marit elisebet totland

Alder: 62
  RSS

Om marit elisebet

Jeg blir engasjert av saker som på et eller annet vis er konkretisering av ideologi og verdier, særlig saker som har med menneskeverd å gjøre. Ønsker å fokusere på praktiske og økonomiske ordninger for alle som ikke kan bidra fullt ut i samfunnet og på prinsippet om menneskeverd uten krav til prestasjoner.
Siste bøker:"Garborg ogSkou - forskjell på folk?" http://garborgogskou.blogspot.com Alt vel og Håp https://garborgogskou.blogspot.no/2017/09/sommarfuglboka-hap.html

Følgere

Vindkraft: Natur mot klima?

Publisert 17 dager siden

Om det finnest løysingar som gjer at naturen ikkje må gå ned i kne for at me skal få eit betre klima, vil eg gjerne vera med å kjempa for det.

Eg skal innrømma det først som sist: Eg har meint at me skal byggja vindmøller. Fordi me treng rein kraft. I fire år har eg no vore ikkje-politikar og har tenkt at andre får ta vurderingane og debattane. Men samstundes som eg stiller til val på ny for KrF, kjem det ei nasjonal ramme for vindkraft frå NVE som peikar på eigna plassering av vindmøller. Så sit eg her, med ny plan som opnar for utbygging i mellom anna i mitt nærområde, og med andre tekniske og praktiske problemstillingar og løysingar enn då eg ein gong blei positiv til vindmøller på land der det var lokal støtte til det. Spørsmålet som dukkar opp er: Må eg gå imot straumen å støtta vidare utbygging fordi me er komne til eit punkt der me må velja mellom klima og natur?

Eg må inn i problemstillinga og leiter opp ulike artiklar, faglege og politiske, alle meir eller mindre argumenterande. Og heldigvis: Eg les meg til at me kan nytta vindmøller utan å ha dei på land. Me kan ha dei på havet. Gjerne flytande, og dermed truleg flyttbare og fjernbare. Prøveprosjekta gir håp. Det einaste motargumentet eg har funne, er at det er kostbart og løysingane er ikkje fullt utviklinga. Men desse hindringane er ikkje uoverstigelege. Derfor bør me satsa på havkraft. Trur eg.

Men vil me ikkje tapa tid og skitna ut lufta vår mens me ventar? Jo, derfor må ventetida bli kortast råd. Og det er beste argumentet for å satsa på havkraft straks. Me kan ikkje seia ja takk begge deler og først byggja ut større område på land når me treng konsentrasjonen, motivasjonen, framdrifta og pengane til å få på plass den beste løysinga, havturbinar.

Nokon meiner med kan spara naturlandskapet vårt fordi me har nok straum til eige bruk utan vindkraft. Men lufta og vatnet kjenner ingen landegrenser, og det kan heller ikkje miljøengasjementet gjera. Me tar for gitt at me kan setja på alle elektriske apparat me har i huset, så ofte me vil, kan ha varme i fleire rom i hytter og hus og lysa opp bygdene våre med julelys i vekevis. Kan henda har me eit forsprang på problemet samanlikna med andre land, men me et fort opp forspranget med vårt forbruk, privat og til næring.

Det blir spurt om kva me som land skal leva av etter olja. Me kan også spørja kva offshorenæringa skal ta seg til etter olja. Med havvindkraft har me noko av svaret. Teknologien, kompetansen og arbeidskrafta vil kunne tilpassast vindkraftutbygging og drift. Trur eg.

Mange artiklar eg har lese er svært nye, tydelegvis publiserte dei siste dagane etter at den nasjonale planane kom. Kanskje er dei einsidige. Men eg har fått tru på havvinden. Eg set ikkje to strekar under svaret, og ser gjerne at nokon skriv kritiske spørsmål i margen hos meg.

Eg ønskjer ikkje vindmøller i Kvinnheradfjella. Om det finnest løysingar som gjer at naturen ikkje må gå ned i kne for at me skal få eit betre klima, vil eg gjerne vera med å kjempa for det.

Marit Elisebet Høines Totland

Valen

Gå til innlegget

Rett tid for nyorientering for KrF

Publisert 7 måneder siden

Målet er det same: Å vinna fram med KrF’s politikk. Men det er i politikken som elles når ein skal finna fram. Har terrenget endra seg, må ein stoppa opp å sjekka både kart og terreng for å sjå korleis ein kan nå målet.

Eg har lenge hatt tru på sentrum som ei kraft i norsk politikk. Ein kan framleis snakka om at Senterpartiet, Venstre og KrF har mykje felles, men når Senterpartiet nyleg har vore i ei raudgrøn regjering og Venstre har gått saman med Høgre og FrP, er det ikkje noko tyngdepunkt igjen å bruka til praktisk politikk i sentrum, dessverre. Terrenget er altså slik at ein må velja ny rute.


Partileiaren peikar no mot AP og SP. Ikkje for at KrF skal overta deira politikk, men for at ein skal gå i samtaler med desse partia for å sjå om ein kan få gjennomslag for KrF’s politikk eller finna ein veg som er nærare KrF’s mål enn det andre regjeringskonstellasjonar vil kunne leia til. Mange meiner ein då skal gå til Høgre. Noko som ikkje er unaturleg utifrå KrF’s historie. Men ulikt tidlegare situasjonar, så kan ein ikkje i dag velja Høgre, men Høgre og Framstegspartiet. Det er ein heilt ny situasjon. For meg er ei slik løysing ganske fjern. Det skuldast avstand i politikk kombinert med at statsministeren, etter mitt syn, i alt for stor grad lar regjeringspartia styra kvart med sitt i staden for å ha ei samlande hand både om bodskap og statsrådar. Derfor gir eg lyd frå meg no. Som vestlending. Som ein del av grunnfjellet. Og eg er ikkje åleine her som meiner at partileiaren no har gjort ei rett vurdering for vår tid.


Når eit sentrumsparti vel å gå til Høgre eller AP gir ikkje det grunnlag for å ta fram dei store orda og kraftige karakteristikkane. Derfor er eg glad Eirik Lunde kan fortelja om godt klima på møtet på laurdag trass usemje om retningsval.


Mange har vore avventande til valet som blir gjort no. Nokon vil til og med bli medlem i partiet om Hareide får partiet med seg. Til det er det å seia: Meld deg inn straks. Nye medlemmer er målbart. Det kan gi hjelp til dei som skal ta avgjerd på landsmøtet i dette som for mange er eit vanskeleg val.


At det er ulike syn på kor langt partiet kan gå til høgre eller venstre, er ikkje nytt. Påstanden om at KrF er ein koalisjon meir enn eit parti, er vel meir sann enn på lenge. Kvifor ikkje då heller gå kvar til det partiet der ein kjenner seg heime i staden for å leva i ein koalisjon som «berre» er bunden saman av verdisaker og ta verdiane med seg der ein kjem? Mitt svar er det same i dag som det var for over 30 år sidan då eg melde meg inn i partiet. Det dukkar stadig opp nye saker som gjeld verdiar og menneskeverd. Aldri hadde eg kunne tenkt meg at spørsmålet om aktiv dødshjelp og surrogati for alvor skulle bli sett på dagsorden her i landet i mi tid då eg melde meg inn. Til no veit eg kva saker Stortinget har arbeidd med. Eg kjenner tapa og sigrane til KrF. Og eg veit sånn nokolunde kva ulike parti har meint i viktige verdispørsmål. Men eg veit ikkje kva spørsmål til dømes teknologien vil by på i framtida. Og eg veit heller ikkje korleis partia vil stilla seg til nye utfordringar i kjølvatnet av slike nyvinningar. Men eg stolar på KrF når det gjeld menneskeverdet, i vårt land og i verda elles. Eg kan ikkje vera trygg på at partiet vil vinna fram med vernet om menneskeverdet i alle saker, men eg er sikker på at dei vil ta kampen. Derfor vil KrF alltid vera partiet mitt!

Gå til innlegget

Monopol på symbol?

Publisert rundt 1 år siden

Symbola er viktige vegvisarar for tanken. Dei fører til oppgådde stiar eller dei kan leia tanken inn på nye vegar - fordi dei fortel noko utover det me ser med auga. Men er det fritt fram å bruka dei som ein vil, eller har nokon monopol på einskilde symbol?

Spørsmålet er blitt aktuelt i samband med alpinlandslaget sine gensarar med norrøne symbol (Vårt land 9.2). Dersom nokon nyttar symbola slik at dei gir negative assosiasjonar, er dei då ubrukelege for andre? Hakekrossen er eit døme på at det er slik. Symbolet var i bruk i religiøs samanheng lenge før Hitler tok det i bruk. 

Regnbogen var kyrkja sitt symbol på at Gud er trufast; Han sette bogen på himmelen etter flaumen for å fortelja at dette ikkje skulle skje igjen. No har regnbogen fått nytt innhald og vil ikkje nå fram med den bibelske bodskapen lenger.

Symbolet lever sitt eige liv. Ingen kan ta eigarskap til det. Ingen har hevd på bruken og det finnest ingen patentordning. Men det finnes ei munnleg brukaravtale. Og den blir gjort gjeldande nettopp gjennom bruk. Når eit symbol gjentatte gonger blir brukt i ein samanheng, inngår samfunnet ein uskriven bruksavtale. Men dette er vel ein tidsavgrensa avtale?

Når det gjeld dei norrøne teikna, er spørsmålet om det er såpass lang tid sidan dei blei brukte i ideologisk samanheng, at dei no ikkje gir slike assosiasjonar for så mange at dei ikkje kan lausrivast frå den mørke historia. Kanskje me igjen kan gå eit hakk lenger bak når me hentar dei fram og lar dei representera vår norrøne historie? Debatten i Vårt land viser at dette blir opplevd svært ulikt. Frå min ståstad, som har vore opptatt av at ingen nokon gong må få trampa på nokon slik jødane blei trampa på under krigen, men som ser historia utafrå, er det vanskelg å sjå at ikkje norrøne teikn skal kunne brukast i dag.

Eg sit ofte men pensel og palett og utfordrar og utforskar symbola. Fordi det er noko eg vil ha sagt. Siste åra har eg ofte brukt sommarfuglen, og har då oppdaga at han er lite kjent som oppstandelsessymbol. Det er derfor blitt mange fine samtaler med gjester som kjem innom, om sommarfuglen, dei ulike stadia, Jesu oppstandelse og det evige håpet vårt. Det er mykje å snakka om. Og symbolet blir rikare for meg til meir eg arbeider med det. Sommarfuglen har større hjarte, betre fargesyn og er ikkje bunden til å bu på lauvet i det siste stadiet. Han kan ta vengene fatt og fly langt og lengre enn han før visste det fantest noko som helst.

Sommarfuglar flagrer mot meg overalt for tida. Frå gardiner, kjolar og gåvepapir. Som den flotte skapningen han er, pyntar sommarfuglen opp overalt. Dermed har me eit eineståande høve til å gjera ein avtale med samfunnet om at sommarfuglen er ei kristent symbol. Avtalen kan me berre gjera ved å bruka symbolet. Det har vore i bruk i landet vårt i lange tider. Me finn gamle støypejernskrossar på gravplassane med flotte sommarfuglar på. I den norske kyrkja er sommarfuglen eit godkjent symbol til bruk på presten sin stola.

Nyleg laga eg gåveboka "Håp" med maleri og tekst om sommarfuglane. Det er mitt bidrag til å halda fram den flotte sommarfuglsymbolikken. IKO har gitt ut ei flott bok for born. Og eg utfordrar til ein dugnad: Bruk sommarfuglen! Gjer han kjent. La han fortelja om det uforståelege - det svake og spinkle som gir nøkkel til å sjå inn i det største. 

Sommarfuglen kan også nyttast som symbol i anna spiritualitet og me finn det i andre kulturar. Me eig det ikkje. Men me kan bruka det, og på det viset gjera det til "vårt".

 

 

Gå til innlegget

Det er no me skal vega våre ord!

Publisert over 3 år siden

Mange som bankar på grensedøra vår, vil ikkje få bli i landet fordi dei ikkje treng beskyttelse. Men å ikkje ha rett på asyl, er ikkje å vera annanrangs menneske. Det er no me må vega våre ord på gullvekt, også når me skal vera tydelege i handling.

Me ser dei på skjermen, folk på vandring, folk på flukt frå krig og forfølgjing. Og me ser dei på skjermen, dei som fortel oss at dei kjem hit fordi dei trur dei får det betre her enn i land der dei har vore før, sjølv om dei hadde både jobb og bustad der. Og me blir forvirra. Er det flyktningar me skal hjelpa, eller er det ei folkevandring på gang, ei vandring der mange ser mot Norge fordi her er det godt å bu?

Sjølvsagt er det begge deler. Og når me skal samanlikna den eine gruppa med den andre; ta imot og gi vern og omsorg til den eine gruppa, samtidig som me sender den andre gruppa ut av landet att, er det lett å ty til ord og uttrykk som får det heile til å gå i svart/kvitt. Dei som ikkje har rett til opphald, blir snart kalla både det eine og det andre i ulike ordskifte som går.

Det vil ikkje vera råd å setja seg til språkpoliti overfor debattantar i ulike fora; men det er grunn til å koma med ei påminning: Dei verste overgrep mot folkegrupper er blitt gjort fordi mennesket er blitt avhumanisert. Alle vil truleg seia at mennesket er for verdfullt til ikkje å ha livets rett. Men begynner ein å slå av på menneskeverdet, ha annanrangs, tredjerangs menneske, ja, til og med grupper av menneske som ein vel å snakka om med eit språk som ein elles nyttar på dyr, då er vegen kortare til å oppføra seg mot desse menneska som om dei ikkje er menneske som deg og meg. Historia har vist oss kor gale det då kan gå.

Orskifte på nettet er kjende for å kunne vera rå og ha ein grov språkbruk. No er tida for dei som debatterer på nett til å tenkja seg om når dei vel sine ord. Men me andre har same ansvaret: Rundt middagsbordet høyrer borna kva me vaksne seier, og ved lunsjen spreier me haldningar.

Å vega sine ord er ikkje det same som å bagatellisera situasjonen. Norge kan ikkje ta imot alle som ynskjer å koma hit. Derfor må me verna om asylinstituttet slik at me kan hjelpa dei som har rett på opphald. Det krev klare og kloke tankar og tøffe tiltak frå politikarane, sjølv om nokon då kan oppleva at Norge ikkje er så nestekjærlege og hjelpsame som dei har fått inntrykk av at me er. Å vera tydelege i handling vil bli nødvendig. Det vil krevja mot og målretta pengebruk. Mindre mot og pengebruk vil det krevja av oss å velja orda våre med omhu når me snakkar om våre medmenneske. Såpass kan me alle bidra med!

Gå til innlegget

Heia Normisjon!

Publisert nesten 4 år siden

Når Normisjon ikkje utviklar seg knirkefritt og veks som i «gode gamle dagar», er det for lettvint å gi fusjonen skulda. Det Normisjon treng er ikkje tilbakeblikk, men modige blikk framover. Derfor helsar eg generalforsamlinga: «Heia Normisjon!"

«Misjonsturbulens» skriv Jan Arild Holbekk i dagens kommentar (VL 29.06) og viser til eit intervju frå 2000 der det blei sagt at mykje kan gå galt i Normisjon. Han peikar vidare på kva som ikkje har vore bra dei siste tre åra, og slik kommentaren er kopla opp mot fusjonen mellom Normisjon og Santalmisjon, kan det sjå ut som om det er fusjonen som har skulda for trøbbelet.

Då er det på sin plass å setja sakene inn i ein større samanheng.

Ja, det blei bråk ved tilsetjing av ny generalsekretær. Det var svært uheldig. Men fusjonen hadde ikkje skulda. Tida med kronprinsar innan misjonsorganisasjonane, slike som var godt kjende med kulturen og hadde kjend på eit kall til å bli leiar, både frå Gud og misjonsfolket, er truleg forbi. Kandidatar til slike verv som er prega av tøft økonomisk ansvar og tidvis hardkøyr i media, er det ikkje mange av. Det gjer tilsetjingssaker som dette vanskelegare enn før.

Ja, økonomien krev at ein stramar inn, til og med seier opp tilsette i administrasjonen. Når det skjer i stor målestokk no, skuldast det at ein har prøvd å halda igjen i mange år. Ein har håpt, trudd og bedt om at inntektene måtte koma til å matcha utgiftene. Den desentrale strukturen, der kvar region styrer eigne eigedomar og avgjerder, har gjort at det ikkje er råd å prioritera for det landsstyret som misjonsvenene har gitt sin tillit til. Slik ville det også ha blitt om dei to organisasjonane hadde vore kvar for seg.

Ja, mange syntest det var leit at ein byta ut Santalgården i Bergen med pengar i banken og til sletting av gjeld. Men det var ikkje bruk for han slik han var i direkte misjonsarbeid. Noko av midlane er satt av til misjonssenter i Bergen. Hadde Santalmisjon klart seg utan desse midlane om dei hadde vore åleine?

Ja, mange er glade i Gå Ut Senteret. Men kandidatane til det tradisjonelle misjonærstudiet forsvann før ein begynte å vurdera om tilbodet skulle avviklast eller endrast. Det skuldast ikkje ein feil ved senteret eller tilbodet der, men rett og slett at unge kristne som vil tena misjonen tenkjer annleis i dag enn dei gjorde før. Dei tar ikkje eiga misjonærutdanning, men vil bruka den profesjonsutdanninga dei har i misjonen si teneste, ikkje for resten av livet, men for ein periode. Slik er det også i andre trussamfunn og organisasjonar i landet.

Ja, økonomien har vore stram på Gå Ut Senteret. Eller rettare: økonomien har ikkje gitt grunnlag for drifta over ein lang periode. Det har vore eit stort driftsunderskot. Det er ikkje snakk om å ta vekk noko som var med inn i fusjonen. Det er heller eit spørsmål om mange av dei trufaste gjevarane i Normisjon har vore klar over at dei har vore med å støtta drifta der i slikt mon som det som har vore tilfelle.

Alt har si tid. Santalgården hadde si, Gå Ut Senteret hadde si. Dei var middel som gav grunnlag for og utrusting til teneste, til glede og velsigning for mange. I si tid.

Ja, det er færre misjonærar enn før. Men det gir ikkje heile bildet. Misjon blir driven på nye måtar, og det er eit mål at dei nasjonale medarbeidarane tar over mykje av arbeidet, utan at det dermed er sagt at me ikkje burde kunne ha fleire norske utsendingar enn me har i dag.

Når det gjeld spådommen om «alt som kunne gå galt i Normisjon», vel eg heller å tru på ein god ven av meg som seier: «Det kan så lett gå godt!» Lettvint blir det ikkje, men lettare enn om ein held fram problem som døme på at alt skulle vore annleis. Det kan lett bli sjølvforsterkande.

Misjonsfolk er samla til generalforsamling. Eg heiar på dei! Eg heiar på dei som bruker fritida si, helgene, kvardagane til barnelag, foreiningar, kor og ungdomssamlingar. Som stiller som leiarar på leir. Som drar til andre land og kulturar. Som gjer dugnad på leirstaden. Som gir og gir. Som ber og ber. Som har hjarte for misjon, for at fleire skal bli kjende med Jesus. Og så heiar eg på dei som festar blikket der framme ein stad. Som leitar etter nye løysingar. Som spør kva former og fasongar som høver i 2015, både når det gjeld skular , regionar og misjon. Som ser at misjon ute og misjon heime er to sider av same sak.

Heia Normisjon!

 (For ordens skuld nemner eg at eg sat i Landsstyret for Normisjon i perioden 2006-2012.)

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere