Michael Hoffmann

Alder:
  RSS

Om Michael

Følgere

Den NORSKE kyrkja - berre for dei norske?

Publisert over 5 år siden - 859 visninger

12,2 % av befolkninga i Noreg har innvandrarbakgrunn. 34 % av dei har norsk statsborgarskap. 40% av innvandrarane kommer frå ein kristen kulturbakgrunn. Kor er dei i den norske folkekyrkja? Er Den norske kyrkja ei kyrkje berre for dei etnisk norske?

Det er onsdag kl. 9.00 på eit kyrkjekontor ute i distriktet i Den norske kyrkja. Det er stabsmøte. Rundt bordet sitt det ei kyrkjeverje, ein prosjektleiar, ein prest og ein kyrkjetenar. Kyrkjeverja er den einaste av dei som er vakst opp i Noreg.  Ingen av dei andre har norsk som morsmål. Dei snakkar om ein tyskar som etter over 10 år har fått med seg at han kan melde seg inn i Den norske kyrkja. Dei diskuterar korleis ein kunne få betre kontakt med dei polske innvandrarane og sjølvsagt også mange andre ting.

Dette er ennå ingen vanlig situasjon i Noreg, men den kan bli meir og meir vanleg.  Den norske kyrkja ynskjer å være ”ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje”.[1] Men kven er dette folket som ho skal være folkekyrkje for?

”I dag er det omlag 600 900 personer bosatt i Norge som enten har innvandret selv (500 000) eller er født i Norge med innvandrerforeldre (100 000). Til sammen utgjør disse gruppene 12,2 prosent av befolkningen. Om lag 287 000 personer har bakgrunn fra Europa, 210 000 personer har bakgrunn fra Asia, 74 000 har bakgrunn fra Afrika og 19 000 har bakgrunn fra Sør- og Mellom-Amerika. I tillegg er det 11 000 personer med bakgrunn fra Nord-Amerika og Oseania.

 Av innvandrere er det flest fra Polen, Sverige, Tyskland og Irak, og 34 prosent av innvandrerne har norsk statsborgerskap.”[2]

Om lag 10 % av den norske befolkninga har bakgrunn i eit anna land, minst halvparten av dei har røtene sine i land som er prega av den  kristne kulturen. Om lag ” 40% av innvandrerne til landet kommer fra en kristen kulturbakgrunn.”[3]Mange kjem til og med frå kyrkjesamfunn som Den norske kyrkja har fellesskap med, enten gjennom Det lutherske verdensforbund, Leuenbergkonkordien eller Porvoo-avtalen. Men det er få av dei som finn vegen inn i Den norske kyrkja.

Sjølv om mange kyrkjelydar er flinke og engasjerar seg for asylsøkjarar og andre innvandrar er det etter mi erfaring framleis få innvandrar som kjenner seg heime i Den norske kyrkja.

Om kven som kan være medlem står i den gjeldande kyrkjelova: ”Bare en person som er bosatt i riket og norsk statsborger bosatt i utlandet kan være medlem av Den norske kirke.”[4]Slik definerast kyrkja som norsk i begge tydingar: Som kyrkja både for dei etnisk norske og for dei som bur i kongeriket Noreg. Det opnar for at innvandrarar kan bli medlem i kyrkja, sjølv om eg etter mine erfaringar framleis lurar på kor velkomne dei er. Takka vere Sjømannskyrkja er Den norske kyrkja veldig flinke til å ta vare på nordmenn i utlandet. Men korleis står det til med dei som ikkje er etnisk norske og som bor her i landet? Er det å hente dei inn i kyrkja ei oppgåve berre for nokre få engasjerte i nokre få kyrkjelydar? Er dette ei relevant utfordring for heile kyrkja? Eller er dette for krevjande? Er det Den romersk-katolske kyrkja og frikyrkjene som skal ta seg av dei? Men også her er det mange som sliter med å få innvandrar til å engasjere seg og til å melde seg inn.

I 2007 fekk Ingrid Vad Nilsen tildelt Olavstipendet eit prosjekt om innvandrarane sin plass i norske kyrkjesokn og publiserte ein artikkel i Halvårsskrift for praktisk  teologi i 2009[5], men kva har skjedd sidan?

Liturgien til den gamle høgmessa er framleis tilgjengelege på fleire språk, men kor er plassen til innvandrarane i gudstenestereforma? Må dei bli 110% norske for å finne plass i Den norske kyrkja?

Kva er det som må til for at Den norske kyrkja skulle kunne møte innvandrarane? Kva er det som må til for at dei skal kunne kjenne seg som ein naturleg del av kyrkjelydane våre? Skal Den norske kyrkja også i framtida vere folkekyrkja Noreg bør ho vere kyrkje for fleire enn dei norske.

[1] http://www.kirken.no/?event=doLink&famID=232

[2] http://www.ssb.no/emner/00/00/10/innvandring/

[3] http://www.kirken.no/?event=showNews&FamID=95721per 15.9.09

[4] LOV 1996-06-07 nr 31: Lov om Den norske kirke (kirkeloven) §3.1  http://www.lovdata.no/all/hl-19960607-031.html#3

[5] Nilsen, Ingrid Vad (2009) Er integrering av innvandrere mulig?, Menighetsarbeid i spenningen mellom segregering og assimilering. Halvårsskrift for praktisk teologi 1/2009

 

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Oddbjørn Johannessen kommenterte på
Når nazistene marsjerer
22 minutter siden / 1278 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Vi trenger KrFs Line Hjemdal som landbruksminister..
40 minutter siden / 208 visninger
Hermod Herstad kommenterte på
Når nazistene marsjerer
rundt 1 time siden / 1278 visninger
Mona Ekenes kommenterte på
Her er ikke jøde eller greker
rundt 2 timer siden / 1678 visninger
Georg Bye-Pedersen kommenterte på
Når nazistene marsjerer
rundt 2 timer siden / 1278 visninger
Marte Ugedal kommenterte på
Mot til å håpe
rundt 2 timer siden / 573 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Sekularistenes tapte århundre
rundt 2 timer siden / 171 visninger
Oddbjørn Johannessen kommenterte på
Når nazistene marsjerer
rundt 2 timer siden / 1278 visninger
Knut Nygaard kommenterte på
Når nazistene marsjerer
rundt 2 timer siden / 1278 visninger
Oddbjørn Johannessen kommenterte på
Når nazistene marsjerer
rundt 3 timer siden / 1278 visninger
Oddbjørn Johannessen kommenterte på
Dette er for dårlig, journalister!
rundt 3 timer siden / 144 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Hvor ble det av Jesus?
rundt 3 timer siden / 2793 visninger
Les flere