Elias Per Vågnes

Alder: 83
  RSS

Om Elias Per

Pensjoneist med erfaring som fiskar, navigatør og høgskolelærar. Har stor hage, skorgenessnekke med 10hk Sabb diesel, kveiteline, trollgarn og 14 krabbeteiner. Har heile mitt vaksne liv vore interessert i Midtausten. Fyrst som sionist, men sidan 70-talet som humanist..
Ambisjonar: Bruke meir tid på reise etter innfallsmetoden. Sist på prioriterinslista kjem Afghanistan, Israel, Syria, Irak, Jemen, Nord-Korea
No er biene solgt og dermed er eg kvitt ein klamp rundt foten. Levande dyr er som ein fryseboks, dei treng "strøm" kvar dag for å fungere. Utan jamnt tilsyn og stell ender det i fiasko.

Følgere

Eksamensvakta

Publisert rundt 6 år siden

Menneske som fester seg i hugen

Som eg set her på morgonkvisten klar til å ta flyet til Stavanger, så flyt tankane rundt på eiga hand. Nokre av dei menneske som har gjort inntrykk i forbifarta,  dukkar opp frå djupet for å opphalde seg i minnet ei lita stund, for deretter å kverve bort på ubestemt tid. Denne morgonstunda vil eg feste minnet om han på papiret.

Namnet veit eg ikkje og har kan hende heller aldri hatt det lagra i minnet.  Det var i mai og klassa mi var oppe til eksamen. Det var ikkje plass i «herberget» så eksamen forgjekk i  leigd lokale på Sangens Hus, Volsdalsberga.

Eg slo eit slag innom for å finne ut om der var noko uklart ved eksamensoppgåva. Det var fort gjort og etterpå kom eg i prat med ei utadvendt eksamensvakt som heldt til på gangen, ein pensjonist langt oppe i moden alder.

Sånn heilt av seg sjølv sa han brått: «Eg er så heldig i min alderdom, eg har slik ei god kone. Det fyrste eg gjer når eg vaknar om morgonen, er å sjå om ho pustar. Eg er så glad i kona  og er så redd for å miste henne!»

Ved eit seinare høve møtte eg eksamensvakta saman med kona på eit kjøpesenter. Ho viste seg å vere passeleg rund, avbalansert og blidlaga. Vi veksla nokre ord  og eg nytta høvet til å fortelje kona: Eg har ikkje møtt ein mann som snakkar så vel om kona si som mannen din gjer om deg!

Ho tok opplysninga med fatning og ho var ikkje impulsiv, for hadde ho det vore, då hadde ho slått armane om mannen og gitt han ein klem. Eg voner ho gjorde det når dei kom på tomannshand.

Det var det heile. Rart kor slikt kan feste seg i minnet og gjere ein glad når det dukkar opp i tankane.

Gå til innlegget

Tankar på kvelden før kvelden?

Publisert rundt 6 år siden

Vi sat på ein restaurant i Porto Cruz, Tenerife, og nekta oss verken vått eller tørt. Fleire afrikanarar fallbaud suvernir som ikkje freista så veldig, men...

Prisen starta på 20 Euro, vart redusert til 15 Euro for det til slutt kom ein kar og fallbaud til 10 Euro. Mannen påstod at  han gjorde det fordi han var svolten, og vi slo til.

Men korttenkt som eg var, gav eg han berre 10 Euro, kvifor gav eg han ikkje 15? For meg spela det ingen rolle, og han trong sikkert pengane betre enn meg, og då kona fann ut at det var ein grei ting å ha så fekk vi valuta for pengane uansett.

Slike situasjoner må ein tenkt igjennom på førehand. Når situasjonen oppstår, er det lett å trakke feil.

Gå til innlegget

Evolusjon - nye arter

Publisert rundt 6 år siden

I Sunnmørspoasten sin spalte for lesarinnlegg oppstod ein interessant debatt der startskotet var eit innlegg med tittelen "Darwin - ingen plass i kyrkja". Ei kvinne frå gruppa "DK" og ein prestemann utdjupa denne påstanden med ymse "fakta".

Harald Gjøsund, tideligere høgskulelektor og avdelingsleder ved HiÅ, tok opp hansken og sette "Darwin-spesialistane" grundig på plass, sist ved kommentar den 13.12.2013.

Hovudargumenta til dei som forfekta at Universet vart skapt på 6 dagar for omlag 6000 år sidan, var at det ikkje er påvist at det har oppstått nye artar etter den tid, ein påstand som ikkje vart ståande uimotsagt. 

For å konkretisere omgrepet art viste Harald Gjøsund til boka "Biology" (Campbell, Reece & Mitchell, Addison Wesley forlag): "En biologisk art er poppulasjon eller grupper av poppulasjoner der artens medlemmer har potensial til å få avkom med hverandre og produsere levedyktig fertilt avkom, men som ikkje kan få avkom med andre arter".

Som døme nemnde han mellom anna blomkål, rosenkål og kålrabi. Artane har framkome som fylgje av kromosonskader, ikkje kryssa fram frå ville kålplantar. Blomkål set frø som vert til nye blomkål, og kan ikkje bestøvast av kålrabi, rosenkål eller villkålen som er den arten dei kjem frå.

Harald Gjøsund syner til at det fins haploid og diploide krysningar. Esel og hest avler avkomet muldyr som er haploid og dermed steril. Slike kryssningar fins det mengdar av i planteriket, men fordi dei ikkje kan forplante seg, døyr dei ut. Men det fins diploide hybridar som dermed er ein ny art:

1. Kveite (Triticum aestivum) som er ein diploid hybrid mellom tre planteartar som har skapt ein heilt ny art.

2. Ein marhalm (Spartina anglica) som er ein diploid hybrid mellom Spartima alternaflora(europeisk) og Spartina maritima(amerikansk) som kom til Europa med ballastvatn. Spartina anglica er ein svært tilpassningsdyktig art som spreier seg som ugras på den engelske sørkysten.

Harald Gjøsund sitt poeng er: Evolusjonen har ikkje stoppa opp. Den foregår framleis for fullt!

Gå til innlegget

Charles Darwin var ikkje åleine om å sjå at Bibelen si forteljing om at Jahve skapte heile Universet og alt på som Jorda er på 6 dagar for 6000 år sidan ikkje heldt vatn

I 1859 var Darwin den fyrste som lukkast med å spreie desse tankane i boka On the Origin of the Species. Tankane kom til gjødsla mark. Mange kunnskapsrike menneske såg at det å rekne ut Jordkloden sin alder med utgangspunkt i Jesus si «ættesoge» attende til Adam ikkje er anna enn å leike med dogmar.

Darwin var ikkje ateist, men fritenkjar og agnostikar. Han har aldri freista å forklare korleis livet vart til, men korleis det har utvikla seg opp gjennom tidene. Dette sprengde alle tidelegare anslag om Jordkloden sin alder og har nå kome opp i ufattelege 4,5 milliardar år. Når ein står på kanten av Grand Canyon og ser korleis jorda si historie er rita inn i jordskorpa av sjølve utviklingsprosessen, lag på lag som representerer hundrevis av millionar år, heilt ned til botnen der avsetningane er meir enn 2 milliardar år og inneheld spor etter liv, då skulde ein tru at opplyste folk tok til vettet og innsåg at GT er religiøse eventyr som ikkje superdogma «Bibelen er diktert av Gud» kan gjere «Guds ord» truverdige. Kvifor denne fanatiske motstanden frå kristne/jødiske/muslimske fundamentalistar som nektar å erkjenne at livet på jorda har utvikla seg over milliardar av år? Trur dei verkeleg at der ikkje fins anna alternativ enn Jahve, Adam og Eva dersom Evolusjonsteorien vert forboden?

«La dei små born kome til meg» er ikkje ei kjærleikserklæring til borna, men eit påbod om å indoktrinere ungar i religiøse førestillingar i den alderen dei er mest sårbare. Eit menneske er programmert til å ha nesten ukritisk tillit til sine føresette i alderen frå 1 til 7 år. Ungar som skal leve opp må høyre på sine foreldre om kva farar som trugar. Det er ukloke og/eller egoistiske foreldre som presser på og låser ungane sine til dei same fantasiane som dei sjølv hyser. I den alderen er religiøs indoktrinering som ein virus som skadar ungen mentalt på livstid. Kor stor skade religionvirusen kan gjere er avhengig av kven som er smittekjelda og kor isolert offeret er med omsyn til sunne inntrykk frå omverda.  Ein kan vel med rimeleg rette seie at den smittekjelda som kan påføre ungen dei største skadane er den nære familie, med mora i særklasse som kjelde for dei hissigaste virusstammene. Tradisjonelt har også mødrene hatt dårlegast utdanningsnivå og minst påverka av utviklinga i det samfunnet ungane veks opp.

Om ein deltek i debatten her på VD og i samfunnet elles så kan ein ikkje unngå å møte individ som er påført livsvarig mental skade oppveksten der uforstandige foreldre er årsaka. Foreldra vil ikkje skade ungane, men dei berre overfører den skaden dei sjølve er påført. Ein kan vel trygt seie at religiøse vrangførestellingar gjeng i arv.

Gå til innlegget

Charles Darwin var ikkje åleine om å sjå at Bibelen si forteljing om at Jahve skapte heile Universet og alt på som Jorda er på 6 dagar for 6000 år sidan ikkje heldt vatn

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Visjon Norge som «Guds forrådshus»?
av
Cecilie Erland
15 dager siden / 1906 visninger
Tilbake til humanismen
av
Hans Anton Grønskag
6 måneder siden / 1729 visninger
Å bli forma til eit kristent liv
av
Hallvard Jørgensen
13 dager siden / 1712 visninger
Lengselen etter det evige hjem
av
Heidi Terese Vangen
6 dager siden / 1017 visninger
Rusreformen som gjør vondt verre
av
Constance Thuv
9 dager siden / 874 visninger
Prestekallet kommer innenfra
av
Maryam Trine Skogen
20 dager siden / 860 visninger
Hvorfor jeg er kristen
av
Geir Tryggve Hellemo
rundt 1 måned siden / 817 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere