Emil André Erstad

Alder: 29
  RSS

Om Emil André

Kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomité. Politikk, bøker og menneskerettar.

Følgere

Når startar livet?

Publisert rundt 11 år siden

Gi meg eit svar.

Eg kan sei hundre prosent sikkert at det ikkje finst ei sjel som kan svare meg på når livet startar. Derfor kan heller ingen sitje ei grense for når ein kan fjerne eit foster frå mors mage. For er det greit å fjerne eit foster, dersom det allereie er liv? Og når startar i så fall livet?

Etter 3 veker startar hjartet til fosteret å slå. I dag er det lov å ta abort i Noreg fram til 12 veker har gått av svangerskapet. Kvifor akkurat etter 12 veker? Kvifor skal det vere grensa? Er det slik at det vert liv plutselig då fordi at Arbeidarpartiet meinar det er slik? Kva med dei i FrP då, som meiner livet ikkje startar før etter 18 veker og vil flytte abortgrensa slik?

16 500 abortar i fjor. Det er ein middels norsk by. 16 500 menneske som aldri fekk møta dagslyset. Visste du at med dagens aborttal er det meir sannsynleg å overleva i dei mest krigsherja områdene i verda, enn i mors mage? Mors mage som skulle vera den tryggaste staden på jord.

Abort er vanskeleg og grunnane til å ta abort kan vera forskjellige og mange. Eg har forståelse for at kvinner skal ha rett til å bestemma over sin eigen kropp. Men inneber den retten til å bestemma over sin eigen kropp også retten til å ta liv? Eller, er det ikkje liv? Kven har i så fall ei klar grense for kva som er liv, og kva som ikkje er det?

Eg vil ha svar. Eg vil ha svar frå dei som meiner at abort er greit. Dei må svara meg på når livet startar og kvifor det er slik. For eg meiner at livet allereie har starta når hjartet slår i eit foster. Og dersom svaret er at "vi ikkje veit", då vil eg spørra meg om vi skal risikera å ta liv - når vi ikkje veit om det er liv. Er nokon ueinige i det?

Så, når startar livet?   

Gå til innlegget

En navlebeskuende valgkamp

Publisert rundt 11 år siden

Årets valgkamp har nesten vært helt blottet for internasjonalt fokus. Dersom man ikke teller med de to nordmennene i Kongo og Frp-maset om å sende Mullah Krekar ut, er det ikke mye snakk om andre land enn Norge i årets valgkamp. Men et parti bryr seg.

Jeg har vært litt rundt på noen skoledebatter og debattert nå i valgkampen. Der har eg jeg blitt møtt av Frp'ere som roper ut sine krav om billigere bensin og billigere sprit. I diskusjoner om skole, utdanning, helsekøer, rusmisbruk og kollektivtrafikk har saker som absolutt fattigdom i Afrika, HIV/Aids og sult blitt helt glemt. I alle fall nesten.

I mine åpningsinnlegg har jeg lagt vekt på viktigheten av å hjelpe de aller fattigste. Jeg har prøvd å få folk til å forstå at Norge som nasjon har et ansvar ovenfor vanskeligstilte land rundt om i verden. I skoledebattene har jeg vært alene om å snakke om Norges internasjonale ansvar. Vet du hvorfor?

Jo, fordi når 25 000 barn dør hver dag av sykdommer som du og jeg fikk medisiner mot små, vil KrF bry seg. Vi bryr oss om de som trenger hjelp aller mest. For meg har det null betydning å diskutere Mullah Krekar. Det har derimot stor betydning for meg at vi er den første generasjonen som faktisk kan utrydde fattigdommen i verden! Derfor har jeg brukt mye tid og energi på å få elever og velgere til å forstå dette.

Bistand har allerede løftet millioner ut av fattigdommen. KrF vil kjempe for de svakeste og derfor jobber vi for å bekjempe fattigdommen på flere fronter. Derfor vil vi også øke bistanden til 1,4 % av BNI.

Dessuten har vi skjønt at det ikke hjelper å gi en mann en fisk. Da har mannen bare fisk for en dag. Men dersom vi lærer mannen å fiske, har mannen fisk for resten av livet sitt.

Vi vil endre det blodig urettferdige handelssystemet som utestenger de fattige landene fra verdensmarkedet. For at de fattige landene skal få selge varene sine og komme seg ut av fattigdomsfellen må vi inkludere disse landene i verdenshandelen. Det er avgjørende. 

Gå til innlegget

Når kjønn er viktig

Publisert rundt 11 år siden

Då Arbeidarpartiet banka gjennom den kjønnsnøytrale ekteskapslova i fjor, som mellom anna innebar assistert befruktning til lesbiske, argumenterte dei varmt for at far var overflødig i eit familieforhold. Gjennom den nye lova konstruerte Arbeidarpartiet farlause familiar. For fleirtalet av landets innbyggjarar er det eit sosiologisk faktum at kjønn er viktig i oppdraginga av born. Kjønnsrolledanningar skjer både i heimen og i sekundærsosialiseringa. Verken far eller mor er overflødige i eit familieforhold. Kvifor har ikkje fleire sosialantropologar, psykologar eller sosiologar uttalt seg om lova?

Det kan til tider vera vanskeleg å fatta dei ulogiske argumenta som vart pressa fram frå ja-sida til den kjønnsnøytrale ekteskapslova som vart vedteken av Stortinget 11.juni i fjor. I tida etterpå har det blitt sagt og skrive mange gonger, at ein omkamp om ekteskapet aldri vil finna stad. Lova sine tilhengjarar har sagt at saka allereie er avgjort. Det meiner eg er feil. Etter å ha studert debatten og meiningsytringane frå begge hald, kan ein med sikkerheit sei at mange politikarar stod fram som kunnskapslause, dømmande, usaklege og naive. Dei fleste politikarane som stemte for, følgde berre lovforslaget og partiet sine haldningar. Dessutan var barnet sitt perspektiv og dei samfunnsmessige ringverknadane nesten fråverande i debatten. Ei lov med så mange sjølvmotseiingar som den kjønnsnøytrale ekteskapslova kjem ikkje til å bli ståande lenge.

For meg personleg, som uvitande ungdom, vert det revnande ulogisk at Arbeidarpartiets Arild Stokkan-Grande flaggar ut ei ny, målretta satsing for å få menn inn i dei kvinnedominerte skulane og barnehagane. Regjeringa har satt seg som mål å auke tilsettprosenten for menn til 20. Dette syns Stokkan-Grande er ei altfor låg målsetting. Han seier regjeringa no i valkampen bør setja seg hårete mål, og difor meiner han at mål om 40 prosent menn til jobbar i skular og barnehagar bør nedfellast i ei ny Soria Moria-erklæring. Det er ikkje vanskeleg å sei seg einig med Stokkan-Grande i at det trengs fleire mannlege lærarar i barnehagar og på skulane. Det trengs i aller høgaste grad. Men at det er den same regjeringa som i fjor lovfesta einkjønna familiar, som no argumenterer for kjønnsbalanse i skular og barnehagar, vert ikkje berre ironisk, men også direkte meiningslaust. Dei fleste vil vera einige om at familien er den aller viktigaste arenaen for kjønnsrolledanningar. Arbeidarpartiet møter seg sjølv i døra. Det burde blinka alarmerande lys hjå alle. Regjeringa står rett framføre augo på oss og seier på ei og same tid at mannfolk er viktig i oppdraginga av born og at dei ikkje er det. Stokkan-Grande seier til Dagbladet: ”Skoler og barnehager er en svært viktig arena for kjønnsrolledannelser”.  Han meiner vidare at menn driv omsorg på ein annan måte enn kvinner, og han seier at Noreg ikkje kan leve i trua på at born berre kan vekse opp der det berre er kvinner som kan visa omsorg. Samfunnet vert då for fattig, meiner han. Det er eit sosiologisk faktum at kjønnsrolledanningar i aller høgste grad også skjer i familien. Kvifor meiner Arbeidarpartiet at kjønn ikkje er viktig i familien, som er arena for primærsosialisering, medan dei på same tid seier at kjønn er viktig i utdanningssystemet, der sekundærsosialiseringa skjer? Stortingsfleirtalet, med blant anna Arild Stokkan-Grande, har stemt for ei lov som seier det er likegyldig kven born veks opp med. For eksempel er det likegyldig om born veks opp med to mødrer og ein far. Kvifor er det ikkje likegyldig i skulane, eller barnehagane? Igjen vil eg spørja alle landets sosiologar, sosialantropologar og psykologar: Kvifor er det ingen andre enn Nina Karin Monsen og eit fåtal andre som ytrar seg om denne særs viktige saka? Kvifor er det ingen som ropar ut om den enorme urett og dobbeltmoral som blir gjort av vår eiga raud-grøne regjering? Og ikkje minst, kvifor er det ingen ”vanlege” folk som tør å sei kva dei meiner? At Frankrike, det einaste landet i verda som faktisk har utreia for konsekvensane av ei slik lov, kom fram til at kjønnsnøytrale ekteskapslover ikkje burde innførast er eit poeng vel verd å merke seg. Ei meiningsundersøking Norstat har gjort for Vårt Land (26.07.2009) viser at eit fleirtal av folket er i mot at lesbiske skal ha rett til kunstig befruktning, som med andre ord er konstruering av farlause familiar. Stortingspolitikarar er dermed meir liberale enn folk flest. Eit anna eksempel på kor udemokratisk prosessen med å vedta den kjønnsnøytrale ekteskapslova har vore, er LLH (Landsforeininga for lesbiske og homofile) si rolle i saka. Med sine ca. 2000 medlemer har dei hatt større påverknad på stortingspolitikarane, enn Den norske kyrkja med sine 82 % av befolkninga som medlemer. Dette viser nok litt av kva for ein prosess som har føregått. Er ikkje ei regjering i Noreg forplikta til å følgja fleirtalet sine verdiar?

Klart folk er redde for å verta stempla som homofobar, diskriminerande, undertrykkjande eller gamaldagse, dersom dei opnar munnen og seier kva dei faktisk meiner. Men å la born veksa opp med ei mor og ein far, er ikkje gamaldags. Det er naturens eigen ordning. To personar av same kjønn kan ganske enkelt ikkje få born saman – det er naturstridig. Norske politikarar bør ikkje omkonstruera eller rokka med ei slik universell og enormt viktig ordning. Dei bør i det minste bestemma seg for kva dei faktisk meiner. Eg vil ordlegga meg på same viset som den høgtropande Nina Karin Monsen har gjort i denne saka: Dei verdiane denne regjeringa og stortingsfleirtalet i denne saka står for, er teknikkens siger over naturen, vaksne sin siger over borna, flyktige sosiale relasjonar over familien, meiningsløysa over meining, kaos over orden, løgn over sanning. Eg håpar politikarar, akademikarar, fagfolk og jamne nordmenn no etter kvart vil få augo opp og sjå den mangelen på logiske argument som har kome fram i denne debatten. Kampen om ekteskapet er ikkje tapt. Ei lov med så mange sjølvmotseiingar kjem ikkje til å bli ståande. Kampen har så vidt starta.

Gå til innlegget

Alkoholen, ein samfunnsbyrde?

Publisert over 11 år siden

Tenkjer me gjennom konsekvensane frå alkoholbruken vår, før me drikk? Kjem eiga nyting framfor nestekjærleiken? Alkohol fører til enorme kostnadar for det norske samfunnet i året. Er det verd det?

Fridom er ein respektert og akseptert rett i dagens Noreg. Ein skal ha fridom til å velje og fridom til å gjere det ein sjølv vil. Fridomen i Noreg er god, det er det inga tvil om. Fridomen til å ta eigne val og avgjersler gjeld ikkje i like stor grad på alle område.

Når det gjeld alkohol er det eit enormt drikkepress. Drikkepresset gjeld ikkje berre ungdom, men også vaksne. Haldningane til alkohol blant ungdom i dag er mykje meir liberale enn det dei var i 1950. Sidan den gong har alkoholforbruket auka frå 2,87 liter rein alkohol per innbyggjar til 6,60 liter rein alkohol per innbyggjar i 2007. Alkoholforbruket per innbyggjar har altså auka med 3,73 liter rein alkohol sidan 1950. Det er meir enn ei fordobling av alkoholkonsumet på under 60 år! Ifølgje ein studie som vart utførd av Sturla Nordlund i 2008 er det ein klar tendens mellom alkoholforbruk og haldningane til alkohol. Jo høgare forbruket vert, jo meir liberale vert haldningane våre til alkohol og me kan drikka meir alkohol før nokon oppfattar det som alkoholmisbruk. Kven som har skulda for denne haldningsendringa i den norske drikkekulturen er uvisst, men eg trur ansvaret ligg hjå mange.

At alkoholen er eit samfunnsproblem vert vanskeleg å ignorere i lengda, for sjå berre på kva skadar den fører til. Alle desse har vore i påverka tilstand:

  • 75% av voldsofra
  • 80% av voldsforbrytarane
  • 71% av drapsmenn
  • 79% av ranarar
  • 63% av voldtektsdømte
  • 50% av dei som gjer sedelighetsforbrytelsar
  • 40% av dei som tek sjølvmord
  • 33% av skadde bilførarar
  • 27% av skadde fotgjengarar
  • 50% av drukningane

Overlege Hans Olav Fekjær skreiv: ”Heroin drep mange, men andre rusgifter drep endå fleire. Undersøkingar er ikkje gjort, men sannsynlegvis er det pils som drep flest. Det skuldast sjølvsagt ikkje at pils er meir dødeleg enn vodka, heroin eller whisky, men ganske enkelt at pils er i særklasse den vanlegaste rusgifta, særleg hjå unge menn.”

At det er reint helseskadeleg å drikke alkohol er også eit faktum dei fleste, verken ungdom eller vaksne tenkjer på når dei drikk. Alkoholen fører til leverskadar, fordøyingsproblem, betennelse i bukspyttkjertelen, hjernesvinn, akutt psykose og ei rekkje kreftformar kvart år. Alkohol er dødsårsak nummer éin for ungdom mellom 15 og 25 år. Opp mot 100 000 sjukehusinnleggingar og 700 000 legekonsultasjonar kvart år har sin bakgrunn i alkoholkonsum. Til saman kostar alkoholen det norske samfunnet 20 milliardar kroner i året. Alkoholen skapar ei kortvarig glede.

Som ein sjølv kan sjå, er alkoholen eit enormt problem for det norske samfunnet. Eg bør nemna at det ikkje fins noko sentralt register for skadar eller problem relatert til alkohol. I tillegg er det slik at mange skader ikkje eingong vert registrerte, fordi alkohol ikkje er den direkte årsaka. Men ei sak har alltid fleire sider, og slik er det også med alkoholen.

Alkohol er både avslappande og ikkje minst ei kjelde til nyting, og det har alkoholen vore i fleire tusen år. Det er også sosiale faktorar som speler inn, i den forstand at alkohol gjer det lettare å bryte grenser som ein vanlegvis tør å krysse. Dette gjer freistinga endå større, spesielt for ungdom som ofte slit med dårleg sjølvbilete. Men oftast når folk vert spurt om kvifor dei drikk, er svaret: ”Alle andre gjer det jo.” Og det er nettopp slik mennesket er skapt. Me er skapt som sosiale vesen, og ingen av oss vil vera avvikande frå normalen. Avvikarar vert stempla og stigmatiserte. Slik er det også med dei som ikkje drikk alkohol. Difor er ikkje valet om ein skal drikke alkohol eller ikkje, i realiteten eitt sjølvstendig val, men det er basert på kva andre gjer og meiner. Nesten utan unntak vert valet tatt utan tanke på konsekvensane som eg har lista opp i denne kronikken.

Haldningsendringar er naudsynt for at valet skal bli reelt. Slik det er i dag, er det berre yttarst få som tør å motstå den flommande straumen av alkoholdrikkarar. Ansvaret ligg heilt klart på autoritetane i samfunnet, på politikarar, leiarar i forskjellige organisasjonar, foreldre, lærarar og andre samfunnsinstitusjonar, som set normene.

I desse dagar vert det ofte argumentert med at religion bør ut av den norske skulen, fordi det kan vera støytande for andre som ikkje har same livssynsoppfatning. Men kva med alkoholen? Alle dei som har mista sine kjære i alkoholrelaterte dødsfall, blitt valdtekne i fylla, mista eitt familiemedlem i ei trafikkulykke der sjåføren var rusa, blitt mishandla av rusa familiemedlemmer eller fått øydelagt barndomen eller ungdommen på grunn av alkoholrelatert vald i heimen. Kva med dei? Er det ikkje støytande for desse personane at andre drikk alkohol? Vener, familie, kjærastar, kollegaer eller andre kjende som heller innpå liter etter liter med alkohol, utan medkjensle for desse personane? Viss ein bruker same argumentasjon, så er det støytande. Er det ikkje naturleg at me av rein nestekjærleik ikkje støtter oss til alkoholkulturen? Eller kjem den pure egoismen i første rekkje?

Politikarane har heilt klart det største ansvaret. For eksempel vil Frp senke avgiftene på alkohol med 20%, og vil la alkoholen bli meir tilgjengeleg og la alkohollovgivinga bli meir liberal. I Finland gjorde dei dette i 2004. Riktig nok senka dei avgiftene på alkohol med 44%, men tendensane er uansett klare og talar for seg sjølv. Forbruket auka med 20 %. Tilfeller av fyllekøyring auka med 25%. Talet på anmeldte valdtekter auka med 20%. Talet på valdstilfelle auka med 20% og pågangen på avrusingsstasjonar auka med 35%, og kapasiteten blei raskt sprengd. Jo billegare alkoholen vert, jo meir drikk me. Jo meir me drikk, jo større vert problema og jo meir liberale vert haldningane til alkohol. Me treng politikarar som tør å setje grenser og som seier i frå når nok er nok. Som tør å gjera seg upopulære for ei kort stund. Me treng haldningsendringar.

Men også andre har eitt ansvar for å endre haldningane rundt alkohol, og då kan me trekkje fram foreldrerolla. At foreldre for eksempel drikk alkohol med borna tilstades, gir ikkje berre dårlege signal til borna, men det bidreg til å liberalisere haldningane til alkohol ytterlegare. Og at foreldre er dårlege førebilete når det gjeld alkohol er det ingen tvil om. Ansvaret ligg oftast hjå foreldra. Snakkar foreldre med borna sine om alkohol? For eksempel vert det årleg fødd 200 born med skadar grunna alkohol, der mora har drukke alkohol i svangerskapet. 1 av 4 gravide mødrer er påverka av alkohol i svangerskapet i Noreg, og dette viser ganske godt kva haldningar som gjer seg gjeldande i det norske samfunnet i dag. Å drikke alkohol i svangerskapet, også før ein veit at ein er gravid aukar risikoen for at borna får lærevanskar, rusproblem og personlegdomsforstyrringar, i følgje doktor Astrid Alvik ved Klinikk for psykisk helse, Barn og Ungdom. Ein bør tenkje nøye gjennom konsekvensane av alkohol, før ein drikk sjølv. Dei 20 milliardane me bruker på alkohol i året, kunne for eksempel vore brukt på helse, utdanning, kultur eller samferdsel? Er det verkeleg verd det?

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Tåkelagt
av
Liv Osnes Dalbakken
rundt 1 måned siden / 3223 visninger
Sover heile regjeringa?
av
Lisbeth Marie Austnes
9 dager siden / 1211 visninger
Nei, Lægdene, vi er ikke i mot kvinner
av
Mikael Bruun
rundt 1 måned siden / 1121 visninger
Når fest blir dom
av
Kristine Sandmæl
15 dager siden / 875 visninger
Er jeg rett kalt prest?
av
Julie Schjøth-Jovik
7 dager siden / 796 visninger
Takk og farvel, KrF
av
Kristofer Olai Ravn Stavseng
7 dager siden / 612 visninger
Det viktigste er et godt arbeidsmiljø
av
Martin Enstad
19 dager siden / 558 visninger
Kristnes omtale av president Trump.
av
Kjell Tveter
3 måneder siden / 499 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere