Edvard Lysne

Alder: 49
  RSS

Om Edvard

Følgere

Pilarar som enno virker

Publisert rundt 1 måned siden

Kvifor er det så krevjande å halde fast i ein grunntanke om at så komplekse ting som «arven til eit samfunn» sjeldan er eindimensjonale?

På Dagsnytt Atten onsdag var det ein debatt om det er slik at vårt moderne norske velferdsamfunn primært er basert på kristne verdiar eller om dagens Norge primært er basert på dei liberale, sekulære verdiar som var fundamentet for grunnlova og 1814-strateganes tenking.

Utgangspunktet for debatten var KrF-ledar Kjell Ingolf Ropstad sin påstand om at det er kristne verdiar som me skal takke og motsvaret til sosiologiprofessor Gunnar C. Aakvaag om at dette er heilt feil – den kristne arven spelar liten rolle i dagens Norge.

Sjeldan eindimensjonale

Igjen får me ein klassisk ­enten/eller-debatt på eit tema der me er langt nærare eit både/og. Kvifor er det så krevjande å halde fast i ein grunntanke om at så komplekse ting som ­«arven til eit samfunn» sjeldan er ein­dimensjonale? Eg skjønnar at dette er debattens grunnform (to distinkte posisjoner), men kva om me prøvde oss med samtalens grunnform med ­lytting, ­utprøving, supplering og ­balansering?

Me er nettopp ferdige med 17. mai, dagen der landet blir ­dekka av flagget som det visuelle s­ymbolet på Norge som land.

Og det er poenget. La oss ­stoppe opp ved nettopp ­flagget. For det norske flagget kan fortelje oss ein heil del om ­pilarane dagens ­Norge står på. Det ­norske flagget vart funne opp og ­etablert i ­tiåra etter 1814 etter masse merk­verdige forslag, makt­kampar og symbolske krumspring mellom den norske «1814-eliten», danske kongar og svenske kongar.

Det norske flagget bærer fire symbol i seg, fire symbol som alle peiker på sentrale dimensjoner ved norsk historie.

For det første: ­Dannebrog

Det norske flagget er basert på det danske. Som sjølvsagt ­peiker på at Danmark i ­mange ­hundreår har prega norsk ­historie, både direkte, ved at norsk statselite i stor grad var ­danskar i ­fleire hundre år. Delvis er ­desse ­embetsmannsslektene enno ­ganske mektige, så dette er ikkje kun «historie». Og delvis har denne arven fått meir ­indirekte ­konsekvensar. Denne sterke danske statsmakta gav ikkje stort rom for å etablere sterke norske elitar i form av mektig norsk adel eller sterke byborger­skap (med det hanse­atiske ­Bergensborgarskapet som eit lite unntak). Dette ­peiker igjen på dei djupe røtene bak det norske samfunnets egalitet og grunnfesta likheitsideal. Dette er ikkje berre moderne ideal, ­dette er djupe historiske strukturer som understøtter og for­sterkar desse ideala. Me skal berre til Sverige med sin mektige adel for å sjå kontrasten.

For det andre: korset

Det er da rett og slett tøv å ­hevde at ­dagens Norge ikkje lenger er ­spesielt prega av den ­kristne ­arven. Hundrevis av år med protestantisme, pietisme, lekmannsrørsler og haugian­isme er framleis mulig å finne att som djupe straumar i norsk samfunnsliv. Listhaugianismen er eitt ferskt eksempel. Me forstår ikkje hennar posisjon, bodskap eller appell utan å kjenne desse ideologiske under­straumane i visse deler av det norske samfunnet.

I tillegg har me sjølvsagt alle dei mentale modellane og ­symbola religionen drog med seg, alt frå helligdagar, livsritual og så bortetter. Det blir for banalt å bruke oppmøte i kyrkjene eller den delen som erklærer at dei er «truande» som bevis på at denne arven er «borte» i dag.

For det tredje: trikoloren

Det er ikkje tilfeldig at det er den franske revolusjonens ­sekulære ideal om fridom, likskap og brorskap – symbolisert med raudt, kvitt og blått – me finn att i det norske flagget (som i det ­franske, amerikanske og fleire andre). Norges grunnlov i 1814 var ­radikalt moderne og utvilsamt bygd meir på sekulære ­ideal enn ­religiøs kulturarv. Slik sett har sosiologen i denne debatten rett. Og han har rett i å peike på at det tok fleire folkerørsler for å realisere desse ideala og gradvis riste statsmakta ut av hendene til det etablerte embetsmanns­veldet (altså – den danske arven)

For det fjerde: Flagget som sådan

Dette er symbolet på Norge som nasjon. Som peiker på den nasjonal­romantiske arven og det voldsame nasjonsbyggingsprosjektet som vart skapt for å etablere Norge som eit djupt historisk fellesskap med ei stolt historie med vikingar og stordomstider, med brave menn som reiste ut i isøydet og alt det der. Me kan le litt av det, men me skal ikkje undervurdere denne delen av den norske tenke­måten. ­Sosial homogenitet kombinert med kulturell identitet gir eit ganske kraftig samfunnslim. Og dette ­limet er temmeleg uvurderleg når ein skal bygge så store ­konstruksjonar som vår ­moderne omfordelande velferdsstat.

Så tenk på det før du pakkar vekk 17. mai-flagget. Dette firkanta tøystykket kviskrar oss historia om fire pilarar i norsk historie, pilarar som eg er brennsikker på at enno «virker» på oss og som me må forstå om me vil forstå dagens Norge; den danske koloni- og embetsarven, 1.000 år med kyrkje og 500 år med piet­isme, opplysningstidas sekulære, liberale ideal og nasjonalromantikkens insistering på eksistensen av det nasjonale fellesskapet og den norske identitet.

Gå til innlegget

Meir enn å miste eit religiøst bedehus

Publisert 2 måneder siden

Kyrkjebygg er historieskriving, ikkje skrevet med ord, men med materialer og objekt. Lag på lag med historie.

Min religiøse åre er så liten at den nok ikkje ville gitt utslag på Statoils mest fininnstilte seismiske utstyr. 

Men eg har likevel ein sterk dragning mot kyrkjebygg av alle slag og har gått mange kilometer i mange byer (og på mindre plasser) for å besøke store og små kyrkjer.   

Og det et fordi desse bygningane ikkje kun er religionshistorie, dei er kulturhistorie, kunsthistorie, håndverks- og teknologihistorie, arkitekturhistorie, mentalitetshistorie, politisk historie, geografi og sosialhistorie i krystallisert form. Desse bygningane var ikkje kun bedehus, dei var galleri, kulturhus, samfunnshus, museum, skulebygning, lokalavis, torg osv. Det var her samfunna la inn alt dei hadde av «overskot» for å vise kven dei var. Og det var her samfunna viste fram og symbolsk bekrefta sine sosiale maktstrukturer. Husmenn av ulike slag har aldri fått sitte på fyrste benk. 

Kyrkjebygg er derfor historieskriving, ikkje skrevet med ord, men med materialer og objekt. Lag på lag med historie. Den ligg der for den som ser etter. 

I store byar vart dette til katedraler, på mindre plasser meir eller mindre (ofte mindre) grandiose kyrkjebygg i tre eller stein. Og i kvardagen var desse like viktige for dei som sokna til desse bygningane som dei store katedralane var i sine byar.

Det er derfor det å miste eit kyrkjebygg - stort eller lite - er langt meir enn å miste eit religiøst bedehus.

Som eit tankeeksperiment: Ta vekk alle norske kyrkjebygg og tenk over kor store deler av vår objektifiserte og synlege historie som blir borte for oss.

Gå til innlegget

Dei einøygde

Publisert 3 måneder siden

Me er i ferd med å miste kontrollen over det offentlege ordskiftet til Dei einøygde. Ei bekymringsmelding på vegne av samfunnstonen.

Eg er i ferd med å bli alvorleg fortvila over nivået, holdning­ane og retorikken i den ­norske samfunnsdebatten. For eg ­synes stadig tydelegare at det fins eit mønster på tvers av eit vidt spekter av saker og tema. Eller rettare: Eg synes eg ser ein grunnholdning, ein «type», kanskje ein «arketype» som breier seg stadig breiare ut. Som kanskje ­breier seg såpass ut og tek så stor plass at den nesten er i ferd med å bli vår tids ­definarende arketype: «Den einøygde».

Blanke i trua

Den einøygde er den som kun evner å ha eitt blikk, ein tanke og som mistrur den tvisynte og ­ambivalente. Den einøygde mistrur tvil, men vil ha dei reine og ranke og blanke i trua. Den einøygde mistrur det som er objektivt og empirisk sant fordi den einøygde trur meir på det som er «sant for meg». Den einøygde mistrur det umoralske som noko som må renskast bort, fordi den einøygde trur på det moralsk reine. Den einøygde er ofte alvorleg og humørlaus fordi latter nesten alltid punkterer gravalvoret.

Den einøygde mistrur snakk om korleis verden faktisk «er» fordi den einøygde insisterer på at korleis ­verden «bør vere» er ein bedre posisjon. Den einøygde har store problem med å tenke «både/og» fordi den einøygde tenker «enten/eller». Den einøygde er mindre opptatt av argument og det som blir sagt enn identiteten til den som framfører argumenta. For har du «feil» identitet for den einøygde er det underordna kva du faktisk seier – har du «feil» identitet har du feil.

Tvil og tvisyn

Dei siste par åras samfunnsdebatt, omtrent på alle tenke­lege saksfelt – frå distriktspolitikk, innvandring, religiøs dogmatisme, ­Michael Jacksons moral, Giske/metoo-komplekset, Wara/BlackBox, EU ­og – … ja, you name it – har vist at me er i ferd med å miste kontrollen over det offentlege ordskiftet til Dei Einøygde. Som i sin jakt etter det Eintydige og ­Enkle gjer det nesten umuleg å delta for dei blant oss som stadig oftare ­møter floraen av nye samfunnstema med tvil og tvisyn. Som stadig oftere lurer på om verden faktisk er grå når andre insisterer på at den er kvit eller svart. Og som innser at det er lurast å holde sine både/og-perspektiv for seg sjøl.

Den einøygdes blikk og verdensbilde er bortimot perfekt og profetisk ­beskrevet av Karl Ove Knausgård i eit ganske så sylskarpt essay frå 2015 – «I kyklopenes land». Som eg henta fram att og leste igjen denne veka.

Mytisk skikkelse

For det er Den einøygde Knausgård beskriver ved hjelp av den mytiske skikkelsen ­«Kyklopen» (frå gresk mytologi, for den som lurer): «Mange av dem er sinte, og fulle av hat. Og mange av dem er redde», hevdar Knausgård.

«Kyklopene vil ikke vite om de ­delene av virkeligheten som ikke er som de ifølge dem bør være … ­Kyklopene tror at deres virkelighetsbilde gjelder for alle, og når de oppdager at det et sted ikke er slik … blir de sinte.

Kyklopene kan ikke håndtere det ambivalente. Det som ikke er enten godt eller ondt forstår de ikke, og det gjør dem sinte (...)

Slik går dagene i kyklopenes land. Kyklopene blir sinte, og kaster store steiner etter de som sier noe de ikke liker eller ikke forstår. Dette gjør ­andre kykloper redde, for de vet at hvis de sier noe andre ikke liker eller ikke ­forstår, vil de sinte kyklopene begynne å ­kaste steiner på dem også. Kyklopene er ­derfor enten sinte eller tause.

Det kykloper har størst ­problemer med, er identitet. Forholdet ­mellom kvinner og menn forvirrer dem, ­siden det ikke er entydig. Og for­holdet ­mellom mennesker fra den egne ­kulturen og andre kulturer, som ­heller ikke er ­entydig, forvirrer dem også.

Derfor er kyklopene aldri så sinte som når de snakker om kjønn eller innvandring. Dette er ikke noe man kan være for eller imot, likevel er det nettopp det de krever, slik at alt som finnes mellom kategoriene, alt som ­finnes i grenseområdene, ikke blir sett, og ikke blir snakket om. Dette aner ­kyklopene, men uten at de klarer å forstå det, og da blir de enda sintere eller enda ­tausere. (…) Det umoralske ­forvirrer dem. Og begjæret forvirrer dem, fordi dette ­begjæret ikke er slik det bør være. Da blir de sinte og ­begynner å kaste ­steiner. (…)

Hva er litterær frihet? Eller, mer ­interessant, hva er det motsatte? Det er å si hvordan litteraturen skal være. Det er å si hvordan litteraturen skal tenke. Det er å si: Dét er galt tenkt, det er feil, det er ikke slik vi vil ha det. Det kan du ikke gjøre. Det kan du ikke si.

Det kan du ikke si. Det er ­kyklopenes litteratur»

Knausgård avslutter med eit spørsmål som eg trur er høgst relevant i ein epoke der moralismens sinte «bør» ­stadig oftare ropar høgare enn ­empiriens sindige «er»: «Hva hender med et samfunn som slutter å forholde seg til det som finnes, men som det ikke vil ha. Et samfunn som ikke ser sannheten i øynene, men som ser bort?»

Omvendt proposjonal

Som du ­sikkert har skjønt: Eg blir stadig ­mindre begeistra for kyklopene – dei ­einøygde – sin retorikk. Eg blir stadig meir s­keptisk til dei som viser fram ei evne til offensiv «dømme-kraft» som er omvendt proposjonal med deira evne til ettertenksom dømmekraft. Den einøygde konkluderer raskare enn sin eigen skygge.

Sjølvaste Tomas Tranströmer har eit råd om desse – gå forbi dei!

«Den störste fanatikern

är den störste tvivlaren.

Han vet det inte.

Han är en pakt mellan två

där den ene skall vara synlig till ­hundra procent

och den andre osynlig.

Vad jag avskyr uttrycket till ­hundra procent!

De som inte kan vistas någon ­annanstans än på sin framsida

de som aldrig är tankspridda

de som aldrig öppnar fel dörr

och får se en skymt av Den ­Oidentifierade

gå förbi dem!»

Edvard Lysne

Leder for Hedmark IKT

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Vi som ikkje forstår Pride
av
Emil André Erstad
rundt 18 timer siden / 2500 visninger
Kjønnsideologi på avveie
av
Marit Johanne Bruset
23 dager siden / 2325 visninger
Den verkeleg raude fare
av
Emil André Erstad
30 dager siden / 2053 visninger
Kunnskapsløst om «koranskoler»
av
Usman Rana
23 dager siden / 1643 visninger
KRIK og samlivsteologien
av
Aksel Johan Lund
10 dager siden / 1444 visninger
Slutt å gjøre kirken kul!
av
Merete Thomassen
rundt 1 måned siden / 1364 visninger
En fallende stjerne?
av
Vårt Land
23 dager siden / 1295 visninger
Kallmyrs tabbe
av
Vårt Land
26 dager siden / 1202 visninger
Gut eller jente?
av
Ann Kristin van Zijp Nilsen
13 dager siden / 1151 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere