Emil André Erstad

Alder: 25
  RSS

Om Emil André

Rådgjevar i Tankesmien Agenda frå 2016. Leiar i KrFU 2013-2015. Opptatt av å få ein grønare og gulare politikk der vi sett dei fattigaste og svakaste først. http://emilerstad.no/

Følgere

Ja til kropp og nei til kopp?

Publisert rundt 2 måneder siden - 181 visninger

Se på høgresida si haldning til tigging og sexkjøp i samanheng. Det er noko djupt hyklersk over det.

I etterkant av dokumentaren Lykkelandet, om organiserte kriminelle nettverk frå Romania, har fleire henta fram att dei nedstøva forslaga om å innføre tiggeforbod.

Sjølv om programmet i ettertid har fått sterk kritikk for dårleg kjeldebruk, var statsminister Erna Solberg ei av dei som ville ha Stortinget til å stemme på nytt over innføring av nasjonalt tiggeforbod. I 2015 mangla regjeringspartia støtte frå Senterpartiet til å innføre forbodet.

Det er noko djupt uforståeleg med høgresida si iver etter å innføre tiggeforbod i Norge. Det kan virke som at det einaste som er viktig er at «problemet» gøymast bort. Eit «problem» som mest av alt handlar om fattigdom, utanforskap og stigmatisering. Å gøyme bort sosiale problem gjer det kanskje meir behageleg å vandre gatelangs for høgrepolitikarar, men det bidrar ikkje med hjelp for dei som meir enn alle treng samfunnets støtte.

På same tid: 

Sjølv om Høgre har vore stille om temaet i lengre tid no, er partiet framleis motstandarar av forbodet mot sexkjøp. Seinast i januar i fjor var partiets stortingsrepresentantar ute med støtte til krav om å få reversert sexkjøpslova. I Frp gjeld same linje. Som ein Frp-politikar sa i 2011: «Vi kan forby til krampa tar oss, men prostitusjon blir ikkje borte likevel».

Det er i utgangspunktet vanskeleg å forstå den manglande samanhengen mellom motstand mot sexkjøpslov og vilje til tiggeforbod. Det blir ikkje noko lettare når vi veit fakta:

For det første har sexkjøpslova fungert. Den har dempa etterspurnaden etter sal av sex, redusert omfanget og redusert ­profitten for bakmennene. Aller viktigast er det kanskje at lova i følgje forskinga ­viser seg å ha ein haldningsendrande effekt.

Andre kjelder

For det andre seier forskinga det stikk motsette om eit eventuelt forbod mot tigging. I Danmark, der ein har innført tiggeforbod, ser vi at dei organiserte kriminelle miljøa knytt til prostitusjon og narkotikaomsetning er sterkare enn dei var før forbodet vart innført – noko forskarar forklarar med at tiggarane må sjå seg om etter andre inntektskjelder. I Norge veit vi gjennom forsking at dei fleste tiggarar ikkje er organiserte, men einskilde personar i ein desperat sosial og økonomisk situasjon.

Når høgresida argumenterer for tiggeforbod og mot sexkjøpslov, er det ikkje forskingsbasert, men direkte kunnskapslaust. Kvar kjem den frå, denne trongen etter å forby sosial naud, og viljen mot gjere same med folk som utnyttar, sel og kjøper andre menneske sin kropp? Du må gjerne kalle det liberalisme, men i mine øyrer høyrest det meir ut som pur egoisme.

Folk frå høgrekanten av norsk politikk vil kanskje kontre på dette innlegget med å snu det heilt på hovudet: Korleis kan eg argumentere mot tiggeforbod, samstundes som eg argumenterer for sexkjøpslov? Det er eit rimeleg spørsmål, men eg har svar.

Dei ressurssterke

Sexkjøpslova skal straffe dei som utnytter andre menneske. Eit eventuelt tiggeforbod vil straffe dei som burde sjåast på som ofre. Det er ein grunn til at sexkjøpsforbodet vart innført, framfor eit sexsalsforbod.

Sexkjøp er for dei ressurssterke, ein motbydeleg og moralsk forkasteleg handling. Tigging er for dei ressurssvake, eit desperat rop om hjelp.

Høgresida sin kamp for eit eventuelt tiggeforbod står meir og meir fram som eit renovasjonstiltak for gater og byrom utan ubehagelege møte med den elendigheita som fins både innanfor og utanfor Norges grenser.

Høgresida sin manglande vilje til å ta i bruk straff i spørsmål om menneske som blir utnytta på det grovaste av sexkjøparar og hallikar, vitnar om eit ideologisk grunnsyn som tillét utnytting av menneske i ein sårbar situasjon.

Spesielt ille blir det når vi ser høgresida si haldning til tigging og sexkjøp i samanheng: Ein komplett mangel på vilje til å bruke riktig medisin på nokre av vår tids største sosiale problem.

Først publisert i spalten ideologi, Vårt Land 3. mai 2017.

Gå til innlegget

Ja til kropp og nei til kopp?

Publisert rundt 2 måneder siden - 1985 visninger

Det er noko hyklersk og djupt uforståeleg med høgresida sin iver etter å innføre eit forbod mot tigging, på same tid som dei kjempar innbitt mot sexkjøpslova.

I ETTERKANT AV Brennpunkts dokumentar Lykkelandet om organiserte kriminelle nettverk frå Romania som opererer i Norge, har fleire politiske aktørar henta fram att dei nedstøva forslaga sine om å innføre tiggeforbod i Norge.

Sjølv om dokumentaren i ettertid har fått sterk kritikk for dårleg kjeldebruk, var statsminister Erna Solberg ei av dei som i kjølvatnet av dokumentaren ville ha Stortinget til å stemme på nytt over innføring av nasjonalt tiggeforbod i Norge. I 2015 mangla regjeringspartia Frp og Høgre støtte frå Senterpartiet til å innføre forbodet.

Det er noko djupt uforståeleg med høgresida sin iver etter å innføre tiggeforbod i Norge. Det kan virke som at einaste som er viktig er at «problemet» gøymast bort. Eit «problem» som mest av alt handlar om fattigdom, utanforskap og stigmatisering. Å gøyme bort sosiale problem gjer det kanskje meir behageleg å vandre gatelangs for høgrepolitikarar, men bidrar ikkje med hjelp for dei sårbare som meir enn alle treng samfunnets støtte.

På same tid: Sjølv om Høgre har vore stille om temaet i lengre tid no, er partiet framleis motstandarar av forbodet mot sexkjøp. Seinast i januar i fjor var partiets stortingsrepresentantar ute med støtte til krav om å få reversert sexkjøpslova. I Frp gjeld same linje. Som ein Frp-politikar sa i 2011: «Vi kan forby til krampa tar oss, men prostitusjon blir ikkje borte likevel».

Det er i utgangspunktet vanskeleg å forstå den manglande samanhengen mellom motstand mot sexkjøpslov og vilje til tiggeforbod. Det blir ikkje noko lettare når vi veit fakta:

For det første har sexkjøpslova fungert. Den har dempa etterspurnaden etter sal av sex, redusert omfanget og redusert profitten for bakmennene. Aller viktigast er det kanskje at lova ifølgje forskinga viser seg å ha ei haldningsendrande effekt i retning meir kritisk haldning til sexkjøp.

For det andre seier forskinga det stikk motsette om eit eventuelt forbod mot tigging. I Danmark der ein har innført tiggeforbod ser vi at dei organiserte kriminelle miljøa knytt til prostitusjon og narkotikaomsetning er sterkare enn dei var før forbodet vart innført – noko forskarar forklarar med at tiggarane må sjå seg om etter andre inntektskjelder dersom tigging blir forbode. I Norge veit vi gjennom forsking at dei fleste tiggarar ikkje er organiserte, men einskilde personar i ein desperat sosial og økonomisk situasjon.

Når høgresida argumenterer for tiggeforbod og mot sexkjøpslov, er det ikkje forskingsbasert, men direkte kunnskapslaust. Kvar kjem den frå, denne trongen etter å forby sosial naud, og viljen mot gjere same med folk som utnyttar, sel og kjøper andre menneske sin kropp? Du må gjerne kalle det liberalisme, men i mine øyrer høyrest det meir ut som pur egoisme.

Folk frå høgrekanten av norsk politikk vil kanskje kontre på dette innlegget med å snu det heilt på hovudet: Korleis kan eg argumentere mot tiggeforbod, samstundes som eg argumenterer for sexkjøpslov? Det er eit betimeleg spørsmål å stille, men frykt ikkje; eg har svar.

Sexkjøpslova skal straffe dei som utnytter andre menneske. Eit eventuelt tiggeforbod vil straffe dei som burde sjåast på som ofre. Det er ein grunn til at sexkjøpsforbodet vart innført, framfor eit sexsalsforbod. Sexkjøp er for dei ressurssterke, medan tigging er for dei ressurssvake. Sexkjøp er eit motbydeleg og moralsk forkasteleg handling. Tigging er eit desperat rop om hjelp.

Høgresida sin kamp for eit eventuelt tiggeforbod framstår meir og meir som eit renovasjonstiltak for gater og byrom utan ubehagelege møte med den elendigheita som fins både innanfor og utanfor Norges grenser.

Høgresida sin manglande vilje til å ta i bruk straff i spørsmål om menneske som blir utnytta på det grovaste av sexkjøparar og hallikar, vitnar om eit ideologisk grunnsyn som tillét utnytting av menneske i ein sårbar situasjon.

Spesielt ille blir det når vi ser høgresida si haldning til tigging og sexkjøp i samanheng: Ein komplett mangel på vilje til å bruke riktig medisin på nokre av vår tids største sosiale problem.

 

Gå til innlegget

Å tenke annleis må aldri bli forbode

Publisert 3 måneder siden - 425 visninger

Korleis skal fleirtalet respektere eit mindretal av annleistenkande?

Førestill deg at du vervar deg til den amerikanske hæren under ­
2. verdskrig, men at du av religiøs og etisk overtyding ikkje ønskjer å drepe andre menneske. Du kan jo tenke deg sjølv kor populær du blir når du melder deg til å sendast ut i strid med medsoldatane dine, utan at du er villig til så mykje som å røre eit våpen.

Det er også tilfellet for historia om ­soldaten Desmond Doss i storfilmen Hackshaw Ridge. Doss var adventist og heilt overtydd om at det var galt å liv. Men han ville i krigen. For å redde liv, utan våpen.

«Trur du at du er betre enn oss?» spør ein av medsoldatane til Doss i filmen. Dei ser han som ein trugsel, slik også dei overordna bekymrar seg for korleis ­militærnektaren Doss kan undergrave heile den militære logikken dei bygger verksemda si på.

Annleistenkande

Fleire av dei politiske debattane dei siste åra har handla om korleis fleirtalet skal kunne respektere eit mindretal av annleistenkande. Altfor ofte ser det ut til at majoriteten – til liks med medsoldtatane til Doss – ikkje viser vilje til å tolerere eit mindretal som meiner annleis, og eg fryktar kva samfunn denne utviklinga vil føre oss til.

Det vart spesielt tydeleg i kjølvatnet av verdsdagen for Downs syndrom tidlegare i månaden, der organisasjonen Menneskeverd vart angripen med påstandar om at dei «kuppa» dagen med sin #rockesokk-kampanje. Organisasjonen oppmoda folk til å ta på seg to ulike sokkar og legge ut bileta i sosiale media, med oppmoding om å seie tydeleg ja til annleisheit og mangfald. Mange – som også er motstandarar av sortering av barn med Downs syndrom gjennom tidleg ultralyd – meinte at ­organisasjonen som jobbar for rettane til ufødde liv, ikkje burde få ta del i kampanjen på grunn av sitt abortsyn.

Dersom folk som har ulike verdisyn ikkje kan foreinast om mål, risikerer vi at mykje av grunnlaget for den politiske samfunnsstrukturen i Norge vil forsvinne. Arbeidarrørsla og kristenrørsla var jo ikkje einige om alt då dei foreina seg i kampen for ein restriktiv alkoholpolitikk i Norge, for eksempel.

Tvillingabort

Førre veke kom KrFmed eit utspel der dei tok til orde for endringar knytt til gråsoner i abortlova: Dei vil fjerne moglegheita for tvillingabort i Norge og seinabort basert på såkalla ­eugenisk indikasjon.

Det er inga hemmelegheit at det er mange­ meiningar om desse spørsmåla i samfunnet vårt og at utspelet var kontroversielt. Det var likevel synd å sjå korleis fleire av dei andre ungdomspartia reagerte med karakteristikkar om at KrFsitt utspel var «middelaldersk» og «ikkje høyrde heime i 2017». Ingen argument ­eller debatt, berre stempling.

Uansett kva ein meiner i desse spørsmåla, vil alle vere tent med at vi debatterer dei med saklege argument.

For det første er ingen tent med å skape ein så sterk konformitet i det offentlege rom, at det ikkje vert plass til annleis-­tenkande der. Om politikken og verdiane ein bygger på toler dagslys, så toler dei også sakleg debatt og å bli stilt spørsmål ved.

Vital debatt

For det andre bør vi sjå det som ein rikdom at vi meiner ulike ting i vanskelege verdispørsmål. Det viser evne til sjølvstendig tenking, vital politisk debatt og fridom. Det er ikkje negativt at vi i eit samfunn er ueinige i vanskelege spørsmål som religionen sin plass i samfunnet, kva slags religiøse symbol det skal vere lov å bruke og spørsmål knytt til abort.

For det tredje må vi ikkje gjere ueinigheitene og kløftene større og djupare enn dei er. Vi må ha evne til å finne pragmatiske løysingar der det trengs for å tolerere og respektere eit mindretal av annleistenkande.

Slik Desmond Doss først vart behandla av det amerikanske militæret er ikkje eit eksempel til etterfølging.

Gå til innlegget

Høgrekristendom og politikk

Publisert 4 måneder siden - 14012 visninger

Eg har sett meg lei på at Bjarte Ystebø, Oslo Symposium og høgreorienterte kristne har tatt monopol på kva som er ­verdispørsmål.

Israel, ekteskapslov, abort og kristendom som statsreligion. Der har du kort oppsummert dei verdispørsmåla som Oslo Symposium og Bjarte Ystebø meiner du skal vere opptatt av, viss du er ein god (høgre)kristen. Ystebø og hans disiplar tar seg ikkje bryet med å nemne­ kampen for klimaet, kampen for ein meir restriktiv norsk ruspolitikk, kampen mot økonomisk ulikskap, kampen for ein ­human asyl- og flyktningpolitikk og ein meir offensiv utviklingspolitikk.

Utfordringa med dei sistnemnte verdispørsmåla er at løysinga på desse ikkje ligg på den politiske høgresida, og derfor passar dei ikkje inn i Ystebø og Oslo symposium sitt snevre narrativ.

Smalt

Korleis kan eg og Bjarte Ystebø – to politisk engasjerte kristne – vektlegge politikken så ulikt? Frå mitt perspektiv ser det ut til at Ystebø prøvar å gjere verdi­spørsmål til noko smalt og trongt, der han er villig til å kaste ein del breiare (og – meiner eg – viktigare) verdispørsmål på båten.

Eg kunne ikkje la vere å tenke det, då eg såg Oslo Symposium gå av stabelen førre veke med alt mediehysteriet det genererte: Kva samfunn ville vi hatt dersom det var Bjarte Ystebø og hans nettverk blant høgresida i norsk kristenheit som hadde hatt innflytelse på samfunnet vårt og verda vår, og ikkje resten av oss som er kristne?

Hovudproblemet oppstår ved den intellektuelle kortslutninga Ystebø gjer når han hevdar at kristenfolket berre kan vinne gjennomslag for sine politiske kampsaker på høgresida i norsk politikk. Her finn ein riktig nok semje med Frp om Israel. E­lles kan eg ikkje sjå at han finn semje for dei andre sakene han er opptatt av med verken Høgre, Frp eller Venstre.

I fleire av spørsmåla Ystebø er opptatt av er desse partia til og med meir verdiliberale enn venstresida – ulikt det mange i Ystebø sine kretsar tenker.

Men viss dette ikkje handlar om verdispørsmål, kva handlar det om då?

Ikkje så farleg

Skal vi tru fleire av ­talarane på Oslo symposium ser det ut til å handle om ein meir restriktiv innvandringspolitikk. Om lågare skattar og avgifter, mindre offentleg regulering. ­Typiske høgresaker og høgrepolitikk. Då er det kanskje ikkje rart gjengen bak Oslo symposium ser ut til å ivre for at Norge får ei regjering beståande av Høgre og Frp. For dette er eigentleg ein diskusjon om harde politiske realitetar forkledd i ei innpakning av snevre verdispørsmål.

Ystebø og hans folk ser altså ut til å meine at så lenge kristne får gjennomslag på Israel, ekteskapslov og abort, så kan vi gløyme resten av utfordringane i samfunnet.

For den galopperande økonomiske ulikskapen, både her heime og i Ystebøs føregangsland USA, ser ikkje ut til å bekymre.

Klimaendringane som trugar ei heil verd og som set tiår med utvikling i fare, er det heller ikkje så farleg med.

Den alt for strenge og restriktive asyl- og flyktningpolitikken bør helst bli endå strengare, for det er visst eit viktigare verdispørsmål at vi ikkje slepp til andre kulturar her i landet – enn å vise neste­kjærleik med dei mest trengande på denne jorda.

Ureieleg

Sosial rettferd. Forrang for fattige. Solidaritet. Det felles beste for samfunnet. Kvifor er desse orda framandord i Ystebø og Oslo symposium sitt ­politiske vokabular? Dette er jo omgrep som har vore blant dei viktigaste i den kristne sosialetiske tenkinga dei siste hundre åra.

Det er i beste fall ureieleg å framstille politikken slik Ystebø gjer, i verste fall er det eit bevisst forsøk på å føre folk bak lyset. Uansett er det ein farleg veg å gå for eit kristenfolk i eit land, det å knytte livssynet sitt til visse politiske parti. Det gjer trua på ein allmektig Gud til ein politisk reiskap som brukast til å fremje eigne politiske preferansar.

For meg er det kristne livssynet mitt den viktigaste politiske motivasjonen eg har for å drive med politikk, men det gir meg aldri svar på kva politisk parti eg skal engasjere meg i eller kva eg skal meine om Nasjonal Transportplan.

Først publisert i Vårt Land, 07.03.17

Gå til innlegget

Legg om kursen for Oljefondet

Publisert 4 måneder siden - 172 visninger

For at det i det hele tatt skal være en fremtid å investere i, bør Oljefondet legge om ­kursen i mer bærekraftig retning.

Da Oljefondet ble opprettet, var det lite politisk diskusjon om fondets innretning – siden ingen forventet at det skulle bli så stort. Nå som fondet er verdens største statlige investeringsfond, er ­situasjonen en helt annen.

Statens Pensjonsfond Utland er et universelt fond. Det betyr at Oljefondet påvirker det markedet fondet selv investerer i. Enkelt sagt betyr det at dersom Oljefondet investerer i fossil energi, bidrar det til å styrke markedet for fossil energi globalt.

Sikre velferd

Oljefondets hovedoppgave er å sikre fremtidens norske velferd. Det er det bred enighet om, noe også vi støtter fullt ut. Men etter hvert har det også blitt en felles oppfatning at dette ikke skal skje på bekostning av mennesker, land og lokalsamfunn utenfor Norges grenser.

Flere ganger opp gjennom historien­ har vi sett eksempler på at forvaltningen av Oljefondet er blitt endret, for eksempel ved at vi fikk de etiske retningslinjene for fondet og at Etikk­rådet ble opprettet. Hver gang slike forvaltningsmessige endringer har vært på trappene, har det kommet sterke protester og påstander om at det vil gå på bekostning av fondets avkastning, uten at disse spådommene har gått i oppfyllelse.

I fondets interesse

For et så stort fond som Oljefondet er det opplagt at avkastningen er nært knyttet sammen med verdensmarkedet, fordi fondet er investert i så mange forskjellige deler av verdensøkonomien. Det er derfor i Oljefondets rent finansielle interesse­ å bidra til mest mulig bærekraftig ­utvikling globalt.

Da blir spørsmålet: Hva er bærekraftig utvikling, og hvordan bidra til det? Kort sagt mener vi det handler om å ta vare på behovene til mennesker som lever i dag, uten å ødelegge for frem­tidige generasjoners mulighet til å dekke sine behov. Her snakker­ vi om kampen mot fattigdom, mot klima­endringer, mot økonomisk ulikhet, mot menneskerettighetsbrudd og for demokrati.

Anbefalinger

Tankesmien Agenda har tre anbefalinger til en mer bærekraftig forvaltning av Oljefondet:

1. En omlegging av fondets referanseindeks til en mer framtids­rettet og bærekraftig profil. En slik indeks, utviklet­ av Finansdepartementet med råd og innspill fra internasjonale ­aktører, kunne for eksempel se framover mot mindre fossil og mer bærekraftig utnyttelse av naturressurser. Med ­andre ord: Oljefondet kan investere i det markedet som kommer i stedet for det markedet som er.

En slik endring bør gjøres uten at det går på bekostning av fondets evne til å generere den ønskelige avkastningen innenfor moderate risikorammer, og det bør forutsettes at det bør skjer gradvis. En annen grunnleggende forutsetning for en slik indeks er at man finner gode verktøy for å måle bærekraftsprofilen til ulike selskap.

2. Oljefondet burde nokså omgående­ utvide sitt investeringsunivers. For det første vil det føre til bedre risiko­diversifisering enn i dag. Investeringer i unotert infrastruktur vil også kunne åpne for flere investeringer i framvoks­ende markeder og fattige land, noe som igjen kan bidra til å spre risiko.

3. Det bør settes en øvre grense for hvor store deler av Oljefondet som kan investeres i eiendom. Vi mener denne grensen ikke burde legges mye høyere enn dagens nivå, på rundt fem prosent av fondets totale verdier. Investeringer­ i eiendom fortrenger investeringer i andre aktiva, noe som reduserer ­mulighetene for at Oljefondet kan ­bidra til mer bærekraftige investeringer.

Ikke eksperiment. Flere lignende fond har allerede gjort det vi anbefaler. Nederlandske ABP og USAs største pensjonsfond CaliPERS er gode eksempler. Det er med andre ord ikke noe eksperimentelt vi anbefaler Oljefondet å gjøre. Dersom Oljefondet også i fremtiden skal gi nordmenn en økonomisk forsikring for fremtiden, er det ingen andre muligheter enn å utvide investeringsuniverset nå.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 15.02.2017

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Bjørn Erik Fjerdingen kommenterte på
Se på film vår ånd forlate kroppen da vi dør
9 minutter siden / 99 visninger
Morten Christiansen kommenterte på
Shame Day (Homofilisme I)
19 minutter siden / 4406 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Et gudsbevis?
39 minutter siden / 1160 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Et gudsbevis?
40 minutter siden / 1160 visninger
Mons Henrik Slagsvold kommenterte på
Shame Day (Homofilisme I)
rundt 1 time siden / 4406 visninger
Leif GuIIberg kommenterte på
Ikke bare hvitt
rundt 1 time siden / 196 visninger
Anders Helge Myhren kommenterte på
Israels Hus og noen hedninger
rundt 1 time siden / 311 visninger
Morten Christiansen kommenterte på
Shame Day (Homofilisme I)
rundt 1 time siden / 4406 visninger
Stefan Bonkowski kommenterte på
Israels Hus og noen hedninger
rundt 2 timer siden / 311 visninger
Anders Helge Myhren kommenterte på
Israels Hus og noen hedninger
rundt 2 timer siden / 311 visninger
Mons Henrik Slagsvold kommenterte på
Shame Day (Homofilisme I)
rundt 2 timer siden / 4406 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Et gudsbevis?
rundt 3 timer siden / 1160 visninger
Les flere