Ann Kristin van Zijp Nilsen

Alder: 44
  RSS

Om Ann Kristin van Zijp

Kommunikasjonsleiar i Areopagos og redaktør for Tørst. Sjå areopagos.no/torstmag.no. Twitter: @annkristinvzn

Følgere

Er ikkje sjølvutvikling noko for kristne?

Publisert over 7 år siden

Det er både nedlatande og eit bomskot å kalla folk si åndelege vandring for «hjemmelagd religionslapskaus til å nyte i nuet». Dagens sjølvutvikling har mange berøringspunkt med den gamle kristne arven.

Ingen veit kva kronprinsesse Mette-Marit skulle i India, men sidan ho reiste saman med ein buddhistisk meditasjonsvegleiar, rekna dei fleste med at det handla om sjølvutvikling.

Espen Ottosen, informasjonsleiar i Misjonssambandet og teolog, fann det føremålstenleg å markera kristenprotest: Slikt kan ikkje kristne gjera. Han er «skeptisk til at religion reduseres til et spørsmål om livskvalitet.» For eit menneske har «langt større behov for tilgivelse, nåde og frelse enn stressmestring.» Etter at utspelet fekk motbør, har Arild Romarheim, førsteamanuensis ved Menighetsfakultetet, støtta Ottosen på grunn av «professorale nedlatende kritikker» og kalla han eit mobbeoffer.

NEDLATANDE BOMSKOT. Det er ikkje vanskeleg å vera samd med begge i at buddhisme og kristendom er djupt forskjellige av vesen. Og ein treng ingen teologisk grad for å sjå at kommersialiseringa i samfunnet også rammar den religiøse sfæra. Har ein særleg kjennskap til buddhistisk utøving, vil ein naturleg nok også kunna fortelja om destruktive sider. Dei fleste som kjenner kristenmangfaldet vil kunna gjera det same.

Problemet er det Ottosen og Romarheim i praksis seier til folk: Måten du søkjer etter sanning på er heilt feil. Viss du er stressa eller tom for krefter må du ikkje leita i gammal praksis eller visdom. Det du treng er å erkjenna at du er ein syndar som treng tilgiving og frelse.

Det er både nedlatande og eit misjonsstrategisk bomskot å kalla andre si åndelege søkjing og trusveg for «religiøse lettvintheter» eller ein «hjemmelagd religionslapskaus til å nyte i nuet». Ser ein ikkje at mange si autentiske leiting etter visdom, sanning og livshjelp – skjer på den måten i eit fragmentarisk, postmoderne samfunn?

DEL AV SKAPARVERKET. Det er visst lett å gløyma at kristendommen også har blitt prega av ulik filosofi og religiøsitet frå starten av. Polariseringa mellom kristendom og andre åndelege tradisjonar er også ei grov overforenkling av den djupe sanninga om Guds gode skaparverk. Som kristen trur eg at Skaparen har lagt ned lengten etter ein gudsrelasjon, og etter det som er sant, godt og vakkert, i alle menneske. Difor må mange religiøse uttrykk, filosofi og kunst, som resten av skaparverket, innehalda spor av nettopp han. Me lutheranar kallar dette den almenne openberringa av Gud.

Mange av Ottosen og Romarheim sine meiningsfeller seier endå tydelegare enn dei at alt som ikkje har kristen forstaving, er av det vonde. Dei er opptatt av markante brot og svart-kvite val: Anten er du for eller mot Jesus.

Ein finn sjølvsagt slike tankar i Bibelen, men ikkje slik at ein må forkasta Guds skaparverk, til dømes i form av visdom frå andre menneske.

HEILAGGJERING OG SJØLVUTVIKLING. Avvisinga av mulege rikdommar i andre religiøse vegleiingstradisjonar kan skuldast at tanken om heilaggjering er så fråverande i bedehuskristendomen. Ottosen ser ut til å meina at sjølvutvikling handlar om egoisme. Det er i så fall ei generaliserande nedvurdering av menneske sitt arbeid med deira eige indre.

Mange har sakna hjelp til å modnast vidare som eit åndeleg menneske i denne tradisjonen. Dei spør om heilaggjering kan bety noko meir enn å sjå kor stor syndar ein er. Dei som opnar seg for fleire sider av den kristne tradisjonen oppdagar mange berøringspunkt med det mange kallar sjølvutvikling og den gamle kristne heilaggjeringstanken, der målet er bli lik Jesus – både i motiv og handlingar.

STORT SKATTKAMMER. Areopagos arbeider med å hjelpa kyrkja og kristne samanhangar til å betre kunna møta utfordringane i dagens nyåndelege landskap. Me ønskjer å visa at kyrkja har eit stort skattkammer med skrifter og eldgammal åndeleg praksis. Denne arven kan hjelpa oss til å både falla på plass i oss sjølve, vera til stades i nået og modnast i forholdet til Gud og medmenneske – gjennom å søkja stilla, læra meditasjon og kontemplativ bønn.

Denne kunnskapen har kanskje gått hus forbi ein del av dei som ropar høgast i kristenskogen. Men ei rørsle som strekkjer seg langs heile den kristne aksen er i ferd med å gjenoppdaga den. Denne auser også av dei same allmenne kjeldene som buddhistar gjer.

Å vera kristen er ikkje å slutta å vera søkjande. Som på andre område av livet, ville det vera uendeleg lite tilfredsstillande å ikkje utvikla seg, eller oppdaga nye ting. Så viser det seg også at misjonssambandsfolk rører på seg. Ottosen har oppdaga kontintentaldrifta, Øyvind Åsland har oppdaga klimaspørsmålet.

Nå gjenoppdagar andre menn og kvinner i same kristne landskap åndeleg sjølvutvikling, noko Areopagos ser tydeleg i ulike fora. Og dei erfarer at det kan skje møte med alt som er sant og godt hjå andre menneske, både ein gammal kristen mystikar og ein moderne meditasjonsvegleiar. 

 

Gå til innlegget

Kyrkja og kampanjane

Publisert nesten 8 år siden

Kva skal kyrkja med 25 millionar til ein informasjonskampanje når eg ikkje eingong kan lika henne på Facebook?

Kyrkjerådet ber statsministeren om 25 millionar kroner til ein informasjonskampanje om avviklinga av statskyrkja, melder Vårt Land. Kommunikasjonsdirektør Trude Evenshaug vil gjera ”kirkemedlemmene trygge på at folkekirken fortsatt skal være der for dem”. Tanken er god, men korleis skal tiltaket fungera om ikkje kommunikasjonsstrukturen gjer det? Dei sterkt kritiserte infokampanjane ved to føregåande kyrkjeval er kanskje eit signal om at kyrkja bør prioritera grunnleggjande kommunikasjon.

Lite brukarvennleg. På kirken.no druknar ein i uprioritert informasjon. Nettsidene er lite brukarvennlege og inspirerande for tilsette og friviljuge. For eit vanleg medlem (eller eit potensielt nytt) er dei totalt avtennande. Der finst heller ikkje nokon mobilversjon av nettstaden. Langt mindre finst der ein einaste kyrkjeleg app (småprogram) til smarttelefonar som inspirerer, bevisstgjer eller lærer oss ting. Gratis-appen ”Mitt fasteforsett” frå Kirkens Nødhjelp viser at det er muleg. Hovuddelen av all nettrafikk vil føregå via smarttelefonar innan få år. Dei som ikkje tar det innover seg allereie nå, kan fort slita endå meir med å bryta gjennom lydmuren.

Informasjonskaos. Den klassiske orsakinga når store og kompliserte organisasjonar har dårlege nettsider, er at dei er store og kompliserte. Slik som ein kan rydda eit hus, kan ein skapa kosmos av informasjonskaos på nettet. Mykje handlar om prioritering, effektiv design og å demma opp ordflaumen. Norsk Luthersk Misjonssamband og Frelsesarmeen har bra nettsider, og få vil kalla dei små og enkle organisasjonar. Misjonsalliansen utmerkar seg med ei straumlinjeforma satsing på mange (ikkje minst sosiale) kommunikasjonsplattformer: Alt drar i same retning.

Facebookvenn. Facebook er allemannseige, og Twitter er ein særs viktig arena for den offentlege samtalen. Det går ikkje an å oversjå dette om ein vil nå menneske i dag. Kvifor kan eg ikkje ”bli venn med” Den norske kyrkja på Facebook? Eller komma i kontakt med nokon der og bli inspirert av daglege kommunikasjonsdrypp? Ironisk nok fortel ei av nyhetssakene på kirken.no at vellukka facebookbruk handlar om stadige oppdateringar. Dei 51 tweetane frå Den norske kyrkja sin twitterkonto er knapt ei byrjing.

Bispetwitter. Hovudgrunnen til at Jonas Gahr Støre stadig twitrar frå ministermøte eller Rigmor Aaserud legg ut facebookbilde frå kyrkjebesøk er ikkje fordi dei likar å gjera det. Det ligg sjølvsagt klare føringar for kva totalinntrykk ein ønskjer å skapa gjennom alle desse kanalane. Kanskje var dei ikkje meir interesserte i sosiale medie enn ein gjennomsnittleg biskop då dei byrja. I så fall hang det ein stabeis frå kommunikasjonsrådgivarkorpset over dei til slikt var blitt ein naturleg del av jobben.

Er det ingen som hjelper biskopar og kyrkjetilsette til å meistra dette?

Og kor er bispe- og prestekursa for god og effektiv kommunikasjon i TV- og avisintervju? Kor er omdømmeprosjektet for å endra det likegyldige eller negative bildet altfor mange har av kyrkja? 25 millionar kroner brukt på omleggjing av sentralt kommunikasjonsarbeid, kursing, motivasjonarbeid og omdømmebyggjing kunne verkeleg engasjera og tryggja medlemmane på veg til ikkje-statskyrkje.

Paulinsk. Sjølv arbeider eg i Areopagos, ein kristen dialog- og misjonsorganisasjon med eit namn få greier å uttala (eller hugsa) og som òg har eit godt stykke igjen til målet om effektiv og straumlinjeforma kommunikasjon. Men me har sterke band til kyrkja og eit sterkt ønskje om at ho skal møta folk overalt der dei er, i god paulinsk ånd. Det handlar om å vera jøde for jøde, grekar for grekar og facebookvenn for facebookvenn. Trykk ”liker” om du er samd.

 INNLEGGET BLEI FØRST PUBLISERT I VÅRT LANDS PAPIRUTGPVE 14. MARS 2012

Gå til innlegget

Man trenger ingen dyp medieforståelse for å se at det er sensasjonene og konfliktstoffet som får hovedoppslagene i aviser og tv. Dersom man er villig til å ”gå hardt ut mot” eller ”bli sjokkert av” noe, får budskapet mye større pressedekning. Mange politikere og andre samfunnsdebattanter bruker disse virkemidlene for alt de er verdt. Ofte har de et markant og lett tilgjengelig budskap som gir en pågående debatt et nytt ”løft” – eller starter en ny diskusjon.

Teolog på førstesidene. Etter Vårt Lands lite sjokkerende avdekking av hvor få kristenledere det er å se i programmer som TV2s tabloid, oppfordret vaktsjef Sverre Bjørnholt dem til å melde seg til debatt. På mandag slo avisen opp at de mest skarpskodde teologene i enda større grad skyr tv-debattene.

Professor Notto R. Thelle ble presentert som en av de få aktive i eteren i fjor. Han stilte opp i flere radiodebatter om Märthas engler i på grunn av et foredrag han holdt i regi av Areopagos på Alternativmessen i november. Ved å knytte et nyansert innlegg om tendenser i samtidsreligiøsiteten til et aktuelt medieobjekt som ”alle” har et forhold til, havnet Thelle og Areopagos på førstesidene i det tilfellet. I påfølgende radiodebatter fikk teologiprofessoren mulighet til å gi velfunderte innspill om Märthas nyåndelige engleunivers, til tross for at lengre resonnementer sjelden får rom i slike medier. 

Ikke for en hver pris. I lys av Vårt Lands fokus på manglende tilstedeværelse i tv-debatter, kan det være interessant å få innblikk i kristne organisasjoners vurderinger i forhold til mediestrategi. Areopagos ønsker nemlig å være en del av den offentlige samtalen. Men målet er at det skapes økt bevissthet og forståelse bl.a. rundt de nyåndelige tendensene i samfunnet, ikke å få de største overskriftene. Balanserte og respektfulle uttalelser er sjelden førstesidestoff.

Areopagos er i tillegg svært opptatt av at våre utspill aldri må gå på bekostning av den gode dialogen med dem vi samtaler med.  En fare ved å uttale seg på en tabloid og ”førstesidevennlig” måte, er selvfølgelig at åpne dialogkanaler stenges.  Dialogarbeid er nettopp et av våre hovedfokus, i tillegg til studier og spiritualitet. Man finner vel sjelden noe mindre tabloidvennlig enn slike tema.

Som mange andre ”smålåtne” kristenaktører, ønsker vi ikke mediefokus for enhver pris. Prisen blir fort for høy ved å overforenkle budskap og røre opp grums i et vann som har blitt stille og klart etter felles dialoginnsats. De viktigste og mest tillitskapende samtalene skjer ofte sakte og utenfor medienes søkelys. Verdien av slik tillit har blitt svært tydelig i forbindelse med karikaturstriden, der dialogen mellom Islamsk råd og Mellomkirkelig råd (som har nytt godt av erfaringer også Areopagos har bidratt til å framskaffe) dempet konflikten vesentlig.

Dagsaktuelt Kristus-vitnesbyrd. Men dialogfokuset fjerner ikke ønsket om å bidra i den offentlige samtalen. Areopagos mener jo at Kristus-vitnesbyrdet er minst like aktuelt i dagens Norge som før, og vi søker stadig nye måter å kommunisere dette på – og ikke minst: hjelpe kirken til å møte kommunikasjonsutfordringene i det livssynspluralistiske landskapet.

Den kjente debattanten Espen Ottosen mener i følge Vårt Land at kristne bruker for mye tid på interne diskusjoner og for lite tid på spørsmål som blir tatt opp i sekulære medier. Derfor når man ikke fram med budskapet sitt. Han kan ha rett. Men jeg tror framfor alt at mange ikke er like flinke som de drevne medieaktørene til å skape nyheter avisene vil skrive om. Utfordringen er å finne stadig nye måter å fortelle at for eksempel det vi i Areopagos arbeider med og er opptatt av, faktisk er dagsaktuelt. 

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Juleangst og julelettelse
av
Aud Irene Svartvasmo
24 dager siden / 1678 visninger
Hvorfor jeg er kristen
av
Geir Tryggve Hellemo
4 dager siden / 1357 visninger
Min drøm for 2020
av
Ragnhild Mestad
20 dager siden / 1151 visninger
Hva Ari Behn åpenbart gikk glipp av
av
Leif Knutsen
24 dager siden / 1143 visninger
White Christmas
av
Hilde Løvdal Stephens
rundt 1 måned siden / 1073 visninger
Storpolitikk i religionens vold
av
Ingrid Vik
14 dager siden / 817 visninger
Smiths Venner på ville veier.
av
Gerard Oord
rundt 2 måneder siden / 798 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere