Emil André Erstad

Alder: 28
  RSS

Om Emil André

Kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomité. Politikk, bøker og menneskerettar.

Følgere

Religionsfridom i spel?

Publisert over 1 år siden

Viss alt til slutt vert ein kamp for religionsfridomen, kan det ­øydelegge for dei kampane der religionsfridomen verkeleg er i spel.

Eg er oppteken av ordbruk og misbruk av ord, og i sommar har eg tenkt ein del på det ­siste. Heilt ­sidan eg blei engasjert i ­politikken har eg høyrt argumentet «dette er eit ­angrep på religionsfridomen min» bli brukt i eit vidt spekter av saker. Eg har brukt ­argumentet mange gonger sjølv også. Den siste tida har eg sett argumentet bli brukt i oppheta debattar om samlivssyn blant kristne, og i debatten om dei såkalla ­mirakelpredikantane.

I utide. 

Det må vere unikt for eit i-land for å hevde at det er åtak på religionsfridomen å få kritikk mot samlivssynet sitt eller kritikk for å tene pengar på å be for folk over telefon. Gjer ordet religionsfridom i det heile meining viss det skal brukast så vidt? Kan ordet brukast både om mirakelpredikantar sin rett til å tene pengar på bøn over telefon, samstundes som det brukast om fengsling, avretting og forfølging av kristne i andre delar av verda? Tvert om, omgrepet står i fare for å miste meiningsinnhaldet sitt når vi sleng det rundt i tide og utide.

Dokumentasjon.

Somme tider kan det høve seg å sette ting litt i perspektiv. ­Somme tider kan det høve seg å spørje kristne i Nord-Korea, Afghanistan eller Somalia om kva religionsfridom eigentleg er, eller endå viktigare: korleis mangel på religionsfridom eigentleg ser ut? Eg trur ikkje dei vil byrje å snakke om mirakelpredikantane sin rett til å ta betalt for bøn eller at dei får kritikk for samlivssynet sitt i offentlegheita.

Når folka bak World Watch List – som dokumenterer grove forfølging av kristne rundt om i verda – lagar lista si, er det desse spørsmåla dei stiller seg i arbeidet med religionsfridomen:

- Gir eit land si grunnlov og/eller lovverk religionsfridom? Er det ifølge lova tillete for enkeltpersonar å konvertere til ­kristendommen?

- Vert kristne drepne for si tru? Vert kristne sende i fengsel, arbeidsleirar ­eller innlagt på psykiatrisk sjukehus?

- Har kristne fridom til å trykke og distribuere kristen litteratur? Blir kristne publikasjonar forbodne eller sensurert i det gjeldande landet?

- Er det åtak på kristne møtestader ­eller dei kristne sine heimar ut frå anti-kristne motiv?

Grunnleggande.

Sjølv om desse spørsmåla har eit særskilt fokus på kristne, er det ingen tvil om at dei kan vere gyldige òg for andre trussamfunn og livssyn. Desse spørsmåla ligg nærare kjernen i spørs­målet om kva religionsfridom eigentleg er for noko, enn slik vi ofte høyrer omgrepet vert brukt i debattar her heime. Det kan derfor vere lett å gløyme kva religions­fridom er, når omgrepet vert tøygd og strekt i mange retningar.

Eg seier ikkje at debattane om samlivssyn eller mirakelpredikantane ikkje er viktige, men at vi alt for ofte lar vi oss freiste til å springe til den lettvinte løysinga om å bruke religionsfridoms-­argumentet i debattar som handlar om ting som er mindre grunnleggande enn som så. Alt kan ikkje vere heilt grunn­leggande samstundes.

Ulv.

For når vi tar ordet religionsfridom i munnen vår, bør vi vere klar over at det er noko heilt grunnleggande. Det handlar om retten til å ha ein religion eller ei tru. Det handlar om fridom til å utøve religion og tru. Det handlar om rett til fellesskap med andre som trur.

I ein sakleg debatt med saklege ­argument fins det som regel ei rekkje ­andre argument som kan brukast før vi må dra inn religionsfridomen. Det gjeld både for debattane om kristent samlivssyn og om mirakelpredikantane.

Ord er makt. 

Alle som har høyrt den gamle historia om guten som ropte «ulv, ulv» veit det. Historia fortel endå meir om kva konsekvensar misbruk av ord kan få.

Trykket i Vårt Land 25. juli 2018 i spalten Ideologi. 

Gå til innlegget

Ein felles samfunnsrytme

Publisert over 1 år siden

Vi treng noko som er felles i dette landet. Å privatisere dei felles høgtidsdagane er feil veg å gå.

Det er mange som strevar med korleis vi skal møte ei ny tid. Kva skal vi gjere med den kristne kulturarva – alt dette vi uansett har med oss? I mai kom dette til uttrykk gjennom debatten om dei felles høgtidsdagane. 

Kulturminister Trine Skei Grande tok til orde for å fjerne lova om heilagdagsfreden. Nettavisen-redaktør Gunnar Stavrum ville fjerne dei felles høgtidsdagane til fordel for ein pott med private fridagar. Fleire andre slengte seg også på debatten med meir eller mindre kreative forslag til korleis vi kan fjerne dei felles samfunnsrytmen. Det er like føreseieleg at denne debatten kjem i mai, som at debatten om skulegudstenester dukkar opp i førjulstida. Begge delar handlar om ein utryggleik for korleis den kristne kulturarva skal møte ei ny tid.

Tre hovudstrategiar. 

Denne debatten er interessant. Eg trur vi kan snakke om tre hovudstrategiar. La meg kort gå gjennom dei og grunngje kva for ein som vil vere den beste. 

For det første kan vi snakke om den nøytrale strategien. Den vert halde fram av dei som vil støvsuge samfunnet vårt for alt som luktar kristenmannsblod. I mange tilfelle er tilhengarane av denne strategien drivne av ein positiv idealisme som bygger på ein tanke om likebehandling, ikkje-diskriminering og inkludering. Logikken er at dersom alle som bur i Norge skal kjenne seg inkludert i det norske samfunnet, må vi ha ein felles grunn som er nøytral, og spesielt i dette tilfellet: livssynsnøytral. Ofte er det Human-Etisk Forbund som kjem trekkande med denne. Det store spørsmålet er derfor: Fins det noko som er nøytralt eller livssynsnøytralt? 

Raudt kort. 

For det andre kan vi snakke om den fryktbaserte strategien. Kort fortald: «Hjelp, muslimane kjem!» Denne har nok størst appell blant dei innvandringskritiske som vil bruke den kristne kulturarva som ein mur rundt landet vårt. Plutseleg blir det ein kristen verdi å ete svin eller drikke alkohol. Eller å stenge folk ute. Det handlar her om å bruke den kristne kulturarva som identitetspolitikk. Jan Inge Sørbø har oppsummert denne strategien med orda «verdiar som raudt kort». 

Ein eksponent for denne strategien er eksempelvis Frp-politikar Mazyar Keshvari når han seier at «Den norske kirke er en branntomt. Det er bare å kondolere og starte å feie opp restene. Man kan gjerne med rette spørre seg om såkalte prester og kristne, som bevisst og aktivt jobber for å fjerne kristendommen og dens relevans for å innføre islamsk innflytelse og dominans, virkelig er kristne og tjener herren eller helt andre krefter». Eg meiner det er nokså opplagt kvifor denne strategien bør skrotast fort som råd. 

Positiv grunnmur. 

For det tredje finn vi den positive strategien. Den handlar heilt grunnleggande om å bruke den kristne kulturarva som ein positiv grunnmur for samfunnet vårt – ikkje for å ekskludere eller skremme folk bort. Den tidlegare svenske statsministeren Tage Elander sa ein gong: «Vår oppgåve som politikarar er å bygge dansegolva, slik at enkeltmenneska kan få danse sine eigne liv». Med den positive strategien for den kristne kulturarva, kan vi godt seie at den utgjer eit slikt dansegolv. I alle fall ein del av materialet som utgjer parketten. 

Dersom vi vel den positive strategien, kan vi enkelt finne svaret på mai-månadens heilagdagsdebatt. Kva er det positive vi kan ta med oss frå den kristne kulturarva, som kan vere dansegolv for både muslimar, kristne, human-etikarar og andre truande? Det er nettopp den felles samfunnsrytmen. At vi har ein kvilepuls som er felles.

Som dansegolv. 

Det er ei styrke, ikkje ein utfordring. At tradisjonane våre er fundert i den kristne kulturarva er ei styrke, viss den kristne kulturarva brukast som dansegolv heller enn grensegjerde. Ingen får allergiske utslett av å bli minna om kva verdiar Norge vart bygd på – og kva verdiar som framleis er viktige for det samfunnet vi har i dag. 

Det blir ikkje meir mangfald av å fjerne alt som er felles. Vi blir tryggare som samfunn dersom vi er trygge på eigne tradisjonar i møte med det nye mangfaldet. Eg trur det er den beste måten å skape eit varmare samfunn saman.

Trykket i Vårt land 30. mai i spalten Ideiologi

Gå til innlegget

Vårt Europa

Publisert nesten 2 år siden

Eit framleis samla Europa krev at vi adresserer dei vanskelege spørsmåla knytt til migrasjon, arbeidsløyse og identitet. Men det må ikkje skje på populistane sine premissar.

Den siste tida har eg brukt tida på lesing av ein boktittel så mørk at ein kan bli litt mørkredd av tanken. Den heiter After Europe. Det er ikkje vanskeleg å kome inn på tanken når ein kikkar rundt seg og ser det som skjer på kontinentet. Vi diskuterer framleis konsekvensane av det fleirtalet av det britiske folk bestemte, då dei stemte for å trekke Storbritannia ut av EU i 2016. Framleis er det få som veit heilt kva som blir det endelege resultatet, snart to år etter. Blir det igjen ei hard grense mellom Nord-Irland og republikken på resten av den irske øya?

I autoritær retning. 

Samstundes ser vi høgrepopulistar sin vekst i fleire land, og korleis dei festar grepet om regimet og makta i andre land. Vi ser Viktor Orbán i Ungarn og vi ser Lov og rettferdspartiet i Polen. Felles for desse høgrepopulistiske rørslene er at dei dreg Europa i meir autoritær retning.

I boka skriv forfattaren Ivan Krastev om populismen og Europas framtid – eller kanskje rettare sagt: frykt for mangel på felles framtid. Boka klarar på meisterleg vis å få fram dei mange paradoksa som ligg til grunn for situasjonen med framveksande populisme over heile kontinentet.

Krastev meiner flyktningkrisa som trefte Europa i 2015 er den enkelthendinga som har endra verdsdelen sterkast på lang, lang tid. Han meiner migrasjonskrisa ikkje berre handla om tilstrøyminga av flyktningar, arbeidsinnvandrarar og andre migrantar – men også om ein slags migrasjon av argument, kjensler, politiske identitetar og stemmer på kryss og tvers rundt om i Europa.

Globaliseringa sine skuggesider. 

Mange har peika på globaliseringa sine skuggesider som dei største årsakene til at høgrepopulistar har vunne fram i mange land. 

Men Krastev meiner også at globaliseringa er blant dei viktigaste årsakene til at migrasjonskrisa gjorde seg gjeldande nettopp i 2015. «Globaliseringa har gjort verda til ein global landsby, men denne landsbyen er del av eit slags diktatur – eit diktatur av global samanlikning».

Krastev peikar på at den nye sosiale mediaverkelegheita gjer at menneske i ulike delar av verda mykje meir enn før samanliknar seg med folk i andre delar av verda. Dei ser kva dei kan få ved å flytte på seg.

Samstundes gjer migrasjonen at gamle skiljelinjer som aldri eigentleg forsvann frå Europa plutseleg kjem opp i dagslyset att. Krastev skriv at Brussel kallar det manglande solidaritet på tvers av landegrensene i Europa, men det er i realiteten snakk om ulike solidaritetsomgrep på kollisjonskurs: Nasjonale, etniske og religiøse solidaritetsomgrep som kjem opp mot våre forpliktingar som menneske. Gruppesolidaritet framfor grenselaus solidaritet.

migrasjonens tidsalder. 

Så kva hendte med ideen om eit fritt og grenselaust Europa? Krastev meiner at det var ønsketenking. Han viser til mange anekdotiske eksempel for å styrke argumentet sitt. For eksempel ein studie som viste at tyskarar overvurderte avstanden mellom tyske byar meir viss ein av byane var i det tidlegare Vest-Tyskland og den andre var i det tidlegare Aust-Tyskland, enn viss begge byane var i same del av det gjenforeina landet.

Poenget er: Ja, vi er samla, men vi gløymer ikkje kven vi er eller kor vi kom frå. I migrasjonens tidsalder kjem plutseleg desse tinga til overflaten igjen.

Eit splitta Europa.

Norge er ikkje medlem av EU, men likevel ein viktig alliert for det europeiske fellesskapet. Sjølv om tendensane er sterkare ute på andre delar av kontinentet enn her heime, er det ikkje fritt for at vi ser små teikn også i den norske debatten. Det bør vi kjempe mot. Det fins ting vi burde kunne einast om uansett kva vi meiner om norsk medlemskap i EU. Eit samla Europa er eit trygt Europa. Eit splitta Europa er eit farleg Europa.


Trykket i Vårt land 2. mai 2018

Gå til innlegget

Når samfunn går i oppløysing

Publisert nesten 2 år siden

Då er det som regel familiane som ryk først.

Den sterkaste boka eg har lese det siste året, er boka Hillbilly Elegy av forfattaren J.D. Vance – ei slags familiekrønike om ein dysfunksjonell familie og eit samfunn i oppløysing. På reise gjennom USA tre veker i februar prøvde eg med eigne auge å studere det samfunnet forfattaren skriv om, der forskjellane mellom folk er i ferd med å bli uoverstigelege. Boka kom allereie i 2016, men er framleis eit godt verktøy til å forstå noko av det som er i ferd med å gå fundamentalt gale i delar av det amerikanske samfunnet – og kva utslag det har fått i det politiske leiarsjiktet i Washington D.C. Djupast sett handlar det om familiar som går i oppløysing.


Løvetannbarn. Forfattaren skriv sterkt om sin eigen oppvekst. I Norge ville vi kalla han eit løvetannbarn. Ein som tidleg hadde oddsa mot seg i livet, men som likevel lukkast. Ein som vaks opp i ein dysfunksjonell familie med hyppige utskiftingar av farsfigurar. Ein som opplevde at mora drakk og misbrukte stoff. Ein som ikkje opplevde at familien hadde råd til noko. Ein som ikkje kunne kjenne seg trygg i sin eigen heim. Ein som ikkje vart oppmuntra til å ta høgare utdanning. I staden for å ta i bruk dei moglegheitene som framleis fins, vert ein oppmoda til å gje opp. Forfattaren fortel ei hjarteskjerande historie om korleis dette var nærare normalen heller enn unntaka i samfunna blant kvite, uutdanna, fattige arbeidarar i USA. I det såkalla rustbeltet i USA er det sørgesongen for hillbillyen som rår.

Mykje av dette har vi jo høyrt gjennom media og kommentarartiklar og innsiktsfulle reportasjar: Industridød. Arbeidsløyse. Globalisering og kapitalisme ute av kontroll. Manglande framtidsutsikter. Fenomen som har det til felles at dei er ytre faktorar der individet har liten påverknad på det som skjer.


Høna og egget. Spørsmålet er litt som det med høna og egget: Kor startar elendegheita? Startar den med dårlege tider i arbeidsmarknaden, eller startar den i heimane?

J.D Vance fortel ei anna og meir nyansert historie. Han skriv at folk i dei råka rustbeltesamfunna ikkje berre kan skulde på ytre faktorar for at det går gale med dei. Det handlar også om det som skjer rundt kjøkenborda. Eller kanskje rettare sagt det som ikkje skjer rundt kjøkkenborda. Kva som skjer når familiane ikkje fungerer. Når ingen tar ansvar for si eiga framtid eller framtida til borna sine? Forfattaren fortel om korleis lærarar i lokalsamfunnet blir spurt om kvifor dei ikkje gjorde noko for å redde slike barn som han sjølv, der lærarane svarar med spørsmål om korleis dei kunne vere gjetarar for sånne som han på skulen – når dei resten av døgeret blei sett til av ulvar i deira heimane sine?

Den klaraste refleksjonen som gjekk gjennom hovudet mitt medan eg las boka var den følgande: Mange tenker på familiepolitikk som soft politics, altså politikk som sekundært kan prioriterast dersom alle andre behov er dekka. Først gjeld det å halde styr på økonomien, arbeidslivet, helsevesenet og utdanningssystemet. Vi ser for eksempel ikkje så ofte at typisk familiepolitikk toppar listene over viktigaste saker før eit val, verken der ute eller her heime. Men er det verkeleg slik, at familien er mindre viktig enn skule, arbeid eller helse? Eg vil argumentere for nei.


Startar i heimen. Grunnen er ganske enkel: Funksjonelle familiar er livsviktig for at eit samfunn skal fungere og henge i hop. Når familiar ikkje klarar å beskytte borna sine, er det ikkje sikkert at skulen, helsevesenet eller arbeidslivet heller kan redde dei. Det startar i heimen. Når familiane ryk, er det mykje som ryk.

Med det argumenterer eg ikkje nødvendigvis for betre permisjonsordningar eller meir kontantstøtte. Det hamnar kanskje i kategorien familiane sin valfridom. Det er viktig, det òg. Men viktigare er faktisk at samfunnet i størst mogleg grad stiller opp for å sikre funksjonelle familiar. Kall det gjerne familievern og set det gjerne høgare på prioriteringslista. Skal det skje, trur eg vi også må tørre å snakke om konsekvensane av dysfunksjonelle familiar. Og det er der eg oppmodar alle som ein til å kjøpe Hillbilly Elegy i næraste bokhandel.

Gå til innlegget

Menneskerettane blir ikkje betre

Publisert nesten 2 år siden

Dei som tar til orde for å gjenforhandle menneskerettane, bør vakte seg vel. Sannsynet er størst for at dei vert dårlegare.

TENK DEG AT verda i dag ikkje hadde hatt nokre offisielle menneskerettar. Ingen menneskerettskonvensjonar. Ingen høgkommissærar for menneskerettar. Ingen europeisk menneskerettsdomstol. Tenk deg så at nokon fann på ideen å lage ein menneskerettskonvensjon, lik den FN eller Europarådet fekk på plass rett etter krigen.

Still deg så spørsmålet om du trur dette ville fungert i dag. Om vi i dagens politiske klima ville enda opp med like radikale og forpliktande menneskerettar som ein klarte å få på plass den gongen? Eg trur svaret er nei.

Livsfarleg. Derfor er det ikkje berre problematisk at land etter land no tar til orde for å gjenforhandle menneskerettane. Det er livsfarleg. For dersom menneskerettane ikkje lenger skal gjelde alle, risikerer vi at dei ikkje lenger gjeld nokon.

Akkurat no har Danmark formannsskapet i Europarådet. Det høvet nyttar den danske regjeringa – støtta av det høgrepopulistiske Dansk Folkeparti – til å forsøke å avgrense Den europeiske menneskerettsdomstolen, ikkje minst i asylsaker. Det betyr i praksis å svekke menneskerettsdomstolen i asyl- og innvandringssaker for å gje eit større spelerom for statane til å bryte menneskerettane.

Heldigvis har mange land allereie ytra seg kritisk til det danske forslaget, land som Tyskland, Frankrike og Sverige. Det står i kontrast til norske styresmakter, som så langt stillteiande skal ha støtta danskane. Det er alvorleg.

Utgliding. For ein må ikkje tru at dersom ein opnar for å omforhandle menneskerettskonvensjonane på eitt punkt (som innvandring), så vil andre land la denne moglegheita gå frå seg på andre punkt (som demokrati og rettsstat). Det er lett å tenke seg at land som Polen, Ungarn, Russland og Tyrkia har eit par floge å plukke med den europeiske menneskerettsdomstolen. For ikkje å snakke om kva Saudi-Arabia, Kina eller andre land vil ha av motførestillingar mot menneskerettane globalt. Det er altså desse kreftene Danmark no er i ferd med å gi meir vatn på mølla.

For sjølv om ideane om menneskerettane er universelle og tankegodset kjem frå tidlause tankar om menneskeverdet, var det eit spesielt augneblink i historia som gjorde det mogleg å gjere menneskerettane forpliktande for verdas statar. Det var i dei få åra umiddelbart etter andre verdskrig medan minnet om krigens gru framleis var sterkt, at tidsvindauget for å lage dei folkerettsleg forpliktande menneskerettane var mogleg.

Utsikt til Rhinen. For å illustrere dette viktige poenget vil eg dele ei historie Thorbjørn Jagland fortalte nyleg på eit møte eg deltok på. Han er no generalsekretær i Europarådet og såleis vaktaren over dei europeiske menneskerettane. Historia var frå Vest-Tyskland, då Jagland hadde ei leiande posisjon i den sosialistiske internasjonalen.

Jagland arbeidde på den tida mykje saman med den tyske forbundskanslaren Willy Brandt, og denne gongen møttest dei ein stad i Bonn med utsikt til Rhinen. Brandt peika ned på ei av bruene som kryssa Rhinen og fortalde Jagland at det var den einaste brua som allierte styrker kunne ta seg over då dei var på veg mot Berlin i 1945. Resten av bruene var øydelagt av krigen sine herjingar. Brandt snakka om tragedien i at dei allierte ikkje hadde hatt anna val enn å landsette titusenvis av soldatar i Normandie til tross for at ein visste at det ville gå med ei vanvitig mengde menneskeliv berre dei første femten minutta.

Alle eller ingen. Brandt delte så ein refleksjon om at dette skjedde fordi ein i Nazi-Tyskland hadde gitt menneske ulike rettar. Brandt sa så: Anten må menneskerettane gjelde for alle, eller så vil dei snart ikkje gjelde for nokon.

Menneskerettane vi fekk etter krigen er det beste vi får. Å tru at vi kan forbetre dei i dagens klima med framveksande populisme, framandfrykt og nasjonalisme er ikkje berre naivt. Det er farleg.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere