Takk for fleire leseverdige innlegg og kommentarar om landbruket !
For ordens skuld :
Dette er mine private tankar og meiningar. Så langt eg kjenner til , har ikkje Kristent Samlingsparti lagt dei store formuleringane av landbrukspolitikken endå. Det positive i dette som kan kallast ein mangel , er at der truleg vil vera godt rom for å koma med innspel til programkomiteen på dette feltet.
Reint konkret tenkjer eg å ta kontakt med leiaren i programkomiteen , og venda augo hans mot dei leseverdige innlegga og kommentarane du har her på verdidebatt. Me treng avgjort eit aktivt landbruk over heile landet. Ikkje minst trengst det å få fart på beitebruken att.
For eit par kveldar sidan var det eit innslag på fjernsynet frå Troms fylke om krattskog som vaks heilt inntil vegane og stengde for utsynet. Årsaka var at landbruket og ikkje minst beitebruken var sterkt på retur. Utan landbruket vil landet gro over med "jungel". Kanskje er jordbruksstøtta ei betre invesering enn folk flest er klar over ?
Så mine kommentarar :
Tidlegare var det sterk avtrapping av tilskota , nett for å styra desse mot dei mindre bruka. Etter kvart har det vorte meir og meir samanslåing av gardsbruk til større einingar , pluss etablering av såkalla samdrifter.
Som ein konsekvens av dette , har tilskota i noko grad vorte meir volumbaserte. Det har vore ein planlagd politikk å styra mot større driftseiningar. I område der landskapet er rimeleg lettdrive (lite arbeidskrevjande pr. arealeining) kan dette fungera greit , men i store delar av landet er landskapet slik at ein må leggja mykje arbeid pr. areal.
Om eg oppfattar deg rett , bør ein gå tilbake til den modellen der det var sterk avtrapping av tilskota ved store areal og ved store produksjonskvanta på kvar driftseining. Dette kan me vera samde om ! Diverre møter me eit problem i høve til dei bøndene som har lagt opp til produksjon i stor skala , og basert investeringane på at tilskota skal følgja volumet etter den nye politikken. Men skal dei mindre og mellomstore bruka ha ei framtid , må noko gjerast.
Du luftar også spørsmålet om tilskot i høve til lønsinntekt frå arbeid utanom bruket. Her trur eg det vil verta feil å redusera tilskotet med grunnlag i lønsinntekt. Tilskotet er som kjent ein del av driftstinntekta på gardsbruket , og går inn i den skattepliktige inntekta for bonden. Når då ho eller han plussar på med lønsinntekt eller anna inntekt utanfor bruket , så er dette ein konsekvens av at den samla inntekta på garden vert for lita. Då vil det vera lite meining i å redusera tilskotet.
Dei tilfella der tilskotet vert urimeleg stort , gjer det naturleg å leggja inn eit fast "tak" på tilskotet pr. driftseining / bonde , uansett kor stor produksjonen er. Over dette taket , bør bonden ha berre salsprisen på varene som inntekt. Dette taket må vera knytt til areal og produksjon på garden. Andre inntekter som brukaren med sin familie måtte ha , bør haldast utanom denne vurderinga. Garden er ei sjølvstendig bedrift , og det må vera "lovleg" å ha fleire bedrifter - utan at desse skal påverka kvarandre.