Benjamin Bj. Anda

Alder: 25
  RSS

Om Benjamin Bj.

Jeg tjenestegjør for tiden som prestevikar i Sandviken menighet i Bergen mens jeg studerer teologi ved NLA-Høgskolen i Bergen, hvor jeg sikter mot å bli prest i Den norske Kirke.

Det gamle diakonisseordet: "Av Guds nåde, til Guds ære" er et viktig ord for meg. Det er Guds nåde som bærer - og vi er kalt til å gi den videre.

Er medlem av disse organisasjonene:
- Diakonifellesskapet ved Haraldsplass
- Menneskeverd
- Frimodig Kirke
- Johanneskretsen
- Norsk Hymnologisk Forening
- For Bibel og Bekjennelse (FBB)

Mitt interessefelt beveger seg rundt;

teologi, liturgi, diakoni, hymnologi, kirkehistorie, kunst, historie, litteratur, politikk og mye mer.

Følgere

Bibel og vedkjenning – kor tok dei vegen?

Publisert over 7 år siden - 82 visninger

Eg har forsøkt meg på ein liten kommentar til Carissimi-saka, den er skrive for ei stund sida, men tenkte eg kunne dele den med Verdidebatt au. Han er tidlegare publisert på min blogg www.bedehus.wordpress.com og www.kristendemokratene.wordpress.com.

Bibel og vedkjenning – kor tok dei vegen?

Kommentar til Carissimi-”saka"

Innleiing
Når ein skal skrive ein kommentar til den såkalla Carissimi-“saka” kan det vere greitt å ha litt orden på kva vi talar om, mange har nok høyrt om Carissimi[1] medan mange ikkje har det. Difor tek eg no fatt på ei kort oppsummering av kva saka i hovudtrekk gjeld.

Kva er dette for noko?
Det heile starta for nokre år sidan med at Bispemøte og Lærenemnda i Den norske Kyrkja innførde to syn på homofilt samliv(/ekteskap), som vil seie at Kyrkja på eit vis er delt – med ein “fløy” som er for at homofile skal få gifta seg og som ikkje vedkjenner homofilt samliv som synd – og ein annan “fløy” som vil halda på det tradisjonelle syn på ekteskapet, at det er for mann og kvinne. Dette resulterte i at nokre prestar og au lekmenn gjekk saman og danna Carissimi. Carissimi er ei gruppe som stend for det tradisjonelle ekteskapssyn – og ein meiner at homofili-spørsmålet splittar Kyrkja – dette er for så vidt i særs forenkla og korte trekk det som er saka. Det som er den siste utviklinga er at biskopen i Stavanger(Erling Pettersen, red.merk.), som er for homofilt samlevande prestar og ikkje ser det gale i homofilt samliv har hatt samtalar med Carissimi i nærare eit år – Carissimi ynskjer ikkje åndeleg tilsyn av Pettersen, men Pettersen har nekta dei dette – Carissimi kjem i slutten av mars med ein utale på kva dei vil gjere.

Personleg har eg teke standpunkt i saka, og vil i dette skrivet ta utgangspunkt i det.

Kva tenkjer så eg?
Eg tykkjer for det første at det er heilt utruleg at Lærenemnd og Bispemøtet i Den norske Kyrkja har gått for å innføre to uforlikelege syn på homofilt samliv/ekteskap – eg forstår ikkje korleis ein ved å nytte Bibelen og vedkjenningsskriftene kan få dette til. Bibelen talar klårt om at homofilt samliv er synd.[2] Eg vil bede alle som deler biskop Pettersens syn på homofilt samliv om å syne meg korleis ein gjennom Skrifta kjem fram til at homofilt samliv er greitt. Eg vil gjerne referere til Bibelen når det kjem til mitt syn og her kjem ei stutt liste over skriftstader som eg finn klåre og tydelege:

-          1. Mos. 1, 27

 

-          1. Mos. 2, 24

 

-          3. Mos. 18, 22

 

-          Matt. 19, 4-6 – Jesus trekk fram det som stend i dei ovanfor nemnde Bibelstadene.

 

-          Rom. 1, 26-27
-          1. Kor. 6, 9-11

 

Homofob?
For det andre må eg nemne, eg(eller Carissimi) er ingen homofob(ar) – eg har djup respekt for dei menneske som er homofile og opne om det. Det eg derimot legg meir vekt på når det kjem til samliv/ekteskap er kva Bibelen, Guds Ord seier om ekteskapet og samlivet mellom to menneske. Eg trakkar kan henda nokon på tærne men det får heller vere om eg er tru til Sanninga med stor S, for meg er Bibelens Ord viktigare enn om eit fåtals menneske vert krenkja – om dei vel å kalle det det, eg meiner ikkje å krenkje nokon, men Sanninga er ofte viktigare enn einskildmenneskes kjensler, ja eg er kanskje direkte og hard – men då talar eg i alle fall klårt og det vert ikkje spørsmål om mine meiningar. Men eg vil på nytt nemne at eg har djup respekt for dei menneske som er homofile og vil dei ingenting vondt!

Attende til Carissimi
Carissimi, latin for “mine elskande”, denne gruppa som stend på sitt fekk i slutten av februari biskopens konklusjon, overraskande nok, slengt i hendene. Han konkluderer med at han ikkje vil akseptere at dei ikkje har gudsteneste- og nattverdsfellesskap med han og ein får heller ikkje noko alternativt tilsyn. Beklageleg, det er det. Kva som stend i vegen for at desse prestane som faktisk stend på fast grunn – Guds Ord – at dei ikkje får alternativt tilsyn, det skulle eg likt og visst. No har eg faktisk sendt brev personleg til biskopen for å få ei kort og grei utgreiing om dette, og om biskopens homofili-syn. Eg tykkjer at den såkalla opne og rause biskopen kunne vere så pass open og raus at han gav desse prestane alternativt tilsyn. Her går au litt av “kjeften” til bispemøte som stør opp om biskopen.

Rett og galt
Eg skjønar godt at Carissimi ynskjer å følgje Skrifta og vedkjenningsskriftene som Den norske Kyrkja har. Dei har til og med eit ordinasjonsløfte på dette. Som del av vedkjenningsskriftene har vi Confessio Augustana(CA), og i CA art. XXIVVV stend det at prestar vert formana til å ikkje følgje noko som vert fastsett av ein biskop som forkynner noko som ikkje er i tråd med Evangeliet og Den Heilage Skrifta. Det stend au at Skrifta er den høgste autoritet når det gjeld Kyrkja si lære – kor vart denne autoriteten hen? Det spørsmålet stillar eg meg mange gonger til dagen og det har eg gjort lenge. Eg var i ein periode på cirka 5-6 månader meldt ut or Den norske Kyrkja, men når Carissimi-spørsmålet kom opp meldte eg meg inn på ny for å vere med i denne “debatten” eller vedkjenningsstriden som dette eigentleg er – for, som Carissimi-prestane er eg au særs glad i Den norske Kyrkja – eg vil ho ikkje noko vondt men eg vil at ho skal vere ei sann kyrkje som forkynnar Sanninga uavkorta frå Skrifta – dette vil eg kalle Carissimi sitt mål au.

Kor går vi frå her?
Det spørsmålet veit eg ikkje svaret på. Carissimi skal kome med ei fråsegn på deira tankar i slutten av mars. Det er diverre stor fare for at mange av dei prestar som stend på for Carissimi sluttar og gjeng ut av si teneste i Den norsk Kyrkja. Dette ville vore veldig beklageleg og ein katastrofe i ei kyrkje som allereie har prestemangel. Eg personleg vonar at biskop Erling Pettersen tek til vit og ombestemmer seg og vel å gje Carissimi alternativt tilsyn – sjølv om dette er usannsynleg vil eg framleis be og vona på dette. Vi treng prestar i den diverre snart utvatna kyrkja – Den norske Kyrkja – prestar som forkynnar Sanninga, uavkorta frå Skrifta – Guds Ord!

Oppmoding
Eg vonar at vi kan vere med å stø opp om Carissimi og prestane der som ynskjer å halde fast på Guds Ord, og vil med dette oppmode til forbøn for dei. Eg vil au oppmode dei som kan til å sende brev, e-post og/eller mobilisere mange til å protestere på biskopens haldning mot Carissimi, men eg vil au oppmode til forbøn for han, han fortener au respekt og omsorg. Men framfor alt seier eg med Paulus: “ver sanninga tru, i kjærleik”.

Av, Benjamin Bj. Anda

[1] www.carissimi.nu

 

[2] Presisering: Bibelen seier ikkje at alle homofile lever i synd, men at dei homofile som vel å ha eit forhold med ein annan homofil lev i synd så lenge dette forholdet varar. Eg vil i denne presiseringa au seie dette; eg vil ikkje ha nokre kommentarar om at eg er homofob eller at eg diskriminerer homofile – det gjer eg ikkje! Attpåtil må eg seie at eg er medviten om min kanskje kvasse stil – den orsakar eg for, men slik er eg – må eg vere kvass for å finne Sanninga, då er eg kvass.
Gå til innlegget

Trist og irritert

Publisert rundt 8 år siden - 537 visninger

I det siste har eg vorte tristare og meir irritert på det som føregår i Kristeleg Folkeparti. Eg kjenner snart ikkje att partiet mitt lenger, ein skal verte eit meir folkeleg parti, og mindre kristeleg. Då er der ikkje noko poeng i KrF lenger tykkjer eg - vi bør vere eit parti med tydeleg forankring i Bibelen, med det kristne menneskesynet i spissen. Dette har folk høyrt flust av gonger før, men eg må ut med det sjølve au, og syne at KrFU ikkje berre er dei som vil bort med Bibelen og dei kristne prinsippa, sjølv om landsmøte ville det annleis for nokre veker sidan.

Eg har aldri vore så opprørd av situasjonen i KrF, før i dag - mykje pga. denne artikkelen: http://jbl.no/modules/module_123/proxy.asp?C=66&I=42286&D=2&mid=165 .

KrF er skadeskote for tida, denne debatten trur eg ikkje var naudsyn - vi burde ha halde oss der vi var ideologisk, og heller bruka tida på viktigare ting - eg minner atter ei gong om det gode valresultatet i 1997, då eg var ein litan gut, då fekk vi kring 13 % oppslutnad, og det med vedkjenningsparagraf og dei 10 Bodorda!

KrF burde vere det partiet det alltid har vore - ei kristen røyst i politikken.

No held ein på å rive i sund mitt, og andre sitt kjære Kristeleg Folkeparti, det er trist. Men takk og lov fær ein ikkje høve til å kaste det heilt bort før landsmøte i 2013, sjølv om det ikkje er lenge til det heller - men eg oppmodar dei som melder seg ut til å vente til den tid i all fall, då det vert endeleg vedteke om gode ting ikkje skjer.

Eg oppmodar til forbøn og ettertanke, for KrF.

- Benjamin Anda, fylkesstyremedlem i Rogaland KrFU m.a.

(Orsak mitt litt rotete innlegg, vart til i litt hu og hast og vemod...)

Gå til innlegget

Nye moglegheiter til å bry seg

Publisert nesten 9 år siden - 440 visninger

Nye moglegheiter til å bry seg

-       Benjamin Bjørnsen Anda, fylkesstyremedlem i Rogaland KrFU

 

Det er ikkje lenge sidan vi ynskja det nye året 2010 velkomen her til lands. Mange av oss, inkludert meg sjølve, har sete oss nyttårsforsett. Kanskje handlar måla om å verte sunnare, om å gjere det betre på skule og arbeid, eller kanskje handlar det om å bry seg meir om andre.

Vi har her i Noreg gode moglegheiter, og vi er ”jysla” heldige som har vorte fødde i dette landet. Vi har tilgong til det meste; hus, bil, mat og reint vatn kvar einaste dag. Det er meir enn store delar av befolkninga i verda tørr å drøyme om.

Det er viktig at vi bryr oss – au om andre menneske vi ikkje kjenner, ja andre ukjende menneske i andre land. Difor er det viktig at vi gjev bistand til dei landa som verkeleg treng pengane, dei landa som ikkje har fått flaksloddet med tre oljemerke på. Er vi ikkje alle verdt det same? Kvifor skal berre eit mindretal få nyte godane av olja vår? Den gylne regel seier det klokt: gjer mot andre det du vil dei skal gjere mot deg. Ville ikkje vi ynskja oss hjelp om vi var i nauda?

KrFU ynskjer at Noreg skal dele 3 % av BNI med dei i andre verdsdelar som ikkje har det så godt som oss. Og vi vonar det ikkje vert som med nyttårsforsetta, gløymt innan utgongen av februar, men at det vert hugsa og får bety ein forskjell for våre fattigare medmenneske. Godt 2010!

 

 

Gå til innlegget

GF09 - ImF

Publisert over 9 år siden - 446 visninger

Det er veldig gjildt, sjølv for ein femtenåring, å følgja med på generalforsamlinga til Indremisjonsforbundet. Eg følgjer med på vev-fjernsyn(http://www.bussogmedia.no/tv) og planen er å få med meg so mykje som mogleg. Eg fylgde au litt med på NLM sin på veven.

Den fyrste dagen var veldig bra tykte eg, ein veldig bra tale av Aud K. Kjølvik, som eg har høyrt før på bedehuset Saron tidlegare i år. Eg lika godt det ho sa.

Eg gler me til fortsetjinga.

Gå til innlegget

Mest leste

Hareides nødvendige veivalg
av
Ole Paus
2 måneder siden / 77070 visninger
Et barn er født, et barn er dødt
av
Magne Raundalen
nesten 2 år siden / 43331 visninger
Etter fallet kommer hevnen
av
Berit Aalborg
10 måneder siden / 34755 visninger
Stormløpet mot Israel er i gang.
av
Roald Øye
7 måneder siden / 27729 visninger
Kanten av klippen
av
Åshild Mathisen
9 måneder siden / 22393 visninger
Et sosialt ­eksperiment
av
Bent Høie
4 måneder siden / 22114 visninger
Mens vi sover
av
Erik Lunde
10 måneder siden / 20003 visninger
Ord er handling
av
Hilde Frafjord Johnson
3 måneder siden / 19017 visninger

Lesetips

Taushet og tale om jødene
av
Torleiv Austad
rundt 2 timer siden / 36 visninger
En antisemitt trer frem
av
Jan-Erik Ebbestad Hansen
rundt 2 timer siden / 45 visninger
En iboende verdighet
av
Erik Lunde
1 dag siden / 182 visninger
Bygger på menighetene
av
Andreas Aarflot
1 dag siden / 120 visninger
Å sjå fortida med to augo
av
Johannes Morken
1 dag siden / 112 visninger
Voksen og ledig
av
Nils-Petter Enstad
1 dag siden / 132 visninger
Et forpliktende sammenfall
av
Thea Elisabeth Haavet
2 dager siden / 173 visninger
Borgerlig rødming?
av
Bo Kristian Holm
2 dager siden / 355 visninger
Les flere

Siste innlegg

Til forsvar for monogamiet
av
Vårt Land
9 minutter siden / 9 visninger
Når staten misbruker makt
av
Øyvind Håbrekke
11 minutter siden / 13 visninger
Advent = ventetid
av
Kjell G. Kristensen
28 minutter siden / 20 visninger
Taushet og tale om jødene
av
Torleiv Austad
rundt 2 timer siden / 36 visninger
En antisemitt trer frem
av
Jan-Erik Ebbestad Hansen
rundt 2 timer siden / 45 visninger
Frivillige forpliktelser
av
Magne Nylenna
rundt 2 timer siden / 72 visninger
Bygge bro mellom kultur og teknikk?
av
Ivar Sætre
rundt 11 timer siden / 79 visninger
Kjære Lysbakken
av
Lars Agnar Rosten
rundt 11 timer siden / 272 visninger
Verdimonolog
av
Lars Jørgen Vik
rundt 11 timer siden / 100 visninger
Verdidebatt strupes?
av
Herdis Alfredsen
rundt 11 timer siden / 177 visninger
Les flere