Elias Per Vågnes

Alder: 80
  RSS

Om Elias Per

Pensjoneist med erfaring som fiskar, navigatør og høgskolelærar. Har stor hage, skorgenessnekke med 10hk Sabb diesel, kveiteline, trollgarn og 14 krabbeteiner. Har heile mitt vaksne liv vore interessert i Midtausten. Fyrst som sionist, men sidan 70-talet som humanist..
Ambisjonar: Bruke meir tid på reise etter innfallsmetoden. Sist på prioriterinslista kjem Afghanistan, Israel, Syria, Irak, Jemen, Nord-Korea
No er biene solgt og dermed er eg kvitt ein klamp rundt foten. Levande dyr er som ein fryseboks, dei treng "strøm" kvar dag for å fungere. Utan jamnt tilsyn og stell ender det i fiasko.

Følgere

Gantz: Gjev folket i Gaza noko å leve for

Publisert over 2 år siden - 305 visninger

Sharon sa:: "Palestinarane bur i ekstremt overbefolka flyktningeleirar, i fattigdom og elende. Dei bur i drivhus der berre hatet gror. Uten von om ei betre framtid."

2. oktober gav IDF sin forsvarssjef Benny Gantz eit intervju der han uttalte om lag fylgjande om resultatet av krigen Operation  Protective Edge: Vi har vunne ein knusande siger. Hamas ligg med knekt rygg. Men skal vi sikre fruktene av sigeren, då må vi gje innbyggarane på Gaza noko å leve for. 1,8 millionar menneske er blokkert av Israel og Egypt til lands, frå lufta og frå sjøsida. Vi må opne for normal transport av varer og menneske og dermed gi  dei eit betre liv og von om å bygge ei framtid. Dersom dei desperate forholda dei lever under i dag held fram, vil det tvinge fram nye desperate handlingar enten av Hamas eller deira etterfylgjarar. Det er rett at bygningsmateriell gjev Hamas høve til å bygge utskytningsrampar for rakettar, men Gaza sin militære styrke, vil aldri kome opp på eit slikt nivå at det kan verte eit reelt trugsmål mot Israel.

Det ein kan bite seg merke i er at for yrkesmilitære som Sharon, Rabin og Gantz er palestinarane fiendar, men samstundes menneske. (MODERATOR HAR FJERNA EI USAKLEG UTLEGGING AV ANDRES SYNSPUNKT)

http://www.haaretz.com/news/diplomacy-defense/.premium-1.618979

http://www.haaretz.com/news/diplomacy-defense/.premium-1.619059

Gå til innlegget

Kvifor er ikkje analfabetar ateistar?

Publisert over 2 år siden - 2252 visninger

Dei fleste av oss har vel fått med seg at amerikanske presidentar alltid avslutter sine talar og pressekonferansar med "God bless America". Men er det noko som tyder på at sterk gudstru fremjer eit samfunn?

Menneskleg utviklingsrapport (2004) utarbeidd av FNs Utviklingsprogram har rangert 177 nasjonar med omsyn til korleis landet ligg an med omsyn til forventa levealder, analfabetisme, gjennomsnittsinntekt, utdanning  med meir. For ein 99,9% erklært ateist er her mykje oppløftande fakta å finne.  Dei 5 nasjonane som skorar høgast: Norge, Sverige, Australia, Canada og Nederland ligg også i toppsjiktet med omsyn til den prosentvise del ateistar utgjer av samla befolkning. Av topp 25 på lista er det berre Irland som ein ikkje ikkje finn på topp 25 med omsyn til ateistar sin andel av samfunnet.  Mykje tyder på at dess meir utvikla og opplyste ei befolkning er, dess svakare står gudstrua.  Dette vert understreka av at dei 35 landa som har høgste prosent av analfabetar på ungdomstrinnet, dei  er land der religion og tura på høgare makter står svært sterkt. Snittinntekt vert også negativt påverka av sterk gudstru. Det pussige er at også sjølvmordsraten synes omvendt proporsjonal med andelen ateistar utgjer i samfunnet. 

https://books.google.no/books?id=tAeFipOVx4MC&pg=PA58&lpg=PA58&dq=illiteracy+atheism&source=bl&ots=KiqeJcpW

_W&sig=UhX_vkpcAkmQzpGfnhpMlbJjoxo&hl=no&sa=X&ei=T82RVKX4N8W_ywOgqYDoCg&

ved=0CDgQ6AEwAw#v=onepage&q=illiteracy%20atheism&f=false

Gå til innlegget

Gudlause dårlege medmenneske?

Publisert over 2 år siden - 1698 visninger

Ein ser stadig påstander her på VD som gjeng ut på at ateistar står for dei mest bestialske brotsveka historia kjenner. Men elles er det ting som tyder på at dei er ganske lovlydige og lite voldelege.

Denne oversikta frå U.S. Department of Justice, Federal Bureau of Prisons, skulle vel gje ein peikepinn om at dei som ikkje trur det fins ein allmektig gud som styrer alt og alle, har rimeleg godt moralsk gangsyn. Sjølvsagt er ikkje dette ein statestikk utan feil og lyte, men om det var slik at gudlause var notoriske forbrytarar så vilde det vel ha gitt utslag på denne lista?

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Du er nok verre enn meg
av
Kristin Berg
rundt 10 timer siden / 146 visninger
0 kommentarer
Det hvilende hjerte
av
Siri Fuglem Berg
rundt 13 timer siden / 981 visninger
0 kommentarer
Direkte lykke
av
Ane Bamle Tjellaug
rundt 14 timer siden / 219 visninger
1 kommentarer
Viktig program om Jan Hanvold
av
Vårt Land
rundt 20 timer siden / 1482 visninger
6 kommentarer
Oslo, min hovedstad
av
Per Bjørnar Grande
rundt 23 timer siden / 114 visninger
2 kommentarer
Les flere

Siste kommentarer

Rune Tveit kommenterte på
Omskjæring og antisemittisme
rundt 1 time siden / 137 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Udiskutabelt?
rundt 3 timer siden / 726 visninger
Bjørn Erik Fjerdingen kommenterte på
Teologisk nonsens
rundt 3 timer siden / 1540 visninger
Roald Øye kommenterte på
Bennetts realistiske plan.
rundt 3 timer siden / 118 visninger
Dan Lyngmyr kommenterte på
Omskjæring og antisemittisme
rundt 4 timer siden / 137 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Teologisk nonsens
rundt 5 timer siden / 1540 visninger
Stefan Bonkowski kommenterte på
Udiskutabelt?
rundt 5 timer siden / 726 visninger
Håvard Nyhus kommenterte på
Kunsten å overse det ubehagelige
rundt 5 timer siden / 3809 visninger
Eirik A. Steenhoff kommenterte på
Teologisk nonsens
rundt 6 timer siden / 1540 visninger
Mona Ekenes kommenterte på
Teologisk nonsens
rundt 6 timer siden / 1540 visninger
Bjørn Erik Fjerdingen kommenterte på
Teologisk nonsens
rundt 6 timer siden / 1540 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Skam
rundt 6 timer siden / 10696 visninger
Les flere