Registrer deg Logg inn
Kaj Skagen
Innlegg: 4
Kommentarer:

Vi må førebu oss på stor omstilling

- 8599 visninger Innlegg

Kor mange menneske med muslimsk-kulturell bakgrunn som vil leva Europa i framtida, framgår av ein formel med fleire variablar. Dei viktigaste er talet på dei som lever her idag, aldersstrukturen og fruktbarheitsrata, samt årleg nettoinnvandring.

(MERKNAD FRÅ REDAKSJONEN: På Verdidebatt.nos initiativ publiserer vi, med løyve frå forfattaren, denne artikkelen, som vart publisert i Dag og Tid 21.10. som den tredje i ein serie på 3. Les også Skagens første artikkel: Angsten for å verta minoritet og Skagens andre artikkel Tal og truverde. Kaj Skagen er p.t. opptatt av anna presserande arbeid og kan ikkje følgje opp nokon debatt.)

Desse variablane vert ikkje sett vilkårleg, men det spelar med eit visst skjøn som kan gje store utslag i framskrivninga av talet på innvandringsgrupper. Både fruktbarheit og innvandringspolitikk er kjenslevare fakta som let seg påverka av idéar om kva som er ynskeleg. Det finst òg sterke ideologiske og politiske interesser i korleis dei demografiske tala bør tolkast og presenterast.

Rikdom og einsemd. Sekulær modernisering medfører fleire born i startfasene og færre i sluttfasane. Då Europa gjekk inn i startfasane på 1700-talet, steig fødselstala dramatisk og nådde høgdepunktet på 1960-talet, då Europa hadde nesten 25% av alle menneska i verda og dobbelt så stort folketal som Afrika.[1] Men alt i 2050 vil Afrika ha 2060 millioner mot Europas 593 millioner.[2]

Dei nord-afrikanske landa, som i 1950 hadde 53 millionar innbyggjarar, vil i 2050 ha 306 millionar.[3] Dette skiftet av demografisk tyngdepunkt heng saman med at Afrika og Midt-Austen går inn i ei utviklingsfase kor befolkningstalet stig eksplosivt medan Europa går inn i ein fase kor folketalet søkk.

På sitt demografiske høgdepunkt spreidde  europearane seg utover heile verda. No snur straumen. Men fordi befolkningsauka i dei landa som omgjev Europa i sør og aust, er forhaldsvis fleire gongar større enn kva den europeiske befolkningsvoksteren i imperialismen og kolonialismen sine epoker var, kan migrasjonen no verta mykje større.

Dei økonomiske fotavtrykka er omvendt proporsjonale med dei demografiske: Dess rikare vi vert, dess færre born vert sett til verda.[4] Såleis har dei rikaste landene i verda den lågaste befolkningstilveksten. I Tyskland er fruktbarheitsrata på 1.4. Nokon meiner at så låg fødselsrate vil føra til at det tyske folketalet skrumpar inn til 30 millionar menneske i 2100, om ein held framtidig innvandring utanfor.[5]

Den franske befolkninga er forventa å synka frå 55 millionar i 2010 til 45 millionar i 2100. Mest drastisk vil nedgangen verta i Italia og Spania: Italia, som idag har 57 millionar innbyggjarar, vil skrumpa inn til 15 millionar i 2100, medan Spania vil nærast forsvinna med eit folketal på 12 millionar.[6]

Utskifting av befolkning? Fordi denne europeiske folketalsnedgangen fell saman med den arabisk-muslimske forynginga og auka av befolkninga, og med ei høg innvandring til Europa frå muslimske land, legg sjølve den demografiske røynda til rette for eit inntrykk av at det som skjer ikkje er ei innvandring av menneske som vert opptekne i den europeiske befolkninga og kulturen, men ein utskifting av folkegrupper og kultur.

Når innvandringa skjer raskt, og dei som kjem i høg grad held fast på religionen og kulturen frå dei landa dei forlét, oppstår ein “identitet” mellom etnisitet og kultur/religion som i prinsippet ikkje finst. For sjølv om religion og kultur i prinsippet ikkje er knytt til etnisitet, nasjonalitet eller biologi, vert menneska i røynda knytt til den kulturen dei veks opp i. Dette skjer gjennom oppseding, skulegang og anna miljøpåverknad. Individualisering og frigjering er prosessar som tek mykje lengre tid enn det tek å forflytta seg over landegrenser. Med høgt innvandringstempo flyttar difor kultur og religion saman med folk.

Denne tendensen vert ikkje svakare, men sterkare dess større dei kulturelle skildnadene er mellom innvandrargruppene og mottakarlandet. Skildnaden mellom det sekulære Vesten og det religiøse Austen “produserer etnisk-religiøs sjølvmedvit som hindrar religiøs oppløysing,” skriv demografen Eric Kaufmann. Til dømes vert ikkje ein religion som islam svekt i møtet med den europeiske sekularismen, men styrkt, fordi religionen fungerer som “ein potent etnisk identitetsmarkør” i ein overgangssituasjon kor identiteten er truga.[7] Dette inneber at integreringa i det nye heimlandet får dess lågare tempo dess raskare og høgare innvandringa er.

Og dess meir skepsis møter innvandringa i majoritetsbefolkninga. Frå 2005 til 2010 steig andelen norske som meiner at “vi bør ikke slippe inn flere innvandrere i Norge” frå 45 prosent til 53 prosent. Av dei som har svart, er det òg eit fleirtal som meiner at “integreringen av innvandrere i det norske samfunnet” fungerer “meget dårlig” eller “ganske dårlig”. [8]

Men innvandringsskepsis er ikkje noko norsk særdrag. Tvert om syner tal frå Pew at det er fleirtal i alle europeiske befolkningar for ein strengare innvandringspolitikk. I Italia gjekk heile 87 prosent av dei spurte inn for å “further restrict and control immigration”. Men det er kanskje overraskande at 75 prosent meiner det same i USA, og at innvandringsskepsisen er like stor eller større i Midt-Austen (67%) og Afrika (74%), og i landsom Tyrkia (77%), Indonesia (89%) og Egypt (72%). [9]

Vert Europa muslimsk? I rapporten sin frå 2011 anslår Pew den muslimske befolkninga i Europa til 44 millionar i 2010. Dette er ein auke frå 4 til 6 prosent av den europeiske totalbefolkninga på tjue år. Pew ventar at denne auken vil halda fram og at den muslimske befolkninga i Europa vil vera på 58 millionar og 8 prosent i 2030.[10]

Men det er usemje om desse tala. Ulike fagfolk og institutt gjev ulike tal. I den internasjonale pressa dukkar det jamnleg opp mykje høgare tal enn dei ein finn hos Pew. Til dømes melde The Guardian i 2000 at den “ikkje-kvite” befolkninga i Storbritannia veks med 2-4 prosent årleg, og vil verta majoritet i landet før 2100.[11] I 2008 melde NRK at Europas befolkning ville verta halvert i laupet av to generasjonar, og erstatta av meir enn éin million ikkje-vestlege innvandrarar årleg, og kjende samfunnsforskarar ville ikkje avvisa at det kunne verta muslimsk folkefleirtal i Europa, om enn ikkje i vår generasjon.[12]

Når slike prognosar vert imøtegått, som til dømes i rennomerte tidsskrift som Foreign Policy, kor historikaren Justin Vaïsse for kort tid sidan heldt oppgjer med “Eurabia-teorien”, får ein kjensla av at det som kanskje er ei overdriving vert erstatta av noko som må vera underrapportering.[13] Det er berre 18 millionar muslimar i Vest-Europa, skriv Vaïsse, men seier ikkje kva land dette “Vest-Europa” omfattar. Pew, som gjer moderate anslag, fastset talet muslimar i Europa utan Aust-Europa idag til 26 millionar.[14]

Men heller ikkje Pew gjev alltid same meldinga. I ein tidligare, meir skissemessig rapport frå 2004, vart det sagt at omlag 5 prosent av befolkninga i EU-landa var muslimar, og at det var venta at talet ville verta minst tredobla i laupet av 30 år, dvs. frå 34 millionar i 2004 til 100 millionar i 2034, mest 40 millionar høgare enn det anslaget som kom i sjølve undersøkinga i 2011.[15]

Fleire anslag. Korleis skal ein finna demografiske tal ein kan lita på? Ein utveg er å flytta merksemda frå upersonlege institusjonar og gå til sjølvstendige forskarar med færre føringar av korleis desse vanskelege tala “bør” sjå ut.

Eric Kaufmann anslo i 2008 den truande muslimske befolkninga i Europa til 7-8 prosent i 2025.[16] Om vi grovt reknar med at dette er ¾ av befolkninga med muslimsk-kulturell bakgrunn, vert talet for denne 10 prosent. Den muslimske befolkninga i Austerrike anslår han til å verta 25 prosent i 2050, om ein reknar med høg innvandring og låg sekularisering. For heile Vest-Europa anslår Kaufmann dei muslimske befolkningsgruppene til 10-15 prosent eller høgast omlag 90 millionar menneske i 2050. [17]

Overfører ein dette anslaget til heile Europa, tek med at andelen muslimar er større i Aust-Europa og at dei truande utgjer ¾ av gruppene med denne kulturbakgrunnen, vert konklusjonen at Europa i 2060 kan ha omlag 20 prosent menneske med muslimsk kulturbakgrunn.

Den ungarske økonomen Karoly Lorant skriv at ei modellutrekning som fastheld dei gjennomsnittlege ikkje-muslimske og muslimske fruktbarheitsratene på nivået for 2005, nemleg 2.7 og 1.48, og samstundes held innvandringa på uendra nivå, gjev ein muslimsk befolkningsandel i EU-landa på omlag 20 prosent i 2050. Men som det mest sannsynlege scenariet ser Lorant for seg at den muslimske befolkninga i Europa vil få synkande fruktbarhet og verta stabilisert på omlag 80 millionar menneske i 2050, samstundes som det då ikkje lenger vil vera nokon nettoinnvandring til verdsdelen; dette gjev omlag 14 prosent truande muslimsk befolkning og omlag 20 prosent med muslimsk kulturbakgrunn. [18]

Storbyane. Innvandrargruppene fordeler seg ikkje jamt i landa, men søkjer til storbyane, fordi det er her dei finn arbeidsplassar og kulturelle miljø frå heimlanda. I 2004 var den muslimske andelen av befolkninga i Marseille og Rotterdam 25 prosent, i Malmø 20 prosent, i Birmingham 15 prosent, London og Paris 8 prosent. “I løpet av noen få tiår er det sannsynleg at fleire store europeiske byar vil få muslimsk folkefleirtal,” skriv Pew.[19]

Tendensen er òg at befolkninga med bakgrunn i muslimsk-kulturelle land samlar seg ikkje berre i storbyane, men i eigne strøk. I Tower Hamlets i London vert den muslimske befolkninga oppgjeve til oppunder 40 prosent.[20] Rosengård i Malmø skal ha 94 prosent innbyggarar med innvandringsbakgrunn. [21] Nokre av bydelane i Oslo har over 60 prosent innbyggjarar med bakgrunn i ikkje-vestlege land.[22]

Korleis desse tala vil utvikla seg i dei næraste åra, kan ein sjå av folkesamansetjinga i dei yngre årsklassene. Oslo har omlag 170 000 innbyggarar med innvandringsbakgrunn, eller 28 prosent av totalbefolkninga. Men i aldersgruppene 6-29 er andelen opptil 35.8 prosent av totalbefolkninga.[23] At innvandringsprosenten er høgare i dei yngre aldersgruppene enn i befolkninga under eitt, inneber at andelen stig, og i Oslo sitt tilfelle med omlag éin prosent årleg.

Denne utviklinga ser ein særleg klårt på skulane. For fem år sidan var norskspråklege elevar i mindretal ved 40 grunnskuler, ifjor var talet vakse til 58. Held tala fram med å auka med same tempo, vil elevar med norsk som morsmål vere i mindretal i Oslo-skulen rundt 2020. Elevar med ikkje-vestleg bakgrunn vil då utgjera omlag 30 prosent av elevmassen, og dei med muslimsk-kulturell bakgrunn rundt 15 prosent.[24]

Det vi ikkje veit. Kaster ein blikket fram mot neste hundreåret, veks uvissa. [25] Om størstedelen av den muslimske befolkninga dannar lukka motkulturar med klåre etniske grensar, jamn innvandring og relativt høge fødselstal, samstundes som dei “europeiske” befolkningane, men òg andre innvandrargrupper, vert liggjande på ei lågare fruktbarheitsrate, vil Europa med matematisk sannsynlegheit få muslimsk-kulturelt fleirtal berre det går lang nok tid.

Men då må ein òg ta med at dette fleirtalet ville omfatta skilde etnisitetar og kulturar. Til dømes kjem mange av menneska med muslimsk-kulturell bakgrunn i Frankrike frå Algerie, kor berre 55 prosent av befolkninga har ein høg religiøs affinitet til islam, og heile 60 prosent av etterkomarane av algirske innvandrarar seier at dei ikkje har nokon religion i det heile.[26]

Ein kan òg tenkja seg at skrifttru islam får synkande tilslutning. Om dei “muslimske” befolkningane vert dregne med i den vestlege sekulariseringa, samstundes som dei “innfødde” europeiske befolkningane vert noko “av-sekularisert”, dels ved at mange innvandrargrupper frå Asia, Afrika og Latin-Amerika er skrifttru kristne,[27] og dels ved at komande generasjonar har fått nok av det kulturradikale eksperimentet, so vil dei forskjellige folkegruppene ikkje berre få nokonlunde like vekstrater, men grensene mellom dei skilde etniske gruppene vil verta meir utydelege.

Å fornekta røynda. På politiske og religiøse ytterfløyar vert dei demografiske tala sett inn i ein darwinistisk krigskontekst. I 2008 hevda britiske islamistar at dei ville erobra England innanfrå gjennom ein muslimsk “befolkningseksplosjon”,[28] medan antijihadistisk propaganda påstod at Frankrike og Tyskland ville få muslimsk folkefleirtal og verta islamske statar innan få tiår.[29]

Dette vert trudd på i vide krinsar, òg i rosa bloggar, kor slike tal vert presentert som utrulege sanninger: “Islam tek over, tru det eller ei.”[30]

Meir vanleg er å reagera flegmatisk på innvandringa med eit  positivt mantra om at ”det går seg til”: “Noen snakker urdu til å begynne med, andre polsk. Siden jenker det seg til,” som det heitte i ein herværande tabloidavis.[31]

På venstresida rår tendensen til å redusera ikkje berre utfordringene med integrasjonen, men òg til å slanke innvandringstala. Når inkluderingsminister Audun Lysbakken skal fortelja folket kor mange muslimar det er i Noreg, så ser han vekk ifrå dei nesten 100 000 som kjem frå muslimsk-kulturelle land utan å vera medlemer av noko muslimsk trossamfunn. Han nøyer seg med medlemstalet på 100 000 og set prosenten til 2.[32] På Sosialistisk Ungdom sin heimeside heiter det at “muslimer utgjør maksimalt 1-2% av den norske befolkningen”,[33] medan talet på truande muslimer på fagleg hald vert satt til 3 prosent, og talet på menneske med muslimsk-kulturell bakgrunn til omlag 4 prosent.

Røynda. Både for “norske” og “innvandrarar” ville det løne seg betre å ta tala til etterretning. Dei muslimsk-kulturelle minoritetane i Europa og Noreg kan i laupet av tida fram til 2060 verta femdobla. Deretter kan andelen verta stabilisert eller veksa, alt etter dei vegane den økonomiske og kulturelle utviklinga tek. Men uansett vil europeisk og norsk kultur og samfunnsliv i laupet av århundret få eit muslimsk innslag av betydeleg storleik og tyngd.

Vi får store, islamske miljø i landet. Dei som ikkje likar dette, må akseptera det. Om politikarane vil, kan dei letta den framtidige integreringa ved ei strammare regulering av familieinnvandringa. Men under inga omstende bør ein undervurdera dei politiske, økonomiske og kulturelle oppgåvene som må løysast for at ei så stor omstilling som innvandringa inneber, skal lukkast.

 

[1] Karoly Lorant, The demographic challenge in Europe, Brüssel 2005, s.6.

[2] World Population to 2300, United Nations, New York, 2004, s. 22: http://www.un.org/esa/population/publications/longrange2/WorldPop2300final.pdf

[3] World Population to 2300, United Nations, New York, 2004, s. 27: http://www.un.org/esa/population/publications/longrange2/WorldPop2300final.pdf

[4] Herwig Birn, “Gesellschaftspolitische Folgen der Demographischen Entwicklung”, foredrag R+V Versicherung AG, 28.04.2005, s. 3: http://www.ruv.de/de/presse/download/pdf/birg_vortrag.pdf

[5] Ibid, s. 12.

[6] Walter Laqueur, The Last Days of Europe. Epitaph for an Old Continent, New York 2007, s. 209.

[7] Kaufmann, s. 254.

[8] “Integreringsbarometeret” 2010: http://www.imdi.no/Documents/Rapporter/Integreringsbarometeret%202010.pdf

[9] Pew Global Attitudes Project, 2007: http://pewresearch.org/pubs/607/global-trade-immigration

[10] Pew, s. 121.

[11] Anthony Browne, “UK whites will be minority by 2100″, The Observer/The Guardian, 03.09.2000.

[12] “Schrödingers katt”, NRK, 18.09.2008.

[13] Justin Vaïsse, “Eurabian Follies. The shoddy and just plain wrong genre thar refuses to die”, Foreign Policy, januar/februar 2010: http://www.foreignpolicy.com/articles/2010/01/04/eurabian_follies

[14] Pew, s. 125.

[15] “An Uncertain Road. Muslims and the Future of Europe”, Pew, desember 2004.

[16] Eric Kaufmann, “‘Eurabia’? The Foreign Policy Implications of West Europe’s Religios Composition i 2025 and Beyond: http://www.sneps.net/RD/uploads/1-Eurabia.pdf

[17] Eric Kaufmann, “The Demography of Islam in Europe”. (Frå Eric Kaufmann si heimeside.)

[18] Lorant, s. 4.

[19] “An Uncertain Road. Muslims and the Future of Europe”, Pew desember

2004.

[20] EuroIslam.info: http://www.euro-islam.info/country-profiles/city-profiles/london/

[21] “Svensk politi frykter Nordens tøffeste ghetto”, Aftenposten, 12.12.2004: http://www.aftenposten.no/nyheter/uriks/article929662.ece

[22] Finansavisa, 132/2011, s. 42-43.

[23] http://www.ssb.no/innvbef/tab-2011-04-28-12.html

[24] “Norskspråklige elever kan bli i mindretall”, VG 19.03.2010: http://www.vg.no/nyheter/innenriks/elevavisen/artikkel.php?artid=591839

[25] Kaufmann trur at “muslimane ikkje vil overta Europa, men stabilisera seg ein plass rundt ein femtedel av den vesteuropeiske befolkninga i 2100″, Ein annan stad skriv han at “den store overgangen, om han kjem, ikkje kjem før i åra 2050-2100, ein periode som vil kunna sjå mange endringar”. (Kaufmann, Will the Religious Inherit the World?, s. 255; Eric Kaufmann, “The Demography of Islam in Europe”.)

[26] Kaufmann, s. 174.

[27] Kaufmann, s. 164.

[28] http://www.dailymail.co.uk/news/article-1054909/Have-babies-Muslims-UK-hate-fanatic-says-warning-comes-9-11-UK.html

[29] “Muslim Demographics”, YouTube.

[30] http://heidialexandraolsen.blogg.no/1311675030_26jul2011.html

[31] Stein Aabø, “Våre nye landsmenn”, Dagbladet 23.08.2011.

[32] Audun Lysbakken, “Frykten for muslimer”, VG Debatt  22.08.2011.

[33] SU, Faktahefte om antirasisme: http://www.su.no/noop/page.php?d=1&p=Artikler/5637.html

 

Dag og Tid, 21. oktober 2011.

 

Les artikkelen i pdf her: Må førebu oss på stor omstilling

Redaksjonens lesetips

Jan Hårstad
Innlegg: 221
Kommentarer: 633

Den linjære Skagen

Kommentar #1

Det historiesyn og den type "fremskrittsforskning" som Kaj Skagen i sine tre artikler har framlagt her på verdidebatt, kan stå som et monument over hvor dårlig politisk korrekte akademikere tenkte i 2011. Høyst sannsynlig året før en storkrig braker løs i Midtøsten.

   Alle hans prognoser og hele hans historiesyn er fullstendig mekanisk linjært. Skal man gå tilbake i historiefilosofiens historie, er Skagen nærmest å betrakte som en før-Hegelianer. Forestillingen om sykluser (Oswald Spengler) og "brudd","sprang" finnes knapt i Skagens tenkning om innvandring/islam.

  Når han skal oppsummere begynner han å snakke om "den framtidige integrering" uten å redegjøre for hvem som integrerer hvem: de sekulære under islam eller islam under de sekulære?

  Det virker som om Skagen aldri har lest en kvalifisert oversettelse av Koranen hvor Jihad i denne krigsreligionen er omtalt 170 ganger. En skal kjempe i Allahs ånd hvor de troende "they kill and are killed"(9:11), "You who believe,fight the disbelievers near you and let them find you standing firm" (9:123) Believers,fight them until there is no more persecution,and all worship is devoted to Allah alone"(8:39) og

"DERE SOM TROR,TA IKKE JØDER OG KRISTNE SOM ALLIERTE,DE ER ALLIERTE MED HVERANDRE.ENHVER SOM TAR DEM SOM ALLIERTE BLIR SOM EN AV DEM - ALLAH VEILEIDER IKKE SLIKE VILLFARNE" 5:50

 Hvorfor våre islam og innvandringsdebatter er utveksling av masse følelser og synsing,kommer av at de fleste deltagere fra begge sider,knapt har studert islams hellige skrifter eller islams historie. Når jeg mange ganger har blitt spurt i retningen: hva mener du vi bør gjøre?,har jeg svart; Lag en skikkelig god oversettelse av Koranen, det er en hastesak.

  I forbindelse med Brevik-saken blir det snakket mye om at Bat Yeor,Fjordmannen,sogar verdikonservative document.no er medskyldige til massakren og at hatsnakk bør fjernes fra nettet og fra offentligheten. Javel, hvis så er, blir Koranen den første boken som må brennes eller forbys. De massakrene som har funnet sted i Kabul og Irak idag mot Shiaer er basert på kampen mot de vantro anbefalt i Koranen.

  Kaj Skagen skriver som en dhimmi,dvs en kristen/sekulær person som innretter seg som en annen rangs borger under Islam, han belager seg mentalt på dette. Men det gjør omtrent 70% av den norske intelligensiaen anført gjennom mange år av Al-Klassekampen,hovedorganet for norsk dhimmisering.

  For min egen personlige del: jeg hater ikke noe menneske på jorden, men jeg kan hate krigerske,voldelige tankesystemer som jeg mener truer det lille som er igjen av europeisk sivilisasjon. Jeg er med andre ord - i motsetning til de politisk korrekte og ønsketenkerne- ingen dhimmi. Og jeg har ingen planer om å bli det heller.

  Ikke i en eneste setning befinner Skagens verk seg i den internasjonale situasjonen av verdenspolitikk eller geopolitikk. Frontpage er full av intelligente folk som skriver om den islamistiske verdensrevolusjonen som har funnet sted. Fullstendig uten relevans for norsk islam/innvandringsdebatt.

  Okei, da får vi anbefale Barry Rubin med tusenvis av artikler bak seg om Midtøsten,utallige bøker også.

  Hans definisjon av "moderat islam" går slik: "en maktovertagelse av radikale islamister som later som om de er tilhengere av demokratiske normer."

 Rubin påpeker at folk ikke forsto Obamas berømte Cairo-tale. Det var ikke en tale beregnet på arabisk nasjonal identitet, men en som underbygget islamsk identitet. "It was not a pro-Arab speech but a pro-islamist speech."

  Vel,Obama får det tydeligvis som han vil ha det.Rubin: "The Obama Administrastion actually welcomed Islamist victories in Egypt and Tunisia."

  "Kort sagt,Obamaadministrasjonen har tatt side for islamistene,anti-amerikanernes side,de anti-vestliges side, de folkemorderiske mot Israel, de antikristnes side, anti-kvinnerettighets side. (...) Enhver ekte demokratisk bevegelse i regionen har blitt forrådt." (Barry Rubin)

  Til dette er å si at dette er ikke bare de gale amerikanernes politikk, MEN DET ER OGSÅ OFFISIELL NORSK POLITIKK! OG EU POLITIKK!

 For Israel er det allerede idag betraktet som en katastrofe. Gå inn på Frontpage og se Obama-videoen som ligger der. Men en må jo fatte og begripe at dette vil få enorme konsekvenser for et Europa som allerede idag er iferd med å gå i balkanisering,i økonomisk oppløsning og eksplosive sosiale motsetninger. En må jo være fullstendig bortreist om man tror det skulle være mulig å lage en helt særnorsk historisk utvikling som ikke har noe med den generelle europeiske utviklingen å gjøre i det hele tatt.

  Og hva er den europeiske utviklingen? Partier som konfronterer innvandring og islam er de hurtigst voksende på den politiske europeiske scenen. Stikkord Geert Wilders og Marine Le Pen.

  Enhver som driver og spikker linjære analyser av utviklingen,kan umulig skjønne hva som foregår. Borgerkrigslignende tilstander i Europa er da et like realistisk alternativ som Skagens "framtidige integrering."

  Obamaadministrasjonens politikk i hans periode har lykkes med å gjøre ISLAMISMEN til den herskende ideologien i det muslimske rommet,inkludert diasporaen i Europa. Inntil Obama ordnet dette,var det kamper i moskeene overalt om hegemoniet. Det er nå definitivt slutt. Det er islamismens som rår.

  Det finnes ikke en setning innen islamismens hellige skrifter som sier at muslimer skal integreres i kristne-sekulære samfunn. Hvis Kaj Skagen lykkes i å finne en slik setning,skal jeg personlig levere en kasse rødvin til ham.

      http://pjmedia.combarryrubin/2011/12/05/obama

      Obamavideo:

      http://frontpagemag.com/

 

Henning Rutledal
Innlegg: 22
Kommentarer: 695

Dette skiller!

Kommentar #2

Dette skiller islam fra alle andre religioner/ideologier:

De tre store Abrahamittiske religionene: Jødedommen, kristendommen og islam, stammer direkte fra Abraham,- for jøder og kristne går linjen gjennom Abraham's sønn Isak og for muslimene gjennom sønnen Ismael. Kristendommen og jødedommen har gjennom årenes løp sakte, men sikkert utviklet seg i retning av å bli mer human og med det mindre brutal og kynisk, det samme kan desverre ikke sies om islam.

Hvilken annen religions mest hengivne medlemmer ville filme seg selv når de kutter hodene av livredde mennesker mens de skrikende lovpriser guden sin?

Hvilken annen religion har geistlige,- hyllet som "moderate", "brobyggere", og advokater for "fred og toleranse" som på sitt beste ikke engang får seg til å fordømme selvmordsbombere og ta avstand fra islamistiske terrororganisasjoner. Eller i verste fall faktisk uttrykker støtte til terrorisme, konemishandling, kvinnelig kjønnslemlstelse og rettferdiggjør drap på frafalne og homoseksuelle?

Hvilken annen religion dreper uskyldige mennesker på grunn av tegnefilmer og teddybjørner og myrder humanitære organisasjoners hjelpearbeidere, når de prøver å hjelpe muslimer og eneste "forbrytelse" er at de har en annen tro? Hvilken annen religion, faktisk feiret 9/11 angrepene og beskrev blodbadet som "et av koranen's mirakler" og proklamerte angrepene som "Gud's arbeid mot undertrykkerne"?

Hvilken annen religion skryter infantilt stolt av veksten i antall medlemmer, mens den samtidig åpenlyst benekter andre religioner like muligheter til å evangelisere, og ufattelig nok bifaller drap på dem som forlater islam?

Hvilken annen religion har vers i sin hellige bok som minner menn på slå sine koner og å voldta sine slaver?

Hvor sjokkerende ville ikke alt dette og daglige terrorangrep være dersom det ikke involverte islam, slik det er nå blir det knapt registrert i media. Det faktum at listen, for forventninger til islam, er lagt så lavt understreker bare hvor forskjellig islam er fra andre religioner.

Nettstedet Terrorism Watch har en trendteller som registrerer, dokumenterer og oppdaterer  terrorhandlinger globalt, oppdateringene blir hentet fra nyhetsmedia online- og offline over hele verden daglig. Telleren forteller i dag 19.10.2011 at siden 11.09.2001 har erklærte islamister utført 17 881 dødelige angrep på vantro,- bare siste måned utgjør ofrene 658 døde og 1377 kritisk skadde. Legg merke til at her er det ikke snakk om totalt antall drap utført av muslimer, men kun de drapene der morderne har uttrykt at handlingene er til ære for Allah.

Islam er et rigid politisk og kulturelt system med mandat til å erobre og styre andres liv ved hjelp av "nødvendig" makt og at bruk av vold er sanksjonert i koranen, det ser vi her: Ayatollah Khomeini: "Islam says: Whatever good there is exists thanks to the sword and in the shadow of the sword! People cannot be made obedient except with the sword! The sword is the key to Paradise, which can be opened only for Holy Warriors!"

Det er ikke bare intellektuell dissens og fri tale som er denne ortodoksiens fiende, men individets frihet. Islams gudommelige charter er å påtvinge individet en åndelig burka og dermed hindre det i å oppdage andre meninger med livet. Der islam dominerer forgår det systematisk diskriminering og undertrykkelse av mennesker med annen tro, der muslimer er i mindretall er det en irritabel selvopptatthet, illojalitet og eventuelt opprør og terror dersom krav om spesialbehandling  og rettigheter ikke blir innfridd.

Dersom ikke politikere tar fatt i disse realiteter og fakta er alt håp om å integrere muslimer på en bærekraftig måte dømt til å mislykkes!

Per Steinar Runde
Innlegg: 101
Kommentarer: 1011

Nokså realistisk beskrive

Kommentar #3
Jan Hårstad – gå til den siterte teksten.

Det historiesyn og den type "fremskrittsforskning" som Kaj Skagen i sine tre artikler har framlagt her på verdidebatt, kan stå som et monument over hvor dårlig politisk korrekte akademikere tenkte i 2011. Høyst sannsynlig året før en storkrig braker løs i Midtøsten.

At det vil kome krigar eller andre brå endringar i framtida, er sannsynleg. Men Skagen er iallfall endelaust meir realistisk enn det store fleirtalet av politikarar og journalistar, som benektar fakta. Han kjem med prognosar ut frå det vi i dag veit, og meir kan vi ikkje realistisk gjere. Alt anna blir spekulasjonar.

Henning Rutledal
Innlegg: 22
Kommentarer: 695

Den arabiske våren

Kommentar #4

Han kjem med prognosar ut frå det vi i dag veit, og meir kan vi ikkje realistisk gjere. Alt anna blir spekulasjonar.

Den arabiske våren har endt opp i et kaotisk blodbad, og i Afghanistan kan ikkje muslimane, av ulike grupperingar, vente med å drepe kvarandre til dei multinasjonale styrkane har trekt seg ut. Islam, i seg selv, symboliserer uoverkommelige problem og islams eneste virkemiddel til løsning, er vold!

Oddvar Sunde
Innlegg: 1
Kommentarer: 50

Luther skrev i 1528...........

Kommentar #5
Jan Hårstad – gå til den siterte teksten.

Og hva er den europeiske utviklingen? Partier som konfronterer innvandring og islam er de hurtigst voksende på den politiske

Helt enig Jan.... og til opplysning historisk sett skrev Martin Luther i sitt kampskrift i år 1528. Det viser at det ikke bare i vår tid muslimene prøver å infiltrere Europa.

Luther hadde et klart syn på koranens lære og advarte samtiden på dens farer. De fleste forstår ikke den åndsmakt og innflytelse denne lære har. Luther trekker spesielt frem trosartiklene.Se under:  

sitat:

For det andet lærer muslimernes Koran eller tro ikke alene at fordærve den kristne tro, men også hele det verdslige regimente. Deres Muhamed befaler nemlig som sagt at herske med sværdet, og det meste arbejde og det fornemste middel dertil i deres Koran er sværdet. Og følgelig er muslimerne i virkeligheden ikke andet enn  regulære mordere eller røvere, som virkeligheden da også tydeligt viser.

Hvilket fromt kristent hjerte ville nu ikke grue for en sådan Kristi fjende, når vi ser, at muslimerne ikke lader nogen af vor trosartikler bestå undtagen den ene om de dødes opstandelse? Her er ingen genløser, frelser, konge, her er ingen syndsforladelse, ingen nåde, ingen Helligånd. Og hvad mere skal jeg sige - alt er tilintetgjort i den artikel, at Kristus skal stå under Muhamed og være ringere end ham. Hvem ville ikke hellere være død end leve under et sådant styre, hvor man måtte tie om Kristus og se og høre på en sådan bespottelse og vederstyggelighed imod ham? Og dog griber det alligevel så voldsomt om sig, hvor han erobrer et land, at man også frivilligt underkaster sig. Derfor må enhver bede, som bede kan, at en sådan vederstyggelighed ikke bliver herre over os og vi ikke straffes af den guddommelige vrede med et så frygteligt ris!

Georg Bye-Pedersen
Innlegg: 1
Kommentarer: 502

Løgn altså?

Kommentar #6
Kaj Skagen – gå til den siterte teksten.

På venstresida rår tendensen til å redusera ikkje berre utfordringene med integrasjonen, men òg til å slanke innvandringstala. Når inkluderingsminister Audun Lysbakken skal fortelja folket kor mange muslimar det er i Noreg, så ser han vekk ifrå dei nesten 100 000 som kjem frå muslimsk-kulturelle land utan å vera medlemer av noko muslimsk trossamfunn. Han nøyer seg med medlemstalet på 100 000 og set prosenten til 2.[

Det er skremmende hvis SSB og regjering holder tilbake informasjon. Da er det ødeleggende for et åpent samfunn.

Bjørn David Bratlie
Innlegg: 2
Kommentarer: 1260

Er dette korrekt????

Kommentar #7
Henning Rutledal – gå til den siterte teksten.

De tre store Abrahamittiske religionene: Jødedommen, kristendommen og islam, stammer direkte fra Abraham,- for jøder og kristne går linjen gjennom Abraham's sønn Isak og for muslimene gjennom sønnen Ismael.

Jeg forstår ikke helt hvorfor islam kalles Abrahamittisk relgion. De fleste vet vel at det går en ubrutt la oss kalle det en åpenbaringslinje fra Abraham til Jesus Kristus. Alle kristne vil tolke både GT og NT som to deler av samme sak. Derimot kan jeg ikke se denne forbindelsen inne islam. Visstnok er Ismael stamfar til araberne men det er jo en biologisk slektslinje og har intet med relgion å gjøre.  Jeg kan ikke huske å ha lest at Muhammed var i Jerusalem hvis vi ikke tar med at han påberopte seg å ha blitt bortrykket dit i en drøm.  Muhmmeds forbindelse til jødisk teologi er såvidt jeg kan kun gjennom en jødisk bekjent og gjennom de jøder som bodde i Muhammeds nabo-områder. Dette er jo jøder som han senere tok livet av.  Selvom om dette er noe på siden av temaet kan kanskje noen forklare hvorfor islam blir kalt en Abrahmittisk relgion?  Jeg har vanskelig for å se de innholdsmessige likhetene mellom jødedom/kristendom og islam.

Henning Rutledal
Innlegg: 22
Kommentarer: 695

Vet ikke

Kommentar #8

Jeg har vanskelig for å se de innholdsmessige likhetene mellom jødedom/kristendom og islam.

Noen av de innholdsmessige ulikhetene har jeg beskrevet i innlegget du siterte fra, men islam blir definert som en av Abrahams religioner

Odd Arne Lande
Innlegg: 7
Kommentarer: 773

Now we´re talking

Kommentar #9

Takk til nettleder Morken og Skagen for denne artikelen, faktisk til å bli klok av.

" Kaj Skagen skriver som en dhimmi,dvs en kristen/sekulær person som innretter seg som en annen rangs borger under Islam, han belager seg mentalt på dette. Men det gjør omtrent 70% av den norske intelligensiaen anført gjennom mange år av Al-Klassekampen,hovedorganet for norsk dhimmisering."

Klarer ikke å se at Skagen gjør dette, men innrømmer glatt at jeg ikke innehar Harstads kunnskap på området og de navn han viser til, forøvrig kan jeg bare si "tiltredes" hva gjeldende den politiske korrektheten og dhimmikultur/uvitenhet om islamsk aggresjon/erobringskultur angår.

Lars Gule
Innlegg: 15
Kommentarer: 1089

En referanse-lenke kunne vært på sin plass

Kommentar #10
Henning Rutledal – gå til den siterte teksten.

Nettstedet Terrorism Watch har en trendteller som registrerer, dokumenterer og oppdaterer

I forhold til disse påstandene kunne det vært på sin plass med en lenke.

Dessuten underer jeg hvordan man kan vite at morderne har uttrykt at terrorhandlingene er til ære for Allah all den tid det ofte mangler at noen påtar seg ansvaret for bombeangrepene i Pakistan, Afghanistan og Irak.

Jeg finner i alle fall ingen referanser til ansvarsmeldinger på Terrorism Watch eller den siden man kommer til når man klikker på telleverket over terrorangrep (som altså ikke er Terrorism Watch sin, men tilhører http://www.thereligionofpeace.com/index.html#Attacks

Dette nettstedet er i alle fall svært islamofobisk - og derfor ganske upålitelig.

Men kanskje jeg har oversett noe i farten.

Lars Gule

Henning Rutledal
Innlegg: 22
Kommentarer: 695

Feil mann

Kommentar #11
Lars Gule – gå til den siterte teksten.

Dette nettstedet er i alle fall svært islamofobisk - og derfor ganske upålitelig.

Men kanskje jeg har oversett noe i farten.

De påpekningene du kommer med mot denne nettsiden, som alltid henviser til dokumenterbare hendelser, er av kosmetisk art.

(MODERATOR: Denne kommentaren er moderert for personangrep)

Georg Bye-Pedersen
Innlegg: 1
Kommentarer: 502

Islamist?

Kommentar #12
Lars Gule – gå til den siterte teksten.

Dette nettstedet er i alle fall svært islamofobisk

Du kan gjerne fortelle oss hvorfor du mener islamisme er godt for det norske samfunn og for den enkelte.

Magnus Husøy
Innlegg: 14
Kommentarer: 3356

Kommentar #13

Hei Skagen! Jeg kjenner ikke til ditt personlige syn på islam og innvandring, men jeg mistenker at du gjennom denne artikkelen har levert veldig gode argumenter og "materiale" til innvandrings- og islam-motstandere. Men det hadde du kanskje ikke tenkt å gjøre..?

Oddbjørn Johannessen
Innlegg: 41
Kommentarer: 2573

Kommentar #14
Magnus Husøy – gå til den siterte teksten.

Hei Skagen! Jeg kjenner ikke til ditt personlige syn på islam og innvandring, men jeg mistenker at du gjennom denne artikkelen har levert veldig gode argumenter og "materiale" til innvandrings- og islam-motstandere. Men det hadde du kanskje ikke tenkt å gjøre..?

Det virker i hvert fall ikke som om Jan Hårstad har lest ham slik - jf. f.eks. siste avsnitt i kommentaren hans (#1):

Det finnes ikke en setning innen islamismens hellige skrifter som sier at muslimer skal integreres i kristne-sekulære samfunn. Hvis Kaj Skagen lykkes i å finne en slik setning,skal jeg personlig levere en kasse rødvin til ham.

Bjørn Erik Fjerdingen
Innlegg: 19
Kommentarer: 804

Abraham og de 3 verdensreligioner

Kommentar #15

Jeg forstår ikke helt hvorfor islam kalles Abrahamittisk relgion.

Nå skal ikke jeg gå langt i fortellingen om hvordan alt dette henger sammen, men det er en forbindelse mellom Abraham og islam.

Det er også klart at Muhammed besøkte Jerusalem og Klippemoskeen.  Her er den fortellingen:

Klippemoskeen, arab. kubbat al-sakhra, 'klippekuppelen', helligdom på tempelplassen i Jerusalem, bygd 687-691. Den blir ofte med urette tilskrevet kalifen Omar. Den er heller ingen moské, men en minnebygning reist på det stedet der profeten Muhammed i følge tradisjonen påbegynte sin himmelfart, i følge en innskrift bygd av omayyadekalifen Abd al-Malik. Stedet er hellig for både muslimer, kristne og jøder. Et rikt legendemateriale forteller at det var her Abraham skulle til å ofre sin sønn Isak, da Gud stanset ham, her var Jakobs Bethel, her strandet Noahs ark etter Syndfloden, og herfra skal trompeten lyde på dommens dag.

I 1099 erobret korsfarerne Jerusalem, og omdannet helligdommen til kirke med kristen utsmykning. Hundre år senere (1187) gjeninntok Saladin Jerusalem, og all kristen utsmykning ble fjernet.

Bygningen er åttekantet med tverrmål ca. 46 m. En 30 m høy kuppel  hvelver seg over selve klippen. Kuppelen er en dobbel skallkonstruksjon der hvert skall har 32 konvergerende treribber; det innvendige skallet har rike dekorasjoner i malt og forgylt stukk, det utvendige er bordkledd og tekket med forgylte blyplater. Under jordskjelv har kuppelen flere ganger falt ned, men er blitt gjenoppbygd. Konsentrisk om den sentrale domen og atskilt fra denne ved en sirkulær arkade, ligger den åttekantede vandrehallen som tillater besøkende å sirkulere omkring helligdommen.

Bygningens form er trolig inspirert av tidligere kristne byggverk i Jerusalem, f.eks. Den hellige gravs kirke fra 300-tallet.

 

Det er også klart at Klippemoskeen er stedet hvor Gud kom til Abraham da han skulle ofre sin egen sønn til Gud og Gud stoppet han å gjennomføre denne grusomme ofring.  Før dette skjedde var menneskeofring en del av livet den gang.  Dette er en lang historie, men historien både til jøder, kristne og muslimer har kjernen her.  Menneskeofring kjenner vi til også fra en rekke andre kulturer.  Men, etter Abraham ble stoppet av Gud ble det slutt på denne avskyelige ofringen.  Ofring av lam ble i stedet benyttet for å få tilgivelse.  Herifra kommer utrykket "Jesus er Guds lam og døde for våre synder."  Det er Abrahams sønn med slavekvinnen som er forbindelsen til arabere og Abraham.  Derfor besøkte Muhammed Jerusalem. 

Stedet er derfor hellig, både for jødene, muslimene og for kristne.

Dette har forårsaket masse trøbbel og bråk.  Er kjernen til kriger i midt-østen osv.  Kristne korstog samt utallige kriger mellom jøder og muslimer.  Her kjernen til hat og uforsonlighet mellom de 3 verdensreligioner i århundrer.

Bare til orintering Bjørn D. Bratlie.

Lars Gule
Innlegg: 15
Kommentarer: 1089

Ingen lenke

Kommentar #16
Henning Rutledal – gå til den siterte teksten.

De påpekningene du kommer med mot denne nettsiden, som alltid henviser til dokumenterbare hendelser, er av kosmetisk art.

Vi fikk altså ikke noen korrekt lenke til dokumentasjonen på at nær 20 000 mennesker har blitt drept av personer som HAR UTTALT at de gjorde dette til Guds ære.

Vel, kanskje det ikke er så lett å dokumentere slikt likevel. Men ellers er det nok ganske typis at en rekke slike påstander, altså uten dokumentasjon, flyter omkring på nettet og kolporteres av kritikkløse personer.

Lars Gule

Lars Gule
Innlegg: 15
Kommentarer: 1089

Tullete insinuasjoner

Kommentar #17

Du kan gjerne fortelle oss hvorfor du mener islamisme er godt for det norske samfunn og for den enkelte.

Jeg er lei av tullebukker og tåpeligheter. Bye-Pedersen påstår at jeg mener islamisme er godt for det norske samfunnet og den enkelte. Hvor har han det fra? Noe slikt har jeg ALDRI ment. Hvilket er godt kjent for mennesker som følger med og ikke bare TROR (en masse tøv) om andre og hva de mener.

Lars Gule

Georg Bye-Pedersen
Innlegg: 1
Kommentarer: 502

Islamist/anti-islamist

Kommentar #18
Lars Gule – gå til den siterte teksten.

Jeg er lei av tullebukker og tåpeligheter.

Du skriver: Dette nettstedet er i alle fall svært islamofobisk - og derfor ganske upålitelig. For meg virker det som om du tar Islam i forsvar. Hvis ikke synes jeg du skal si hva du mener om Islam. Du har sikkert synspunkter?  

Henning Rutledal
Innlegg: 22
Kommentarer: 695

Betyr det mye?

Kommentar #19
Lars Gule – gå til den siterte teksten.

Vi fikk altså ikke noen korrekt lenke til dokumentasjonen på at nær 20 000 mennesker har blitt drept av personer som HAR UTTALT at de gjorde dette til Guds ære.

Betyr det mye for deg "at nær 20 000 mennesker har blitt drept av personer som HAR UTTALT at de gjorde dette til Guds ære." Holder det ikke lenge at drapene er utført av ortodokse muslimer?

Del dette innlegget: