Fleire av dei beste romanane i år viser fram dei mest audmjukande sidene ved mennesket.
Det norske bokåret 2009 har vore eit godt bokår. Vi har blant anna fått nye blinkskot frå veteranar som Roy Jacobsen (Vidunderbarn), Kjartan Fløgstad (Grense Jakobselv) og Dag Solstad (17. roman). Mens yngre forfattarar som Ingrid Storholmen (Tsjernobyl-fortellinger), Mirjam Kristensen (Et rikt liv) og Sigmund Løvåsen (Mamsell Iversen) har skrive seg opp mot elitedivisjonen.
Og det finst fleire namn frå bokhausten det er verdt å nemne på beste spalteplass. Barnebokforfattaren Maria Parr, til dømes, med boka Tonje Glimmerdal. Vi skal heller ikkje gløyme dei fine debutane til Kjersti Annesdatter Skomsvold (Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg) og Jenny Hval (Perlebryggeriet). Poeten Steinar Opstad har skrive ei ny god diktsamling med Avhymninger, mens eks-poetane Rune Christiansen og Pedro Carmona-Alvarez har levert glitrande prosastykke med Krysantemum og Rust.
Særklasse.
Dessutan, og i særklasse, kjem Karl Ove Knausgårds Min kamp-prosjekt, som har generert mykje debatt. Eg vil trekkje fram eit aspekt som går igjen også i fleire andre av dei mest interessante bøkene i år: Fornedringa. Eitt av fleire viktige trekk ved Knausgårds roman er korleis han går inn i det sjølvfornedrande. I første bok har dette nær samanheng med faren si fornedring på tampen av livet. I ei av norsk skjønnlitteraturs mest intense scener, prøver den fortvila romanpersonenen Knausgård å vaske reint huset der faren har døydd så å seie i ein haug av skit.
Historisk.
Men fornedring står ikkje sentralt berre hjå Knausgård. I Niels Fredrik Dahls Herre heiter hovudpersonen Bernhard Herre, ein historisk person som forelska seg i Camilla Wergeland, men blei gåande som bodberar i romansen mellom Camilla og Johan Sebastian Welhaven. Dahls portrett av Herre er særs lite flatterande, slik vi får lese om ein person som gradvis går til hundane i avund og sosial degradering. Fornedringa hjå Herre ligg også i det umoglege for han å uthalde seg sjølv. Sjølvforakt og mangel på ryggrad blir ein destruktiv kombinasjon.
Også hjå Stig Sæterbakken møter vi ein person som går til grunne i misunning og menneskeforakt. I romanen Ikke forlat meg viser Sæterbakken seg som ein rå forteljar, slik han skildrar 17-åringen Aksel Moranders veg mot det store mørket. Også Aksel er tyngd av fornedrande erfaringar, og etter eit blaff av kjærleikens varme lys vender alt seg til det vonde på nytt.
Seksualitet.
Både hjå Dahl og Sæterbakken har det fornedrande samanheng med det seksuelle. Slik er det også i Geir Gulliksens roman Tjuendedagen. Gulliksen går lengre inn dei fornedrande sidene ved seksualiteten enn dei fleste andre, utan på nokon måte å bli spekulativ. I Tjuendedagen blir det audmjukande skrive fram både gjennom eit svært destruktivt trekantforhold og med spreiing av private sexbilete på e-post.
Seksualitet på avveie er også utgangspunktet for Mattis Øybøs roman Karen og Kareem. Handlinga tek til i det Karins ekskjæraste har lagt ut ein privat sexvideo på internett. Videoen har allereie fått to og ein halv million treff, og Karin kjenner trykket av alle blikka som er retta mot henne.
Tråd av skam.
Fornedring er på ingen måte eit nytt litterært tema. Heilt frå Bibelens bøker og dei gamle greske eposa går det ein tråd av skam og audmjuking gjennom litteraturen. Det er likevel påfallande at såpass mange av årets skjønnlitterære høgdepunkt skriv seg inn mot dei skitnaste sidene våre som menneske. Kanskje er det nettopp dette som appellerer?
Skiten har vi alle i oss. Men kanskje kan litteraturen fungere som ein reinsingsprosess?





