Emil André Erstad

Alder: 29
  RSS

Om Emil André

Kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomité. Politikk, bøker og menneskerettar.

Følgere

Identitets-politikkens ofre

Publisert rundt 1 år siden

Det er lite som trugar menneskerettane meir enn haldninga om «oss» og «dei».

Tysdag sykla eg til jobb, slik eg pleier, då eg hamna bak ein syklist som svirra litt kvilelaust frå den eine sida av vegen til den andre. Han såg ikkje ut til å bry seg om bilane bak, og reagerte heller ikkje nemneverdig på mi gjentekne plinging. Eg hadde dårleg tid, og prøvde meg derfor på ein frekk manøver i den tronge passasjen mellom syklisten og nokre bilar som stod parkert. Kamikaze-sykling på morgonkvisten. Akkurat i det eg passerte, virra han tilbake i mi retning, slik at vi nesten krasja. Sjølv om han hadde øyreproppar i øyret ropte vi ukvemsord til kvarandre.


Oss mot dei

Eit par hundre meter lenge nede i vegen måtte eg stoppe for å vente på bussen. Du veit den kjensla, når han du nettopp har krangla med tek deg att. «Vi syklister må ikke krangle og kjefte på hverandre. Vi må ikke drepe hverandre. Vi må holde sammen. Det er bilistene vi skal ta», sa han i det han tok meg att.


Oss mot dei

Syklistar mot bilistar. Orda frå medsyklisten min fekk meg til å tenke på ofra av denne type identitetspolitikk.

Ein katastrofe. Det høyrest kanskje uskuldig ut, la oss zoome litt ut: Menneskerettane trugast i Europa. I dag.

Det er sterke ord, men dei er dessverre heilt nødvendige. Orda gir ein presis skildring av den situasjonen våre partnarar i fleire europeiske land fortel om: Korleis europeiske styresmakter kvar dag bidrar til å svekke menneskerettane. Det er ikkje berre alvorleg. Det er katastrofe.

Alle som vil sjå, kan sjå. Det skjer nokså openlyst. Grupper settast opp mot kvarandre for å illustrere politiske poeng. Bak ligg gjerne frykt for terror, innvandring, globalisering, aukande sekularisering eller frykt for mangfald. Dei som ligg att på slagmarka, er alle dei som stod på «feil» side av bana då konfliktane vart teikna opp: innvandrarar, asylsøkarar, flyktningar, minoritetar. Eller syklistar og bilistar, då, om du vil.


Europa før og no

Det Europa som løfta fram menneskerettane etter 2. verdskrig, og det Europa som no kappast i å utfordre dei, er sterke kontrastar til kvarandre. Alvoret sig inn over oss når vi høyrer korleis europeiske statsleiarar og leiande politikarar får seg til å sei at menneskerettane er noko som beskyttar «alle de andre», men ikkje «oss». Som om de europeiske nasjonane er truga av at menneskerettane i det heile tatt fins.

Livsfarlig identitetspolitikk. Eg trur dessverre medsyklisten min og dei autoritære leiarane har meir til felles enn dei likar å tru. Svaret fins i identitetspolitikken. Den er livsfarlig. Den dreg oss fleire tiår tilbake i historia, til tida før menneskerettane vart formulert. Til den tida då verdien din låg i kva gruppe du høyrde til. Kva stamme du var ein del av.

Vi som jobbar med menneskerettar må ofte jobbe mykje med dei som er offer for denne identitetspolitikken. Grupper i samfunnet som opplever overgrep, som derfor treng hjelp. Målet for oss som menneskerettsaktivstar må vere eit samfunn og ei verd der ingen grupper treng slik særbehandling, men det tek nok lang tid før vi kjem dit.


Menneskeverdet

Identitetspolitikken står i kontrast til menneskeverdet. Eit prinsipp vi må minne oss om kvar dag sola gryr: Dei som laga FNs menneskerettserklæring og Den europeiske menneskerettserklæringa, sat med ferske erfaringar som viste verdien av å slå ring om alle menneske sin ibuande verdi – på tvers av nasjonar og grupper og stammer og identitet.

No er det tydelegvis nokon som veit betre.


Norge

Også i Norge har vi hatt eksempel på politikarar som får seg til å sei slike ting som at «jeg blåser i menneskerettighetene». Det er feil medisin mot den autoritære utviklinga vi ser. I staden burde norske politikarar gå i front og sei at «jeg elsker menneskerettighetene», kvar gong dei fekk sjansen.

Eg kunne lista opp dei politiske tiltaka her, men eg nøyer meg med det viktigaste: Ein kvar som er i stand til det bør bruke kvar høve hen får til å forsvare menneskerettane. I bursdagsselskapet. På fredagspilsen. Ved kyrkjekaffien. I lunsjen på jobb. Rundt frukostbordet.

Og du syns eg drog det litt langt om syklistar og bilistar? I den lukka Facebook-gruppa «Ja til bilen i Oslo» har fleire tatt til orde for å kjøre ned syklistar.

Men sjølv slike bøller i trafikken som meg, har menneskeverd.

Gå til innlegget

Krisestemning i krisetid

Publisert rundt 1 år siden

Bompengekrisa er resultat av intellektuell latskap.

'Norsk valkamp er storm i ein tekopp», sa den britiske journalisten Ania Thiemann. I 2005. No i 2019 må den norske valkampen ha avansert til å bli storm i eit eggeglas.

Media er teppelagt med minutt-for-minutt-rapportering frå det som visst nok er krisemøte i regjeringa. Om kva krise, då?

Klimakrise? Fattigdomskrise? Populismekrise? Ulikskapskrise? Migrasjonskrise? Menneskerettskrise?


Køyre på vegen

Nei, då. I det norske eggeglaset er det ikkje plass til kriser av eit slikt format. Der handlar det om kor mykje pengar det kostar å køyre på vegen. Om det skal koste 20 kroner per passering eller 15 kroner per passering. I verdas rikaste land. I 2019.

Eg trur faktisk ikkje ein gong NRK Satiriks hadde klart å kome på ein så god sketsj.

Uansett kva ein meiner bør vi alle kunne einast om at bompengespørsmålet i den store samanhengen er eit relativt lite problem med total overeksponering.


Ørsmå justeringar

Dessutan er det latskap. Grov intellektuell latskap. Latskap frå både politikarar og media. Bompengar er eit lett spørsmål å ta stilling til, enten du er for eller mot. Fordi vi enten har bompengar eller så fjernar vi dei. Eller så legg vi opp til ørsmå justeringar som kan utløyse regjeringskrise (!).

Det er nesten respektlaust overfor alle dei andre krisene å kalle det ei bompengekrise. Å la kriseoverskriftene ta bort merksemda frå alle verkelege kriser, og erstatte det med ei krise som er så til dei grader triviell. Men det er òg intellektuell latskap.

Latskap må vere ein del av forklaringa på kvifor bompengespørsmålet er blitt så stort. I motsetnad til spørsmålet om finansieringsmodell for offentleg transport og veg, er ikkje dei andre krisene lette å ta stilling til. Dei krev innsats frå kvar enkelt av oss.


Krev offervilje

Klima er vanskeleg. Det krev tankekraft og viljestyrke å velge mellom ulike tiltak som ikkje har umiddelbar effekt akkurat her og no. Dessutan krev det offervilje.

Flyktningar er vanskeleg. Det er så mange spørsmål å ta stilling til, spørsmål som bompengekrisa ikkje krev av oss: Skal vi ta imot mange eller få? Korleis integrerer vi dei best, korleis finn vi dei som treng det mest? Dessutan handlar det om ei gruppe som ikkje har stemmerett i Norge.

Kanskje er «bompengekrisa» del av noko større. Kanskje er det ei tillitskrise. Kanskje er det eigentleg ein del av ulikskapskrisa. Men det er ikkje slik den no blir portrettert - verken av media eller leiande politikarar.


Lo att å sjå

For sjølv om norsk valkamp har ein lei tendens til å bli i overkant navlebeskuande, er det no snart ikkje meir lo att å sjå i denne navlen av ein valkamp. Kanskje er det tid for at media og leiande politikarar i flokk tar ein dugnad for å løfte fokuset. Dit krisene verkeleg er.

Til borna i Middelhavet som druknar. Til menneskerettsaktivistane som vert drepne. Til klimaendringane som er i ferd med å koke kloden. Til ulikskapane som spreier seg som gift i samfunna våre.

Ja, det er lokalvalkamp. Nei, den treng ikkje vere så eindimensjonal og navlebeskuande som den har vore til no.

Den kunne handla om kva norske byar og tettstader gjer for å beskytte menneske på flukt.

Den kunne handla om korleis kommunane jobbar for å minske ulikskapane i sine lokalmiljø.

Den kunne handla om korleis lokale politikarar jobbar for å få ned klimautsleppa.


Kven er late?

Så blir spørsmålet – når vi no sit og kranglar om desse bompengane: Kven er det som er late? Er det politikarane som ikkje brukar dei sterkaste orda om dei største krisene? Eller er det media som prioriterer spalteplass til vårt eige navlelo framfor globale kriser?

Eller – og dette er sjølvsagt heilt utenkeleg, men eg nemner det likevel – er det oss veljarar?

Gå til innlegget

Krig med Iran løyser ingenting

Publisert rundt 1 år siden

Når nokon ropar på krig bør alle andre rope høgt og tydeleg tilbake at det ønskjer vi ikkje.

‘Selvfølgelig må vi stå sammen med vår hovedallierte USA mot en av den frie verdens verste fiender, ayatolla-regimet i Iran», skreiv Vebjørn Selbekk på si 
Facebook-side for ei veke sidan. Redaktøren for den kristne avisa Dagen kommenterte striden mellom dei norske 
regjeringspartia i spørsmålet om Norge 
bør støtte President Donald Trumps krigsførebuingar i Persiabukta. Når krigs-
hissarane er på stien bør alle vakte seg vel. Krigsstien er sjeldan den beste vegen å gå.

Den store barten

Situasjonen i Persia-
bukta er alvorleg – ikkje berre for 
regionen, men for verdssamfunnet. Den næraste utanrikspolitiske rådgjevaren til President Trump, John Bolton, er langt farlegare enn sin avvæpnande utsjånad tilseier. 71-åringen med den store barten er ein notorisk hauk. Måten han har fått Trump til å eskalere situasjonen i Persia-bukta med det iranske prestestyret, er urovekkande. Time for time er vi vitne til ein situasjon som kan ende med krig viss ingen av partane modererer seg.

Vi veit kor kompromisslaust prestestyret i Iran er. USA bør no vere den ansvarlege og modererande. Norge bør vere blant dei som gjer alt dei kan for å støtte ein folkerettsleg tilnærming.

Det fins dei som latar som om krig berre 
er ein slags fotballkamp der vi heier på det eine laget. Som om krig ikkje er dreping sett i system. Som om krig ikkje øydelegg samfunn for mange tiår framover. Som om krig ikkje er granatsplintar gjennom uskuldige menneskekroppar. Dei som tar lett på krig er enten dumme eller vondskapsfulle. Det finns knapt noko meir systematisk krenking av menneskeverdet enn krig.

Sett til side

Dessverre blir dei folkerettslege reglane for å beskytte sivile, infrastruktur og humanitære verdiar i krig alt for ofte sett til side. Ikkje minst har vi sett det dei siste åra i konfliktane i Syria, Irak og Jemen. Er det éin ting vi må arbeide for, så er det å unngå ny krig i regionen. Det er i krig dei verste og flest brot på menneskeverd og -rettar finn stad.

Parolen «Det finns ingen alternativ til krig», er krigshissaren sitt fremste våpen. Saman med andre effektive verkemiddel som å umenneskeleggjere motstandaren og spreie falsk informasjon, er målet til krigshissaren å skape ei stemning som gjer krigen legitim. Det er dette som skjer i spørsmålet om Persiabukta no.

Vi må halde fram alternativa. Diplomatiske verkemiddel har fungert i mange 
intense konfliktar før, og bør få spele si rolle fullt ut i spørsmålet om Persiabukta 
òg. Her er det Tyskland, Frankrike og 
andre EU-land vi bør støtte. Dei som forsøker å halde liv i Iran-avtalen og styrke en diplomatisk og folkerettsleg tilnærming.

Segle trygt

USA har bede Norge og 
andre allierte land om å bidra med 
militære styrker «for å trygge den internasjonale skipstrafikken» i Persiabukta. Det er i og for seg eit godt mål. Skip og sjøfolk skal kunne segle trygt. Likevel har ikkje ein slik aksjon så langt noko FN-mandat. Norge gjer klokt i å samordne sin politikk her med resten av EU.

Ein viktig komponent i ei folkerettsleg tilnærming er å legge konflikten fram i Tryggleiksrådet i FN. Viss Trump ønskjer å trygge skipstrafikken i Persiabukta, bør han gå til FN og be om eit folkerettsleg mandat for aksjonen. Her vil EUs linje saman med synspunkta frå Storbritannia, Russland og Kina veie tungt.

Det vil sjølvsagt vere vanskeleg å komme 
til einigheit her, men det er like fullt 
avgjerande å bruke dei folkerettslege 
mekanismane som finst for å hindre krig.

I 2003 sa Norge nei til å bidra til USA sin invasjon av Irak, ein krig dei fleste i ettertid har sett dei negative konsekvensane av. Invasjonen var basert på sviktande folkerettsleg grunnlag. Norge bør også no prioritere folkerett og diplomati.

Grunn til bekymring

Ingen kan hevde at menneskerettssituasjonen i Iran er god, det er den langt frå. At landet ønskjer å skaffe seg atomvåpen gjer òg grunn til stor bekymring. Men ein krig om Hormuz-stredet vil ikkje løyse verken menneskerettskrisa eller konflikten om atomvåpen.

Det er urovekkande at delar av den norske regjeringa ser ut til å støtte Trumps appell om fleire internasjonale styrkar i Persiabukta utan mandat frå FN.

Svaret på situasjonen i havområdet utanfor Iran må vere diplomati tufta på felles internasjonalt press for å få Iran til å følgje internasjonale spelereglar.

Gå til innlegget

Vi som ikkje forstår Pride

Publisert rundt 1 år siden

Kvifor kan ikkje dei homofile snakke litt lågare om alt det der greiene sitt?

Du har sannsynlegvis høyrt det sjølv frå vener og familie: Må dei vise seg sånn fram, då? Må dei skrike og gå i tog? «Eg er mot at homofile skal diskriminerast og alt det der, men …».

Allereie her skurrar det for meg.

Eg som trakkar meir enn gjennomsnittleg i kristne miljø veit godt at desse stemmene fins. Dei seier det gjerne ikkje så høgt, men plutseleg er dei der, kviskrande og tiskande. Dei fins så visst ikkje berre blant kristne, men eg høyrer dei ofte. «Vi forstår ikkje dette med Pride, vi».


Skeivt perspektiv

Det er klart at viss oppveksten din har vore streit, venene dine er streite og du berre vankar i streite miljø, så er det kanskje vanskeleg å ha eit skeivt perspektiv på livet og samfunnet. Men kanskje vi likevel kan forsøke?

Eg er blant dei som prøver å forstå.

Og eg har forstått såpass at dei som seier at ein må kjøpe ei pakke med politiske standpunkt for å heie på Pride, dei er på ville vegar. Dei reduserer Pride til eit partipolitisk spel. Pride er noko langt større og viktigare enn kva kvar enkelt meiner om surrogati eller sexkjøpslova.

Pride er ei feiring av at kjærleik er kjærleik. Ingen er fri før alle er fri. Alt er love.


Om enkle ting

Det handlar ikkje om teologisk syn eller om du likar dei halvnakne kroppane i Pride-paraden. Det handlar om enkle ting som at homofile, lesbiske, bifile og transpersonar skal kunne leve frie liv som alle andre. Ingen skal jagast av politiet. Ingen skal diskriminerast. Ingen skal kjenne seg mindreverdige fordi dei elskar gutar framfor jenter.

Å tvihalde på ei oppfatning om at Pride «ikkje er noko for meg», bidreg til å framandgjere homofile, lesbiske, bifile og transpersonar. Det bidreg til å mystifisere heile den frigjeringsrørsla Pride-arrangementet eigentleg er. Det bidreg til polarisering, der bruer burde byggast.


Må gøyme seg

I min bransje arbeider vi med aktivistar som må gøyme seg, gå i skjul eller flykte. Berre fordi dei er gutar som likar gutar eller jenter som likar jenter.

Kanskje høyrest det framandt ut, men det er ikkje lenge sidan samfunnet vårt også var slik. Sjølv her er heime er det ikkje slik at alle endå kjenner seg fri.

Det er berre femti år sidan Stonewall-opprøret i New York, der politiet gjekk til åtak på homofile på den skeive baren Stonewall. Eit opprør som tente gnisten til den moderne homokampen.

Det er endå mindre tid sidan homofili var forbode i Norge, ved lov. Framleis er det fleire land i verda som straffar homofili med døden, enn eg kan telle på fingrane mine. Landa der homofili er forbode er langt fleire enn talet på homofile vener eg har.


Nyvunnen fridom

Er det då så rart at Pride er ein høglydt feiring av denne nyvunne fridomen mange homofile, lesbiske, bifile og transpersonar kjenner på, at det er litt skrik og skrål? Eg syns det er fint.

Sjå for deg at du tilhøyrte ein minoritet som hadde blitt kjeppjaga av politiet, utstøytt frå samfunnet og stigmatisert i tiår etter tiår. Ville du ikkje jubla litt ekstra den dagen samfunnet aksepterte deg som du er?

Eg ville kanskje til og med tatt på meg vingar med fleirfarga fjær og sprunge rundt i gatene, viss det var meg det gjaldt.

Men det gjeld òg meg. Ikkje fordi eg er homofil, men fordi det er mi plikt som utanforståande å prøve å forstå.


Ekstra refleksjonsrunde

Ingen skal tvingast til å vere tolerante. Ingen skal gå i ein parade dei ikkje vil gå i. Men vi bør krevje at alle i det minste tar ein ekstra refleksjonsrunde om kva Pride eigentleg handlar om, viss vi ser litt stort på det.

Det skuldar vi dei som endeleg er fri og dei kampane som endå står att.

Gå til innlegget

Den verkeleg raude fare

Publisert over 1 år siden

Kvifor er det slik at norske politikarar med makt er meir villige til å kritisere eit norsk miniparti med kommunistisk tankegods, enn verdas største kommunistiske regime?

Dei siste vekene har vi kunne følge ein ytst interessant debatt om kommunismens plass i prinsipprogrammet til partiet Raudt. Det store spørsmålet var: Skal partiet på ytre venstre flanke halde fram med å sjå på seg sjølv som kommunistisk? Svaret frå landsmøtet i partiet vart ja, til stor og rettmessig kritikk frå nesten alt som kunne krype og gå av kommentatorar og synsarar.

Mange slengte seg på med treffande analysar av kommunismen og dei forferdelege konsekvensane denne ideologien har ført til opp gjennom historia. Drap på millionar, tvangsarbeid, grov undertrykking. Mest treffande var Bernt Hagtvet når han skreiv: «Å si at kommunisme er en retningsgivende impuls i dagens politiske klima er å assosiere seg med de verste folkemorderiske regimer og tankemønstre i historien». Det er ikkje akkurat ei historie av hundre blomstrar som blomstrar og hundre tankeretningar som stridast, slik Mao formulerte det.

Det vart ein befriande debatt om menneskesyn og ideologi, ikkje akkurat kvardagskost her på berget.

Men så skjedde det noko som skulle avsløre at ein del av som engasjerte seg, ikkje meinte eit ord av det dei sa.

For plutseleg - så plutseleg at berre den kinesiske handelsforeininga i Norge hadde fått det med seg og nesten ingen menneskerettsorganisasjonar fekk tid til å områ seg - kom det prominent besøk til Norge. Det kinesiske kommunistpartiet sende sin tredje mektigaste person for å besøke oss, formannen for den kinesiske Folkekongressen Li Zhanshu. To stortingsrepresentantar som hadde påskriften «fridom» på T-skjorta si, skrive med kinesiske teikn, slapp ikkje inn i Stortinget. Eit lite ord som vert nytta flittig i Stortinget, særleg i mai, vart plutseleg oppfatta som ein tryggleikstrussel og provokasjon.

Kanskje kom besøket i stand for å vise kor godt forholdet mellom Kina og Norge no har blitt, ettersom Norge på tru og ære har lova å ikkje offentlege kritisere Kina etter fredpristildelinga til Liu Xiabo i 2010. Ikkje mange dagane etter besøket blei det i alle fall tydeleg at Norge fekk betalt for den lydige stillheita: Norge og Kina inngjekk ei ny avtale om eksport av laks.

Det var nesten som besøket frå den kinesiske formannen føregjekk i eit heilt anna land enn det landet som omtrent samstundes debatterte Raudt sitt prinsipprogram med den største innleving og iver. For når kinesarane kom, vart det tyst. Ikkje om det knøttlille norske kommunistpartiet, men om det kinesiske. Spesielt vart det stille frå dei partia som hadde hatt den største ideologiske motstanden mot den kommunismen Raudt kviskra om at dei ville ha.

Forskjellen på Kina og partiet Raudt er kanskje at Raudt ikkje er «et av våre største vekstmarkeder», som fiskeriminister Harald T. Nesvik uttalte i forbindelse med den nye eksportavtalen. Då blir det kanskje lettare å sjå bort ifrå at Kina er eit av verdas verste diktatur, så lenge laksen er flyt fritt. Det opplevast kanskje betre å hamne i fengsel for å skrive meininga si i avisa eller på sosiale medier, viss ein veit at ein kan ete norsk laks i fengselskantina. Norsk laks er jo ikkje autoritær.

Og så kan norske politikarar lette på samvitet sitt ved å heller kritisere Raudt, partiet med ein representant i Stortinget, for deira autoritære trekk.

For kva var det eigentleg vi var redd for med den kommunismen Raudt står for?

Var det at Raudt skulle innføre eit «Storebror ser deg»-samfunn som kontrollerer innbyggarane i Norge så sterkt at styresmaktene nesten har oversikt over kva alle nordmenn tenker?

Var det at Raudt ville sende alle minoritetar og annleistenkande i såkalla «skuleringsleirar», for å lære seg å bli gode kommunistar?

Var det at dei ville sette uavhengige journalistar i fengsel?

Var det at dei ville sørge for at folk som kritiserte dei plutseleg forsvann?

Var det at dei ville stenge internett for alle moglegheiter til å kritisere dei?

Var det at dei ville bruke norsk utanrikspolitikk til å kneble frie og demokratiske stemmer også i andre land?

Då kan det vere godt å tenke på at det heldigvis ikkje er slik i Norge. Det er kanskje litt verre å tenke på at Kina nok er ein større trussel for at det ein gong kan bli slik, enn det Raudt er. Men pyttsann.

Det er forskjell på folk. Og på kommunistparti.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Tåkelagt
av
Liv Osnes Dalbakken
rundt 1 måned siden / 3186 visninger
Sover heile regjeringa?
av
Lisbeth Marie Austnes
9 dager siden / 1211 visninger
Nei, Lægdene, vi er ikke i mot kvinner
av
Mikael Bruun
rundt 1 måned siden / 1112 visninger
Når fest blir dom
av
Kristine Sandmæl
15 dager siden / 874 visninger
Er jeg rett kalt prest?
av
Julie Schjøth-Jovik
7 dager siden / 795 visninger
Takk og farvel, KrF
av
Kristofer Olai Ravn Stavseng
7 dager siden / 610 visninger
Det viktigste er et godt arbeidsmiljø
av
Martin Enstad
19 dager siden / 557 visninger
Kristnes omtale av president Trump.
av
Kjell Tveter
3 måneder siden / 496 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere