Brynjulv Hernes

Alder: 77
  RSS

Om Brynjulv

Følgere

"Vil de og forlata meg?"

Publisert 13 dager siden

Det kan vera farleg å bruka bibelord i politiske debattar. Men orda i overskrifta  har tona i meg gong på gong i dei  siste vekene. Før retningsvalet i KrF var det ein grundig og omfattane debatt i  partiet. Ingen kan skulda for at ikkje medlemmene vart tekne med på råd.  Eg fekk og det inntrykket at dei som tapte, ville  vera lojal og halda fram i partiet.  Det var trass IKKJE partiprogrammet det var debatt om! 

Men på det ekstraordinære landsmøtet vart det eit svært så  knapt fleirtal for å seia JA til eit samarbeid med H, V og Frp. Som sentrumsparti må me rekna med at det er ulike fløyar, ei høgre- og venstreside. i partiet. Slik eg ser det, er det dei  kristne verdisakene som har vore limet i KrF og halde oss saman.  Men no synest det å svikta. Pr. i dag  har ikkje Sentrum eit fullstendig program, og det vert spanande å sjå kva plass  kristne verdisaker får der. Vår førre partileiar, Knut Arild,  tona sterkt at MENNESKEVERDET måtte ha fokus hjå KrF.  Derfor er m.a. syn på aktiv dødshjelp, abortlov  og flyktningespørsmål  viktige for KrF.  Så er det og slik at ut frå demokratiske  spelereglar  får ikkje små parti gjennomslag i alle saker. Og vert veljarane i desse partia splitta i endå fleire parti, får dei endå mindre å seia. Så har eg og den tru at KrF vil ha/få ein debatt om det retningsvalet partiet gjorde, var det beste for dei sakene KrF kjempar for.

Mvh Brynjulv Hernes Samnanger

Gå til innlegget

Venstre og kristendommen

Publisert 28 dager siden

Venstre har hatt landsmøtte. Det vert ikkje lettare for KrF.

Eg spør meg: Kva gale har kristendommen gjort for Norge, når Venstre vil ha den ut frå lovverket vårt. Ikkje kan vi syngja: Norske mann i hus og hytte, takk din store gud, eller: Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggja. Vil Gud ikkje verja by og land, kan vaktmann oss ikkje tryggja.  I noverande regjeringserklæring er det vist til kristen-dommen. Også i grunnlova vert det vist til kristendommen. Så denne saka er eg stert usamd med V. Det er og vel kjent at abortsaka er viktig for KrF. Her er V på full kollisjonskurs med KrF. Aktiv dødshjelp er også ei sak som kan gjera samarbeid med KrF vanskeleg.    

For KrF er menneskeverdet heilt sentralt, så her det altså fleire sakar der V bryt ut frå saker  som KrF.  Og leiaren i Unge Venstre har heilt rett i at det er mykje som skil V frå KrF. Eg skulle ynskja at innhaldet i diktet til Einar Skjæråsen fekk gjennomslag hjå liberalistane i V:

Du ska itte trø i graset. Spede spira lyt få stå. Mållaust liv har og e mening du lyt sjå og akte på. I Guds jord og i hass  er du sjøl eit lite strå.

Brynjulv Hernes

Samnanger

    



Gå til innlegget

Når ølet går inn, går vitet ut!

Publisert 4 måneder siden

Mange land, også Norge, opplever no ei krise som er verdsomspennande. Og krisa er ikkje slutt!

Dessverre opplever mange permitteringar, konkursar og sviktande økonomi.

Kva meiner så byrådet i Oslo kan vera ei hjelp i krisa. Jau, meir liberale opnings- og salstider  for m.a. alkohol. Men kundane må hugsa å halda avstand. Men alle burde vita, at når alkoholen går inn, går dømmekrafta ned. Og politiet har meldt frå om mykje uro og bråk nattestid i Oslo. Trur verkeleg at byråden Johansen at fulle folk skal oppføra seg edrueleg?

Eg vil gjerne minna byråden om nokre liner frå HÅVAMÅL. Det er ein del av vår litterære kulturarv:

Du ber ikkje betre bør i bakken enn mykje bra vit.

Du legg ikkje i veg med verre niste enn for mykje øl.

Øl ikkje så godt for vettet som folk seier at det er.

 Dess meir du drikk, dess mindre vit i skolten


Brynjulv Hernes

Samnanger

Gå til innlegget

NORGE TRENG KRISTNE VERDIAR

Publisert 6 måneder siden

Vi lever i eit demokrati, og det skal me vera glade for. Me har mange parti å velja mellom. Også det er eit gode. Innad partia er det ulike syn og meiningar.

For kort tid sidan var KrF gjennnom ein heller tung og vanskeleg prosess.  Skulle KrF som sentrumsparti gå til høgresida eller venstresida i norsk politikk?

Konklusjonen veit me. Landsmøtet valde høgresida. Og no sit KrF i regjering. Slik eg skjøna både Ropstad og Hareide før landsmøtet, var at når landsmøtet hadde staka ut kursen for partiet, skulle dei gjera sitt til at partiet stod bak landsmøtevedtaket. No skulle partiet stå samla med partiprogrammet som rettesnor.

Tor Andre Ljosland hadde for kort tid sidan eit innlegg i Vårt Land om dette. Ei hjartans TAKK til Tor Andre for innlegget!  No bør me ikkje vera opptekne av om tillitsvalde i KrF kjem frå høgre- eller venstresida i KrF.  Det som bør oppta oss,  er å få gjennomslag for programmet vårt.

Brynjulv Hernes

Samnanger

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere