Aase Maren Østgaard

Alder: 23
  RSS

Om Aase Maren

Katolikk, sosialist, og sentralstyremedlem i Raud Ungdom.

Følgere

Rett til liv - heile livet

Publisert 28 dager siden - 875 visninger

Har vi samvit til å stramme inn abortpolitikken?

Når ein tenkjer på dei som tek abort tenkjer ein som oftast på ei singel kvinne i byrjinga av tjueåra som ikkje brukte kondom under eit one night stand. Statistikk frå USA malar eit anna bilete: 24 prosent av dei som tek abort er gifte katolske kvinner. Effektiv anti-abort-aktivisme må, i atterkant av Irlands Ja, ta ein radikalt annleis form.

Så lengje ein skal vere imot abort, må ein fremme dei løysningane som faktisk hindrar at abort skjer. Ei 34 år gamle mor til tre frå beste vestkant er ikkje immun mot dei faktorane som speler inn i ei avgjersle om å ta abort. Tvert imot så viser det at abort slettes ikkje er så enkelt å forklare som mange trur. Alt for lengje har vi tydd til forklaringar som legg skulda på kvinnene som tek abort, som latskap, ignoranse, og mistenkeleggjering. Studiar viser at avgjersla er basert på reelle bekymringar rundt det å kunne gje barnet det dei treng, eller at eit barn vil hindre utdanninga eller karriereprogresjonen kvinner treng.

I all den tid abort skjer, må kristne ikkje berre kjempe for at det skjer under trygge kår. Ein slik politikk vil ha ringverknader. Vi må også kjempe for at alle har tilgang på gratis prevensjon slik at ein eventuell uønskt graviditet ikkje skjer i utgangspunktet. Reservasjonsrett og abortnemnd er gode døme på feilslått politikk som rammer skeivt. Vi kan ikkje akseptere at ei kvinne i distriktet får ei abortbegjæring avslått av naboen fordi ho har ei forstyrrande gran i hagen. Då har vi all grunn til å slå ned på det.

Ikkje minst er det snodig å rette så mykje fokus på livet før fødsel, når Norge som nasjon kaster flyktningar på dør og dei økonomiske forskjellane på folk aukar for kvar dag som går, også med Kristeleg Folkeparti som støtteparti. Vi må stå i bresjen for realpolitiske løysningar som gagnar alle. Å kjempe for den kristenliberaliseringa eg har skissert over vil ikkje gjere at unge folk kjem att til kyrkja i hordar, eller andre mirakel. Men den vil gjere at vi som kristne blir teke på alvor i debatten. Og det trengst.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Ragnhild Kimo kommenterte på
Demagogi og "åndelig" manipulasjon!
8 minutter siden / 10849 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Demagogi og "åndelig" manipulasjon!
rundt 1 time siden / 10849 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Demagogi og "åndelig" manipulasjon!
rundt 1 time siden / 10849 visninger
Marianne Solli kommenterte på
Demagogi og "åndelig" manipulasjon!
rundt 1 time siden / 10849 visninger
Frank Andresen kommenterte på
Bibelsk økumenisme vs skjøgekirkenes falske økumenisme
rundt 2 timer siden / 788 visninger
Frank Andresen kommenterte på
Bibelsk økumenisme vs skjøgekirkenes falske økumenisme
rundt 3 timer siden / 788 visninger
Kjell G. Kristensen kommenterte på
Demagogi og "åndelig" manipulasjon!
rundt 3 timer siden / 10849 visninger
Anne Jensen kommenterte på
Sommer-refleksjoner: Identitetskrise, overgivelse og kristent liv
rundt 3 timer siden / 327 visninger
Eirik Elin Stillingen kommenterte på
Pride og usømmelighet
rundt 4 timer siden / 196 visninger
Ronnie Johanson kommenterte på
Bibeltime for politikere
rundt 4 timer siden / 1749 visninger
Roald Øye kommenterte på
Et jødisk hamskifte i USA.
rundt 4 timer siden / 517 visninger
Les flere