Elias Per Vågnes

Alder: 83
  RSS

Om Elias Per

Pensjoneist med erfaring som fiskar, navigatør og høgskolelærar. Har stor hage, skorgenessnekke med 10hk Sabb diesel, kveiteline, trollgarn og 14 krabbeteiner. Har heile mitt vaksne liv vore interessert i Midtausten. Fyrst som sionist, men sidan 70-talet som humanist..
Ambisjonar: Bruke meir tid på reise etter innfallsmetoden. Sist på prioriterinslista kjem Afghanistan, Israel, Syria, Irak, Jemen, Nord-Korea
No er biene solgt og dermed er eg kvitt ein klamp rundt foten. Levande dyr er som ein fryseboks, dei treng "strøm" kvar dag for å fungere. Utan jamnt tilsyn og stell ender det i fiasko.

Følgere

Noko nytt under sola?

Publisert rundt 6 år siden

Kor mange rettruade fraksjonar har vi innafor kristendommen? Innafor jødedomen er det likeeins, men i Israel er det ein konstitusjonell kommite som avgjer spørsmålet. Vil Siv opprette noko tilsvarande?

http://www.haaretz.com/news/national/.premium-1.572671

Reform Jews 'not Jewish,' says Knesset law committee head

In response to MK David Rotem's remarks, Reform Movement in Israel sends urgent letter to Knesset Speaker Yuli Edelstein demanding he be called to order.

By Judy Maltz| Feb. 5, 2014 | 8:19 PM

The chairman of a powerful Knesset committee has described the Reform movement as “another religion” and “not Jewish.”

MK David Rotem, chairman of the Knesset Constitution, Law and Justice Committee, made the remarks during a discussion held by the committee on Tuesday on proposed changes in the law on child adoption.

 

Gå til innlegget

Kortreist delikatesse

Publisert rundt 6 år siden

VD er fylt av kristenzionisme, synd, fortapelse, helvete og mogleg frelse frå elendet for dei få. Kva med å nyte livet her og no? Kva verdi har tildømes blodfersk gytetorsk levert ved døra?

Har dette godet sin plass på verdidebatt? I fleire område har fiskesalslaga hendheva restrektive reglar, ingen fisk vert selt frå båt. Mattilsynet har også lagt regler i vegen ved å legge kravet til hygiene på et tidvis absurd nivå. Her i Ålesundsområdet har dei teke til vetet. Fiskaren har lov å selge sin eigen fangst ved bryggekanten sentralt i Ålesund havn. Dei fører sine fangsdagbøker og betaler avgifter og skatt. For den som liker fisk av god kvalitet, er dette eit fantastisk tilbod. Oså miljøet då!

Eg har vore ved Rådhuset i Oslo og sett korleis Røkke får avsetning på kva fisk det måtte vere til fornøgde kjøparar som rusler vekk med plastposer. Og nesten all fisk er god om det er kort tid mellom sjøen og gryta. Her på våre kantar kjem torsken inn frå bankane eller heilt frå Barentzhavet for å legge grunnlaget for nye generasjonar. Den er ikkje på matsøk og er difor tom i magen. All fisk smakar best om den har fasta ei veke. Denne delikatessa har vi tilgang på til svært rimeleg pris.

No set eg her god og mett på torskehovud, torskebiter, lever, rogn og kerspink poteter, eit måltid med betre smak enn noko eg har fått kjøpt på den beste restaurant. Mitt spørsmål er, kva verde har eit slikt tilbod på kortreiste delikatesser?

Gå til innlegget

Her på VD brytes meiningar

Publisert rundt 6 år siden

Og meiningsbryting er viktig, men med kven og kva er det vits i å diskutere?

Gå til innlegget

Sender forkynning medmenneske til helvete?

Publisert rundt 6 år siden

Som gutunge sprang eg rundt med loddbøker for alle dei gode sakene: Sjømannsmisjonen, samemisjonen, santalmisjonen, israelsmisjonen, osv, osv. Kor mange menneske har eg sendt til Helvete?

Spørmålet dukka opp då eg kom over dette biletet på Internet. Sender forkynning av "den gode bodskapen" fleire menneske til Helvete enn talet på dei som finn vegen til Himmelen?

Eg er redd for at svaret må verte eit klart JA! Vi treng ikkje å gå lenger enn til dei jødane og muslimane som deler sine tankar med oss her på VD. Halleluja-kristne har gong på gong stadfesta at berre fødde-på-ny-kristne skal inn i Himmelriket, og vi andre som ikkje finn Olsen, Nilsen, Johannessen, osv, truverdige, men tufta på "vår frie vilje" forkastar deira trugsmål som absurd, hadde vi vore langt tryggare for all framtid dersom vi ikkje hadde fått "det gode bodskap" forkynt?

Om det gjeng slik helvetesprofetane blant oss forkynner, det vil seie at eg ein dag skal opp til doms og verte forvist til evige pinsler i Helvete fordi eg venden det døve øyre til Terje Johannessen & co sine trugsmål, vil det vere greitt nok. Men kva skal eg seie til mi orsaking når eg møter alle indarane eg var med på å sende til Helvete fordi eg sprang rundt i nabolaget med loddbøker? Ligg ansvaret hjå dei som lokka meg til slikt?

Gå til innlegget

Rasist som fylgje av å jobbe i NAV?

Publisert rundt 6 år siden

Ein kjenning eg traff her om dagen, fortalde at kona hadde fått jobb i NAV og vart etter ei tid "rasist". Ho har aldri stemt FrP, men no gjer ho det.

Årsaka var at ho i arbeidet for NAV traff hopetal av arbeidssky innvandrarar som saut og klaga over levevilkåra her i Norge samstundes som dei melka vårt trygdesystem etter beste evne. Denne opplevinga hadde gjort henne til innvandringsmotstandar på sin hals, og gir stemma si til det mest innvarndringsfientlege partiet i Norge, FrP.

Det er vel heilt naturleg at ein tilsett i NAV som har som oppgåve å fordele sosialhjelp ikkje treff den delen av innvandringsstraumen som klarer seg ved eigen innsats og set tæring etter næring. Dette gjev nok eit skeivt inntrykk å møte berre dei som fell utafor med eller mot sin vilje.  Det er vel også slik at den som masar mest, får mest. Det er vel heller ikkje rart at innvandrar som ikkje er vandt til at pengar til livets opphald ser på vår sosialhjelp som ei mjølkeku. Ein av dei eigenskapane menneskerasen meistrar best, det er tilpassing. Det er fort gjort å gjere seg avhengig av manna frå himmelelen. Avvenning er verre.

Det er ikkje tvil om at innvandrar som vert opplært til å leve av trygd er eit stort problem for samfunnet vårt. Slikt syn på arbeidslivet plar gå i arv, og dermed vert grupper stigmatisert både på kort og på lang sikt. Dei som vert mest skada av dette, er innvandrane sjølve. Korleis kan ein motarbeide den uheldige utviklinga som fyrst og framst innvandrarane tapar på over tid?

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Visjon Norge som «Guds forrådshus»?
av
Cecilie Erland
15 dager siden / 1919 visninger
Tilbake til humanismen
av
Hans Anton Grønskag
6 måneder siden / 1732 visninger
Å bli forma til eit kristent liv
av
Hallvard Jørgensen
13 dager siden / 1721 visninger
Lengselen etter det evige hjem
av
Heidi Terese Vangen
6 dager siden / 1023 visninger
Rusreformen som gjør vondt verre
av
Constance Thuv
9 dager siden / 876 visninger
Prestekallet kommer innenfra
av
Maryam Trine Skogen
20 dager siden / 860 visninger
Hvorfor jeg er kristen
av
Geir Tryggve Hellemo
rundt 1 måned siden / 819 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere