleire lærarar. For det andre handlar dette om sunt bondevett. Alle kan for eksempel tenke seg til at relasjonar mellom lærarar og elevar vert lettare desto betre tid kvar lærar har til kvar elev.

Ein lærar som kjem inn i eit overfylt og kaotisk klasserom med 30 elevar, angrar kanskje ikkje på at han eller ho aldri tok den mastergraden. Lengst framme i pannebrasken ligg kanskje spørsmålet: Korleis kan eg skape gode relasjonar til alle desse elevane på ein gong? Korleis kan vi få ro? Korleis kan eg få følgd dei opp?

Viss du ikkje trur meg, kan du berre spørje ein lærar du kjenner.

Gå til innlegget

Det som ikkje kan teljast

Publisert over 2 år siden

Forbruket gjer oss ikkje lukkelegare. Det er på tide politikarane tar konsekvensen av det.

Då eg var liten, brann familiegarden vår til grunnen, rett framfor augo våre. Eg har framleis sterke inntrykk frå synet av fjøset som gjekk opp i flammar. Det fekk store materielle konsekvensar, både for dyra, utstyret og oss som dreiv garden. Det var ein tragedie.

Eg var berre fem år den gongen, i 1996. Likevel hugsar eg noko av det som gjorde inntrykk på meg. For eksempel det at det ikkje var tapet av dei materielle verdiane som gjorde tragedien størst for foreldra og besteforeldra mine. Det var tapet av tradisjon. Av dyr som ein var glade i. Av minner frå eit utal timar med fjøsstell, slått og anna tidsslukande gardsarbeid.

Det er sjeldan tinga rundt oss gir oss ei kjensle av lukke. Etter brannen i 1996 kunne vi bygge opp eit nytt fjøs. Kjøpe nytt utstyr. Men affeksjonsverdien frå den gamle garden fekk vi aldri att. Verdien av det som ikkje kan teljast. Likevel ser vi at samfunnet rundt oss blir åstad for eit stadig meir intenst forbruksjag. Vi vil ha meir. Oftare. Større. Betre.

Kalkulatorsamfunnet

Resultata av kalkulatorsamfunnet er nesten litt for spinnville til å fatte: Ein gjennomsnittleg norsk sjuåring har 600 leikar. I fjor brukte nordmenn 70 milliardar på oppussing. Undersøkingane viser at vi nordmenn bytar ut 10 år gamle kjøkken og at vi har nok verktøy til å starte eigen snikkarbedrift.

Kva om vi stoppar opp, trekk pusten og ser på konsekvensane av denne utviklinga?

For det første har vi dei reint miljømessige konsekvensane. Vi veit for eksempel at produksjonslinja for ei t-skjorte inneber ei rekke energikrevjande stoppestader før den hamnar i klesskapet ditt. Berre det å dyrke bomulla til t-skjorta kan krevje meir enn 1.000 liter vatn og store mengder giftige insektmiddel. Vi veit ò at klimautsleppa aukar når forbruket aukar, så lenge dei landa som produserer varene våre er avhengige av fossil energi.

Konsumentar i ein marknad

For det andre ser vi at ein overdriven materialisme fører til at vi menneske ser oss sjølv først og fremst som konsumentar i ein marknad. Sterke mekanismar i marknaden lurer oss til å tru at så lenge vi får litt meir av alt, blir vi lukkelegare og betre menneske. Aukar forbruket, aukar lukka - blir vi fortald.

Det er ikkje riktig. Dei djupe behova våre dekkast ikkje av eit stadig meir intenst forbruksjag. Dersom ein stilnar jaget etter meir forbruk, kjenner vi ofte på tomheita og behovet for ytterlegare meir forbruk. Alle som har kjøpt ei ny datamaskin, ein ny telefon eller ny bil, veit dette.

Set vi ikkje grenser for marknaden, vil den trenge inn overalt. Det er derfor ei like viktig politisk oppgåve å sette grenser for marknaden, som det er for politikarane å sette grenser for staten. Det rommet i mellom der – det vi kallar sivilsamfunnet og den private sfære – må beskyttast og vernast. Det gjeld for eksempel i spørsmålet om fritid og søndagsopne butikkar. Det gjeld i spørsmål om reklame. Opningstider. Miljøavgifter.

Menneskeleg lukke

Alt skal ikkje teljast. Vi kristendemokratar pleier å bruke ei historie om dei to kjende økonomane Wilhelm Röpke og Ludvig von Mises. Tyskaren Röpke var kristendemokrat, medan von Mises var liberalar. Ein ettermiddag like etter andre verdskrig spaserte dei to forbi ein kolonihage i Geneve. Von Mises betrakta verksemda i kolonihagen med ei skeptisk mine og gav uttrykk for at dette var ein særs ineffektiv måte å produsere matvarar på. «Kanskje det», svarte Röpke. «Men det er også ein særs effektiv måte å produsere menneskeleg lukke på».

Gå til innlegget

Perspektivlaust om statsbudsjettet

Publisert over 2 år siden

Den viktigaste debatten om norsk økonomisk politikk kvart år, har ein lei tendens til å bli i overkant navlebeskuande.

DET VAR LITT av ei oppleving å sjå Dagsrevyen førre torsdag, dagen då statsbudsjettet vart lagt fram for Stortinget. Sjølvsagt fekk vi servert dei årvisse reportasjane av typen «dette betyr statsbudsjettet for lommeboka di».

Eg kan styre mi begeistring for opplysningane om at «så mange milliardar i skattelette betyr så mange tusen kroner meir på kontoen din». Og endå viktigare: «Desse og desse tinga blir dyrare for deg».

Etter mi meining er desse sakene
om statsbudsjettets konsekvensar for pengane i lommeboka di kanskje blant den mest fordummande journalistikken som fins.

Framifrå illustrasjon. Kvifor det, spør du kanskje? Jo, la meg gje eit eksempel frå Dagsrevyen si sending som illustrerer dette på ein framifrå måte.

Ei av sakene i sendinga handla nemleg om at momsen på det som er gøy, aukar frå 10 til 12 prosent – den såkalla
«moromomsen». Saka vart illustrert med levande bilete frå ei rekke sentrale kulturtilbod i Oslo, med bodskap om at det vil koste meir å bruke desse viss regjeringa sitt forslag til statsbudsjett går gjennom.

NRK illustrerer: Folk vil måtte betale meir for taxituren. For billettane til kollektivtransport. For overnatting på turisthytter i fjellheimen. For å gå på museum. For å gå på kino. Slike ting vil bli cirka 5 kroner dyrare. 5 kroner.

Fleire av intervjuobjekta i saka er vanlege folk som får spørsmål om kva dette vil bety for deira kvardag. Sjokkerande nok er fleire av dei negative til å måtte betale meir for ting som er gøy. Eit av intervjuobjekta går så langt som å sei: «Hvis dere skal øke prisene, gi oss noe tilbake, da!»

Noko tilbake. Som om velferdsstaten Norge ikkje gir oss noko tilbake for det vi betalar i skatter og avgifter. Viss det er verkelegheitsoppfatninga di, bør du snarast mogleg sette deg ned og byrje å lese dei hundrevis av sidene med budsjett­dokument som regjeringa la fram torsdag morgon i Stortinget. Der vil du finne alt frå nye investeringar i sjukehus, i infrastruktur, i skulen, i forsvaret, i beredskap og ei rekke andre ting som «gir oss noe tilbake».

For det er lett å gløyme slikt når media vinklar saker med «dette betyr statsbudsjettet for deg», der dei gløymer å skrive at det framleis betyr gratis helsehjelp, gratis utdanning, eit av verdas mest tryggleiksskapande politi og ei barnehagedekning ein berre kan drøyme om i andre land.

Landet det er så godt å bu i. Det er lett å tenke at alt dette er gratis. At staten har ordna dette – ein gong for alle. Men sanninga er at det er dette statsbudsjettet handlar om i år og åra framover: Korleis vi skal ha pengar til å finansiere den velferdsstaten som har gjort Norge til det landet det er så godt å bu i.

Misforstå meg rett: Det er ei rekke sider ved regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett som bør endrast og forbetrast. Men perspektivet bør ikkje handle om at det blir 5 kroner dyrare å gå på kino eller at du får meir å rutte med i lommeboka av skattekutt.

Perspektivet bør handle om etterlivet når olja tar slutt og samfunnet er blitt grønt. Perspektivet bør handle om korleis vi som fellesskap i framtida skal halde fram med å finansiere dei delane av statsbudsjettet som vi tar for gitt.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Visjon Norge som «Guds forrådshus»?
av
Cecilie Erland
21 dager siden / 2129 visninger
Å bli forma til eit kristent liv
av
Hallvard Jørgensen
18 dager siden / 1774 visninger
Tilbake til humanismen
av
Hans Anton Grønskag
7 måneder siden / 1768 visninger
Fleksibel og sliten
av
Merete Thomassen
6 dager siden / 1270 visninger
Lengselen etter det evige hjem
av
Heidi Terese Vangen
11 dager siden / 1102 visninger
Respektløshet og bedrag i Jesu navn
av
Pål Georg Nyhagen
21 dager siden / 1034 visninger
Klima er viktigst!
av
Arne Danielsen
26 dager siden / 989 visninger
Rusreformen som gjør vondt verre
av
Constance Thuv
15 dager siden / 907 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere