Elias Per Vågnes

Alder: 83
  RSS

Om Elias Per

Pensjoneist med erfaring som fiskar, navigatør og høgskolelærar. Har stor hage, skorgenessnekke med 10hk Sabb diesel, kveiteline, trollgarn og 14 krabbeteiner. Har heile mitt vaksne liv vore interessert i Midtausten. Fyrst som sionist, men sidan 70-talet som humanist..
Ambisjonar: Bruke meir tid på reise etter innfallsmetoden. Sist på prioriterinslista kjem Afghanistan, Israel, Syria, Irak, Jemen, Nord-Korea
No er biene solgt og dermed er eg kvitt ein klamp rundt foten. Levande dyr er som ein fryseboks, dei treng "strøm" kvar dag for å fungere. Utan jamnt tilsyn og stell ender det i fiasko.

Følgere

Ja, Josef er også min helt!

Publisert rundt 5 år siden

Ja, sjølv om han på alle vis må ha vore ein godfjott, så stod han last og brast med Maria og den gjøkungen han hadde fått å forsyrje. Om endå "faren" hadde hjelpt Josef ved å gi han ei hand i kvardagen og oppreisning for god jobb utført

Håvard Nyhus set ord på det som eg så ofte har tenkt. http://www.vl.no/meninger/bare-josef-1.303633

"Derfor finnes det en Jesus-replikk jeg aldri har forsonet meg med. Jeg tenker på den tolv år gamle Jesus som uten å gi beskjed til sine foresatte har overnattet i tempelet i Jerusalem. Her synes jeg han er i overkant bråkjekk. «Hvorfor lette dere etter meg? Visste dere ikke at jeg må være i min fars hus», svarer han, når en skrekkslagen og sikkert uendelig lettet Josef finner ham etter å ha lett i tre lange dager.

Den siste gangen vi møter Josef i evangeliene er når Jesus på ikke spesielt smidig vis konfronterer ham med hans egentlige farsrolle: «Hvorfor lette du etter meg? Vet du ikke at min far er en annen?» ­Kan du forestille deg hvordan det er å få den i fleisen?"

Men det er eit spørsmål til eg aldri får svar på: Om historia er sann, kvifor måtte ein allmektig Gud gjere Josef til hanrei og spott og spe? 

Om der fins noko i Evangelia som er grunnleggande gale og provar at det heile berre er dikt og fantasi, då må det vere denne beretninga.

Gå til innlegget

Sensur - anonymitet - disiplin

Publisert rundt 5 år siden

Av og til dukker denne diskusjonen også opp her på VD. Det vert hevda at ved å stå fram identifiserbar, vert mange viktige meiningar undertrykte.

Kva vil resultatet verte dersom ein innførte anonymitet og null sensur! Det hender seg at eg fell for fristelsen til å google på namnet mitt for å finne ut om der er noko interessant hefta på min person. Det minkar med rosiner. Stort sett er det berre gule sider, firmaopplysning og gamle skatteopplysningar som ligg ute. Men i går kveld fann ei skikkeleg rosin med stor R i ei blogg. Det er med stor stoltheit eg gjengir omtalen av min person her:

Sitat

erzo

10. november 2014 at 23:39 · Svar

vedkommende er så «traumatisert» av indremisjonsk
forkynnelse!!
my ass!
håper aldri å se deg i himmelen!!!!!
din idiot!!!
elias per vågnes!!!
din kverulant
dra krabbeteinene dine!!!
vær nøgd!!!

erzo

10. november 2014 at 23:43 · Svar

skipper meg her og der
elias per du kan ikke ro en pram!!!
din vederstyggelige spotter!!

erzo

10. november 2014 at 23:53 · Svar

hvem har ikke følt seg «traumatiserte»??
i barndommen??
men noen infantile sjeler
kommer aldri over!!!

således med kristendomshatern
elias per vågnes
ingen sympatie med vedkommende
utelukkende frastøtende kverulant
føler meg utilpass om denne sunnmøringen skulle gå rundt å banne på gud og jøder i himmelen

noen måtte irettesette vedkommende!!

slik jeg ser det!!

Sitat slutt

Det gjeng tydeleg fram av teksten at vedkomande er djupt ueinig med det eg står for her på VD. Nest siste linje må sjåast på som ei sterk oppfordring til moderator om å stenge meg ute. Slike innlegg vekkjer skadefryd i meg. Det å sjå at kommentarer og innlegg som moderator har godkjent med eller utan tvi,l får einkvan som kjenner seg sikker på å hamne i himmelen til å gå frå konseptene, det gler meg. 

Men det gjev også ein peikepinn om kva nivå VD kunne ha hamna på utan dei reglane ein har i dag.

Gå til innlegget

Verda gjeng framover

Publisert rundt 5 år siden

DnK sin høge beskyttar vitjar eit tempel i Rangoon saman med kona og tømer vatn på ein buddahfigur.

Får vi høyre eit ramaskrik frå kristenfundamentalistar eller har dei blitt så blaserte at dei overser denne æresbevisninga overfor "framande gudar"? Då har opplysning gjort ein god jobb i det norske samfunnet.

Gå til innlegget

Jesus of Lübeck

Publisert rundt 5 år siden

Det fyrste britiske slaveskipet som nådde Nord-Amerika.

Kong Henrik den VIII kjøpte båten frå Hanseatic League og var på 600 br.tonn.  Kaptein Sir John Hawkins, ein særs religiøs og from mann, gjorde krav på at han og mannskapet representerte Guds kjærleik kvar einaste dag. Han fekk leige dette skipet i forsarva tilstand av Dronning Elizabeth.Er er litt skjelsetjande dokumentasjon: http://www.youtube.com/watch?v=F1GxHzOHuV4

Kvifor greip ikkje Gud, Jesus, DHÅ eller skytsenglar inn og verga desse hjelpelause offera. Om Gud eller Jesus fins, då ser han stort på blasfemi, eller var dette Jesus sin vilje?

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere