Avlogget Bente er avlogget
Alder: 28
Innlegg og kommentarer: 3
Bosted: OSLO
rss
Ingen følger Bente.

Skrevet den 07.10.2009 kl. 16:39 - Politikk
#1
Men eg stemmer KrF på grunn av dei ufråvikelege grunnverdiane i partiet sin ideologi.

Eit politisk parti må byggje på eit allmennmenneskeleg verdigrunnlag og ikkje påberope seg monopol på kva som er kristne verdiar. Eit parti som er grunnlagd av fråhaldsrørsla og  motkulturane på vestlandet har ei stor utfordring i å formidle det i den moderne versjonen av partiet som tenkjer annleis enn partigrunnleggjarane.

KrF byggjer sin politikk på dei ufråvikelege verdiane menneskeverd, forvaltansvar og nestekjærleik. KrF kjemper for at kvart enkelt menneske har ein uendeleg stor verdi og ikkje skal kunne reduserast til ein brikke i eit politisk system. Kvar einaste person som lever under fattigdomsgrensa, er ein for mange. Kvar einaste rusmisbrukar som bur på gata, er ein for mange. Kvar einaste eldre som er einsam og ikkje får verdig pleieomsorg, er ein for mange. Kvar einaste ein som svelt i utviklingsland, er ein for mange. Kvar einaste som vert forfølgd og straffa på grunn av politiske eller religiøse overtydingar, er ein for mange. Menneskeverdet trugast over heile verda. Likevel klarer norske kristne å sitte her heime og krangle om definisjonen om kva som er mest kristent av verdiar. Om ein trur på ein himmel, må ein ikkje lage helvete for menneske på jorda.

Kva er mest grunnleggjande i eit samfunn? Retten til liv, retten til å vere eit menneske fullt ut, retten til å bli behandla likeverdig og med respekt uavhengig av kjønn,  religion, nasjonalitet og legning er grunnleggjande for eit kvart demokratisk samfunn. Det står sentralt i KrF sin ideologi, og er grunnlaget for partiet sin praktiske politikk.

Debatten etter KrF sitt katastrofevalg er voldsom og svært engasjerande. På TV2 si forrige måling er partiet under sperregrensa og ville partiet med ei oppslutning på 3,7 % fått to mandatar på stortinget. Det er klart og tydeleg at den retninga KrF no går i, om det er noko bestemt retning, ikkje fører fram i det heile. ”Vi skal kapre valgomat-velgjarane” er partileiar sitt siste utspel i debatten om KrF si framtid. Det er ein viktig inngang i evalueringa partiorganisasjonen er inne i. Men var det nokre spørsmål i valgomatane om du er kristen eller om du meiner det kviler ei fordømming over dei som kritiserer Israel? Nei, ikkje i nokon av dei valgomatane eg testa. Det er ikkje avgjerande spørsmål når ein velgjer parti ved stortingsvalg i 2009. Det burde ringe ei bjølle hos organisasjonar som ”Kristenfolket”. Ingen parti har eit partiprogram med hovudformål på ei linje.  (Bortsett frå Frp, som har hovduformålet ”sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep.”)

 Ein må senke terskelen for å stemme KrF fordi partiet er beint nøydd til å famne breiare for å overleve som politisk parti. Det blir for tynt å stemme KrF berre fordi du er kristen. Det blir for tynt å stemme Senterpartiet fordi du bur på bygda eller Høgre fordi du har høg formue. Du må stemme på det partiet du synest har den beste politikken og som ein er mest einig i!

”Alle” meiner noko om kva retning KrF skal gå i og kva som skjer internt i partiet. Mange snakkar om politiske saksfelt, alliansar med andre parti og fornying av KrF. Det synest eg er interessant. Men det er også nokon snakkar om kva teologi dei meiner KrF treng. Det synest eg er fullstendig malplassert. Det er viktig å kjempe for religionens plass i det offentlege rom og i den offentlege debatten, men ein må skilje mellom kva som er tru og kva som er politikk.

Ein politikar frå eit kvart parti må kunne skilje mellom religiøs refleksjon og politisk argumentasjon. Eit politisk parti bør ikkje fremje teologiske synspunkt eller ta monopol på verdiar, men kjempe for dei verdiane ein meiner samfunnet er best tent med.