Forfattaren Jan Kjærstad misliker at norske litteraturkritikarar lar seg begeistre av Karl Ove Knausgårds roman Min kamp 1. «En konsensus på grensen til det servile,» skriv han i gårsdagens utgåve av Aftenposten. «Det er beklemmende når kritikk høres ut som om den er skrevet så å si knelende ved en alterring; når den glir over i bekjennelse og lovsang,» skriv Kjærstad, som klagar kritikarane for å gå i takt. Eg skreiv sjølv ei svært positiv melding av boka i Vårt Land. Var eg dermed del av ein naiv saueflokk?
Kjærstad har gode poeng når han etterlyser fleire referansar i meldingane han har gjennomgått, fleire forsøk på å setje Knausgårds roman i ein litterær samanheng. Eg er også einig med Kjærstad når han etterlyser lesingar av Min kamp 1 «som ren tekst, der støyen rundt er forsøkt filtrert bort».
Dristig påstand.
Kjærstad er ingen lettvektar, og det er vel verdt å lytte til det han seier. Likevel blir det litt merkeleg når han klagar kritikarane, som har site og lese bok i kvar sine krokar, for å gå i takt. Kanskje er det blitt skrive ein del kritikkar som med fordel kunne vore meir analyserande, men meiner Kjærstad verkeleg at kritikarar som Tom Egil Hverven (Klassekampen), Trond Haugen (Dagsavisen) og Ane Farsethås (Dagens Næringsliv) ikkje er i stand til å gjere sjølvstendige og kritiske litterære vurderingar. Det er i så tilfelle ein dristig påstand.
Også Kåre Bulie (Dagbladet) og Ingunn Økland (Aftenposten) har uttalt seg svært positivt om Min kamp 1. Er dei også med i saueflokken? «Hadde jeg ikke visst bedre, ville jeg trodd mangelen på motstemmer skyldtes frykten for å bli nevnt ufordelaktig i bind seks,» skriv Kjærstad.
Hadde eg ikkje visst betre, ville eg trudd at Kjærstads svingslag har ein undertone av misunning. Kjærstads eigen posisjon på parnasset som den eleverte, men også folkelege, forfattaren er trua. Kva er det med Knausgårds bok som vekkjer slik åtgaum, «er det ingen som synes det lukter møllkuler?»
Feigt av Kjærstad.
Men eg vil ikkje hevde dette, berre gjere som Kjærstad, antyde. Det er bra at han melder seg med litterære reservasjonar mot Knausgårds bok, for eg er samd med han at konsensus om kvalitet er usunt. Samtidig gøymer han seg bak angrepet på kritikarane, det er dei han vil til livs, seier han. Eg synest at dette er litt feigt. Kjærstad skjuler sin eigen kritikk av Knausgård ved å skyte mot dei som likte boka hans, altså konsensuskritikarane. Slik skaffar han seg maksimal publisitet og får samtidig slått inn den kimen av tvil på Min kamp 1s kvalitet som han tydelegvis ønskjer å gjere.
Det finst rett nok mange ting å setje fingeren på i Knausgårds bok. Ein kan finne passasjar undervegs som er skrivne med språket til ein middels norsk kioskroman. Og teksten balanserer ofte på grensa mot det sentimentale. I tillegg kjem den etiske diskusjonen, som har gått med full styrke rundt ikring i avisredaksjonane. Når kritikarane har skrive lite om det første, er det fordi dei ligg nasegrus og er blinde? Dette blir i overkant arrogant av Kjærstad.
Inga sanning.
I kronikken i Aftenposten skriv Kjærstad interessant om Knausgårds bruk av «det selvbiografiske», eit aspekt som har vore mykje framme i debatten om boka: «Hvorfor ta en påstand om at noe er selvbiografisk for god fisk? Den siste man skal stole på, er en forfatter.»
Kjærstads underliggjande bodskap er likevel ein annan: «Den siste man skal stole på, er en kritiker.» Det får kritikarane leve med, dette er ikkje akkurat ein ny påstand – solid fundert både i forfattarstanden og folkedjupet.
Og slik må det også vere. Ingen sit på den endegyldige sanninga om ei bok. Dette er bra også for Kjærstads litterære ry i USA, til dømes, der romanen Oppdageren nyleg vart slakta etter notar av The New York Times.
Jan Kjærstad har i Aftenposten skrive eit engasjert innlegg som vil føre til endå meir debatt både om kritikken og om Min kamp 1, eit allereie høgeksponert verk. Det er fint. Men det skal vere sagt: Det finst andre bøker frå bokhausten 2009 som kunne fått ein del av merksemda. Som romanen til Knausgårds eigen redaktør, Geir Gulliksen (Tjuendedagen). Skal tru kva han tenkjer om det heile?





