Eli Morken Farstad

Alder: 27
  RSS

Om Eli

Følgere

At eit parti i krise tyr til historia for å få ny kraft er ikkje overraskande, og heilt legitimt. Men skal ein vise til den religiøse arbeidsetikken til hauianarane, må ein sjå på ideologien og rørsla som heilskap – ikkje berre dei bitane som passar eins prosjekt i notida.

KrFs nyvalde leiar Kjell Ingolf Ropstad har den siste tida trykt det han kallar «arven etter Hans Nielsen Hauge» til sitt bryst, sist på landsmøtet og på ein konferanse for næringslivstoppar i Trøndelag. Ropstad og «det nye» KrF er ikkje aleine om dette – òg næringslivsaktørar har ofte snakka om sine visjonar i lys av historia om den over 200 år gamle lekmannen. Ein skal ikkje slutte å dra linjer tilbake i tid – men den som veljer å bruke historia til inntekt for eit prosjekt i 2019 må tenkje over kva aktøren ville ha sagt viss han eller ho kunne ta ordet i dag.

Haugerørsla hadde sin basis i bondesamfunnet, og var ikkje demokratisk slik vi kjenner ein moderne organisasjon i dag. Rørsla hadde ein paternalistisk leiarstruktur, og bygga på tradisjonell luthersk og pietistisk kristendom. Godt kjent er avstanden rørsla tok til adiafora, ikkje fordi det var synd i seg sjølv, men fordi det hang saman med egoismen som distraherte frå forvaltaransvaret Gud hadde gitt mennesket på jorda. Altså var rørsla forankra i tradisjonelle idear og det gamle samfunn, samstundes som dei hadde eit mål om å endre samfunnet til det betre. Den blei Noregs første folkerørsle med ei utbreiing over nesten heile landet, og det er på sin plass at ein ser til haugerørsla for å forstå betre korleis Noreg kunne bli det landet vi kjenner i 2019. 

Som ein ung mann med evne til å ta ordet og leie folk til å tene Gud på jorda, ville Ropstad truleg vore ein «sann Ven» av haugianarane på tidleg 1800-tal. Ropstad og Hauge bygger begge på tradisjonell teologi, og det er ingen tvil om at Hauge som ein mann av si tid såg på familien som ei viktig eining med mannen som familieoverhovud. Men nokre kjenneteikn ved rørsla kjem i skuggen av pietistisk moralisme, nøysemd og og paternalisme.

Progressiv rørsle

Særleg dei siste tiåra har fleire historikarar gjort studier som viser at etikken til Hauge og følgjarane sto mellom det tradisjonelle og det moderne og progressive. Aktiviteten til haugianarane braut med korleis eineveldet hadde bygd opp statshierarkiet, og fikk sosiale følgjer i politikk og næringsliv. Samlingene til rørsla var, som seinare organisasjonar, ein skule til demokrati fordi «undersåttar» frå bondesamfunnet lærte å ta ordet og meine noko. Dessutan jobba haugianarane hardt slik at dei kunne bli sjølveigarar, starte industri på landsbygda eller få handelsbrev i kjøpstadane – alt i kraft av det reiligøse kallet. Haugianarane hadde dessutan eit meir fleksibelt flyttemønster enn andre i bondesamfunnet, der unge folk kunne bryte opp og flytte frå Nord-Østerdalen til Indre Troms, eller frå Sogn til Romsdal. Særleg dei første tiåra etter 1800 hadde kvinnene ein viktig posisjon i rørsla, og fleire vandra fritt på landsbygda for å spre «Ordet». Hauge var ikkje feminist, men meinte i kontrast til den store majoriteten at kvinnene ikkje berre var fødemaskiner, pynteobjekt eller gardsarbeidskraft, men at ho hadde intellektuelle evner som kunne bidra til prosjektet for eit betre samfunn. 

Fleire folk kunne altså i kraft av haugerørsla bryte ut av det slektskapsorienterte bondesamfunnet og dels dei tradisjonelle kjønnsrollene. Slik kunne rørsla føre til ein sosial mobilitet i det norske samfunnet, økonomisk vekst, samt at fleire bonderepresentantar kom inn på Stortinget. 

Hauge forpliktar

Ropstad sjarmerte trønderske næringslivstoppar ved å snakke om Hauge som initiativtakar til industri i distrikta, og ideen om å «å overlate gården i bedre stand enn man fikk den». Dette bryt ikkje med Hauge: «Hushaldar på jorda-tanken» var elementær for haugianarane, og for einkvar kristen kan nok dette vere ein legitim kjelde til inspirasjon og vekst også i dag. Men det religiøse målet var alltid i sentrum: Den største synda var å snu Guds skaparverk til eiga vinning, utan hensyn til sin neste. Å trekke ut den progressive verdslege effekten av arbeidsetikken til haugianarane forpliktar. Ein må sjå på ideologien og rørsla som heilskap, ikkje berre dei bitane som passar eins prosjekt i notida – om det er næringslivspolitikk, privatisering av bedrifter, feminisme eller sosialisme.

Ropstad sa til Aftenposten 23. april at «Arbeidslinjen er viktig. Det skal lønne seg å arbeide. Samtidig mener jeg at ‘familielinjen’ er viktigere», og at det først og fremst er familien som er byggesteinen i samfunnet. Hauge preika med inspirasjon frå Pontoppidans formulering om å «heidre far og mor». Men samstundes opna han altså for ein større fridom for enkeltmennesket enn dei gamle slektskapsstrukturane, og la til rette for moderne, kollektiv handling. 

Gløymer frigjeringa

Haugerørsla førte til at mange braut ut av dei tradisjonelle familieformene og levde eit liv gjennom sitt personlege forhold til Gud – ikkje i først og fremst i kraft av den tradisjonelle familien. Dette delvise brotet med dei gamle slektsskapsstrukturane sikra haugerørsla den progressive rolla som politikarar og næringslivsfolk trekk fram i dag. Familiepolitikken til Ropstad og høgresida i KrF er reaksjonær samanlikna med fløyer i andre norske politiske parti, til dømes i saker om abort og homofili. Denne politikken kan snevre inn heller enn å opne opp for nye måtar å leve eit godt liv på – i pakt med Gud eller ikkje. KrF legitimerer arbeids- og næringslivspolitikken gjennom Hauge, men gløymer den frigjerande og moderniserande krafta rørsla kunne gi folk som ville bryte ut av familiestrukturane i det gamle samfunn.

Eli Morken Farstad (f.1991), masterstudent i historie ved Universitetet i Oslo

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Bli i kirken, Märtha Louise!
av
Vårt Land
5 dager siden / 4793 visninger
Fra utskudd til kraft?
av
Vårt Land
16 dager siden / 4732 visninger
Slutt å gjøre kirken kul!
av
Merete Thomassen
5 dager siden / 2500 visninger
Bekreftet allerede
av
Joanna Bjerga
21 dager siden / 2294 visninger
Befri oss fra 1. mai
av
Ole Jakob Warlo
19 dager siden / 1776 visninger
Barns frihet til å velge
av
Berit Hustad Nilsen
6 dager siden / 1710 visninger
Hauge og Marx
av
Vårt Land
18 dager siden / 1499 visninger
Biskoper som blir realpolitikere
av
Espen Ottosen
11 dager siden / 1331 visninger
Taper-gutta
av
Vårt Land
10 dager siden / 1288 visninger
Kristne som lar seg bruke
av
Vårt Land
6 dager siden / 1118 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere