Avlogget Elias Per er avlogget
Alder: 73
Innlegg og kommentarer: 1021
Bosted: LANGEVÅG
rss
Elias Per har 16 følgere
Om Elias Per
Pensjonert navigatør og høgskolelærer. Har bier, stor hage og 7 krabbeteiner

Skrevet den 11.03.2010 kl. 09:21 - Innvandring
#1

Det høvde seg slik at dei to siste somrane har eg tidvis hatt høve til å observere det som gjekk føre seg i ferjekøa ved eit sterkt traffikkert ferjesamband.

Sommaren 2008 dukka det opp austeuropeiske ungdommar med forsegla børse og identifikasjonskort rundt halsen. Dei likna mest på ein prikk fotfolket i TV-aksjonar. Formålet var tilsynelatande det beste. Ungdommane vart transportert til og frå av bakmenn i feite bilar.

Sommaren  hanka dei inn pengar. Der var ferjekøer dei sopa inn over tusen kroner i ei børse. Den norske givarentusiasmen var imponerande. Utlendingar gav lite i forhold. Mange norske bilistar gav rett og slett uttrykk for irritasjon

Året etter var dette dramatisk endra. Dei kunne gå langs ei heil ferjekø utan å få ei krone. No var det utlendingane som gav mest. Innsamlarane dukka no opp framfor dørene til supermarknadane. Dei fyrste dagane hanka dei inn pengar, men så tørka det inn.

Det heile minner om organisert tigging der smarte bakmenn hanker inn store pengar frå godtruande nordmenn som tek for god fisk at pengar i ei forsegla børse hamna der ein trur. Eg var spent på om denne organiserte tigginga hadde teke knekken på den norske givargleda, men heldigvis var det ikkje slik. TV-aksjonen, som har folkets tillit, var ein suksess.

Men når det gjeld utanlandske tiggarar, då kan det ikkje vere tvil om at fleire og fleire kjenner seg utnytta og usikker på kvar pengane eigentleg hamnar. Anna er vel heller ikkje å vente.

Kl 0345 natt til i går, vart eg vekt av ein SMS: "S.O.S. Elias ber om tilglvelse forsøker fortvilt å redd leieboligen min. Har arbeid. Men blir kastet ut på fredag. Er trist og nedbrutt. Aærlig takk for tilbakemelding. Hilsen N.N., Oslo"

Jeg sjekket telefonnummeret. Det er registrert på en utenlandsk statsborger som er helt ukjent for meg. Det lukter melking av godtroende lang vei. Likevel må jeg stålsette meg litt for ikkje å svare på meldinga. Dette gjer meg meir mindre kjenslevar for tigging.

Er dette noko som også gjeld berre meg?

Skrevet den 09.03.2010 kl. 20:54 - Kristenliv & kirke
#2

Leif Gunnar Opheim spør: Å be for dei døde? Går det verkeleg an å få svar? Har han kontakt på "den andre sida"?

Derimot kan ein be for dei levande og på vetskapleg vis avdekkje verknaden. Etter bestemte rettningslinjer kan ein få svar om bønn hjelper eller ikkje. Til dømes helbreding. Er det stor stemning i bransjen for å køyre omfattande vetskaplege tester etter rettningslinjer staka opp av NTNU, UiO, osv?

Svaret er vel nei, og kva tyder det?

Skrevet den 08.03.2010 kl. 17:13 - Filosofi
#3

Her er ein tråd som spør "Vart Darvin frelst". Det ein sikter til er ein myte om at Darvin skulle ha angra sine verker då han låg på sitt siste, bekjent sine "synder", bede God om tilgjeving og blitt frelst ved sine siste andedrag.

Vel, Darvin la fram sine funn. Han lanserte også sine teorier som var i strid med fabelen om Adam og Eva og Edens hage.

Darvin sine funn er uomtvistelege. Hans teoriar krev omarbeiding og forbetring. Sikkert fann han ikkje dei rette svara. MEN DARVIN STILTE DEI RETTE SPØRSMÅLA!

Sjølvsagt kokte furtne GT tilhengjarar saman ei historie om ein angranda Darvin, men er det nokon med normalt gangsyn som trur at Darvin fraskreiv seg dei funna han hadde gjort? Han hadde fått eit innsyn i skapelsesverket som ikkje viskast ut. Han hadde funne ein flikk av sanninga!

Skrevet den 05.03.2010 kl. 12:21 - Miljø & klima
#4

DAGSAKTUELL ANALYSE   IPCC  fredag, 5. mars 2010

En pressemelding fra NTB den 27/2 meddelte at IPCC nå skal granskes av FN, og det er UNEP (United Nations Environment Program) som skal stå for dette; man forlanger uavhengige vitenskapsmenn til jobben.

Dette må sees i sammenheng med et intervju Solheim ga til Teknisk Ukeblads (TU) nettside den 25/2. Der sier han: ”Land som India og Kina har gjort det veldig klart at de ikke ønsker noen bindende avtale i år ”.  I tillegg vet man at de samme land har forlangt at neste rapport må ta med de vitenskapelige artikler som klimaskeptikerne har produsert.

Det nye maktsentrum har talt; farvel IPCC og møtet i Mexico i desember i år. Lille Norge er i ferd med å ta inn over seg, noe København-nederlaget bidro til å synliggjøre, at verdens maktstruktur har endret seg. De vestlige land med sine ca. 850 millioner innbyggere er grunnet sin produksjonskapasitet fortsatt en mektig blokk. Men land som Kina og India med sine milliarder innbyggere og en produksjon som er i ferd med å ta igjen ”vesten” utgjør en like sterk, om ikke sterkere, blokk, og de har Brasils og Afrikas milliardbefolkning på sin side.

Hva er så denne KYOTO-avtalen som nå har utspilt sin rolle? Så å si hele verden har tiltrådt den, sier Solheim. Hvordan forholder det seg egentlig? Geologen Bruno Wiskel har tatt for seg problemet (The Emperor’s New Climate-2006):

”Avtalen ble fremforhandlet i Japan i 1997 og gjelder til 2012. 1990 ble basisåret for måling av nasjonale CO2 utslipp, og i forhold til disse må man redusere utslippene. En betingelse for at avtalen skulle tre i kraft var at minst 55 land undertegnet og at disse sto for 55% av CO2-utslippene. Betingelsen om 55 land ble innfridd 2002, mens kravet om 55% av CO2-utslippene først ble nådd november 2004. Da ga man Russland ”an offer they could not refuse”, nemlig en stor mengde frie, salgbare kvoter landet kunne omsette med stor fortjeneste.

Et stort antall land har ”tiltrådt” konvensjonen, men i 2006 var der bare 36 industrialiserte land som faktisk hadde forpliktet seg til å redusere CO2 utslippene. Resten av landene som har undertegnet ble betraktet som utviklingsland og er ikke forpliktet til å redusere sine utslipp.

Av de 36 industrialiserte land kan man trekke fra Estland, Latvia, Litauen, Russland, Ukraina, alle tidligere Sovjet-stater. Økonomien i disse land kollapset i 1991, og deres industriproduksjon er så redusert at de ikke vil nå 1990 utslippsgraden innen 2012. Det samme gjelder for Bulgaria, Kroatia, Romania, Tsjekkia, Ungarn, Polen, Slovakia og Slovenia, alle tidligere Sovjet-satellitter. Og så kan vi fjerne miniatyrstatene Lichtenstein og Monaco (under 33000 innbyggere).

Da blir det igjen 20 stater som skal stå for CO2 reduksjonene. Av disse er 15 med i EU, og 2 er nær tilknyttet EU med handelsavtaler. Da er det igjen bare Japan, Kanada og New Zealand av frittstående stater med forpliktelse til CO2 utslippsreduksjon. De 20 statene representerer litt mer enn 8% av verdens (2003) befolkning, og står for mindre enn 20% av 1990 CO2 utslippene.”

 Ordningen med omsettelige kvoter gjør at ingen vesentlig reduksjon vil finne sted; man kan kjøpe seg fri. Kvotesalg vil ikke generere reduserte utslipp, bare øke utgiftene for samfunnet.

De politikere som har satset sin fremtid på IPCC søker nye veier for å beholde makt og innflytelse og er falt ned på FN –UNEP; de drømmer om en overnasjonal myndighet som kan styre verden uten å plages av demokratiske spilleregler.

Svenn Korseth sr

Styreleder Klimarealisten

Skrevet den 10.02.2010 kl. 17:26 - Miljø & klima
#5

Etter avsløringene av «climategate» og «himalayagate» vil professor Ole Henrik Ellestad legge ned FNs klimapanel og friskmelde jordkloden.

Stavanger Aftenblad 10-2-2010

Skrevet den 10.02.2010 kl. 09:33 - Samliv & sex
#6

Den friskttalande presten Einar Gelius deltok i eit prateprogram på kanalen FEM saman med mellom anna Eli Hagen og Jan Thomas. Der kom Einar Gelius med dei oppsiktsvekkande påstandane at der var mykje fin skildring av homosex og oralsex i Bibelen. Og han gav døme i form av sitat.

Har Einar Gelius rett? I so fall, kva vil dette ha å seie for generell foratåelse av kva som er god tone i seksuelt samkvem?

Skrevet den 09.02.2010 kl. 22:50 - Politikk
#7


Frå mi tid som sjømann, hugser eg med uvilje "skipskammeratar" som likte å vise fingern. Som regel var det folk som ikkje hadde fått nok bank til å lære seg folkeskikk. Om bord, måtte dei stå til ansvar for sine handlinger. Då heldt dei seg i ro.

Problemet var når vi skulle i land. Eit skipsmannskap held seg gjerne samla når vi gjeng i land, særleg i utlandet der forholda krev samhald. Som regel går det greitt. Sjøfolk må lære seg å skikk fylgje eller land fly.

Uheldig er det skipsmannskapet som må dragast med ein drittsekk som likar å vise fingaren. Ein får sinna i kok hjå lokalbefolkninga ved å kritisere deira religion, skikkar og haldningar. Dei er som hooligans i fotballen.

Alt hadde vore vel og bra dersom slike dritsekker fekk det dei fortente, ein skikkeleg omgang pryl for dårleg folkeskikk. Men då gøymer dei seg i flokken. Før ein veit ordet av det må vi som vil ha ein fredeleg kveld, i verste fall involvere oss i ein slåsskamp for å berge ein d----sekk vi gjerne skulle ha vore foruten. Kvelden vil vere spolert og vondt blod er sådd for ettertida.

Vi hadde ei episode for 6 år sidan der ei ukjend avis kjøpte seg ein plass i rampelyset ved å vise provoserande teikningar av Muhammed og no har Dagbladet fylgt opp for å kjøpe seg lesarar. Eg er ikkje heilt kva det tener til å provosere på denne måte og dermed kløyve Norge si befolkning i to leirar. Og det fins ikkje høve til å kreve nøytralitet. Det er oss og dei.

Dersom redaktører vil henge ut religiøse vrangforestillinger, då bør dei bestrebe likevekt. Muhammed som gris kan oppvegast med ein karrikatur av Jesus påmontert horn og hover.

Eg liker ikkje den tøvete religionsstriden det no vert lagt opp til fordi eg ikkje kan unngå å verte involvert.

Skrevet den 09.02.2010 kl. 21:09 - Teologi
#8

Det høvde seg slik at eg nyleg fekk vitjing av to likandes og velutdanna indarar. Som vi sat i den varme haustnatta og åt nykokt småsei med fingrane på indisk vis, prata vi om laust og fast. Eg uttrykte mi tru på at indarane måtte ha ei fantastisk sterk motstandskraft mot sjukdom, og fekk spørsmålet:  ”Kvifor det?”. Eg peikte på pilegrimar som bada og drakk av elva Ganges, og sa: ”Hadde eg gjort noko liknande, vilde eg ha blitt alvorleg sjuk”. Då svara indaren: ”Du må hugse på at Ganges er ei heilag elv. Vatnet i den elva kan ikkje skade deg same kor forureina det er!” Han var min gjest. Difor gav eg ikkje uttrykk for mi vantru.

 

Det fekk meg til å tenkje over korleis noko vert ”heilagt”. Det underlege er at historia og samtida viser at så godt som kva som helst kan få status som ”heilagt”: Dyr, insekt, personar, fjelltoppar, bygningar, symbol, osv. Men dersom ein ikkje på førehand har vorte indoktrinert frå ein slo opp auga at eit objekt er ”heilagt”, er haldninga oftast total likesæle. Det er vel ikkje so mange tradisjonelle nordmenn som ser på kua som noko heilagt, eller kjenner heilag trong til vitje Mekka minst ein gong i livet.

 

Skal eit objekt eller symbol vere liv laga som ”heilagt”, må nye generasjonar indoktrinerast før dei har kunnskap nok til å vere kritisk. Deretter må dei skjermast frå slagkraftige konkurrerande nye tankar og kunnskap, slik vi kjenner frå autoritære religiøse og politiske samfunn. Religionen sin plass er der reell kunnskap  tek slutt. Etter kvart som menneska sin kunnskap veks, må religionen jenke seg slik at der vert rimeleg samsvar mellom kartet og terrenget. Historia fortel oss at dersom ein religion ikkje har grunnverdiar som toler ny kunnskap og demokratisk utvikling, vil religionen døy ut. Verda er full av tempel og heilagdomar, som står som gravsteinar over store og mektige gudar som har gått i gløymeboka.

 

Alle kulturar har sine fablar om korleis skaparverket vart til. Abrahams religionar har eit ”heilagt eventyr” om korleis jorda og universet vart til på 7 dagar for om lag 6000 år sidan. Men Skaparen sjølv fortel noko anna. Dei fyrste spora Skaparen har etterlete seg, er om lag 4,5 milliardar år gamle. Med ny kunnskap og teknikkar, som også er ein del av skaparverket, utviklar menneska sin evne til å lese denne dokumentasjonen Skaparen har etterlete seg på Jorda og i Universet. Men for kristne fundamentalistar er Skaparen si eiga forteljing lygn og forbanna dikt. Men Skaparen si historie vil med tid og stunder ga av med sigeren.

 

Kristne fundamentalistar  peikar på Israel som ein manifestasjon på at innhaldet av Mosebøkene er sanne. Dersom krigsmaskina Israel, eit Herrefolk som drep, fordriv og undertrykkjer verjelause medmenneskje, er eit teikn frå Universet sin herskar, gjeng også kristne ein vond lagnad i møte.

 

Skrevet den 02.02.2010 kl. 11:52 - Politikk
#9

ILH har kasta ein brannfakkel. På mange vis tek ho rollen som varslar. Dei straumane som ynskjer å fylgje hovedbodskapet i Evangelia gjeng ikkje lenger i hop med dei som har båe føtene planta i GT. Dei vil mellom anna ikkje lenger å vere heiagjeng til dei som mishandlar sine medmenneskje i Palestina. Dei vil tone ned Mosebøkene og styrkje Evangelia i eit moderne samfunn. Dei vil fram i førerposisjon tufta på den ånd ein finn i Evangeliga, ikkje vere eit bakstrevarparti som protesterer mot all utvikling mot eit betre samfunn-

Alternativet er eit bakstrevarparti bak FRP. Eit parti med status om lag som Frimurarlosjen. Dei vil alltid ha folk som kan trekkje i trådar, men som politisk parti er dei ferdige.

Men KrF er i dag overmodent for opprøsking og utluftiing. Med den kursen det held i dag, kviler partiets framtid på menneskje over 60 år. Dermed er avstanden til horisonten stutt.

Skrevet den 01.02.2010 kl. 11:31 - Etikk
#10

Gang på gang ser vi at folk her på verdidebatt slår om seg med uttrykket "kristne verdiar". Kv dei legg i uttrykket, sprikar so staur?

Kva er kristne verdiar, og ikkje minst, kva inneheld "kristne verdiar" som ikkje andre religionar og trusretningar har?

Og korleis vert desse verdiane forvalta i praksis?

Skrevet den 01.02.2010 kl. 00:19 - Politikk
#11

KrF gjer krav på å slå ring om kristne verdiar, men er dei såkalla kristne verdiar noko KRf eller den kristne verda har monopol på? Eg tenkjer fyrst og fremst retningslinja om at du skal gjere mot din neste slik du vil nesten skal gjere mot deg. Det er ein leveregel som utviklar samkjensle gode omgangsformer i eit samfunn. Ja, det er vel sjølve vilkåret for at eit samfunn skal blomstre og utvile seg. Difor finst denne tanken i alle religionar og samfunn. Denne regelen skapar rettferd og samkjensle.

Men er det desse verdiane som fyrst og fremst kjenneteinar KrF? Rett nok hadde dei ei god tid under Kjell Bondevik og Valgjerd, men så glapp det. I dag er det nok ein gong bakstrevarane med sterke røter i GT, som er dei som slår an tonen. Typisk for denne leiren er sionismen og det å stø Israel i tjukt og tynt. Dei spør ikkje etter rettferd, men let seg styre av dogmer og overtru.

Det kan vere slik at Norge treng eit verdiparti, men har Norge bruk for eit reindyrka bakstrevarparti opphengt i dogmer frå ei anna tid?

Skrevet den 29.01.2010 kl. 15:12 - Teologi
#12

Her i Norge vert ein utskjelt for antisemitt dersom ein peikar på at jøde og sionist ikkje er synonymt. Denne hetsinga kjem frå bestemte krinsar av kristenfolket. Ikkje alle kristne er sionistar, men innafor den lavkyrkjelege kulturen er det vel stort sett slik at motmæle mot den sionistiske ideologien er svik, og den som ber fram motargument, vert nærast sett på som ein judas

Men antiseonismen står også sterkt inna for den jødiske kulturen sjølv om dei færrast bryt ut av flokken. Her er ei av røystene mot sionisme og invasjon av Palestina:

Jews Against Zionism - by Stephen Lendman

They're numerous, outspoken, and range from secular to orthodox to one group calling itself "True Torah Jews Against Zionism."

They believe that "traditional" Jews don't support Zionism, an ideology they call "contrary to Jewish law and beliefs and the teachings of the Holy Torah." They say Zionism:

-- advocates "a political and military end to the Jewish exile;"

-- fosters "pseudo-Judaism" based on secular nationalism;

-- coercively seeks "armed materialism" in place of "a Divine and Torah centered understanding;"

-- endangers all Jews worldwide;

-- wants to disassociate Jews and traditional Judaism from ideological Zionism; and

-- calls Israel a "Zionist State," not a Jewish one..
Skrevet den 25.01.2010 kl. 17:05 - Midtøsten
#13

 

Dei skrifttru kristne har engasjert seg sterkt i Midtaustenkonflikta. Det er no ein gong slik at individ som tufter si oppfatning av verkelegheita på tru åleine, ikkje er glade for alt som kjem i dagen. Slik dei ser det, er den sionistiske erobringskrigen teikn på at dommedag står for døra. Og det vekkjer sjølvsagt glede.

 

Men dei liker ikkje at dei israelske brotsverka når fram til oss usminka. Det er ikkje slik at Menneskesonen sitt varemerke er bomber, bulldosarar, undertrykking og trakassering. I si vanmakt set Israels vener fram skuldingar om skeiv mediadekning. Særleg NRK er ille likt, og det haglar med skuldingar om at reportasjane er farga av jødehat. Israels vener krev balanse, dvs. 50/50.

 

Men er brotsverka i Midtausten balansert? Frå juli 2000 til juli 2005 har 3662 sivile mista livet på eige territorium som fylgje av krigshandlingar. På Vestbreidda og Gaza har israelske styrkar teke livet av 3218 palestinarar, inkludert 657 personar under 18 år. I same tidsrom har palestinarane teke livet av 444 sivile israelarar på israelsk territorium, inkluder 80 personar under 18 år. Med omsyn til rasering av sivil eigedom og infrastruktur, trakassering tufta på rase og religion, så har den israelske krigsmakta nær sagt monopol.

 

Under siste israelske invasjon på Gaza 2008 -2009 , var israelske tap 13 døde og palestinske tap 1064. I tillegg vart store deler av Gaza lagt i ruinar.

 

Skal ein få fram eit rett bilete av krigshandlingane i Midtausten, viser fakta at israelske drap og terrorhandlingar set dei palestinske i skuggen. Tufta på fakta, er det palestinarane som kjem skeivast ut med omsyn til mediadekning

Skrevet den 24.01.2010 kl. 15:16 - Diskutér verdidebatt.no
#14

Magnus Leirgulen stilte spørsmålet slik:

"Men det mest skuffende var at det var ingen som gadd filosofere rundt dette engang. På forunderlig vis havnet dette innlegget fort opp på plassen for "lesertips".  Da tenkte jeg at nå er det godt synlig. og mange vil godkjenne dette som "bra" og betimelig spørsmål. Men dengang ei, kollonnen for gode innlegg nådde ikke denne saken  opp til - alt ble forbigått i stillhet."

Har nokon meining om det?

Skrevet den 20.01.2010 kl. 05:07 - Teologi
#15

Det må vere rett å peike på kva bilete Bibelen gjev av guden Jahve. Ei skildring som gjev eit godt innsyn i kven Herren er, gjev skidringa om korleis han valde ut sitt fyrste presteskap:

26 Da gikk han fram i porten til leiren og ropte: «Kom hit til meg, alle som hører Herren til!» Da samlet hele Levi-ætten seg om ham. 27 Og han sa til dem: «Så sier Herren, Israels Gud: Spenn sverdet på dere, alle mann! Gå fram og tilbake i leiren, fra port til port, og slå i hjel både brødre og venner og frender!» 28 Levittene gjorde som Moses sa, og den dagen falt det omkring tre tusen mann av folket. 29 Da sa Moses: «Innvi dere i dag til å være prester for Herren; for ingen sparte sin sønn eller bror. Så vil Herren gi dere sin velsignelse i dag.»"

Som eit barn vart eg inndoktrinert at dette var eit godt vesen som eg skulle bøye kne for, og sende bøner til. Mange av dei som deltek i Verdidebatt med innlegg og kommentarar og som bøyer kne for denne gudsvisjonen, hevder at denne guden er barmhjertig, kjærleg og rettferdig. Er det klarsyn?

Korleis kan opplyste menneskje underkaste seg eit slikt uhyre? På din gud skal du kjennast!

Skrevet den 20.01.2010 kl. 04:24 - Midtøsten
#16

Eg vitja gamlebyen i Jerusalem på ein skjærtorsdag. Det var ein fredeleg dag på ein stad med ei svært blodig historie. Ein milepel i so måte er 15.07.1099. Då inntok dei fyrste korsfararane byen. Muslimane vart slakta og jødane vart brent inne i synagogen. Kristne kjelder fortel stolt at erobrarane vaspa i blod til over ankelen.

 

Fyrst gjekk turen til Al-Aqsa moskéen og deretter til Klippedomen. Båe heilagdomane er imponerande byggverk, men Klippedomen er bygd over staden der legendene fortel at Abraham heldt på å avrette Isak og at profeten Muhammed tok av på si himmelferd.

 

Klippedomen er eit imponerande bygg fylt av framifrå handtverk, og i sentrum ligg offerklippa. Vi kom ikkje inn på toppen, men guiden tok oss med fram til bergveggen rett ved. Om ein har god fantasi, kan ein sjå merkje etter hovudet til Muhammed i klippa. Men eit vitnemål i klippa er laga av menneskehand, og krev ikkje stor fantasi. I klippeveggen er det hogd ut ei skål under eit hol. Holet fører til ei traktforma fordjupning på toppen av klippa, der offera, menneskje og dyr, vart blodtappa før dei vart lagt på elden som offer til kravstore gudar. I dag meiner vi at slik ofring er heidenskap.

 

Det ligg til menneskja å tru at det finst høgare makter som legg livet til rette for oss på vondt og godt. Særleg menneskje med eit levevis som er knytt til naturen sine innfall, er oppsett på  å gjere desse maktene til lags ved gåver. Og logikken er enkel.  Gåva sin verknad på gudane er proporsjonal med det tapet eller skaden gjevaren tek på seg. Det er og slik at ein søkjer høgare makter på naturlege høgder avdi ein der oppnår best kontakt. Toppen av klippa i Jerusalem vart eit slikt heilagt knutepunkt som nomadestammene i området gjorde seg nytte av. Slikt gjev levebrød og makt til eit presteskap som tek kontroll på offerstaden og organiserer gudstru og ritualer.

 

Og nomadefolket var underlagt harde gudar som kravde blod, antan namnet var Baal eller Jehova. Det fyrste av hannkjønn som åpna mors liv, menneskje eller dyr, skulde gjevast gudane. Etter kvart vart det slik at ein kunde løyse ut menneskje med penger eller dyr, men glansen av menneskeoffer levde videre. Slik soga om kong Jefta fortel.

 

Ein har høve til å stikke handa inn i blodholet. Handa tek ikkje lukt av rote blod, men vellukt. Dei som vaktar om holet, er som andre i yrket. Dei glorifiserar dei ugjerningane deira forgjengarar har utført i gudane sitt namn.

 

Dette blodholet er for Jerusalem som Peterskyrkja er for Vatiknet. Dei er byane si sjel. Med handa i holet kjem historia om Abraham og Isak so nær, og alle dei sønene som vart avliva av fedre i religiøst vanvit, får deg i tale. Det er vel ein far si fremste plikt å verje sitt avkom mot alle makter, også overjordiske, om det så koster ein livet. Å ofre sonen for eiga vinning, er vel det største brotsverk ein kan gjere.

 

Skrevet den 15.01.2010 kl. 11:31 - Etikk
#17
Skrevet den 15.01.2010 kl. 10:04 - Misjon & evangelisering
#18

Eg har ei historie som aktiv misjonsmedarbeidar, ikkje på misjonsmarka, men som loddseljar. I min barndom florerte misjonsforeningar, basarar og loddbøker. Om ein var rimeleg påliteleg, og dessutan mangla mot til seie nei, hagla det på med oppdrag frå slekt, naboar og skulelærarar. Som vederlag fekk ein skryt og lovnad om løn i himmelen.

Tidvis kom det misjonærar på vitjing. Dei fortalde om framgang ved Guds hjelp på misjonsmarka. Favoritt var forteljinga om misjonsstasjonen i hutaheiti, som trass sterk motstand frå heksedoktorar og styggedom, endeleg såg lys i tunellen. Men så tok pengane  slutt, og alle dei sjelene som var nær ved å verte frelst, syntes fortapt. I si naud vende dei seg til Gud og ba om hjelp, og akkurat då dei skulde pakke snippøskja, dukka pengane opp. Eit Guds under! Det fekk fart på kollekta!

Dei fyrste rundene som loddseljar var interessante. Ein selde lodd innafor det distriktet ein tilhøyrde. Eit nytt anlet vart møtt med nyfikenheit. Ka heiter den guten? Kven er foreldra dine? Men den som gjekk for ofte, vart ”eit gnagsår”.

Få kjenner hjartelaget til sambygdingane så godt som ein liten loddseljar. I nokre heimar vart du møtt med rausheit og godord same kva sak pengane gjekk til. Andre kjøpte for skams skuld, og då kjende ein seg som utpressar. Og det var hus der ein vart møtt med ein slik kaldgufs at ein loddseljar aldri meir banka på døra. Etter kvart som ein vart var for uvilje, minka det på dei dørene ein vitja. Minnet om dei rause husstandane dukker opp den dag i dag når eg gjeng gjennom bygda, og minna gjer meg gled.

To hendingar førde til bråstopp i misjonsarbeidet. Den eine gongen gjekk eg med lodd for Santalmisjonen. Då eg leverte frå meg boka og pengane, viste det seg å vere ein manko. Oppdragsgjevarane talde pengane oppatt og oppatt, og diskuterte seg i mellom. Tvilen kom underskrevne tilgode, men hendinga svir den dag i dag.

Den andre handinga var eit oppdrag for mor. Eg gjekk runden, men mor var skuffa. Inntekta var ikkje i stil med gevinsten og eg måtte gjere greie for kar eg hadde vore. Men kvifor gjekk du ikkje dit og dit, vart det spurt. Og eg svara:”Dei plar ikkje kjøpe lodd”. Dermed la mor i veg og kom triumferande heim att med storfangst. Der kan du sjå! Dermed var det gjort. Sidan har eg ikkje fallbydd eit lodd.

Men kvifor oppmuntra ikkje Gud ein liten gut som gjorde ein innsats for misjonen? Om ein ser seg rundt med ope sinn står svaret klinkande klart: Om det fins ein allmektig gud som styrer og rår over alt og alle, då er han likesel med kva religion ein tilhøyrer. Over heile verda får alle slags preikarar boltre seg som dei vil. Om det var Guds vilje at alle menneskje på jorda var kristne, hadde det nok vore ein del av Skaparverket!

Skrevet den 13.01.2010 kl. 17:52 - Teologi
#19

Det som set best spikra frå religionsopplæringa i skulen, er dei Ti boda. Utan å kunne Luthers katekisme på rams, vart ein rekna som undermåls og kunne nektast konfirmasjon. I vår nære historie var dette rekna som ei skam og eit lyte.

Bilete av dei to steintavlene der 10 konsise bod var innhogde har møtt ein overalt og prenta seg på netthinna. I snart 70 år hadde eg den illusjonen at dei var henta rett ut av Bibelen. Men så tok eg meg bryet med å sjekke, og kva finn eg?

Luther har henta tilfang til sine ti bod frå 2.Mosebok20,1-15, dei som Moses knuste. Dette tilfanget har han redigert og finslipt. Ein ser likskapen,  men det er langt frå sitat.

Etter at Moses hadde roa seg, kom han på ny på talefot med Gud, og vart tilbode ein ny kopi (2.Mosebok kapittel 34). Sitert frå Bibelen si riksmålsutgåve 1952:

 

2.Mb.34,1: Og Herren sa til Moses: Hugg deg ut to stentavler likesom de første! Så vil jeg skrive på tavlene de ord som stod på de første tavler, de som du slo i stykker.

2.Mb.34,11: Hold de bud jeg gir dig idag.

1. Bud

2.Mb.34,14-16: Du skal ikke tilbede nogen fremmed gud; for Herren heter Nidkjær, en nidkjær gud er han.

15: Ta dig i vare så du ikke gjør nogen pakt med landets innbyggere. For de vil drive avgudsdyrkelse og ofre til sine guder, og når de innbyr deg, vil du ete av deres offer.

16: Og du vil ta hustruer blant deres døtre til dine sønner , og deres døtre vil drive avgudsdyrkelse med sine guder og få dine sønner til å gjøre det samme.

2. Bud

2.Mb.34,17: Støpte gudebilleder skal du ikke gjøre dig.

3. Bud

2.Mb.34,18: De usyrede brøds høitid skal du holde; i syv dager skal du ete usyret brød, som jeg har befalt deg, på den fastsatte tid i måneden abib; for i måneden abib dro du ut av Ægybten.

4. Bud

2.Mb.34,19-20:Alt det som åpner morsliv, hører meg til, alt ditt fe av hannkjønn som åpner morsliv, enten det er storfe eller småfe.

20: Og det som åpner morsliv av asener, skal du løse med småfe, men dersom du ikke løser det, skal du bryte nakken på det.Hver førstefødt blant dine sønner skal du løse, og ingenskal vise seg tomhendt for mitt åsyn.

5. Bud

2.Mb.34,21: Seks dager skal du arbeide, og på den syvede dagen skal du hvile, om så det er i våronnen eller høstonnen, så skal du holde hviledagen.

6. Bud

2.Mb.34,22-24: Ukens høitid skal du holde når du får førstegrøden av hvetehøsten, og innsamlingens høitid når året er omme.

23: Tre ganger om året skal alle menn blant eder vise seg for Herrens, Israels Guds åsyn.

24: For jeg vil jage hedningene bort for deg og utvide ditt land, og ingen skal attrå ditt land mens du går opp for å vise deg for herrens åsyn tre ganger om året.

7. Bud

2.Mb.34,25: Du skal ikke ofre blodet av mitt slagtoffer, så lenge du har syrnet brød hos deg

8. Bud

2.Mb.34,25: og påskehøitidens slagtoffer skal ikke bli liggende natten over til om morgenen.

9. Bud

2.Mb.34,26: Det første av din jords førstegrøde skal du bære til Herren din Guds hus

10. Bud

2.Mb.34,26: Du skal ikke koke et kje i dets mors melk.

 

2.Mb.34,27: Og Herren sa til Moses: Skriv nu opp disse ord! For efter disse ord har jeg gjort en pakt med dig og med Israel.

2.Mb.34,28: Og han var hos Herren i firti dager og firti netter uten å ete brød og uten å drikke vann, og han skrev på tavlene paktens ord, de ti ord.

 

Som ein ser inneheld ikkje den siste reviderte utgåva, den som Moses skreiv ned, noko om hor, drap, tjueri, falske vitnemål, ære far og mor eller forbod mot å trå etter næsten sin eigedom.

 

Kva vil eg så med dette, ta livet av kristendommen? Langt ifrå. Eg vil berre vise at når forkynnarar av alle slag viser til Luther og Gud sine klåre ord, då skal ein vere på vakt. Bibelen og Luther sine produkt må lesast med vett og forstand. Bibelen sine to utgåver av boda er ikkje samstemte, men det Moses hogg inn i steintavlene på Gud sitt klåre diktat er vel det ein lyt legge størst brett på?

 

 

Skrevet den 13.01.2010 kl. 12:05 - Etikk
#20

Frå tid til anna har eg møtt parforhold som ikkje kan få born. Det kan ofte vere ei stor påkjenning for kvinna som kjenner seg urealisert om ho ikkje får oppleve det å verte mor. Dei fleste parforhold treng vel også born å dra felles omsut for dersom det skal fungere godt-

Alternativa for kvinna er: Bryte ut av parforholdet, gjere eit sidesprang eller med mannens samtykke og ynskje søke hjelp ved ein sædbank.

I det praktiske liv er det mannen i parforholdet som er faren og so barnet si framtid er avhengig av, ikkje den bilogiske faren. Det er paret sine evner som oppfostrarar som er avgjerande. Ofte er det resursterke foreldre som set donorborn til verda og eg kjenner ikkje statestikk som viser at desse går eit dårlegare liv i møte enn dei som vert unnfanga ved at penis vert førd inn i skjeda.

Eit slikt born som er foreldra sitt høgste ynskje, og med gode odds til å få eit godt liv som samfunnsnyttig borgar, har ikkje eit slikt individ livets rett? Eg berre spør!

Skrevet den 10.01.2010 kl. 20:44 - Midtøsten
#21
Skrevet den 10.01.2010 kl. 18:33 - Midtøsten
#22

 

Dei som ropar og bed om at Armageddon snart må kome fylgjer immigrasjonen til Israel med argusauge. Det skal visst ikkje verte fart på sakene før alle jødar er samla i Palestina. Særleg er innvandringa frå USA av storinteresse.

I 2001 fanst der 13,3 millionar jødar i verda med fordeling 5 millionar i Palestina og 8,3 millionar i Diaspora. Det bur fleire jødar i USA enn i Israel. Berre i New York bur der 1,9 millioner

i 2006 meldte Jewish Agencyom rekordinnvandring frå Nord-Amerika i 2005. Talet aukar for tredje år på rad. Meir enn 3.100 jødar immigrerte til Israel frå Nord-Amerika ein må helt attende til 1983 for å finne tilsvarande så mange innvandrar frå USA og Canada.

93 prosent av amerikanske innvandrarar var tilfreds (49 prosent) eller veldig tilfreds (44 prosent) med deira integrering i Israel. Ca. ti prosent av de registrerte innvandrarane budde i Israel før de endra sin status.

Frå USA kom det 2.777 til Israel i 2008. (19.02.09). Av desse var  68% ortodokse jødar.Den siste oversikta viser at tala går jamt og trutt nedover og var i 2007 på knapt 20.000.Det ser heldigvis ikkje ut for at Armageddon skal inntreffe med det fyrste.

ÅR

 

SAMLET

 

ETIOPIA

FSU

Ex Soviet

1990
1991
1992
1993
1994
1995
1996
1997
1998
1999
2000
2001
2002
2003
2004
2005
2006
2007

 

199.516
176.100
77.057
76.805
79.844
76.361
70.919
66.221
56.722
76.766
60.192
43.580
33.539
24.431
22.164
22.657
21.024
19.712

4.121
20.014
3.648
863
1.197
1.312
1.411
1.661
3.110
2.290
2.201
3.274
2.656
3.029
3.696
3.572
3.745
3.591

185.227
147.839
65.093
66.145
68.069
64.848
59.048
54.621
46.020
66.848
50.817
33.601
18.508
12.585
10.587
9.682
8.145
6.502

  

Skrevet den 07.01.2010 kl. 23:08 - Kristenliv & kirke
#23

Ivar Skaar, Ålesund, har gjeve meg lov til å prente dette innlegget, som tideligere har vore lesarinnlegg i Sunnmørsposten, her på min blogg

Barnedåp. Det er vanskelig å forstå presten som nektet barnet dåp på grunn av lesbiske foreldre. Hvordan kan han redusere menneskeverdet som barnet besitter?
«Livets Gave» som er gitt hvert enkelt menneske fra Gud, som innebærer at vi alle er velsignet og har samme verdi. Vi har alle som en, en oppgave med vårt liv på jorden! Tiggeren som vi passerer, som nå vinterstid fryser, sitter der for at hans familie i Romania (sigøynere) skal overleve, (selv om de blir utnyttet av rikere bakmenn.) Artikkel i VG, som tok med seg en tigger til hans familie i Romania (kone og 4 barn) for å se om det var løgn det han fortalte dem. Fikk innsyn som fortalte om «naken» nød. Det var umulig for sigøynere å få seg jobb der ... samme grunn som jødene opplevde før og under krigen, de måtte stort sett klare seg selv. Vi har lett for å glemme at det er noe som heter (Livets bok) der alle våre «svakheter» overfor våre medmenneskers skjebne er notert, som en blir konfrontert med, så man vet og forstår den «gave» det er å bli tilgitt, det man ikke forsto følgene av på jorden.
Guds kjærlighet til det enkelte menneske fikk jeg innblikk i, da jeg som ung mann på Østen, gikk i land for å få sendt et brev hjem. Det var et lite sted, med små «treskur» langs den asfaltfrie gata, med en naken lyspære som kastet et svakt lys over små hverdagslige ting, som såpe, krem, tannpasta og vice versa.
I enden av gata lå en bygning som minte om et opplyst «Fata morgana,» En amerikanskeid kino med aircondition, som den unge piken som ville poste brevet mitt neste morgen, fortalte meg.
Stilte meg i køen foran billettluken, ser plutselig et menneske ligger i fosterstilling på de glansfulle flisene, opplyst av det skarpe neonlyset ...
Det er en muslimsk kvinne, med den lyse sanden fra gata på drakten, hun måtte ha slept seg oppover i tropemørket.
Fortvilet over å se at ingen grep inn, der ringene fortalte alt om hennes nød, som et rop om hjelp. Går ut av køen, løfter ansiktet hennes opp i armkroken og kjenner det er liv i henne, kjenner mine tårer faller ned på henne, og blir til store rundinger på hennes kjortel. Løfter hodet og ser på dem som står nedenfor reklamen for filmen: «Dont be cruel» med Elvis Presley som klimprer på gitar. Men ingen bryr seg, de snur seg bort eller slår øynene ned.
Da kommer en politimann med colten dinglende ved hoften, vifter meg vekk, kjenner på kvinnens puls, kjenner hun er død, tar tak i nederste ring og drar henne bort til kanten av platten og slenger henne ut i mørket som skjuler henne. Rystet av hendelsen går jeg om bord igjen, med mange spørsmål i hodet ... hvorfor og hvordan kan slikt skje? og hvor var Gud da jeg trengte ham som mest? Fikk svar på alle mine spørsmål: Hun var flyktning fra Indonesia, og skjulte seg i en bambusgrenhytte i utkanten av stedet. Hun forsto at tiden hennes var ute, og lyset fra høyden der den vakre bygningen lå, ville hun oppleve på nært hold. Fikk vite at hun så mine øyne før hun døde ... og nå var hun kommet til dem som elsket henne ...


Ivar Skaar
Ålesund

Skrevet den 07.01.2010 kl. 16:40 - Innenriks
#24

Det er heilt OK at Stein Erik Hagen pakker snippøskja og dreg sin kos. Det norske samfunnet har gitt STH armslag og tilhøve som har hjelpt han til å slå til seg enorme rikdomar. Frå talarstolen i Vålerenga kyrkje refsa han det norske samfunnet for grådigheitskultur og oppfordra til moderasjon med omsyn til verdslege verdiar. Som leiar av Orkla har han vist seg som ein råkapitalist heva over det å ta omsyn til samfunnet. STH ter seg som ein adelsmann av guds nåde heva over ålmenta.  Anslag når det gjeld TH si formue ligg rundt 20 milliardar kroner. Likevel har han ikkje råd til å bu i Norge.

Går det an å verte fattigare?

Stein Erik Hagen er eit døme på at av sjøvatn og pengar vert ein ikkje utyrst. God for 20 milliarder men likevel gjer nauda at han må flytte til skatteparadis!

Adelen er for lengst avskaffa i Norge. Godt å vere kvitt ein av dei siste!

Skrevet den 06.01.2010 kl. 23:39 - Innenriks
#25

Det er heilt OK at Stein Erik Hagen pakker snippøskja og dreg sin kos. Det norske samfunnet har gitt STH armslag og tilhøve som har hjelpt han til å slå til seg enorme rikdomar. Frå talarstolen i Vålerenga kyrkje refsa han det norske samfunnet for grådigheitskultur og oppfordra til moderasjon med omsyn til verdslege verdiar. Som leiar av Orkla har han vist seg som ein råkapitalist heva over det å ta omsyn til samfunnet. STH ter seg som ein adelsmann av guds nåde heva over ålmenta og er eit døme på at av sjøvatn og pengar vert ein ikkje utyst! Anslag når det gjeld TH si formue ligg rundt 20 milliardar kroner. Likevel har han ikkje råd til å bu i Norge. Gjeng det an å verte fattigare?

Adelen er for lengst avskaffa i Norge. Godt å vere kvitt ein av dei siste.