Elias Per Vågnes

Alder: 83
  RSS

Om Elias Per

Pensjoneist med erfaring som fiskar, navigatør og høgskolelærar. Har stor hage, skorgenessnekke med 10hk Sabb diesel, kveiteline, trollgarn og 14 krabbeteiner. Har heile mitt vaksne liv vore interessert i Midtausten. Fyrst som sionist, men sidan 70-talet som humanist..
Ambisjonar: Bruke meir tid på reise etter innfallsmetoden. Sist på prioriterinslista kjem Afghanistan, Israel, Syria, Irak, Jemen, Nord-Korea
No er biene solgt og dermed er eg kvitt ein klamp rundt foten. Levande dyr er som ein fryseboks, dei treng "strøm" kvar dag for å fungere. Utan jamnt tilsyn og stell ender det i fiasko.

Følgere

Palestinakonflikta i kortversjon

Publisert over 5 år siden

Palestinarane kjemper desperat for ikkje å verte slukte eller jaga vekk

Howard-Brown si teikning passar perfekt!

Gå til innlegget

Stopp verda, eg vil av?

Publisert over 5 år siden

Ein ser stadig her på VD kravet om at kyrkja og den kristne lære skal vere evig uforanderleg i eit univers der alt er i rørsle og utvikling

Kyrkja si lære skal ligge fast?

Diverse innlegg tek til orde for det. Etter sjokket ved å verte støytt ut av kroppen til mor si, der det var varmt og sutalaust, kan det synes som om mange av oss freister å lage seg ei trygg, uforanderleg hamn. Om dei ikkje kan krype attende inn i magen til mora, så i alle fall attende til eit tilvære med narresmokken. Nokre av oss finn narresmokken i diverse utgåver av religiøs overtru.

Dei roper på å kome attende til kristendommens røter og urkyrkja, men meiner vel den kyrkja dei kom inn i som born. Hadde dei hamna i ei av dei menigheitene Paulus danna saman med kristendommen, hadde dei då funne det dei søkjer? Knappast.

Om kyrkja endra seg med omsyn til Palestinakonflikta, ei endring som tvingar seg fram som fylgje av kunnskap om kva som verkeleg gjeng føre seg i «det heilaga landet», så ligg kyrkja si lære rimeleg fast med omsyn til arvesynda og dommen. Lat oss sjå kva som verkeleg står i to artikklar i Confessio Augustino.

Art. II Om arvesynden
Alle menneskje etter Adam som vart unnfanga ved sex, arvar ei synd som fører til helvete.

Art. XVII Om Kristi gjenkomst til dom
Like ens lærer de at Kristus ved verdens ende skal vise seg for å dømme. De fromme og utvalgte skal han gi evig liv og evige gleder, men de ugudelige mennesker og djevlene skal han fordømme til å pines uten ende. 

Med andre ord, som fylgje av at foreldra hadde samleie, er barnet kome til verda som ein forbrytar med rak kurs for helvete. Om dette er rett, då må Jesus vere den mest djevelsk nidkjære og omsynslause dommaren vonde menneske kan pønske ut. Kor mange milliardar på milliardar menneske skal pinast i all eve berre fordi foreldra hadde sex? Mange vil hevde at denne trua har gått ut på dato og at ingen bryr seg om dette tøvet. Om det berre var så vel.

Eg var på veg heim etter å ha halde eit kurs i Oslo. På Gardermoen møtte eg ein sambygding og avstandskammerat. Ettersom eg er rimelig berykta for mine religiøse flaneriar, byrja han å utdjupe si religiøse tru omtrent slik i kortversjon: Eg er ein uboteleg syndar, ein syndar som er botnalaust fortapt. Mi einaste von er nåden. Prest NN er den einaste som kan hjelpe meg. Eg fekk slikt sjokk av det elendige sjølvpiskande sjølvbiletet min ven la for dagen at eg gløymde att PC-en på flyplassen.

Dess meir eg tenkjer på episoden di vissare vert eg på ei sak: Arvesynda det er kyrkja si lære, rett og slett. Den gjeng ut på å øydelegge eit menneske sitt sjølvbilete ved å fylle det av botnalaus urasjonell skuldkjensle og offer for kyrkja si manipulering.

Er det merkeleg at menneske med normal kritiske sans, vett og forstand, skyr kyrkja som pesten?

Gå til innlegget

Sunnmørsposten i dag

Publisert over 5 år siden

Det har vore ein hard debatt om skeivheit i media si prioritering av stoff. Særleg utanriks.

Ein palestinsk seksten års gut som vert brent levande i Jerusalem vert i dag ofra ein liten notis og 8 linjer. Resten av sida under spalten vert nytta på meldinga om at USA muligens - understrekar muligens - vil forby passasjerane å ta med mobiltelefonar som er tomme for straum - understrkar tomme for straum - på direktefly til USA.

Og skal ein vere endå meir syrleg, så kan ein samanlikne den merksemd denne avrettinga har fått samanlikna det som vert ein ein korsfesta 30-åring til del i det norske samfunnet.

Skeiv pressedekning?

Gå til innlegget

Haaretz i dag

Publisert over 5 år siden

Mobben nytter høvet http://www.haaretz.com/blogs/west-of-eden/.premium-1.602697

"These calls have been echoed in recent days, albeit in slightly more veiled terms, by members of the Knesset, who cite Torah verses on the God of Revenge and his command on the fate of the Amalekites. David Rubin, who describes himself as a former mayor of Shiloh, was more explicit: in an article published in Israel National News he wrote “An enemy is an enemy and the only way to win this war is to destroy the enemy, without excessive regard for who is a soldier and who is a civilian. We Jews will always aim our bombs primarily at military targets, but there is absolutely no need to feel guilty about ‘disrupting the lives of, and killing or wounding enemy civilians who are almost entirely Hamas and Fatah supporters.”

This comparison is surely valid: Edmund Burke’s maxim ‘The only thing necessary for the triumph [of evil] is for good men to do nothing’ was true in Berlin in the early 1930s and it will hold true in Israel as well. If nothing is done to reverse the tide, evil will surely triumph, and it won’t take too long.

Gå til innlegget

Feighetens hus

Publisert nesten 6 år siden

Kina har blinka seg ut Norge som eit passeleg mål for å statuere eit eksempel om korleis det gjeng den som utfordrer kjempen. Og dei har lukkast med å få norske politikarar til å kravle rundt på golvet.

Å prate om menneskerettar i selskapleg samvær det gjer seg. Myggen Norge har ikkje tideligere spart på ordbruken når dei oppheld seg i verda sin navle, Det norske Storting. No har dei rikeleg høve til å vise at ordbruken er anna enn svada. Når leiaren av Tibet-kommiteen på eit år i posisjon vender ryggen til dei ideala han i oppblåste vendingar stod for, då er feighetens hus rette namnet på Stortinget.

http://www.hegnar.no/okonomi/artikkel499624.ece

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere