Nå har me vore så lenge på land at me har fått skilje. Då er det godt at me om ei lita veke skal me ut på det store store blå. Når me sett ut mot Marquesas (eller om vindane vil til Pitcairn) vil me ikkje sjå land igjen på 20-30 dagar. Normalt kan me vente oss ein fin stabil seglas med vinden rett i ryggen og 15-20 knop vind heile den 3000 nautisk mil lange turen, berre med litt krøll på kvar ende. Dette blir ein ekspedisjon. Me gledar oss!
Nå vaskar me båten. Kjøper inn nye grønsaker og frukt. Fyller vatn og diesel. Blenkar kontaktar til antenner og pakkar unna saker og ting.







