Medan miljørørsla krev satsing på lyntog, vil klimaforskar heller samle folk i sentrale strøk for at vi skal reise mindre. Skal vi avfolke bygdene med klima som argument?
I Vårt Land i dag seier Knut Alfsen ved Cicero Senter for klimaforskning at for å få ned talet på langreisande, må vi få kortare avstandar mellom busad og arbeid. «Alle trneg ikkje bu i same by, men det har ein stor miljøkostnad å bu spreidd», seier forskningsdirektør Alfsen til Vårt Land.
Veitastrond. Så er altså klimasaka oppe som argument for sentralisering. I Vårt Land skreiv eg tidleg på nyåret ein kommentar om bygda Veitastrond i Luster. Eg skreiv mellom anna:
«Når neste generasjons Oddgeir Bruaset skal lage ei ny serie som godt kan få namnet «Der ingen kunne tru at nokon ville bu», bør Veitastrond absolutt vere med. I ei tid der folk flest vil bu i byar eller tettstader med alle slags kulturtilbod, store butikksenter og moderne samferdsel rett utanfor døra, er det fascinerande å sjå aktivt bygdeliv fem mil frå næraste handelssenter og timevis frå næraste by. Og vegen er kvar einaste vinter truga av snøras frå bratte fjellsider.
Du kjem til Veitastrond ved å fly eller køyre til Sogndal inst i Sogn. Ta deretter riksveg 55 mot Luster, ta av etter drygt halvanna mil, ved Hafslo, og køyr vel to og ei halv mil inn ein trong dal, mot ein arm av Jostedalsbreen. Eg var der som fersk journalist for den no nedlagde avisa Gula Tidend sommaren 1978. Den gongen hadde ein utflytt familie vendt tilbake til bygda for å drive geitefjøs. Eg tok bussen inn. Under kveldspraten med den aldri utflytte ordføraren oppdaga eg at det ikkje gjekk buss tilbake før neste dag. Ordføraren lånte meg ein sykkel til to og ei halv mil på grusveg den lyse sommarkvelden. Eg plasserte den på avtalt stad i vegkanten på Hafslo. Sogn Billag tok sykkelen med tilbake til ordføraren.
Ras. På den tida fanst det ikkje rassikring. Den neste vinteren var eg med militærhelikopter og året etter eit militært beltekøyretøy. Det var slik folket i bygda, som den verste vinteren var innesperra over 40 døger, fekk forsyningar og heldt kontakten med omverda. Seinare er det på nokre av dei mest utsette strekningane bygd sikring mot snøskredene, men langt frå nok til å gjere heile den lange og smale vegen trygg.
Optimisme. På Veitastrond kjem det ut ei gratisavis. Ikkje utan grunn heiter ho «Optimisten». Dei mest entusiastiske kjempa mot miljøstyresmaktene for å byggje ut turismen med helikoptertransport opp til fjellet Kalda-Kari i utkanten av ein nasjonalpark - og fekk nei.
Veitastrond har merka tilbakegang i folketalet frå 185 den gongen eg lånte sykkel, til 116 i fjor. Også tilbakegangen i jordbruket pregar grenda. Talet på mjøkekvotar er i fritt fall i heile kommunen. Det skjer eit radikalt hamskifte i vestlandsjordbruket. I fjor hadde Veitastrond att berre tolv mjølkebønder og tre geitebønder.»
Omstilling. Eg skreiv også:
«Telemarksforskning noterte i ein rapport like før jul at gardshus på Veitastrond vert leigde ut som fritidsbustader. På den andre sida står ungdom som – mot mange odds og naturkrefter – gjerne vil starte gardsdrift i denne vesle grenda. Men dei får ikkje gardar å drive. Omstilling både innan landbruket og mellom landbruk og reiseliv er krevjande saker.»
Og eg avslutta:
Det rare landet. «Statsminister Jens Stoltenberg snakka i nyttårshelga om at han er stolt av det vesle, rare landet vårt. Noreg blir ikkje det same vakre og rare landet dersom alt folket samlar seg i overfolka vegkryss, utan nokon som brukar kreftene for å ta vare på livet nettopp i grender som Veitastrond.»
Busetnad. Etter denne kommentaren fekk eg ei rad epostar. Ein av dei kom frå Tor Sæther i Askim. Han skreiv:
Jeg har først i kveld fått lest din artikkel i Vårt Land fredag 6. januar "Kampen for liv i utkantbygda". Det var svært interessant og ga meg mye å tenke på. Mens jeg leste følte jeg at kampen for å beholde bosettingen i distriktene bare er i starten av en lang og krevende prosess. Din fine måte å skrive på er et godt bidrag i bestrebelsene for at det også i fremtiden kan være liv i utkantbygdene. Nå vil jeg for all fremtid vite hvor Veitastrond ligger.
Kampen for bygdelivet. Eg har ingen grunn til å tru at Knut Alfsen tenkjer spesielt på Veitastrond. Men spørsmålet er: Skal vi oppretthalde busetnad i slike strøk som denne vesle bygda? Eller skal vi samle folk i byar og tettstader for å rasjonalisere både det eine og det andre - og evt også ta omsyn til klimaet? Kva verdiar har vi i dette landet?
Debattleder har ordet